Kvinnegardhagen gnr. 96 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kvinnegardhagen gnr. 96 bnr. 5a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Kvinnegardhagen eller Hagen låg i ei kvelv ovanfor Teigen. (bnr. 6).
    Ei dotter frå Kvinnegard og mannen budde her kring 1758. Det er ikkje kjent busetnad i Hagen etter 1776.

{4762} År: 1758

Kari Halvorsdtr. Kvinnegard SkarsgardHagen 1740-1824
Foreldre: Halvor Olson Kvinnegard og Kristi Nilsdtr. Sehl.
Gm Asle Lassesson Skarsgard Kvinnegard 1732c-
Foreldre: Lasse Brynjulvson .... Skarsgard og Kari Sveinsdtr. Holto.
*Barn
1. Kari Aslesdtr. Kvinnegard 09.04. 1758-
2. Knut Asleson Kvinnegard 25.11. 1759-1818
G 1795 m Karen Johansdtr. Cold. Barn: Axel 1796-1885 fut i Bamble; Karen 1800- ; Knut døypt i Kr.ania 1803 med fadderar frå Ål; Eline 1807-1895 ugift; "Elina Quensgaard" budde i Akersgt. 70 i 1875. (1426)
    Knut var underoffiser ved garnisonen i København. Under slottsbrannen i 1795 gjorde Knut seg såpass bemerka at han fekk 'kongens nåde'. (Hadde det noko med faren sitt brotsverk å gjera?)
    Brannsløkkinga til Knut førte til eit oppslag i Berlingske Tidende. Knut søkte då på stilling som overtoll-betjent i Kr.ania. Arbeidgjevaren undrast kva som kunne få ein underoffiser til å søke dette embetet og Knut svara med å syne avis-artikkelen. Embetet fekk han i 1795.
    Knut og Karen var leigebuarar i Rådhusgata 214 i 1801 og hadde ei tenestjente. Knut var "Visitør ved told-boden". 1426)
    SonenFuten Axel Qvinsgard fortalde etter far sin til byråsjef Lasson i 1872. Vidare er det opplyst at i dansk riksarkiv finnst eit skriv frå dåverande oberst (Engebret?) Hesselberg til bombarder Qvinsgard som er så "rørende og vanskelig kan forklares, hvis det ikke har været en så intim forbindelse mellom dem." Hesselberg deltok i 20-årskrigen på fransk side frå 1759-1761. (Jfr. Brev frå Olaus Fleitscher til lærar E. O. Bekkestad i 1923.) (1020)
3. Jørand Aslesdtr. Kvinnegard 26.06. 1761-
4. Nils Asleson Skarsgard Bjerkeset 29.09. 1764-
G 1791 m Margaret Aanesdtr. ... Bamble 1770-1833. (Dotter til Aane Tallackson.)
    Barn: Jørgen 1792-1866 til plassen Strømme ved Nystein, g 1818 m Ingeborg Knutsdtr. ... ; Asle 1794- til plassen Eikelund i Bamble, sidan til Steinerød under Sødthol, g 1821 m Marthe Sveinsdtr. ... .; Aane (Arne) 1797-1851 til Vissestadhagen i Bamble, g 1821 m Berte Nilsdtr. ... ; Karen 1800- g 1831 m Arnold Andersen; Knut 1804-1804; Ole 1808- til Svartkjenkåsene, g 1833 m Ingeborg Nilsen; Knut 1812- .
    Ein Nils Asleson døydde 73 år gamal på Bjerkeseth i Bamble 12 februar 1837. Han hadde vore plassbrukar på Mellemplassen, sidan gardbrukar på Bjerkeset. (Oppl. og arkivgranskingar v/ Jørn Olsen.)

Asle og Kari gifte seg i 1758 og budde i plassen KvinnegardHagen dei fyrste åra. Frå 1762 budde dei i Skarsgardhagen. (Bror hans hadde søre Skarsgard.)
    Asle var lærar i mange år og skreiv dokument for folk mot betaling. Omlag 1764 kom Asle på galne vegar saman med broren Lars og nokre andre. Den store falskmyntarsaka tok til å rulle i 1766.
    Også Kari måtte til avhøyr. Aktor spurte om Kari var "klok eller enfoldig." Kari uttrykte seg litt vaklande, og sa sumt som mannen hennar nok ville ha tagd med. Ho sa at alle tre falskmyntarane var like gode. Men kona til Guttorm derimot la skulda på Asle.
    Så vart Asle dømt til straffarbeid på livstid i nærmaste festning "for dumdristige, formastelige og høyst Straffverdige forhold". Dertil skulle hovedlotten i buet tilfalle Kongen. Asle vart sendt til Akershus festning i 1768.
    Ålmugen vitna på vintertinget 1769: 'Hustruene er i så fattige omstendigheder at de går om i bygden og betler sit brød.' Truleg døydde Asle i fengselet. (Sjå Skarsgardhagen gnr. 92/2 år 1762, Skarsgard gnr. 92/1 år 1730 og nordre Arnegard gnr. 91/8 år 1723.)
    Anne vart attgift 1776 med Ola Olson Sire på Lauvslettplassen (gnr. 3/1a) og fekk to barn til. I 1802 overførte ho Lauvslettplassen til sonen Ola mot kår grunna alderdom og svakheit. Barna i fyrste ekteskap hadde ikkje på "ringeste måde" hjelpt til med opprydding av Lauvdokk-plassen eller hennar alderdom. (1259) s 663b