Teigen gnr. 96 bnr. 6
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Teigen gnr. 96 bnr. 6-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Teigen vart frådelt søre Kvinnegard bnr. 5 i 1837 som 89/137 delar av garden.
    Areal 1865: dyrka jord 5 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 8 mål. Avling 3 1/2 tunne bygg og 2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, anna areal 20 mål, anna utmark 280 mål. Buskap: 60 pelsdyr, 16 årspurker, 200 slaktegrisar pr. år.
    Våningshus bygt 1958, driftsbygning 1963, pelsdyrhall 1988, grisehus 1970, garasje 1984, hytte i Djupedal 1977, gamalt stolphus (ny-restaurert).
    Randedokken i Nasalia har vore underbruk til Teigen sidan 1947.
{4763} År: 1837
Ivar Olson Kvinnegard 22.10. 1797-1861
Foreldre: Ola Ivarson Ellingsgard Kvinnegard og Kari Syversdtr. Ødelien.
G 1830 m Sigrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjordet.
Ivar Olson Kvinnegard held attende eigedomen Teigen som kårbruk då han selde Kvinnegard bnr. 5 i 1837. Sjå meir om familien der.
    Enkja Sigrid selde bruket for 200 spd og kår til sonen Ola Ivarson i 1865.
{4764} År: 1865
Ola Ivarson Kvinnegard Kolbjørnstølen 09.07. 1830-1900
Foreldre: Ivar Olson søre Kvinnegard og Sigrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjordet.
Gm Randi Kristiansdtr. Strand Kvinnegard 21.12. 1822-1906
Foreldre: Kristian Anderson ...., Lærdal Strand-eie (i 1847) og Borghild Knutsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Sigrid Olsdtr. Kvinnegard Stakegard 26.05. 1862-1922
Gm em Per Person Rimeslåtta Stakegard, gnr. 97/1.
2. Borghild Olsdtr. Kvinnegard 07.12. 1867-1868
Ola og Randi gifte seg i 1858. Ola døydde i 1900. Same året var Randi 'Pladsbrugerske med Jord' på Kolbjørnstølen saman med dottera Sigrid.