Kvinnegard, myljo gnr. 96 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kvinnegard, myljo gnr. 96 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kvinnegard er nemnt i jordebøker frå 1577. I 1588 vart søre Kvinnegard skattlagt som slottelending 1/2 skill. Frå 1588 vart Kvinnegard ført opp etter Stave, frå 1598 etter Rime. (Dvs. Kvinnegarden var underbruk hjå desse.)
    Noverande søre og myljo Kvinnegard vart skattlagt som øygard på 6 laupsbol. Tidlegare 'søre Kvinnegard,' dvs. noverande Torsgard hadde landskyld på 4 laupsbol. Opphavleg har truleg alle desse bruka vore ein gard.
    Kvinnegard vart delt i 1762, nordre ('myljo') garden bnr. 4 og søre garden bnr. 5.
    Frådelte plassar og underbruk: Vesleteigen, bnr. 14.
    Areal 1865: dyrka jord 22 mål, naturleg eng 120 mål, utslått 16 mål. Avling 16 tunner bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, produktiv skog 350 mål, anna utmark 350 mål. Leigd beite 10 mål. Buskap 70 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1968, kårhus 1770, loft 1974, garasje 1975, driftsbygning 1980.
    Stølar. Heimstøl Skorre og Kriklebustølen (nedlagt støl ovanfor Ruudstølen). Opphavleg langstøl var Tjødnstølen oppe i åskanten. Noverande langstøl på Vallo vart rydda 'i almenningen' kring 1660.
   

{4744} År: 1766

Ola Halvorson Kvinnegard 10.10. 1745-1834
Foreldre: Halvor Olson Kvinnegard og Kristi Nilsdtr. Sehl.
Gm Guro Nilsdtr. Kleppo Kvinnegard 1747-1826
Foreldre: Nils Person Kleppo (II) og Guri Johannesdtr. Halsteinsgard, Hovet.
*Barn
1. Gro Olsdtr. Kvinnegard Holto 1775c-1832
Gm Nils Sveinson Holto, gnr. 94/5. Gro døydde i 1832 etter å ha vore sengeliggande i 8 år.
2. Kristi Olsdtr. Kvinnegard 08.04. 1776-
3. Halvor Olson Kvinnegard 1777-1853
G 1810 m Gro Hermundsdtr. Stakegard. Sjå neste hushald.
4. Nils Olson Kvinnegard 1783-

Ola Halvorson overtok halve Kvinnegard (dvs. myljo) 3 laupsbol hjå faren i 1766 for 220 rd og kår til foreldra. Den andre halvparten i garden (3 lb.) var pantsett til Torgeir Stakegarden.
    Ola tenestgjorde ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i 1773.
    I 1800 kjøpte han åkeren Bakke-åkeren eller Loftsåkeren samt eit jordstykke hjå Ola Ivarson Kvinnegard. Dermed vart ein kronglut utgard retta opp. Pris 34 rd.
    I 1808 selde han garden til sonen Halvor.

{4745} År: 1808

Halvor Olson Kvinnegard 1777-1853
Foreldre: Ola Halvorson Kvinnegard og Guro Nilsdtr. Kleppo (Hol).
Gm Gro Hermundsdtr. Stakegard Kvinnegard 1791-1875
Foreldre: Hermund Torgeirson Stakegard og Randi Gunnarsdtr. ... .
*Barn
1. Guro Halvorsdtr. Kvinnegard Stave 12.08. 1815-1898
G 1834 m Asle Larsson Stave, gnr. 114/12.
2. Ola Halvorson Kvinnegard 28.11. 1820-1854
Gm Birgit Knutsdtr. Myking. Sjå neste hushald.
3. Hermund Halvorson Kvinnegard Ruud 07.08. 1826-1854
Ugift. Barn m/Kristi Eilevsdtr. Haugerud: Anne 1851- til Holmestrand i 1875. Sjå nordre Ruud, gnr. 95/1.

Halvor og Gro gifte seg i 1810. Halvor kjøpte Kvinnegard hjå faren i 1808. Så kjøpte han attende 1828 ein del av søre Kvinnegard, og i 1837 kjøpte han resten av søre Kvinnegard. Dermed var garden søre Kvinnegard samla slik som før 1763.
    I 1839 gjorde Halvor Olson Kvinnegard og Knut Knutson Lien eit forlik. Sjå år 1850c.
    Då Halvor selde garden til sonen Ola i 1842, held han attende godset i søre garden som kårbruk.

{4746} År: 1842

Ola Halvorson Kvinnegard 28.11. 1820-1854
Foreldre: Halvor Olson Kvinnegard og Gro Hermundsdtr. Stakegard.
Gm Birgit Knutsdtr. Myking Kvinnegard 24.10. 1825-1851
Foreldre: Knut Olson Myking og 2.g Ågot Olsdtr. Skrindo.
*Barn
1. Halvor Olson Kvinnegard 22.08. 1846-
G 1866 m Ambjørg Larsdtr. Bjella. Sjå neste hushald og bnr. 5 år 1865.
2. Knut Olson Kvinnegard Ulshagen 20.03. 1848-1932
G 1875 m Anne Olsdtr. Ulshagen. Ingen barn.
3. Gro Olsdtr. Kvinnegard Gjeldokk 01.10. 1850-1932
G 1871 m Ivar Embrikson Gjeldokk, gnr. 105/1.

Ola og Birgit gifte seg i 1846. Birgit skal ha vore ei uvanleg vakker kvinne.
    Giftarmålet for Ola og Birgit var det foreldra som ordna med. (Trass i at båe hadde sine kjærestar frå før.) På Myking fekk Birgit velja mellom Ola eller 'stav og pose'. Og Ola fekk høyre at han kunne ikkje setja Mykingfolket i skam. Så vart det giftarmål nokså fort. Allt under bryllaupet vart brudeparet usamde om ein ring som brura bar. (1591)63
    Ola var svært sjalu av seg som nygift og kunne fara fort opp. Familielivet til Ola og Birgit fekk ein brå slutt i 1851. Ein dag Ola dreiv og ordna med noko lauvkjerv på låven, kom Birgit fykande inn med grov kjaft. Ola fekk høyre m.a. at han var udugeleg i senga. (Han var vistnok skadd i barndomen.)
    Ola bad Birgit om å gå inn att, men ho gav han eit drag med ein lauvkjerv, og dermed vart det eit villt slagsmål. Det enda med at Ola knivstakk Birgit i magen. Doktor vart henta på Nes. I mellomtida kom prestefrua og stellte med Birgit, men livet hennar kunne ikkje bergast. Birgit døydde neste morgon.
    I rettssaka etterpå prøvde far hans å få Ola kjent sinnsjuk, men fekk ingen støtte for dette. Lensmannen hadde prata med Ola dagleg i 11 månader, og "kunne aldrig spore nogen galskap." I gravferda etter Birgit møtte også Ola med tre vakter. Dei måtte meinhalde Ola då han prøvde å hoppe i grava.
    Ola fekk dødsdom som seinare vart omgjort til livsvarig slaveri. Han døydde på Akershus festning mai 1854. (Kleda hans var hallingklede med blå vest.)

{4747} År: 1850c

Kristian Knutson Lien Kvinnegard 1820-
Foreldre: Knut Knutson Lien og ... ... ... , Skurdalen.
Gm Birgit Torgeirsdtr. Stakegard Kvinnegard 14.04. 1819-
Foreldre: Torgeir Hermundson Stakegard og Turid Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Borghild Kristiansdtr. Kvinnegard Borgen 1850c-
Gm Vebjørn Borgen, Skurdalen.
2. Anne Kristiansdtr. Kvinnegard Herleiksplas 25.01. 1851-
Gm Johannes Nilsson Herleiksplass, Skurdalen 1825-1911. Barn: Nils 1869-1963 skomakar på Endreplassen, g 1897 m Margit N. Hovde, g 1906 m Anne O. Hølet; Birgit 1871-1947 gm Knut N. Hovde- Herleiksplass; Kristian 1873- ; Andres 1875- ; Knut 1877-1961 "Eide" i Skurdalen, gm Birgit K. Lien; Johannes 1880- landhandlar g 1912 m Gunhild Eivindsplass; Margit 1882-1953 g 1911 m Olav G. Sæthe-Solheim; Barbro 1884-1885; Torgeir 1886-1966 ug. dreng; Gunvald 1888- gm Birgit Olsdtr. Tollerud; Barbro 1890-1977 gm Vebjørn Halland-Håvardsrud (Dagali).
3. Turid Kristiansdtr. Kvinnegard 30.12. 1852-
4. Rangdi Kristiansdtr. Kvinnegard Åsen 1852c-
Gm Syver Henrikson Åsen i Tunhovd.
5. Knut Kristianson Kvinnegard 24.10. 1854-
6. Torgeir Kristianson Kvinnegard Sveinunggard 30.03. 1857-
Gm Kristi Halvorsdtr. Borgen 1860- . Barn: Kristian 1888-1962 g 1911 m Birgit Guttormsdtr. Bryplass;
    Birgit 1890-1950 g 1919 m Steingrim Kåset; Halvor 1892-1906; Kristi 1896-1901.
    Dei budde i Sveinunggard i Skurdalen. (KS s 3438)

I 1839 gjorde Halvor Olsen Kvinnegard eit forlik med Knut Knutsen Lien frå Skurdalen om ein handel med 'Knut sin gaard Ruud, det galdt deling av godene ... .' Forliket er ikkje kjent, men det er truleg bakgrunnen for at sonen Kristian var lottebrukar på Kvinnegard ei tid.
    Etter 3. gongs lysing gifte Kristian og Birgit seg i 1851. Dei flytta mykje,- var lottebrukarar på Kvinnegarden og Ruud nokre år kring 1854. I 1857 var Kristian inderst på Halleset. Kristian og Birgit har truleg flytta ut or bygda.

{4748} År: 1852

Halvor Olson Kvinnegard 22.08. 1846-
Foreldre: Ola Halvorson Kvinnegard og Birgit Knutsdtr. Myking.
Gm Ambjørg Larsdtr. Bjella Kvinnegard 22.02. 1844-1915
Foreldre: Lars Tolleivson søre Bjella og Haldis Olsdtr. Huus eller Lå.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Halvorson Kvinnegard 28.02. 1867-1957
Barn: Lars 1890- m/Ågot Olsdtr. Mykinghaugen f. 1867.
    G 1890 m Anni Wilhelmina Johanson 1873-1910. Barn: Erik Helge 1901-1901; Arne Halvor 1904-1906; Sigvard Ole 1907-1980 g 1936 m Isa Hilda Lindeberg 1913-1936 (1 dotter), g 1938 m Ingrid Rydberg (2 barn); Harald Ragnar 1908-1986 ugift.
    G 1912 m Alma Olivia Petterson 1876-1952. Barn: Bertil Tollef 1914-1914; Haldis Olivia 1924-1995 g 1959 m Gøsta Albertson. (1198), BB 1998
    (Ågot vart seinare gift med far til Ola i Amerika. Som reiste frå kjering og ungar i 1886.)
    Ola tok underoffiserskulen og var sersjant. Han deltok på stikking av jarnbaneliner, før han vart tilsett ved Hans Holms Hattefabrikk i Oslo. Ola reiste til Sverige, og kom sidan til Latvia og Finland der han arbeidde på hattemakarfabrikk. Kom attende til Fallkøping 1899 og den nystarta hattefabrikken Forss. I 1915 starta han sin eigen hattemakar-fabrikk i Fallkøping. (1153)
2. Birgit Halvorsdtr. Kvinnegard 25.01. 1869-1869
3. Lars Halvorson Kvinnegard 24.08. 1870-1888
4. Birgit Halvorsdtr. Kvinnegard Ulshagen 27.01. 1873-1950
G 1907 m Hermann Hermannson Krosshaug Ulshagen, gnr. 109/2.
5. Hermund Halvorson Kvinnegard 15.07. 1875-1875
6. Hermund Halvorson Kvinnegard 26.11. 1876-1876
7. Hermund Halvorson Kvinnegard 22.02. 1878-1970
G 1911 m Mari Larsdtr. Strand. Sjå Kvinnegard, gnr. 96/5.
8. Haldis Halvorsdtr. Kvinnegard 01.02. 1881-1893
9. Knut Halvorson Kvinnegard 19.12. 1883-1919
Ug. Knut dreiv jordbruksarbeid i 1900. Han budde 'uppi takji', dvs. på hemsen på myljo Kvinnegard. Død som 'bondeson' i 1919. (Spanskesjuka?)
10. Tolleiv Halvorson Kvinnegard 01.09. 1886-1967
Gm Ragnhild M. Noss. Barn: Astrid 1918- gm Ingvar Foss 1913-1981.
    Bonde på Bjerke i Galleberg. (1235)

Halvor og Ambjørg gifte seg i 1866. Halvor overtok garden for 800 spd i 1852. I 1865 overtok han også søre Kvinnegard bnr. 5 hjå bestemora Gro Hermundsdtr.
    Halvor reiste frå kjering og ungar og drog til Am. i 1886. Busett Portland ND og gift/sambuar med Ågot Olsdtr. Mykinghaugen 1867-1949 (død i Canada). Barn: Lars 1890-1952 til Canada.
    Barn i USA: Ågot ....- ; Ragna ....- ; Hanna 1897- ; Birgit 1899- ; Gina 1900- ; Ole 1902- . Dei fire yngste barna var døypte i Willow City, ND. (BB 1994), (1496)
    Ambjørg Larsdatter sat med garden samla eit år.
    I 1887 selde ho bnr. 4 til broren Torstein Larsson. Så flytta Ambjørg og ungane til søre Kvinnegard bnr. 5 som ho dreiv til 1908.
   

{4749} År: 1887

Torstein Larsson Bjella Kvinnegard 21.11. 1846-1923
Foreldre: Lars Tolleivson Bjella og Haldis Olsdtr. Huus eller Lå.

Torstein var ugift gardbrukar. Han kjøpte garden hjå systera i 1887. I 1900 var han også handels-kar.
    Torstein selde garden til Ola Syverson i 1919, og gav 1000 kr som gåve til gamleheimen i 1921.