Mykinghaugen gnr. 93 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Mykinghaugen gnr. 93 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Haugen eller Mykinghaugen var husmannsplass under Myking fram til 1864. Då vart Myking delt mellom to brør og etter den tid skulle Mykinghaugen utgjere 5/16 del av den samla garden. Den nedlagde plassen Odden vart også liggande i eigna til Mykinghaugen.
    Mykinghaugen ligg på nokre haugar nedunder Myking og utgjer den søre delen av Myking. Mykingstølen var i bruk fram til 1923. Då vart stølen bureisar-bruk, og resten av garden selt.
    Areal 1865: dyrka jord 22 mål, naturleg eng 54 mål, utslått 20 mål. Avling 7 1/2 tunne bygg og 5 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 95 mål, anna areal 10 mål, produktiv skog 120 mål. Buskap 85 vinterfôra sauer.
    Våningshus (hallingstugu) bygd 1868, påbygd 1986, sauefjøs 1960, påbygd 1979. Loft (ombygd stolphus), stallar (ombygd til snikkarhus) og fjøs, stølsbu (frå Fekjastølen), kvernhus. Ei gamal badstugu er selt som uthus til ein hytteeigar på Holle.
    Nede i Kvinda var kvernhus og slipe frå gamalt. I kvilingane om sumrane kom det folk med ljåar til sliping.
    Nokre stadnamn: Strupen, Smiubakken, Sengjadn, Nordijorde, Lykkja.
    På ein haug på Nybrotet i Nordijorde var spor etter to tufter før oppdyrkinga. Den eine tufta var med kjellar.
    Stølar. Opphavleg langstøl var Mykingstølen, frådelt 1924. Stølen Holle på Torsbu vart tilkjøpt frå Tolleivsgarden i 1961. Til garden høyrer også 2 partar i Tolleivsgarden (gnr. 117/1.)

{4587} År: 1751

Holge Gudbrandson Brabant Myking Slåtta 1708c-
Foreldre: Gudbrand Olson Tolleivsgard Nordre Ro-Brabant (Nes) og Ingebjørg Persdtr. ... .
Gm Anne Eivindsdtr. ... Myking 1727c-1775
Foreldre: Eivind ... ... og ...
*Barn
1. Ingeborg Holgesdtr. Myking 26.12. 1750-
Faddrar: Tolleiv Ivarson, Lars Johanneson, Gunnar Torsgard, Gro Nilsdtr., Liv Olsdtr.
2. Per Holgeson Myking 26.12. 1751-1752
Fadrar: Ambjørg Torgeirsdtr. Holto, Lars og Halvor Kvinnegard, Ivar Embrikson Kolbjørnstølen, Eli Olsdtr. Torsgard.
3. Helge Holgesdtr. Myking 01.09. 1754-
4. Gudbrand Holgeson Myking 11.06. 1758-
Faddrar: Ola Ruud, Ola Syverson Holto, Asle Knutson Prestgarden, Birgit Johannesdtr. Holto.

Holge er truleg han som vart kalla "Svarteguten". Holge og Anne døypte tre barn som 'Myking' i åra 1751-1758.
    Holge vitna 1760 og gav fylgjande opplysningar: født på Nes, men hadde vore i Ål sokn frå ungdomen av. 56 år gamal. I 1771 vitna han at han hadde vore i Ål snart 60 år. Det er uvisst kvar Anne kom frå.
    I 1762 var Eivind og Anne husmannsfolk under Ivarsgarden Noss, 'i meget fattige og kummerlige omstendigheder'.
    'Holge Gulbransen Slåtten' var fadder for Lars Nilsson Nosseslåtten i 1763.
    (NB. Nosse-slåtta under Ivarsgarden Noss har ein truleg funne tuftene etter inne i Nasalia. Nedanfor vegen mellom Jøteslåtta og Ivarslåtta er det ei tydeleg stugu-tuft med kjellar.)
    'Sortegutten' er oppført i fattigprotokollen 1780, og er gravlagt på Torpo 1786.
    NB. Her er noko feil. Det kan vera ein annan Holge som var 'Svarteguten'. I 1775 er fylgjande dødsfall notert i kyrkjeboka for Kongsberg: 'Anna Evensdtr sal. Helge Gudbrands. Evenshagen, fremmed kvinde for kort tid siden hid komme fra Aals pg og døde hos Sofie svoger 48 år'.

{4588} År: 1753

Tolleiv Ivarson Holto Myking 1720-
Foreldre: Ivar Bjørnson Holto og Haldis Halvorsdtr. Sata.
Gm Ågot Danielsdtr. Myking Holto 1720-1755
Foreldre: Daniel Embrikson Myking og Kristi Henriksdtr. Torsgard.
*Barn
1. Kristi Tolleivsdtr. Holto Myking 22.09. 1749-
Husmann/inderst på Myking saman med broren Daniel. Veslestølen?
2. Daniel Tolleivson Holto Myking 02.02. 1750-
Husmann/Inderst under Myking i 1762. På Veslestølen? 'Har skade' står det i 1762-manntalet. Daniel er ikkje funnen død i Ål. Han står heller ikkje i MT 1801 for landet.
3. Ivar Tolleivson Holto 14.03. 1753-1778
Konfirmert 1776.

Tolleiv og Ågot var på Myking i 1753, men var på Holto både før og etter. Truleg budde dei på Mykinghaugen denne tida. Ågot døydde i barselseng i 1755.
    I 1760 kravde Tolleiv Iversen Holto odelsløysing av Torsgard på vegne av barna. (Mor til Ågot var frå Torsgarden). Motpart var Gunnar Torsgard for svigerson Ola Aslakson Hove. Sonen Daniel som dotterdotterson etter Henrik Torsgard hadde betre odel enn saksøkte. Gunnar vart dømt til å vike Torsgarden fyrste faredag etter at Daniel fyllte 18 år. Løysingssum: 522 rd. (1305) s 40 Det er uvisst om Tolleiv kom til å løyse Torsgarden.
    I 1762 var Tolleiv husmann under Myking.
    Tolleiv kom på tinget i 1764 og fekk ålmogen til å stadfeste at han og familien var "udi usle og fattige omstendigheter". No trong dei hjelp frå ålmogen til 'nødtørvtig ophold'... .
    Tolleiv fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
   

{4589} År: 1769

Asle Asleson Kaslegard Mykinghaugen 1735c-
Foreldre: Asle Asleson Langegard (ungkar) og Ambjørg Ørjansdtr. Kaslegard.
Gm Øyan Gjestdtr. Kvinnegard Mykinghaugen 1741-1801f
Foreldre: Gjest Olson Sørbøen Kvinnegard og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Jørand Aslesdtr. Mykinghaugen 28.11. 1762-
Gm ... ... og busett nær Tønsberg heitte det i 1832.
2. Ola Asleson Holte-eie Mykinghaugen 02.02. 1764-
3. Embrik Asleson Mykinghaugen Myro 03.05. 1767-1832
G 1793 m enkje Bodil Embriksdtr. Ulshagen Øyen. G 1826 m Guri Olsdtr. Løkensgard.
    Sjå Storliøyen, gnr. 2/1 og Kanafetmyro, gnr. 32/19.
4. Ingeborg Aslesdtr. Mykingplassen 1770c-
Ingeborg vart konfirmert i 1786. Ikkje funnen i FT 1801.
5. Ola Asleson Mykinghaugen 25.05. 1775-
6. Asle Asleson Mykinghaugen 16.05. 1779-
Asle flytta ut og hadde tilhald ved Tønsberg. Død før 1832 utan livsarvingar.

I 1762 var Asle og Øyan inderstar hjå Nils Sveinson Holto. Asle og Øyan gifte seg i 1764. Asle budde hjå skyldfolk i søre Hovdegard då.
    Asle og Øyan var på Holte-slettane fram til 1769 då dei fekk bygselbrev på eit rudningsbøle hjå Tor Danielson Myking. Det stod hus på plassen, og det fylgde med skog og beite samt innmark frå eit kvernstøe i Kvinda og oppover. Dessutan kunne Asle hogge nødvendig beit i skogen ved Bråten, nedanfor vegen. Årleg leige 2 rd i 'courant mynt'.
    Asle var enkjemann på Mykinghaugen i 1801 og hadde hjå seg sonen Ola samt ei kone som heitte Guri Nilsdtr. og ei ugift kvinne og dagarbeidar Guri Ivarsdatter (Noss) og hennar dotter på 2 år.
    NB. I 1807 fekk sonen Ola Asleson ein son Ivar saman med denne Guri Ivarsdatter. Denne guten vart 'den ukjente Iver Olsen Maler'. Sjå rosemåling i Hallingdal s 75 og s. 206. Sjå Noss Gunhildgard, gnr. 199/2.
    NB. Tolleiv Halvorson Strand og Gro Larsdtr. Torkjellsgard Noss fekk dottera Haldis på 'Myking-eie' i 1799. Sjå Strand-Halvorsgard. (Lars Stavehaug fann far hans Asle.)

{4590} År: 1824

Holge Olson Gjeldokk Mykinghaugen 11.09. 1774-1859
Foreldre: Ola Larsson Gjeldokk og Margit Olsdtr. Trintrud.
Gm Anne Tolleivsdtr. Dengerud Myking 06.01. 1769-1845
Foreldre: Tolleiv Sevatson Dengerud og Birgit Larsdtr. Sundremyren.
*Barn
1. Ola Holgeson Gullhagen Helgelien 12.12. 1813-1881
G 1845 m Birgit Tolleivsdtr. Hago. Sjå Holgelien, gnr. 110/36.
2. Tolleiv Holgeson Gjeldokk Folkedal 18.04. 1816-
Gm Ragna Torsdtr. Stavanes 1809- . Dei budde på Folkedal. (Ættebok for Granvin s 142)
    I 1859 heitte det at Tolleiv av og til var ved Sundås i Bergen Stift.
   

Holge og Anne gifte seg i 1813. Han var lærar i Hol i 1801. Birgit var tenestjente på Gjeldokk i 1801. Som arbeidsledig i 1809 vart ho idømt tukthusarbeid. (Hallingdølen 18.02.95)
    Holge gjekk på underoffiseskulen sitt fyrste kull i 1806 som 'furér Gjeldaker' og fekk gode karakterar. Han deltok i krigen 1807-1814 saman med to brør. Fyrste åra budde Holge og Anne i Gullhagen og på Gjeldokk.
    Holge og Anne bygsla plassen Mykinghaugen på livstid i 1824 hjå Knut og Ågot Myking. Årleg leige for plassen var 3 pund smør og onnehjelp. (32 mål slått ferdig i såter.)
    I bygslingsbrevet heitte det at husa på plassen var gamle og forfalne, men kunne gjerast brukbare. Holge og Anne vart ikkje lenge på Mykinghaugen.
    I mars 1830 reiste Holge og Anne til 'Oppdal' (Alstahaug i Nordland?) med dei to barna. Holge kjøpte garden Nord Selliset i Nærøy juni 1830. Men han greidde ikkje å sitja med garden. I 1836 skøytte han garden frå seg for 171 spd. og kår. (Nærøy VI s78)
    Kring 1840 kom Holge og Anne attende til Ål og slo seg ned på ein plass under Holgelien. (Sjå gnr. 110/36)
    På sine gamle dagar las Holge mykje, han lånte bøker og ville helst lese om "krigerske bedrifter". Om Holge vart sagt at han sat inne med "hemmelig viden", han kunne demme blod, ta bort tannpine, tussebet osv.
    Truleg vart Mykinghaugen brukt under Myking 1830 til frådelinga i 1864.

{4591} År: 1843c


Knut Knutson Holgelien (1816-1882) skreiv seg Myking i 1844 då han gifte seg med Margit Sevatsdtr. Hallebråt (1815-1860). Ingen barn.
    Knut var bonde på Sveinunggard i Skurdalen i 1845. Og attgift 1862 m Gunhild Gunnarsdtr. søre øvre Åker 1822-1905

{4592} År: 1864

Ola Knutson Myking Mykinghaugen 27.04. 1836-1924
Foreldre: Knut Olson Myking og 2. g Ågot Olsdtr. Skrindo.
Gm Ragne Embriksdtr. Gjeldokk Mykinghaugen 02.06. 1844-1877
Foreldre: Embrik Knutson Hago Gjeldokk og Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk.
Gm Margit Olsdtr. Strand Mykinghaugen 31.07. 1846-1908
Foreldre: Ola Olson Noss Strand (Bakka) og Astrid Mikkelsdtr. Strand.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Olson Mykinghaugen 30.05. 1866-
2. Ågot Olsdtr. Mykinghaugen Kvinnegard 10.12. 1867-
Barn m Ola Halvorson Kvinnegard: Lars 1890- sjå barnebarn.
    Gm Halvor Olson søre Kvinnegard 1846- . Barn: Ågot ; Ragna ; Birgit ; Gina ; Hanna ; Ole 1902- . (1496)
    Ågot reiste til Am. og gifte seg med Halvor som var far til Ola Halvorson. Eller var det slik at sonen tok på seg farskapen for faren? (Halvor reiste frå familien sin og kom til Amerika.)
3. Knut Olson Mykinghaugen 18.04. 1870-1955
G 1897 m Birgit Andersdtr. Leksvol. Sjå neste hushald.
4. Embrik Olson Mykinghaugen 04.10. 1872-
5. Ragne Olsdtr. Mykinghaugen Kirkedelen 11.08. 1874-1905
G 1900 Eirik Nilsson Kirkedelen. Sjå eige hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Olson Mykinghaugen 01.03. 1878-
2. Astrid Olsdtr. Mykinghaugen Peterson 05.07. 1879-1974
Gm Axel Peterson ....-1912. Barn: 2 døydde småe i skarlagensfeber; Gerhard ....- gm Iva ... (1 dotter).
    Axel omkom då hestane hans flaug ut. Han var på veg til byen for å hente lik-kiste til dei to yngste barna i 1912. Dei hadde planlagt å ta seg homestead i Canada. Ved hjelp av familien gjorde Astrid alvor av dette. Etter omlag 20 år selde Astrid farmen og tok seg huspost i Minneapolis. (1567)
3. Embrik Olson Mykinghaugen 22.07. 1881-1969
Ug. Barn med Gro Ellingsdtr. Bakko: Arnfinn 1925- sjå Breiebakkane, gnr. 127/1a.
    Embrik reiste til Am. Han skar inn namnet sitt med kniv i kvernhusdøra før han reiste.
    Embrik arbeidde som sjåfør på ein bilfabrikk. Budde i Wheelock, ND. Han var aktiv i politikken.
4. Birgit Olsdtr. Mykinghaugen 19.11. 1882-1883
5. Knut Olson Mykinghaugen 01.07. 1884-
6. Svein Olson Mykinghaugen 02.11. 1886-1888
7. Svein Olson Mykinghaugen 01.03. 1889-1973
G 1929 m Helen Asleson 1903-1998. Barn: Marguerite 1933-1975 gm George Richardson (4 barn);
    Stanley 1935- olje-arbeidar, gm Kay Heien (4 barn); Alan 1939- verkstadeigar, gm Florence Bendenger (1943-1969). (1567)
    Til Am.: Smiley, Sask., Canada.
8. Ola Olson Mykinghaugen 26.03. 1892-1971
Gm Marie Benjaminson. Barn: Harold ; Veron.
    Ola reiste til Am. saman med broren Svein. Fyrste tida farma han, men hadde ikkje særleg god jord. Han leigde ut farmen og byrja som olje-agent i staden. (1567)
    Ola eller broren budde i Kerrobert, Sask., Canada i 1969. (1435)
*Barnebarn
1. Lars Olson Myking 04.02. 1890-1952
Ugift. Død i Canada i 1952. (BB)
    Foreldre: Ola Halvorson Kvinnegard (ungkar) og Ågot Olsdtr. Mykinghaugen.

Ola og Ragne gifte seg i 1865. Dei fekk fem barn. Ola vart attgift kring 1878 med Margit og fekk åtte barn med henne.
    I 1864 vart garden Myking delt mellom brørne Ola d.e. og Ola d.y.
    Ola overtok Mykinghaugen, dvs. den søre delen av garden og den gamle husmannsplassen på Haugen. Garden vart rekna for 5/16 delar av garden Myking og ein tilsvarande del i Mykingstølen.
    I tillegg til eigen skog skulle Ola ha 18 furustokkar i skogen hjå bror sin. Det heiter i skøytet at desse stokkane skulle far deira blinke ut. Den gamle husmannsstugu som var til nedfalls vart timra om og brukt som vedskåle. Ola og Ragne bygde ny stugu og fjøs. Stolphuset vart ombygd til loft. Men timralåven var medgift som Margit hadde med frå Strand.
    Under bygginga stod Ola og skar tømmer for hand. Tenestguten stod under stokken med sekk over hovudet til vern mot flisen og skulle dra saga. Men tenestguten var ikkje så ivrig. Ola klaga seg etterpå: "Eg måtte dra både han og saga!"
    Det var tungt å drive gard uti 1880-åra. Garden kom på auksjon i 1894 etter ei rekke med låneopptak og eksekusjonar opp gjennom 1880-åra. Dessutan hadde Ola kausjonert for ein handelskar som skulle kjøpe sauer på Vestlandet. I staden rømde han til Amerika.
    Ved hjelp av slekta på Gjeldokk fekk sonen Knut Olson fekk auksjonsskøyte på farsgarden i 1894.
    Ola og Margit reiste til Am. i 1894 saman med barna Ola, Knut, Svein og Ola. Reisemål: Blooming Prairie, MN. Dei bygde seg hus på farmen til Svein Strand. Men Ola vantreivst i Amerika, han reiste heim att og fekk kår hjå sonen Knut. Margit vart verande i Amerika. (Ifylgje amerika-brev. Oppl. v/Ola Hagen)
    Ola var flink til å laga kløvteiner o.l. Og han brukte bekke-kverna til malt- og saltmaling for folk.
    "No, e det att fleire, no, e det att fleire, sigji kvedne", sa Ola til barnebarnet Kristi. Ola døydde på Mykingstølen i 1924.

{4593} År: 1894

Knut Olson Mykinghaugen 18.04. 1870-1955
Foreldre: Ola Knutson Mykinghaugen og Ragne Embriksdtr. Gjeldokk.
Gm Birgit Andersdtr. Leksvol Mykinghaugen 30.03. 1872-1939
Foreldre: Anders Håkonson Svarteberg søre Leksvol og Kristi Knutsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Ola Knutson Mykinghaugen 22.05. 1900-1962
Ugift. Sjå nordre Holto, gnr. 94/5.
2. Kristi Knutsdtr. Mykinghaugen 25.04. 1904-1976
Ug. Kristi stellte for broren Ola på nordre Holto.

Knut og Birgit gifte seg i 1987. Knut fekk auksjonsskøyte på garden for 2900 i 1894.
    Knut brukte sitja i smia ei lita øykt før fjøsstellet om morgonen. Han arbeidde mykje og snøgt, men finarbeid var det ikkje.
    Då Knut bygde seg smie, sa smeden Eilev på Ruud: "Ja, no skjøna eg det, han sat so mykji i smiun hjå meg!"
    Farsystera Sigrid hadde kår både på Myking og Mykinghaugen med fire og tre veker på kvar stad. Sigrid kunne vera noko plagsam på den måten at ho stengde att fjøsdørene for vertskapa sine. Men Knut smidde seg nye dørlåsar, og var ikkje plaga av Sigrid sine uvanar. (Sjå meir om henne under år 1806 på bnr. 1.)
    I 1907 overtok Knut meir av kåret til Sigrid. Som motyting fekk han Myking sin voll på Mykingstølen, og vart dermed eineeigar. Her starta Knut nydyrking i stor stil. Mykingstølen vart eit bureisarbruk. Sjå nærare under bnr. 7.
    I 1923 delte Knut frå Mykingstølen, og selde det attverande av garden til Nils Warberg. Knut var ivrig med travhestar.