Ruud udelt gnr. 95 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ruud udelt gnr. 95 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ruud i Kvinnegardslia er nemnt i jordebøker frå 1577 og framover. Truleg også 'Ruud' i skattelista av 1560. Landskylda var 12 laupsbol, og garden vart skattlagt som øygard.
    I jordeboka 1598-1608 heitte det 'Rudt nordenn Quindegrd' slottelending 1 album'. Det viser at Ruud var underbruk på den tida. Opplysningar frå 1602 syner at Ruud var brukt under Huus. Sjå nedanfor.
    Gardsnamnet Ruud vert rekna for å vera frå ein rydningsperiode år 1000 til 1350. Det var Ola Tomasson som rydda garden etter øydetida.
    I 1620 heitte det at Ruud no var 'oplagt' ein årleg skatt på 1 kalvskinn, frelse 1skilling. Og i
    1624 vart Ruud nemnt mellom dei gardane som 'ble formeret og skulle betale skatt til Kongl. Maj.'
    Ved kvernskatten 1621 og jonsok 1625 skatta Ola Ruud av 1 kvern.
    Utover på 1600-talet var det to bønder jamsides på Ruud. I 1731 vart garden delt i to like partar, men så har garden vorte samla att kring 1735. NB. Ein kjenner ingen husmannsplassar på Ruud.
    Den endelege delinga i nordre og søre Ruud vart gjort i 1771. Nordre Ruud bnr. 1 vert no oftast kalla Rudmyren, og søre Ruud berre 'Ruud'. Om tunet heiter det i oppteikningane om Barman-slekta: 'Husene står heller ikke lengere på den gamle plass, men er flyttet opp i bakkesiden hvor veien fra Sundre til Myking går.' Altså skulle tunet ha vore nedanfor noverande tun.
    Stølar. Heimstøl Ruudstølen og langstøl Ruudstølen på Hevjansåsen.