Kvinnegardjorde gnr. 96 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Kvinnegardjorde gnr. 96 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Kvinnegardsjordet eller Jordet var husmannsplass under nordre Kvinnegard. Fleire av ungane frå Kvinnegard kom dit. Jordet vart frådelt som eige bruk i 1877.
    Det opphavlege tunet låg nede i jordet, tuftene viser enno. Ola Ivarson flytta tunet, og Hans Holto bygde nye hus oppe ved vegen i noverande tun.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, anna areal 55 mål, produktiv skog 60 mål, anna utmark 20 mål. Våningshus bygt 1931, låve med fjøs og stall 1932. Buskap 12 vinterfôra sauer.
    Nokre stadnamn: Grovaråkeren, Jordesbakkane. Opphavleg støl til husmannsplassen var truleg Gunnarstølen. Ved delinga vart Jordet tillagt Hesthovdstølen. Den vart ståande utan hus, og kyrne bortleigd til andre. Hesthovdstølen vart fråselt som hytte i 1972.
{4728} År: 1809
Anne Ivarsdtr. Kvinnegard Kvinnegardjordet 01.01. 1772-1853
Foreldre: Ivar Larsson nordre Kvinnegard og Haldis Halvorsdtr. Styrkestad.
Gm Gunnar Olson Hove Stave Kvinnegard 1771-1833
Foreldre: Ola ... ... og ...
*Barn
1. Sigrid Gunnarsdtr. Kvinnegardjordet Kvinnegard 1799-1885
G 1830 m Ivar Olson søre Kvinnegard, bnr. 5.
2. Haldis Gunnarsdtr. Kvinnegardjordet Brenna 31.01. 1802-
G 1839 m em Anders Gundersen på Brenna i Jevnaker 1789-.... på Vangseie. Han var husmann utan jord i 1865.
    Haldis reiste til Jevnaker i 1820 som ukonfirmert tenestjente.
3. Astrid Gunnarsdtr. Kvinnegardjordet 15.01. 1804-1889
Barn: Gunnar 1832-1852, sjå barnebarn. Astrid budde på Rime i 1852. Død 1889 i legd i Teigen.
4. Ivar Gunnarson Kvinnegardjordet 26.02. 1808-1897
Ug. Vedhoggar på myljo Tune i 1875. Død som fattiglem i 1897.
5. Ola Gunnarson Kvinnegardjordet Hellinghaugen 16.12. 1810-1901
G 1835 m Sissel Olsdtr. Myregarden. G 1875 m Kari Ivarsdtr. Kvinnegard. Sjå Hellinghaugen, gnr. 106/8a.
6. Ola Gunnarson Kvinnegardjordet 09.03. 1814-
Ola Gunnarson reiste til Fusa pr.gj. i 1878.
*Barnebarn
1. Gunnar Olson Kvinnegardjordet 26.08. 1832-1852
Død i legd på Rime i 1852. Ingen arvingar.
    Foreldre: Ola Halvorson Sandelien (ungkar) og Astrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjorde.
Gunnar og Anne gifte seg i 1797. I 1801 budde dei på søre Stave. Gunnar var lottebrukar og soldat. Gunnar og Anne fekk støtte frå fattigkassa frå 1816. Truleg var det Gunnar som rydda Gunnarstølen inne på åsen. (No under bnr. 1.)
    'Gunder Olsen Jorde', husmann under Kvinnegard var død i 1833. Anne var sjuk og sengeliggande i mange år før ho gjekk bort i 1853.
{4729} År: 1844
Ola Larsson Kvinnegard Kvinnegardjordet 10.05. 1810-1879
Foreldre: Lars Ivarson nordre Kvinnegard og Ragnhild Olsdtr. Rue (Hol).
Gm Rangdi Torgeirsdtr. Stakegarden Kvinnegardjordet 01.02. 1813-
Foreldre: Torgeir Hermundson Stakegard og Turid Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Ragnhild Olsdtr. Kvinnegardjordet Slåtto 06.05. 1840-
G 1870 m Gunnar Anderson Tufte, Hol 1835-.... . Barn: Guri 1869-1962 gm Nathanael Anderson (Sverige)-Tønsberg (4 barn); Ola 1871-1946 bonde på Slåtto gm Oline S. Brattebø, Jondalen (5 barn); Anders 1874- ; Rangdi 1879- til Am. 1903, gm Jon Knutson Uthusslåtta; Ragnhild 1883-1918 gm byggmester Amund Edvard Berg (Østerdalen), Hol (5 barn).
    Gunnar var skinnfeldmakar m.m. Dei budde på Slåtto under Fossgard i Hol. Sone Ola overtok bruket i 1917. Det var skifte etter Gunnar i 1921.
2. Lars Olson Kvinnegardjordet Stakegarden 24.12. 1841-1904
Ug. Lars hadde vore fattiglem i mange år i 1904.
3. Torgeir Olson Stakegard 24.11. 1843-
G 1872 m Kristine Hansdtr. Trulsrud-eie 1851- , Asker. Barn: Ragna 1871- ; Hilda 1873- ; Thora 1875- . (1034)
    Torgeir var husmann utan jord, jordbruksarbeidar under Wøyen i Bærum. (1378) I 1904 var han i Amerika.
4. Ola Olson Kvinnegardjordet Stakegarden 07.10. 1845-
Ein Ola Olson f. 1845 i Ål var gm Karen Kristiansdtr. f. 1852 frå Tyristrand.
    Han var gardbrukar på Tyristrand gnr. 66/21. Barn: Kristian 1870- treslip arbeidar; Martin 1880- .
    Død 1906 i Hole som ' Ole Olsen Snakertangen' (=Stakegarden?) sjølveigar og jarnbanemann. (Rringariki 1191/1 s 42)
5. Hermund Olson Stakegard 09.09. 1847-
Hermund reiste til Modum 1878 og var på jarnbanearbeid. I Ådal 1879. I Amerika i 1904.
6. Turid Olsdtr. Stakegard 06.11. 1850-1889
Ug. Fattigstøtte. Død i legd på Stakegarden. Ingen opplysningar om arvingane 'da de skal opholde sig udenfor dette distrikt.'
7. Henrik Olson Stakegard Nyehuset 23.06. 1853-____
G 1880 m Anne Olsdtr. Hansebråten. Skreddar. Sjå Hellinghaugen (Nyehuset), gnr. 106/12.
8. Randi Olsdtr. Stakegard 09.02. 1855-
Rangdi reiste til Bærum 1871. Til Am. i 1880?
Ola og Rangdi gifte seg i 1840. Dei bygsla Kvinnegardjordet i 1844. Frå 1847 var dei på Stakegarden.
{4730} År: 1850c
Hermund Torgeirson Stakegard Kvinnegard 14.05. 1807-1875
Foreldre: Torgeir Hermundson Stakegard og Turid Henriksdtr. Huus.
I 1865 var Hermund Torgeirson Stakegard (f. 1807) enkjemann og husmann med jord i Kvinnegardjordet. Sønene Ola (handelskar) og Hermund budde hjå han. Sjå meir om familien hans på Stakegarden, gnr. 97/1.
{4731} År: 1868c
Ragnhild Ivarsdtr. Kvinnegard Kvinnegardjordet 06.02. 1836-1920
Foreldre: Ivar Larsson Kvinnegard og Guro Persdtr. Thon.
Gm Knut Kristianson Strand Kvinnegardjordet 05.09. 1830-1876
Foreldre: Kristian Anderson ...., Lærdal Strand-eie (i 1847) og Borghild Knutsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Ivar Knutson Kvinnegardjordet Teigen 21.06. 1858-1948
Gm Marie Oline Pedersen frå Tune i Østfold 1853-1918. Barn: Karl Berger 1884-1969 utdanna kunstnar, var keramikar, fotograf og cellist (fekk kongens fortenstmedalje i gull), gm Ragnhild Væring (2 barn); Ragnhild 1887-1970 telegrafist, ug.; Konrad 1890-1917; Borghild 1893-1955 gm gullsmed Kristian Langerud, Nordstrand (3 barn); Knut 1896-1905c konditor.
    Ivar var kork-skjærar og budde i Akersbakken 14 i Kr.ania i 1900. Ivar tok seg lærar-utdanning. Dei skreiv seg Teigen. (1507)
2. Borghild Knutsdtr. Kvinnegardjordet 20.03. 1860-
3. Guro Knutsdtr. Kvinnegardjordet Kristiansen 04.06. 1862-1947
Barn: Asle 1882- sjå barnebarn.
    Gm Kristian Kristiansen. Barn: Karen 1891-1979 gm Johan Martin Hansen (2 barn). Dei budde på Grefsen i Oslo.
4. Kristian Knutson Kvinnegardsjorde 1866-1866
Heimedøypt. Død 1/4 år gamal.
5. Ågot Knutsdtr. Kvinnegardjordet 23.10. 1867-1867
6. Kristian Knutson Kvinnegardjordet 24.01. 1869-1869
7. Ågot Knutsdtr. Kvinnegardjordet 09.09. 1870-
Ågot flytta ut til ekteskap på Ringerike i 1887.
8. Kristian Knutson Kvinnegardjordet 08.03. 1874-1874?
9. Ragnhild Knutsdtr. Kvinnegardjordet 10.04. 1876-1876
10. Ragnhild Knutsdtr. Kvinnegardjordet 27.03. 1877-
Ragnhild dreiv 'husgjerning' i 1900.
*Barnebarn
1. Asle Asleson Kvinnegardsteigen 01.12. 1882-1953
Asle døde i Sauda i 1953.
    Foreldre: Asle Asleson Øyno (ungkar) og Guri Knutsdtr. Kvinnegardsteigen.
Knut og Ragnhild gifte seg i 1855. Som barn vart Knut sett på legd. Han var skreddar og inderst på Strand i 1851. (1292) (1846)
    Knut var inderst på Kvinnegard og Ruud fram til 1868. Husmann i 'Jorde' frå 1870 omlag. Frå 1875 var han husmann i Vesleteigen, sjå bnr. 14. Som enkje kom Ragnhild attende til Kvinnegardjordet.
    Ragnhild dreiv 'husgjerning og kreaturstel' og budde i Kvinnegardjordet saman med broren Ola Ivarson i 1900.
{4732} År: 1877
Guri Ivarsdtr. Kvinnegard Leksvol 18.11. 1836-1922
Foreldre: Ivar Larsson Kvinnegard og Guro Persdtr. Thon.
G 1883 m Halvor Knutson Leksvol 1842-1919.
Guri fekk skøyte på Kvinnegardjordet i 1877 for kr. 2600. Til bruket vart lagt: beiterett vår og haust til det dei fødde på garden, og eit lite skogstykke. Ho gifte seg 1883 med Halvor på nordre Leksvol. Sjå gnr. 113/3.
    Etter Guri kom broren Ola Ivarson f. 1853, han har nok bygsla bort Jordet til Knut og Ragnhild. Ola vart kalla 'Jordesen'.
{4733} År: 1900c
Ola Ivarson Kvinnegard Kvinnegardsjordet 21.02. 1853-1921
Foreldre: Ivar Larsson Kvinnegard og Guri Persdtr. nordre Thon.
Ola Ivarson var ugift. Sidan han budde i Kvinnegardjordet vart han kalla Jordesen.
    Ola vart født i vedaskålen på nordre Kvinnegard. Mor hans skulle hente ved då fødselen starta. Ho kom inn att utan ved, men med Ola i 'blåkun'. (oppbretta stakk eller dås).
    Ola var stor og sterk. Det var han som flytta tunet opp til noverande stad. Det viser enno 3-4 tufter etter det gamle tunet nedst i jordet. Stugutufte hadde moldbenk kring murane, i dag står ei lu på denne tufta. Ola og systera Ragnhild hadde 2-3 kyr.