Rudningen gnr. 94 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rudningen gnr. 94 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Holterudningen eller Rudningen vart frådelt nordre Holto med 1 1/2 laupsbol i 1814.
    Areal 1865: dyrka jord 16 mål, naturleg eng 60 mål, utslått 48 mål. Avling 10 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 27 mål, anna areal 10 mål, beite 56 mål, produktiv skog 41 mål, anna utmark 724 da.
    Den gamle stugu i Rudningen vart selt. Ei gamal kårstugu vart flytta til Holtehagen. Loftet vart selt og står i myljo Thon. Våningshus (også brukt som pensjonat eit tid) vart bygt 1943, fjøs og låve er frå 1912.
    Nokre stadnamn: Godfarstykket, Turidbakken, Badstugueikra, Grønestykket (nydyrka), Svenskemyre (dyrka av ein svenske), Såljukallmålet, Tvilessingi (ved vintervegen, her vart lasta om), Ormeeikra.
    Stølar. heimstølar: Briskeset, Hytta og Tjødnstølen. (nedlagde?) Opphavleg langstøl var Langeli. Langstølen på Skjelfet vart tilkjøpt 1933 frå Fetagarden Strand. Den er bortleigd og i drift.
    Rudningen er bortleigd.

{4610} År: 1814

Nils Sveinson Holto 19.12. 1765-1843
Foreldre: Svein Nilsson nordre Holto og Guri Olsdtr. nordre Rime.

Nils gifte seg 1793 med Gro Olsdtr. Kvinnegard. Sjå meir på nordre Holto, bnr. 5 år 1787.
    Rudningen er dei 1 1/2 laupsbol av nordre Holto som Nils held attende då han selde nordre Holto i 1814. Kva hus som måtte vera i Rudningen då er ikkje kjent. Det budde ingen der i 1801. (I nyare tid har det vore rekna 2,5 laupsbol til Rudningen.)
    I 1835 selde Nils Rudningen med stølane Briskeset, Tjødnstølen og Langeli til sonen Ola Nilsson d.y.

{4611} År: 1835

Ola Nilsson Holto Holterudningen 09.10. 1803-1840
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
Gm Sissel Olsdtr. Strand Holterudningen 16.07. 1810-1876
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl Strand Amundsgard og Kristi Larsdtr. Strand.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Nils Olson Holterudningen 16.07. 1827-
Til Am. Vart Nils prest?
2. Kristi Olsdtr. Holterudningen Strand Fetagarden 03.06. 1828-
G 1859 m Ola Knutson Fetagarden Strand. Til Am. 1867.
3. Gro Olsdtr. Holterudningen Nyhus 17.01. 1831-1895
G 1856 m Nils Olson Nyhus Tune 1820-1907. Barn: Ola 1858- ; Nils 1858-1920 g 1885 m Birgit Olsdtr. Sire (minst 1 barn); Lovisa 1861-1895 g 1883 m Halvor Larsson Sando (6 barn); Sissel 1863- g 1879 m Asle Haagenson; Christine 1866-1939 g 1883 m Ola Larsson Sando (7 barn); Gurina 1870- gm ... P. Anderson; Olaus 1872-1891; Tolleiv 1874-1874.
    Til Am. 1857. Gro og Nils budde i Otter Tail County, MN i 1880. (J. Marler).
4. Nils Olson Holterudningen 30.08. 1833-1834
Kikhoste.
5. Nils Olson Holterudningen Strand 20.04. 1835-1856
Ug. Nils var arbeidsmann. Han var på skogsarbeid i Numedal i desember 1856. Der felte han eit tre over seg og omkom.
6. Ola Olson Holterudningen 03.01. 1837-1840
7. Guri Olsdtr. Holterudningen Langeland 13.02. 1840-1909
G 1867 m Ola Holgeson Langeland, gnr. 123/30.
*Barn elles
1. Ola Sevatson Holterudningen 16.11. 1842-1968
Ola reiste til Am. 1872: Charles City, Iowa, sidan til Minnesota i 1876.
    Foreldre: Sevat Anderson Hove m/enkje Sissel Olsdtr. Strand Holterudningen.

Ola og Sissel gifte seg i 1827. Ola kjøpte Rudningen for 400 spd i 1835. Ola kjøpte garden Sandåker omlag 1839, men selde vidare til Anders Kleppo i Hol. Ola gjekk bort i 1840.
    Som enkje selde Sissel Holterudningen for 580 spd og kår til Ola Nilsson Holto i 1841. Sissel fekk sonen Ola Sevatson i 1842, sjå ovanfor.
    I 1857 vart ho attgift med Lars Olson Sundremoen Sandehuset Trolløyen. Ingen barn. I 1856 budde ho på plassen Holmen under Strand. Likeeins i 1865.

{4612} År: 1841

Ola Nilsson Holto Sletto 12.06. 1796-1873.
G 1825 m Ingeborg Olsdtr. Dokken. Foreldre: Nils Sveinson Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.

Ola Nilsson Holto på Sletto, gnr. 94/1 kjøpte Holterudningen hjå enkja etter broren, Sissel Olsdtr. i 1841. Han sat med båe gardane fram til 1864 då han selde til Eirik Olson for 500 spd og kår.

{4613} År: 1864

Eirik Olson Holterudningen 28.03. 1842-
Foreldre: Ola Nilsson Holto Sletto og Ingeborg Olsdtr. Dokken frå Sudndalen.
Gm Guri Olsdtr. Torsgard Holterudningen 01.02. 1842-1893
Foreldre: Ola Henrikson Torsgard og Guri Embriksdtr. Settungsgard.
*Barn
1. Ola Eirikson Holterudningen 17.03. 1868-1870
2. Ola Eirikson Holterudningen 17.12. 1869-
Til Am. i 1879: Faribault, MN. Ola 'dreiv for seg sjølv' i 1899.
3. Ingeborg Eiriksdtr. Holterudningen 15.03. 1872-
Gm redaktør ... ... (3 barn). Ingeborg reiste til Am. 1879: Faribault, MN.
4. Guri Eiriksdtr. Holterudningen 08.03. 1875-1895
Om Guri stod det i eit brev: "Hun var som et lys i vor fameli."
5. Sigrid Eiriksdtr. Holterudningen 21.03. 1877-
Til Am. i 1879: Faribault, MN. Sigrid var ugift i 1899.

Eirik Olson Sletto kjøpte Holterudningen i 1864. Eirik og Guri gifte seg i 1867.
    Eirik selde garden for 1600 spd. i 1875, men sidan Sigrid var født på garden i 1877 så har dei framleis budd på garden.
    I 1878 fekk Eirik og Guri utflyttingsattest. Eirik dreiv som farmar og slaktar i Rugby, ND. Guri gjekk bort etter fem års sjukdom.
    Eirik gifte seg opp att med ei enkje med tre barn. Ho kom frå 'Ødemark i Smaalenerne' (=Øymark i Tistedal), i fylgje nokre amerika-brev. I 1899 hadde Eirik to smågutar på 3 1/2, og 1 1/2 år. (Oppl. Ola Hagen)

{4614} År: 1875

Svein Sveinson Holto Torsgard 29.09. 1839-1922
Foreldre: Svein Nilsson nordre Holto og Dordei Nilsdtr. Nubgarden.
Gm Guri Knutsdtr. Bjella Torsgard 10.11. 1857-1879
Foreldre: Knut Holgeson Bjella og Anne Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Dordei Sveinsdtr. Holto Torsgard 02.02. 1878-1952
G 1900 m Lars Eirikson Noss Torsgard, gnr. 96/9.

Svein og Guri gifte seg i 1877. Svein kjøpte Holterudningen for 1600 spd i 1875. Han var fehandlar. I 1877 var han 'kveghandler' busett på Stupulbakken.
    Svein kjøpte halve Iungsdalen i 1876 og låg der med fedrifter om sumrane. Hol Reinkompani kjøpte den andre delen i Iungsdalen etter broren. Då laget vart oppløyst i 1918, kjøpte Svein også denne delen for 21000 kr.
    Svein kjøpte Torsgard i 1894 og tok med seg fjellrettane dit. I 1895 vart Holterudningen selt på auksjon for kr. 3000 og kår. Sjå Torsgard, gnr. 96/8.

{4615} År: 1895

Elling Ellingson Jøto Holterudningen 09.05. 1841-1893
Foreldre: Elling Tolleivson Noss Jøto og Anne Olsdtr. Låengen (Hol).
Gm Birgit Tolleivsdtr. Dengerud Holterudningen 03.04. 1845-1927
Foreldre: Tolleiv Levorson Dengerud og Anne Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Elling Ellingson HolteRudningen Holtehagen 21.02. 1891-1974
G 1940 m Margit Larsdtr. Luten. Sjå Holtehagen, gnr. 94/11.

Elling og Birgit gifte seg i 1890. Elling gjekk bort sumaren 1893. Elling var skreddar i 1875.
    Birgit Tolleivsdtr. Dengerud kjøpte Holterudningen for kr 3300 og kår til Ingeborg Olsdtr. i 1895. Birgit selde garden i 1904 og tok seg kår. Birgit budde i den søre stugu på garden. (Som sidan er flytta til Holtehagen.)