Ruud, søre gnr. 95 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ruud, søre gnr. 95 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Ruud vart frådelt Ruud i 1771. Sjå Ruud udelt. Garden har no bnr. 5, 6 og 8, og grensar mot nordre Ruud i vest og Kvinnegardjordet i aust. Landskyld 6 laupsbol.
    Tunet skal ligga på opphavleg stad.
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 35 mål, utslått 32 mål. Avling 6 tunner bygg 4 tunner potet.
    Areal 1995 (inkl. bnr. 8) dyrka jord 50 mål, produktiv skog 600 mål. Leigd jord og beite 50 mål. Buskap 7 mjølkekyr, 8 ungdyr, 16 vinterfôra sauer. 30 pelsdyr til 1992.
    Hallingstugu bygt 1915, nytt våningshus 1988, loft flytta og ombygt 1927, reidskapshus 1986, driftsbygning 1970 (+låve 2002), pelsdyrfarm og del av pelsingshus 1987.
    Nokre stadnamn: Eilevrimsa (slåtteteig), øvre og nedre Braudde (naturlege reiner(?)), Utluberget, Vårfjøset.
    Stølar. Heimstøl: Ruudstølen. Langstølen Ruudstølen bnr. 12 vart fråselt som hytte 1920. (Heile stølen?) Langstøl på Geitevasstølen (kjøpt 1947), jakthytte (Karkehytta) 1978.

{4702} År: 1771

Eirik Olson Ruud 11.03. 1752-1818
Foreldre: Ola Olson Ruud og Anne Eiriksdtr. Gullhagen.
Gm Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg Ruud 28.08. 1757-1833
Foreldre: Håkon Tolleivson søre Svarteberg og Gunvor Torsteinsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Ola Eirikson Ruud 19.05. 1777-1789
2. Håkon Eirikson Ruud 1779-1834
G 1807 m Maria Persdtr Sundre. G 1811 m enkje Guri Persdtr. Sehl. Sjå neste hushald.
3. Ola Eirikson Ruud Kolbjørnstølen 1782-1862
Gm Guri Knutsdtr. Kolbjørnstølen, gnr. 98/1. Gm Turid Olsdtr. Helgelien. Sjå bnr. 8 på Ruud.
4. Tolleiv Eirikson Ruud Medhushaugen 1785-1844
G 1814 m Marte Halvorsdtr. Sehl. Sjå Medhushaugen, gnr. 21/13 og nordre Tveito gnr. 55/21.
5. Birgit Eiriksdtr. Ruud Sehl 1788-____
G 1806 m Ola Nilsson nordre Sehl, gnr. 46/1.
6. Ola Eirikson Ruud Hove 1790-1845
G 1820 m Margit Ivarsdtr. Styrkestad. Barn: Halvor 1821-ung; Ingeborg 1822- g 1849 m em Elling Bjørnson Andersrud, Skoger, g 1863 m em Kristoffer Johanson Bjørnerud, Skoger; Eirik 1826-1837; Ivar 1829-1857 død på legd; Margit 183?-1923 g 1855 Skoger m Hans Johansen, Sande, busett Gata under Haneval i Skoger; Eirik 1837- g 1870 m Anne Embriksdtr. Glomsletten; Halvor 1840- g 1866 m Karen Johanne Larsdtr. ... , Asker; Ola 1843-1843?.
    Ola var soldat i Fri-bataljonen i 1813. Ola og Margit var inderstar på Hove i 1822. Før 1829 bygsla dei Kroken under Glomsrud i Gol, dei budde også i Brattebakken. I 1833: O. E. Hesla-eige. (Gol VII a s 129 ) Sjå Inderstar 'Hove'.
7. Anne Eiriksdtr. Ruud Grandokken 1793-
G 1830 m Ola Olson Grandokken, gnr. 3/6.
    Barn m Embrik Olson Reiersgard: Margit 1820- , sjå barnebarn.
   
8. Eirik Eirikson Ruud Sagasletten 29.05. 1796-1884
(Lange-Eirik) G 1821 m Anne Torsteinsdtr. Sagasletten under Sire, gnr. 4/32a. 'Jesle-haugen' står det i 1833.
*Barnebarn
1. Margit Embriksdtr. Ruud Grandokken 08.06. 1820-1911
G 1842 m Lars Larsson UndeBergo til Lauvdokken Jegleim, Gol 1817-1899. Barn: Anne 1842-1929 jordmor i Hol g 1867 m Ola Syverson øvre Reinton; Ivar 1844- død i Am.; Birgit 1847- g 1871 Kr.ania m Hans Baltesen, til Am. som enkje; Lars 1849- g 1876 m Olaug Olsdtr. Ruud, Nes til Am.; Ingebjørg 1852-1925 g 1881 m Ola Kolbjørnson Ruud, Flå g 1905 m Elling Tomasson Plassen, ho var jordmor i Flå; Ambjørg 1854-1948; Guri 1857- død i Am. ; Ingebjørg 1859-1890 g 1881 m Oluf Nilsen (Johansen) han til Am. , ho i Kr.ania; Gro 1862-1951 jordmor, gm Jul Tolleivson Granheim, N-Aurdal.
    På Lauvdokken frå 1842. (Gol V s 582)
    Foreldre: Embrik Olson Reiersgard (ungkar) og Anne Eiriksdtr. Ruud.

Eirik og Ingeborg gifte seg pins 1776. Eirik kom til søre Ruud i 1771 då faren delte garden mellom han og broren Ola.
    I 1773 gjorde Eirik tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani.
    I 1785 kjøpte han langstølen til Ruud hjå broren Ola for 31 rd. Ein skogrem på austsida langs med vegen gjennom Hesthovdskardet til Brekkene fylgde med.
    I 1803 kjøpte Eirik stølen Langeli hjå Andres Olson Hove for 48 rd.
    I 1806 vart garden taksert slik: søre Ruud kan fø 16-18 krøter og 20-30 småfe. Det vart 4-5 tunner korn.
    Eirik hadde ymse verv, m.a. var han inkassator for futen Hørbye. Eirik skreiv ei bok om ymse hendingar i bygda. Og han gjorde notatar om naturfag m.m.
    Ein gong hadde Eirik ein fange kalla Hauer-Ivar i arrest hjå seg. Men ein dag då Eirik hadde sett Ivar til noko utearbeid, såg arrestanten seg høve til å røma. Langt om lenge vart Ivar funnen att 'nordi fjordo'. Dette vart kostbart for Eirik, han måtte leige folk til å leite etter rømlingen. (L. B. Sehl s 390)
    I 1787 kjøpte Eirik garden søre Holo for 550 rd, - han selde att etter to år.
    Det vart halde gardsyn 1788: 2 brøstfeldige stuguhus; stolphus med dårleg tak; hest-stall og fehus med dårlege tak; sauestall; badstugu; vedskåle, 1/2 smie; 4 luer. Heimstøl: Holeslåtta. Støl: "Turand", bu og fjøs. Åker: 13 mål, skogen var uthogd og gjerdene dårlege. Sum: 287 rd. (1437) s 15
    På skiftet etter Eirik i 1818 fann skifteforvaltaren det 'besynderlig' at ein mann som for få år år sidan vart ansett som ein vederheftig mann, no skulle avgi eit bu med underskot på 89 rd. Dei frammøtte forsikra om at ingen ting vart fordelt førlodds på arvingane. Garden vart selt til sonen Håkon som selde vidare til broren Ola.

{4703} År: 1805

Håkon Eirikson Ruud 1779-1834
Foreldre: Eirik Olson Ruud og Ingeborg Håkonsdtr. søre Svarteberg.
Gm Maria Persdtr. Olsgard Ruud 18.07. 1781-1807
Døypt Benedicke (slektsnamn i Selmer -Rasch). Foreldre: Per Halvorson Olsgard Devegge (Nes) Sundre og Maren Catarine Jørgensdtr. Rasch.
Gm Guri Persdtr. Sehl Kolbjørnsgard Ruud 09.02. 1775-1847
Foreldre: Per Halvorson Opheim (Garden) Sehl og Margit Embriksdtr. Sehl.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ingeborg Håkonsdtr. Ruud 24.04. 1807-
*Barn i andre ekteskap
1. Eirik Håkonson Ruud 02.11. 1811-1834
Ug. Død som dreng hjå Lars Larsson Noss.
2. Margit Håkonsdtr. Ruud 24.02. 1816-
Margit budde nær Drammen i 1847. Ikkje funnen i FT 1865.

Håkon og Maria gifte seg i 1807. Dei fekk ei dotter.
    Håkon fekk skøyte på garden i 1805. Garden vart takstert til 1000 rd i 1807, men Håkon bad om høgding til 1200 rd. Dermed vart det 201 rd å dele på skiftet etter Maria i 1807.
    Håkon vart attgift med Guri i 1811 og fekk to barn med henne. Ho var enkje etter Nils Torkjellson Kolbjørnsgard, gnr. 27/1.
    Kåret til foreldra hans Håkon var: 3 kyr og 5 småfe framfødd, årleg 4 tunner korn ( á 20 settung á 18 mark), ei skjeppe salt, ein kål-åker 'Nedre Låve-åkeren', hus, ved og skyss samt halvparten i ein jordeple-hage (potet).

{4704} År: 1829

Eilev Olson Noss Arnegard Ruud 15.11. 1789-1836
Foreldre: Ola Olson Holo Arnegard Noss og Margit Botolvsdtr. Bakketeigen.
Gm Anne Olsdtr. Opheim Ruud 22.05. 1796-1879
Foreldre: Ola Rasmusson nordre Rasmusgarden Opheim og Margit Knutsdtr. Ransedokken (Gol).
*Barn
1. Margit Eilevsdtr. Ruud 26.06. 1825-1908
G 1852 m Sevat Eilevson Toreplassen Ruud. Sjå neste hushald.
2. Margit Eilevsdtr. Ruud Treverket 18.01. 1827-1877
G 1860 m Truls Helgeson Espedokken Treverkbråten, Gol 1818-1897. Ingen barn.
3. Birgit Eilevsdtr. Ruud Toreplass 18.07. 1829-1908
G 1861 m Eilev Eilevson Toreplass, gnr. 123/49.
4. Guri Eilevsdtr. Ruud Eidsgardbråten 27.03. 1835-1909
Gm Ivar Ivarson Kvinnegard Eidsgardbråten 1842-1928. Barn: Sigrid 1863-1946 g 1889 m Amund Østenson Djupedal, Gol; Eilev 1865-1943 g 1896 m Gunvor Halvorsdtr. Haugo, Torpo; Ivar 1868-1909 (ihelkøyrt av toget) g ca 1886 m Birgit Halvorsdtr. Brenno (Frøysok), til Am.i 1886: Fillmore, Benson Co ND; Anne 1870-1954 g 1894 m Kristoffer Kristofferson Knivebakken, Skotselv; Kari 1873-1936 gm Knut Person Ivarslien, Gol, til Am. 1894: farma ved Orin, ND.; Margit 1877-1914 i Hole, ug.; Margit 1880-1926 g 1904 m Aksel Johansen, Asker, bonde i Asker.(Sjå Gol V s 552)

Eilev og Anne gifte seg i 1826. Anne skreiv seg då Halleset.
    Buet etter Eilev var på 350 spd. Anne overtok garden på skiftet. Anne selde frå to jordstykke som bnr. 6 i 1862. Same året selde ho garden for 200 spd og kår til sonen Sevat.
    Anne vart attgift 1847 m enkjemann Syver Syverson Storedal, men vart enkje att etter 6 veker! Ho døydde på Ruud i 1879.

{4705} År: 1862

Margit Eilevsdtr. Ruud 26.06. 1825-1908
Foreldre: Eilev Olson Arnegard Noss Ruud og Anne Olsdtr. Opheim.
Gm Sevat Eilevson Toreplass Ruud 06.03. 1830-1900
Foreldre: Eilev Knutson Granhagen Toreplass og Guri Lambertsdtr. Haugerud.
*Barn
1. Eilev Sevatson Ruud 26.12. 1851-1929
Gm Inga Maria Andersdtr. ..., Vermeland Sverige 1852- .
    Eilev var ein tur til Amerika i 1887. Eilev og Inga budde på Skarpsno i Norderhov i 1900. Han var dagarbeider og smed, ho var arbeiderkone.
2. Guri Sevatsdtr. Ruud 17.07. 1854-1930
Ug. 'Arbeiderske'.
3. Anne Sevatsdtr. Ruud Lerberg 11.02. 1857-1949
G 1879 m Embrik Knutson Lerberg. (Liabergstølen i Hol.) Barn: Lukris 1880-1913 gm Håkon Gunhildgard, sjå gnr. 44/3; Margit 1886-1971 gm Johan Jensen (Drammen) til Strøm; Guro 1884-1975 gm Arne Knutson Villands-eie - Strøm; Knut 1887-1969 gm Kristine Knutsdtr. Hansehaug; Guri 1890-1980 til Canada, gm Embrik O. Sindrol; Sigvart 1892-1971; Olav 1895- til Fagerheim (Hovet) gm Ingeborg Olsdtr. Hallsteinsgard, gm Margit Edvardsdtr. Høgberg (Sogn); Ola 1897-1988 ug.; Erling 1901-1988 til Kvannhøvd, Gol, gm Kristi Storelie, Nes.
    Sjå Liabergstølen i Hol.
4. Eilev Sevatson Ruud Reiersgard 05.05. 1860-1923
Barn med Kristi Olsdtr. Vangen: Kristi født 1883 på Solberg i Borre. (Ho vart gm Lars Mikkelson Stølen på søre Lå.)
    G 1883 m Sigrid Eilevsdtr. Kleppo frå Hol. Sjå Reiersgard, gnr. 39/1.
    Eilev kjøpte garden Hvilsten på Burud på Ø. Eiker. Han døydde brått, enkja og barna selde Hvilsten og flytta attende til Ål. (Stampeslåtta ved Gullhagen.)
    Sonen Sevat (1886-1963) likte seg godt hjå gommo og goffa. Han vart verande på Ruud i Kvinnegardslia då foreldra flytta til Tolleivsgarden og Tune. Han vart kalla Sevat Post.
    Sevat var postførar for Øvre Ål og Kvinnegardslia. Stugu til Sevat låg i vegkanten og var ein samlingsstad for ungdomen. Her gjekk det mykje i kortspel. I helgane kom det folk frå Sundre også.
    Sevat starta i posten i 1907, då var betalinga 80 øre pr. tur for postbæring til Kvinnegardslia. Han gjekk eller sykla med den tunge postveska. Og den var ofte tyngre enn nødvendig. For Sevat sa ikkje nei om folk ba han ta med ymse varer i tillegg til posten. Sevat fekk Kongens fortenestmedalje for 45 års tenest som landpostbod.
5. Ola Sevatson Ruud 02.04. 1865-1865
6. Ola Sevatson Ruud 29.11. 1866-1904
Ug. Sjå neste hushald.

Sevat og Margit gifte seg i 1852. Sevat kjøpte søre Ruud i 1862. I 1880 kjøpte han også nordre Ruud, bnr. 1.
    I 1890 vart Ringane nede ved Kvinda delt frå og selt frå Eilev Sevatson til Sevat Eilevson. (Frå son til far?) Sønene Ola overtok søre Ruud og Eilev overtok nordre Ruud.

{4706} År: 1895

Ola Sevatson Ruud 29.11. 1866-1904
Foreldre: Sevat Eilevson Toreplass Ruud og Margit Eilevsdtr. Ruud.

Ola var ugift gardbrukar. Ingen livsarvingar. Ola overtok garden utan heimel i 1895.
    Syskena hans skøytte garden til Ola Larsson i 1909 for 6000 kr.