Halleset gnr. 94 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Halleset gnr. 94 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Halleset er den nedre delen av søre Holto. Garden vart frådelt søre Holto i 1759.
    Namnet kjem av hallande lende, og høver godt på garden.
    Areal 1865: dyrka jord 16 mål, naturleg eng 64 mål, utslått 56 mål. Avling 10 1/2 tunne bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 83 mål, anna areal 30 mål, produktiv skog 150 mål. Leigd jord 6 da. Leiger òg utmarksbeite. Buskap: 70 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1946, ombygt 1967, driftsbygning 1978.
    Nokre stadnamn: Jødnbuhaugen (det er gjort slaggfunn her, i delet mot Ruud), Turrhaug, Slipesteinhaugen, Steintræet, Stykkeåkeren.
    Stølar. Heimstøl på Brattestølen. Langstøl på Hevjansåsen med stølsbu frå 1965.

{4659} År: 1759

Torstein Henrikson Huus Halleset 1728-1808
Foreldre: Henrik Toreson Huus og Turid Torsteinsdtr. Stave.
Gm Ingeborg Olsdtr. Stave Halleset 1735-1805
Foreldre: Ola Asleson Stave og Rønnaug Larsdtr. Mehus (Kvisla).
*Barn
1. Henrik Torsteinson Halleset 11.02. 1759-
2. Henrik Torsteinson Halleset 24.02. 1760-
G 1797 m Guri Eiriksdtr. Verpe. Barn: Torstein 1791- til Øvrejordet, gm Kristi Larsdtr. Løyte (Ustedalen); Margit 1794- til Tune gm .... ; Ingebjørg 1797- til Noss gm ... .
    Henrik kjøpte Øvrejordet i Hol i 1788. Henrik dreiv fleire rettssaker om rettane for stølen Stolen og Stolsvatnet. Ein gong var han i forlikskommisjonen med sonen. Det galdt ei avtale om halve garden. Elles møtte Henrik for andre folk i saker stundom. Henrik låg i strid med grannen Ola Ivarson Havardsgard på Grøvo. Etter diverse steinkast og trugsmål enda striden med forlik i 1814.
    I 1797 kjøpte han også ein del i Djup for 18 rd. Buet etter Guri i 1817 viste ei netto eige på 2400 rd.
3. Ola Torsteinson Halleset 04.04. 1763-
4. Turid Torsteinsdtr. Halleset 09.03. 1766-1809
Gm Hermann Olson Nedrejordet, Hol 1755-1812. Barn: Sigrid 1787- gm Knut Halvorson Sveingard, Sudndalen; Ola 1791-1867 gm Margit Olsdtr. Pålgard; Jørand 1794- gm Ola Helgeson Sæte, til Am.; Ingeborg 1798- gm Tolleiv Steinson Hamarsbøen Lysåker; Torstein 1801- gm Margit Olsdtr. Dokken; Asle 1805- til Åkeren i Hovet, gm Turid Sandersdtr. Rue, gm Kirsti Ellingsdtr. Dokken; Randi 1808- gm ... ... , Kr.ania.
5. Anne Torsteinsdtr. Halleset Rime 06.01. 1769-____
G 1794 m Gjermund Torkjellson søre Rime.
6. Birgit Torsteinsdtr. Halleset Sand 1771-
Gm Ola Hansson øvre Sand i Hol 1772-1852. Barn: Hans 1802-1884 bonde på Sand, g 1833 m Gro Olsdtr. Nerolshaugen; Guri 1812- gm ; Elling 1815-1869 sjå Skarsgardhagen, g 1842 m enkja Sigrid Olsdtr. Vesleslåtta.
    Birgit og Ola hadde øvre Sand i Kvisla. Før ho gifte seg hadde Birgit eit barn m Ola Asleson: Torstein 1798- . (Det er uvisst om han voks opp.)
7. Ola Torsteinson Øvrejordet Stave 1774.-1858
G 1806 m Ambjørg Aslesdtr. Aslegarden Strand. Sjå Stave, gnr.
8. Mari Torsteinsdtr. Halleset Ovavoll 1777-1841
G 1801 m em Pål Knutson nordre Mehus/Ovavoll, g 1810 m Halvor Johanneson søre Berg (Hovet).

Barn i Hol: Ola 1774-1858 g 1806 m Ambjørg Aslesdtr. Aslegarden Strand, sjå Stave og søre Huus; Mari 1777- g 1801 m em Pål Knutson Ovavoll, gm em Halvor Johanneson søre Berg; Torstein 1779- ; Haldis 1781- . Sjå Hol IV s 187.
    I 1759 kjøpte Torstein Huus halve Holto, dvs. Halleset (3 laupsbol) hjå Bjørn Ivarson Holto for 502 rd. Torstein held gardsyn same år.
    Husa var: stugu - må vølast 10 rd ; stolphus 8 rd; fjøs, sau og hestestall, badstugu og eldhus. Stølane: på Øvre Slettane var ei bu og ei lu; på Skansen ei stølsbu utan tak; på "Aamaandsetter" (Hodnånstølen) var ei forfallen stølsbu; langstøl på Hevjansåsen ei gamal stølsbu; på stølen Nybunås var korkje bu eller gjerde. Kvernhuset i Kvinda var forfalle. (1190) s 324b
    Etter eit søksmål frå Bjørn Ivarson Holto, selde Torstein garden attende 1770 til Bjørn for 581 rd. Torstein kjøpte Øvrejorde (Hol) i 1770 og flytta dit.

{4660} År: 1806

Ola Ivarson Holto Halleset 1787-1839
Foreldre: Ivar Olson Holto og Guri Olsdtr. ... .
Gm Birgit Hermundsdtr. Stakegard Halleset 1775-1850
Foreldre: Hermund Torgeirson Stakegard og Randi Gunnarsdtr. Åker (Hol).
*Barn
1. Ivar Olson Holto Halleset 03.04. 1814-1871
Ug. Sjå år 1865.
2. Hermund Olson Holto Halleset 06.01. 1815-1865
Ugift. Sjå år 1846.
3. Guri Olsdtr. Halleset Noss 15.01. 1819-1890
G 1866 m Tomas Ivarson Noss. Sjå Kolbjørnstølen gnr. 98/1..
4. Ola Olson Halleset Ruud 24.03. 1821-1858
G 1854 m Lukris Aslesdtr. Stave. Sjå nordre Ruud, gnr. 95/1. Sonen Ola overtok Halleset i 1875.

Ola og Birgit gifte seg i 1812. Ola var soldat 1807-14. Han vart kalla "Skratten."
    Ola gjekk bort i 1839. Lausøyre og krytyr var selt på auksjon for å greie gjeld før skiftet vart halde. Takst på garden var 650 spd. Men buet var 179 spd i underskot.
    Broren Tolleiv Ivarson (1784-1849) og kona Torand var inderstar på Halleset.

{4661} År: 1840

Knut Olson Bakketeigen Halleset 02.08. 1808-1846
Foreldre: Ola Larsson Rimehaugen Bakketeigen og Lukris Knutsdtr. Fetagarden Strand.
Gm Birgit Olsdtr. ØvreLå Halleset 23.03. 1818-1872
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Margit Levorsdtr. Lå.
*Barn
1. Tolleiv Knutson Bakketeigen Arnelien 31.12. 1834-1921
G 1861 m Kristi Eilevsdtr. Haugerud. Danil-Tolleiv. Sjå Arnelien, gnr. 110/45.
2. Ola Knutson Halleset Medgard 06.05. 1843-1901
G 1870 m Sigrid Knutsdtr. Medgard, gnr. 69/1. Til Am. i 1891.
3. Margit Knutsdtr. Halleset Huus 07.08. 1845-1910.
G 1867 m Ola Torsteinson Huus ("Hus-skulen") gnr.112/1.

I 1837 fekk Knut eit barn med Olaug Gunvaldsdtr. Tufto, Hol: Knut 1837- , han vart født på garden Bleie i Ullensvang. (1330) s 23
    Sonen Tolleiv kom til Arnelien. Det er uvisst kven mora er. Ho vart skriven Birgit Olsdtr. Belluteigen ved dåpen i 1834, ho er ukjent, dessutan var ingen av fadderane var frå slekta på ØvreLå.
    Knut og Birgit gifte seg i 1842. Knut var fehandlar og driftekar. Han kjøpte Halleset på auksjon i 1840 etter Ola Ivarson.
    Knut døydde alt i 1846. Ved skiftet etter Knut i 1846 var det reist odelsøksmål på Halleset. Knut stod i 'betydelige regnskaps-forhold', så gjeld og krav vart ikkje klargjort på fyrste møtet i skifteretten. Det var uteståande krav m.a. i Sverige. For sonen Knut skulle betalast 8 spd årleg fram til fylte 15 år. Garden vart selt 1848, og truleg flytta enkja til Lå med barna.
    Birgit fekk sonen Oleiv f. 1854 med enkjemann Knut Oleivson Gurigard. Sonen Ola vart konfirmert som Bakketeigen i 1860, dottera Margit som 'Øvrelå' og Oleiv som 'Kyrkjedeld eller Gurigard' i 1871.

{4662} År: 1846

Hermund Olson Holto Halleset 06.01. 1815-1865
Foreldre: Ola Ivarson Holto Halleset og Birgit Hermundsdtr. Stakegard.
Gm Ambjørg Torgeirsdtr. Sundbrei Kvamen 1715.-1800.
Foreldre: Torgeir Klemetson Sundbrei og Guri Olsdtr. Megarden (Tunhovd).

Hermund var ugift. Han fekk skøyte på Halleset på skiftet etter Knut Bakketeigen i 1846.

{4663} År: 1864

Ivar Olson Holto Halleset 03.04. 1814-1871
Foreldre: Ola Ivarson Holto Halleset og Birgit Hermundsdtr. Stakegard.

Ivar var ugift. I 1865 dreiv han garden saman med systera Guri, men han hadde ikkje heimel på garden. Pleiesonen hans var Ola Olson var 11 år, og truleg den same som overtok garden i 1875.
    Også Tomas Ivarson Noss budde på Halleset i 1865. Han var inderst og dagarbeidar. Han vart gift 1866 med Guri Olsdtr. Halleset og kom til Øygarden i Gol.
    Husdyr 1871: 1 hest, 4 kyr, 2 kviger, 6 geiter, 2 sauer. Halleset vart taksert til 700 spd.

{4664} År: 1872

Lars Olson Torsgard Halleset 18.05. 1836-
Foreldre: Ola Henrikson Torsgard og Guri Embriksdtr. Settungsgard.
Gm Turid Oleivsdtr. Skarsgard Torsgard 22.02. 1841-1910f
Foreldre: Oleiv Torson Tistilsgard Skarsgard og Turid Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Ola Larsson Halleset Torsgard 20.05. 1875-
Tvilling. Til Am. 1882. (?) I 1902 dreiv Ola Halleset kramhandel nede på Austlands-bygdene saman med Lars Ivarson Sletto f. 1875. 'Ola Halleset' reiste til Kr.ania 1907.
    I bladet NU 1902: 'Min abbonent Ole Halleset var onnekar på Torsgarden om somrene. Han drev kramhandel i Akershus om vinteren og bodde i Utsigtv. 28.' (A. Mehlum)
2. Ola Larsson Halleset 20.05. 1875-1876

I 1872 vart Halleset selt på auksjon til Lars Olson Torsgarden for 940 spd etter krav frå Kinsarvik Sparebank.
    Det var tre familiar på Halleset ifylgje folketellinga 1875. Husbonden Lars var ute på reise, Turid og tvillingane var heime. Dessutan budde Ola Olson Holterudningen her med familien sin. Han flytta sidan til Kr.ania og dreiv slakteforretning. (Sjå bnr. 2)
    Den tredje mannen med familie på Halleset var Tor Oleivson Skarsgard (Kagge-Tor) snikkar og bødker. Han og familien kom til Toresgardsmoen i 1880.
    Det står ikkje kor mange hus som var bebudde i 1875. Truleg budde minst ein av familiane i hus på den delen av Halleset som vart lagt til nordre Holto i 1820.
    Lars og Turid gifte seg i 1870. I unge år gjætte Lars på Kråkhamar hjå morbror Knut. Då lærde han å spela på prillarhorn. Han fekk sitt eige horn, og sidan let det utover heile Kvinnegardslia. Han kjøpte seg ein kalv i unge år og fekk lagt seg opp litt pengar. Sidan vart det fehandel på Vestlandet. Han kjøpte Halleset og dreiv som bonde nokre år inntil Ola Halleset, handelskaren tok garden att på odel. Då kjøpte han Sundbrei av broren Embrik som for til Am. Så sa kausjonistane opp og Lars måtte gå frå garden, og han tapte noko pengar. (1553)1902
    I 1900 budde dei i Sandakerveien 66 i Kr.ania og hadde krøterhald som næring. Frå 1902 budde dei i Stensgt. 28, hadde 23 kyr på båsen og dreiv mjølke-utsal til faste kundar.

{4665} År: 1875

Ola Olson Ruud Halleset 25.02. 1855-
Foreldre: Ola Olson Halleset Ruudmyren og Lukris Aslesdtr. Stave.

Ola Olson var fosterson og brorson til Ivar Olson Halleset. I 1875 var mora oppattgift, og då budde både Ola og broren på Ruud. Han budde i ei liten stugu nordpå Flåten på Ruud. Dei kalla han difor 'Flåta-guten.' I 1891 var Ola bygselmann på Ruud.
    I unge år gjekk Flåtaguten og leika med ei børse av tre. Ein dag var det ei grannekjering som spurde om han fekk noko vilt.
    "Å, nei då," var svaret,"Eg berre kvema eg!" Liten og låghalt rusla Ola rundt med kjelken sin på vegane gjennom bygda. Han samla seg småting i sekk og kasse, og hadde eit "depot" i smia på Dengerud. (Jul i Hallingdal 1967 s 38.)
    I 1875 kjøpte Ola kjøpte Halleset på odel for 1230 spd. Men Ola var ingen bonde. Stundom var han på ymse arbeid kringom på gardane. Truleg har han berre leigd bort jorda. Halleset vart avloa og vanstelt fram til auksjonen i 1892. Sjå neste hushald.

{4666} År: 1892

Elling Olson Noss Tveito Halleset 09.03. 1866-1951
Foreldre: Ola Ellingson Jøto Tveito og Sigrid Eilevsdtr. Noss Tveito.
Gm Guri Sevatsdtr. Holo Halleset 13.10. 1868-1937
Foreldre: Sevat Larsson søre Holo og Guri Andersdtr. Hago.
*Barn
1. Ola Ellingson Halleset 06.02. 1893-1893
2. Ola Ellingson Halleset 05.03. 1896-1985
G 1924 m Barbro Olsdtr. Ruud. Sjå neste hushald og eige hushald.
3. Sevat Ellingson Halleset 09.11. 1898-1983
Ug. Sevat var i Am. på timrehogst m.m. frå 1928 til 1935. Sevat bygde seg hus ved Husjordet. Murar og snikkar.
    Sevat hadde godt handlag med muring. Det fortelst frå eit tomtearbeid der Sevat var med. Ein annan arbeidskar sa det slik: 'Det e det sama kor godt eg legg steinen. Han Sevat tek'n att og legg 'n betre!' Om sumrane var Sevat ofte på farten i bar overkropp, solbrun og helsug!
4. Lars Ellingson Halleset 15.12. 1903-1924
Lars drukna i militæret i juli 1924, berre ei veke før dimmisjon og bryllaup.
    Sigrun Tranum frå Årnes fødde sonen Lars 13.11. 1924. Han er gift med Inger Nilsen frå Haslum, og er nok den einaste som ber namnet Halleset i dag.
5. Guri Ellingsdtr. Halleset Gurigard 17.03. 1907-1994
G 1930 m Ola Sevatson Gurigard. Sjå neste hushald.

Elling og Guri gifte seg i 1893. Elling kjøpte Halleset på auksjon i 1892 for 4220 kr. Garden var då i dårleg stand. Avlinga var køyrt av garden lenge og husa stod til nedfalls.
    Elling og Guri bygde nye uthus og stellte på jorda. Likeeins vart det nye hus på stølane.