Skogly gnr. 94 bnr. 10
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Skogly gnr. 94 bnr. 10-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Slettadn var opphavleg heimstøl under søre Holto. Bureisingsbruk frå 1924, i daglegtale går bruket Skogly under namnet Perslettan. Dvs. Bruket er kalla etter fyrste bonden.
    Skogly ligg logn og fint på slettene ovanfor Sletto. Bruket grensar til Hodnanåne i vest.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, produktiv skog 27 mål. Buskap: 4 mjølkekyr, 1 kvige, 4 kalvar, 7 høns.
    Våningshus bygt 1926, påbygt 1974, loft, driftsbygning, skåle, eldhus, vårfjøs alle bygde omkr. 1930, garasje frå 1960.
    Stølar. Heimstøl på Hodnanstølen. Langstøl i Djup.