Kvinnegard, søre gnr. 96 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kvinnegard, søre gnr. 96 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Noverande søre Kvinnegard vart delt frå opphavlege søre garden i 1763. Då hadde garden vore bortpanta til Ola Olson frå Arnegard i 19 år, og var såpass påkosta at pantsetjaren, Halvor Olson Kvinnegard (bnr. 4) ikkje greidde å løyse inn att garden.
    Det opphavlege tunet var oppe på Tuftidn, omlag 100 m opp for noverande tun. (På jordet ovanfor eldhuset.)
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, naturleg eng 52 mål, utslått 8 mål. Avling 7 tunner bygg 5 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål som vert leigd bort, produktiv skog 100 mål, anna utmark 330 mål som vert lånt bort.
    Våningshus bygt 1909, påbygt 1966, loft 1764, flytta 1940, driftsbygning 1927.
    Stølar. Heimstøl på Skorre og på Tjødnstølen. Langstøl på Vallo med stølsbu frå 1931.
    Nokre stadnamn: Drivaren (ein foss i grove), Rope-røyse ('Kom til mat!'), Harasmette, Tuftidn (etter gamle-tunet), Undelåndo (nedre delen av Skorren), Fossebakken, Gunnarstølen.
   

{4755} År: 1763

Ola Olson Arnegard Kvinnegard 1728-1814
Foreldre: Ola Jørgenson Hove Arnegard og Gro Olsdtr. Ulshagen/Strand.
Gm Gro Torgeirsdtr. Stakegard Kvinnegard 1740-1814
Foreldre: Torgeir Olson Stakegard og Birgit Hermundsdtr. Berg (Hol).
*Barn
1. Ola Olson Kvinnegard 23.05. 1763-
2. Torgeir Olson Kvinnegard Ellingsgard 26.12. 1764-1814
G 1810 m Guro Sveinsdtr. Sundbrei. Sjå Ellingsgard, gnr. 78/2.
3. Guri Olsdtr. Kvinnegard Thon 27.09. 1772-1828
G 1798 m Per Olson nordre Thon, gnr. 74/2.
4. Ola Olson Kvinnegard Ellingsgard 27.09. 1772-1839
Gm Ambjørg Larsdtr. Rime. Sjå myljo Ellingsgard og Helling, gnr. 106/3.
5. Anne Olsdtr. Kvinnegard Noss Skalle 04.12. 1774-1860
Gm Ola Ivarson Ivarsgarden Noss, gnr. 119/2. G 1826 m Botolv Olson Halvorsgard Rime, gnr. .... .
    Det fortelst at Anne og Botolv budde i Rakkekjeksbakka dei siste åra, og hadde kår i Halvorsgard. Anne vart boren til Halvorsgard i ei teine på sine gamle dagar. (1802) s 467
6. Anders Olson Kvinnegard Tune Jøtebakken 19.01. 1777-1839
G 1814 m Haldis Sevatsdtr. Tune. Sjå myljo Tune, gnr. 124/8.
7. Birgit Olsdtr. Kvinnegard Helgelien 01.10. 1780-1821
Gm Helge Olson HelgeLien, gnr. 110/35.
8. Hermund Olson Kvinnegard Ellingsgard 26.12. 1783-1863
Hermund var ugift. Hermund var tambur i 1805. Soldat 1807-14. På Ellingsgard. Han hadde 9 barn!
    Barn: Ola 1815- m/Sissel Eiriksdtr. Brattegard;, Ola 1817- og Ola 1819-1891 (sjå Fivilstølen) m/ Birgit Olbjørnsdtr. Kaslegard; Birgit 1822- m/Torand Knutsdtr. Kjellargard; Gro 1827- m/ Borghild Olsdtr. Tuftedokken; Ola 1828- m/Birgit Olsdtr. Kyrkjedeld; Hermund 1829-1905 (sjå Sataøyen) m/ Birgit Olbjørnsdtr. Kaslegard; Gro 1832- (til Am.) m/Birgit Olsdtr. Kyrkjedeld; Gro 1837-1914 (sjå Bruteigen) m/Borghild Olsdtr. Tuftedokken Gudbrandsgard.
9. Ola Olson Kvinnegard Ellingsgard 1787-
Barn m/ Torand Olsdtr. Reinton: Ola 1816- . Ola voks opp i øvre Reinton og kom til Flatåker i Skurdalen. (Hol III s 137)
    Ola og Torand hadde funne kvarandre. Men foreldra hennar hadde andre planer. Dei tvang ein velstandmann på henne.
    Gullik, ein son som Torand fekk i ekteskapet med Syver Kvamen, sat og song kjærleikviser. Systera hans sa at han ikkje skulle synge slike viser. "Ser du ikkji at mor di tåla det ikkji?" (Hol III s 882)

Ola og Gro gifte seg i 1762. Dei hadde både Ellingsgard og Kvinnegarden. Budde på Ellingsgard i 1801.
    Skogdelet mellom gardar i NedreÅl (Huus m. fl.) og Kvinnegardslia var omstridd kring 1770. Det var stadig hogst over det gamle delet som vart rekna etter Grønset-vegen. Over delet kunne dei etter skikken hogge, men det var berre "på snikkeri" (til snikkar matrialar.)
    Tor Huus let ein gong kalle inn 13-14 mann på dugnad, dei skulle opp ved Kriklebustølen og hogge beit. Tor formana dei til å ha friskt mot og føre seg mandigt i fall dei skulle møte motstand av Kvinnegardsli-bøndene. Utstyra med staur, øksar og "fornødne verger" la dei i veg. To av karane skulle vera vaktfolk, og dei ropte etter passerande Kvinnegardsli-folk og truga dei om dei våga koma. Dei andre hogg beit heile dagen og så førde dei heim mange beita-lass. Saka kom for retten som åstadsak i 1771. (1368) s 82
    Ola lånte bort 360 rd til Halvor O. Kvinnegard mot 19 års brukeleg pant i halve garden i 1762. ( Søre delen held Halvor att sjølv.)
    I 1778 var garden forbetra til meir enn det dobbelte, og Halvor makta ikkje å løyse panten. Ola O. Arnegard fekk skøyte på halve Kvinnegard - 6 laupsbol for 130 rd. Ola flytta det gamle tunet og bygde nye hus på heime og på stølane. Vidare braut han mykje åker og forbetra enga.
    Ola Olson Kvinnegard makeskifta til seg Ellingsgard i 1798 mot Kvinnegard og 700 rd.

{4756} År: 1798

Ola Ivarson Dokk Ellingsgard 13.12. 1755-1839
Foreldre: Ivar Olson Ellingsgard Dokk og Torand Knutsdtr. Espegard Dokk.
Gm Kari Syversdtr. Ødelien Kvinnegard 25.03. 1768-1842
Foreldre: Syver Gunnarson Ødelien og Borghild Botolvsdtr. Espegard Ødelien.
*Barn
1. Torand Olsdtr. Kvinnegard Opheimsjorde 14.09. 1794-1876
Gm em Ola Nilsson Medhushagen Opheimsjorde eller Teigen, gnr. 22/73.
2. Ivar Olson Kvinnegard 22.10. 1797-1861
G 1830 m Sigrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjordet. Sjå neste hushald.
3. Borghild Olsdtr. Kvinnegard Slåtto 02.02. 1800-1875
G 1833 m Torgeir Sindreson Juven, sjå Slåtto, gnr. 26/4.
4. Syver Olson Kvinnegard 04.07. 1802-
Truleg død liten.
5. Sigrid Olsdtr. Kvinnegard Ruud Holto 26.12. 1804-1887
G 1839 m Eirik Olson Kolbjørnstølen Ruud Holto, sjå Undelåndo, gnr. 94/1a.
6. Guri Olsdtr. Kvinnegard 25.09. 1808-1803
7. Syver Olson Kvinnegard 28.09. 1810-1811

Ola og Kari gifte seg i 1793. Dei var på Ellingsgard den fyrste tida. I 1798 makeskifta han til seg Kvinnegarden og 700 rd mot Ellingsgard med Ola Iverson Ellingsgard.
    I 1800 selde Ola Ivarson Bakkeåkeren/Loftsåkeren og eit trekanta jordstykke til Ola Halvorson Kvinnegard for 34 rd.
    Ungane fekk ei ku og ein kalv kvar utlagt som heimegifte på skiftet etter Ola i 1839.

{4757} År: 1828

Ivar Olson Kvinnegard 22.10. 1797-1861
Foreldre: Ola Ivarson Ellingsgard Kvinnegard og Kari Syversdtr. Ødelien.
Gm Sigrid Gunnarsdtr. Kvinnegardjordet Kvinnegard 1799-1885
Foreldre: Gunnar Olson Hove-Stave KvinnegardJordet og Anne Ivarsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Ola Ivarson Kvinnegard Kolbjørnstølen 09.07. 1830-1900
G 1858 m Randi Kristiansdtr. Strand Hove. Sjå Teigen, 96/6.
2. Kari Ivarsdtr. Kvinnegard 22.03. 1834-1834
Foreldre: Ivar Olson søre Kvinnegard og Sigrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjordet.
3. Kari Ivarsdtr. Kvinnegard Hellinghaugen 28.08. 1835-1919
G 1875 m Ola Gunnarson Kvinnegardsjordet Hellinghaugen, gnr. 106/8a.
4. Gunnar Ivarson Kvinnegard Presteikrene 16.09. 1839-____
G 1873 m Guri Knutsdtr. Gjeldokk. Timremann. Sjå Presteikrene, gnr. 111/4 og Skallehaugen, gnr. 115/21.
5. Ivar Ivarson Kvinnegard 20.03. 1842-1928
G 1863 m Guri Eilevsdtr. Ruud 1835-1909. Barn: Sigrid 1863-1946 g 1889 m Amund Østenson Djupedal, Gol; Eilev 1865-1943 g 1896 m Gunvor Halvorsdtr. Haugo, Torpo; Ivar 1868-1909 (påkøyrt av toget) g ca 1886 m Birgit Halvorsdtr. Brenno (Frøysok), til Am.i 1886: Fillmore, Benson Co ND; Anne 1870-1954 g 1894 m Kristoffer Kristofferson Knivebakken, Skotselv; Kari 1873-1936 gm Knut Person Ivarslien, Gol, til Am. 1894: farma ved Orin, ND.; Margit 1877-1914 i Hole, ug.; Margit 1880-1926 g 1904 m Aksel Johansen, Asker, bonde i Asker.
    Ivar kjøpte Hanseplass i Gol i 1867. I 1893 fekk sonen Eilev auksjonsskøyte på bruket og tok over. Ivar og resten av familien flytta då til Eidsgardsbråten.

Ivar og Sigrid gifte seg i 1830. Ivar overtok garden etter faren i 1828.
    Ivar Olson selde garden til Halvor Olson Kvinnegard (bnr. 4) i 1837, men held att Teigen bnr. 6.

{4758} År: 1837


Halvor Olson Kvinnegard på bnr. 4 kjøpte Kvinnegard bnr. 5 i 1837. Då han selde bnr. 4 i 1842 held han att bnr. 5 som kårbruk.
    På skiftet i 1855 vart garden overført til enkja Gro Hermundsdtr. Ho selde garden til sonesonen Halvor Olson i 1865.

{4759} År: 1865

Ambjørg Larsdtr. Bjella Kvinnegard 22.02. 1844-1915
Foreldre: Lars Tolleivson Bjella og Haldis Olsdtr. Huus eller Lå.

Halvor Olson Kvinnegard (Sjå bnr. 4) kjøpte Kvinnegard bnr. 5 i 1865 for 500 spd. Dermed var heile garden samla.
    Halvor og Ambjørg gifte seg i 1866. Av 10 barn døydde 6 småe. Halvor reiste frå Ambjørg og ungane og drog til Am. i 1886. (Busett Portland ND og gift med Ågot Olsdtr. Mykinghaugen 1867-1949 (død i Canada)). Sjå bnr. 4 år 1852.
    Ambjørg selde frå bnr. 4 i 1887 og sat med bnr. 5 til 1908 då sonen Hermund overtok.