Veslestølen gnr. 93 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Veslestølen gnr. 93 bnr. 1a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Veslestølen vart også kalla Mykingeie på 1700-talet, men dette namnet vart brukt litt lausleg om plassar under Myking. Såleis vart folka på Odden også skrivi "Myking-eie" stundom.
    Veslestølen ligg fint til i skogen nordafor Myking (neda bygdavegen). Det syner etter åkrar og røysar og tufter. Her var busetnad ......
    Den gamle stugu på Veslestølen stod til 1897 då ho vart selt unna før det kom ny eigar på garden. Veslestølen vert no bruka som beite under Myking.
{4585} År: 1780
I 1780 kjøpte Eirik Olson på søre Ruud 'plassen Veslestølen' for 90 rd. Seljar var Tor Danielson.
    Kanskje var det her Daniel Tolleivson Holto og systera budde i 1762. Dei var husmenn/inderst under Myking. Truleg budde dei saman med den halte Sigrid Karlsdtr.
    Eirik Olson Ruud selde Veslestølen til 'Knut Myhre' (Myking!) i 1787 for 90 rd.
{4586} År: 1798c
Eirik Eirikson Bjella Mykingplassen 06.07. 1766-1836
Foreldre: Eirik Endreson Bjella og Gro Knutsdtr. Medgard.
Gm Ragnhild Sveinsdtr. Sata Mykingplassen 29.09. 1764-1842
Foreldre: Svein Olson Villand Sata og enkje Anne Torjusdtr. Helling.
*Barn
1. Eirik Eirikson Mykingplassen Sataslåtten 29.04. 1798-
G 1829 m Guri Olsdtr. Holeplass Sataslåtten, gnr. 32/18. Til Am.
2. Gro Eiriksdtr. Mykingplassen Dokken 24.10. 1802-
G 1838 m Lars Tomasson Grønhola under Villand. Gro og Lars bygsla Årbakkdokken under Nestegard i Hovet i 1838. Lars reiste til Amerika i 1849, truleg som enkjemann. (Hol IV s 348 og 522)
3. Birgit Eiriksdtr. Mykingplassen Belluteigen Odden 09.02. 1806-1880
G 1835 m Anders Johanson Vangen Belluteigen, gnr. 117/3. G 1866 m Ola Olson Tveito Odden. Sjå Brennodden, noverande Nymoen gnr. 10/5 under Nyhus.
4. Anne Eiriksdtr. Mykingplassen Nubson 17.06. 1808-1880
G 1838 m Aslak Nubson Trolløyn Hognerud 1802-1890. Barn: Anne 1838- ; Ragnhild 1841-ung; Kristi 1844-1857, Eirik 1847-1909 countycomissionar Fillmore Co MN, g 1869 Oline Olsdtr. Larsrud frå Østre Toten; Hermund/Henry Nupson 1852- farmar og sheriff for Fillmore Co, seinare i land og bank-vesen i Preston Fillmore Co; Kristi 1856-1857. (Oppl. Lars Øyane)
    Anne og Aslak var i Hognerud i Hol frå 1850 til 1857. Til Am. i 1857. Dottera Kristi døde på turen over. Dei hadde farm ved Harmony, MN.
Eirik og Ragnhild var lottebrukarar av jord under Myking i 1801. Namnet Mykingplassen går att i kyrkjebøkene, av husmannmanntalet framgår at dei var på Veslestølen.
    Dei fekk skøyte på Sataslåtten ('Røyseplass') i 1832. Eirik Veslestølen' døydde i 1836. Framleis vart det betalt for arbeidplikta på Veslestølen i 1839.
    Ragnhild døydde på legd i 1842. Ungane tok namnet Solseth i Amerika.