Kolbjørnstølen gnr. 98 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kolbjørnstølen gnr. 98 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I 1588 vart Kolbjørnstølen nemnt med slottelending-skatt, dvs. garden vart skattlagt som underbruk. Kolbjørnstølen vart brukt under Rime, men i 1616 var Syver Bjørnson Gulsvik eigar.
    Kolbjørnstølen vert rekna for å vera ein gard frå høgmellomalderen. (K. O. Solhjell (1987)). Kolbjørnstølen har 6 laupsbol i landskyld og vart skattlagt som øygard.
    Støls-namnet skriv seg truleg frå øydetida, då gardar i hovuddalen støla på nedlagte gardar i sidebygdene, og det namnet har vorte hengande ved garden. Kolbjørn var truleg han som rydda garden ein gong. Kolbjørnstølen grensar mot Rimeslåtta i sør, og mot Stakegarden i vest.
    I 1641 var det tre skattytarar på garden: Ola nordre Rime som brukte søre Kvinnegard skatta som sjølveigar "Aff en udlaugt Theigh Under Same grd, heeder Colbiørnstøll". Vidare var det Ola på søre Rime som betalte slottelending av 1 kalvskinn årleg og 1 gråskinn i frelse. 'Syver (Olson?) Kolbjørnstøl skatta også 1 kalvskinn årleg og 1 gråskinn i frelse av 'Grylinge' (Grønmyr) på Hadeland. Sjå år 1616.
    Ut frå krøterskatten i 1657 og gardsynet i 1806 kan ein slå fast at Kolbjørnstølen var ein god gard, godt over middels. Men garden vart noko etter i utviklinga frå 1857 til 1937 sidan eigaren budde på ein annan gard.
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 120 mål. Avling 12 1/2 tunne bygg, 10 1/2 tunne potet.
    Av det gamle tunet står berre fjøset att. Det viser etter stugutuft m.m. Den gamle stugu brann i 1940-åra. Ei nye stugu av høvla plank vart sett opp. Den vart flytta som stølsbu til Vallehalle.
    Stolphuset frå Kolbjørnstølen står ved Kullmann-hytta på Vallo. Stolphuset kom opphavleg frå ein Noss-gard. Timra-låven vart rivi og selt som véd i 1956.
    Frådelte bruk og plassar: øvre Kolbjørnstølen bnr. 3 vart frådelt 1898, men vart liggande til bnr. 1; småbruket Lie eller nedre Kolbjørnstølen bnr. 4.
    Stølar. Ingen heimstøl er kjent, men det er mykje steingjerder ovanfor innmarka. Langstøl var Jonstølen ved Gyrinosvatnet. Halve Jonstølen vart panta bort i 1827, og så vart heile stølen selt i 1854.
    Stadnamn. I 1617 gjekk retten opp delene for Stave, Dengerud og Gjeldokk. Grensa gjekk frå Harehoven (Harahaugen) opp til 'Hovdestølen nest Kolbjørnstølsberget'.
    Kolbjørnstølen har vore underbruk til Rimeslåtta frå 1937. Gardane er føyd saman under Rimeslåtta gnr. 115/30.

{4815} År: 1781

Knut Embrikson Espegard Kolbjørnstølen 28.08. 1757-1840
Foreldre: Embrik Botolvson Espegard Kolbjørnstølen og Birgit Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Guri Larsdtr. Leksvol Kolbjørnstølen 30.01. 1746-1783
Foreldre: Lars Knutson Noss (ungkar) og Anne Halvorsdtr. Leksvol.
Gm Anne Embriksdtr. Ulshagen Kolbjørnstølen 07.03. 1751-
Foreldre: Embrik Olson Ulshagen og Rønnaug Sandersdtr. Larsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Anne Knutsdtr. Kolbjørnstølen Dengerud 1781-1811
G 1808 m enkjemann Levor Tolleivson Dengerud.
2. Guri Knutsdtr. Kolbjørnstølen 1783-1808
G 1806 m Ola Eirikson Nerolslåtta Kolbjørnstølen. Sjå neste hushald.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Knutsdtr. Kolbjørnstølen Roaldset 1785-
G 1812 m Ola Olson Gjeldokk Roaldset 1783. Sjå år 1812. Til Romsdal i mars 1825.
2. Embrik Knutson Kolbjørnstølen 1788-
G 1809 med Helge Tolleivsdtr Dengerud. Sjå år 1808.
3. Rønnaug Knutsdtr. Kolbjørnstølen 1792-1801f

Knut og Guri gifte seg i 1780. Dei fekk to barn før Guri døydde i barnseng. På skiftet i 1784 var ungane 2 1/2 år og 20 veker. Buet var 16 rd.
    Knut fekk skøyte på halve Kolbjørnstølen i 1781 samt odelsrett og kjøpsrett på den andre parten som enkja Liv Knutsdtr. brukte. (Faren hadde 3 laupsbol i Kolbjørnstølen.) Dessutan kjøpte Knut ein rett i Lyserbotn saman med faren for 48 rd, men bu måtte han setja opp sjølv. Retten var avgrensa til dei dyr som kunne fødast på Kolbjørnstølen.
    Knut vart attgift med Anne i 1785 og fekk to barn med henne.
    Johan Qvam kjøpte halve Kolbjørnstølen (den søre delen) hjå Knut for 250 rd i 1789. Truleg har denne handelen vorte omgjort. Knut lånte 328 rd i 1790 og løyste ut syskenpartar for 150 rd i 1792.
    I 1801 hadde mor til Guri, Anne Halvorsdatter kår på Kolbjørnstølen. Dessutan budde den gamle ungkaren Per Eilevson Bjella på garden som 'losjerende almisselem'.
    Knut reiste til ungane i Romsdal på sine gamle dagar.

{4816} År: 1805c

Guri Knutsdtr. Kolbjørnstølen 1783-1808
Foreldre: Knut Embrikson Kolbjørnstølen og 1.g Guri Larsdtr. Noss.
Gm Ola Eirikson Ruud Kolbjørnstølen 1782-1862
Foreldre: Eirik Olson Ruud og Ingeborg Håkonsdtr. Svarteberg.
*Barn
1. Eirik Olson Kolbjørnstølen Ruud 29.09. 1808-1871
Gm Anne Eiriksdtr. Trintrud. G 1839 m Sigrid Olsdtr. Kvinnegard. Sjå Undelåndo, gnr. 94/1a og Ruud, gnr. 95/8.

Ola og Guri gifte seg i 1806. Ola var soldat og skreiv seg 'Sundre'. Dei har nok overteke garden etter foreldra hennar på denne tida. Guri døydde truleg i barnseng.
    Ola held gardsyn i 1806. Kolbjørnstølen kunne då fø 1 hest, 14-16 storfe og 20 småfe. Dei sådde 3 tunner og hausta 20-30 tunner bygg. Jordvegen vart taksert til 800 rd og husa til 200 rd.
    Kolbjørnstølen vart selt til odelsinnehavar Embrik Knutson for 700 rd like før Guri døydde i 1808. Og Ola Eirikson vart attgift med Turid Olsdtr. Helgelien. Sjå Ruud, gnr. 95/8.

{4817} År: 1808

Embrik Knutson Kolbjørnstølen 1788-
Foreldre: Knut Embrikson Kolbjørnstølen og 2.g Anne Embriksdtr. Ulshagen.
Gm Helge Tolleivsdtr. Dengerud Kolbjørnstølen 03.09. 1780-
Foreldre: Tolleiv Sevatson Dengerud og Birgit Larsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Anne Embriksdtr. Kolbjørnstølen 16.07. 1809-
Anne reiste til Romsdalen i 1810 saman med foreldra.

Embrik og Helga gifte seg 1809. Same året fekk Embrik dottera Lukris med ei Birgit Sevatsdtr.
    Helga fekk bot for legemål med Torgeir Johanneson Håheim. Helge gifte seg då Torgeir var utkommandert soldat i Kr.ania.
    Embrik og Helga flytta til Romsdal i 1810. Garden vart overført til Ola Olson Gjeldokk som kom til Roaldset i Romsdal. Sjå neste hushald.

{4818} År: 1812c

Birgit Knutsdtr. Kolbjørnstølen Roaldset 1785-
Foreldre: Knut Embrikson Kolbjørnstølen og 2.g Anne Embriksdtr. Ulshagen.
Gm Ola Olson Gjeldokk Kolbjørnstølen Roaldset 26.12. 1783-1857
Foreldre: Ola Larsson Gjeldokk og Margit Olsdtr. Trintrud.
*Barn
1. Knut Olson Kolbjørnstølen Sandblåst 17.08. 1813-
G 1834 m Mette Syversdtr. Eidem, g 1836 m Erika Størkersdtr. Sandblåst (2 barn). Barn: Birgit 1836- gm Ola Olson frå Eide (minst 1 barn).
    Knut kom til Romsdal i mars 1825. Dei hadde garden Sandblåst og dreiv jordbruk og fiskeri. Knut var enkjemann og kårmann på Sandblåst i Bud i Romsdal i 1900.
2. Ola Olson Kolbjørnstølen 20.03. 1817-
Gm Synneva Pedersdtr. Berget frå Bud. Til Romsdal i mars 1825.
3. Margit Olsdtr. Kolbjørnstølen 02.09. 1818-
Til Romsdal i mars 1825.
4. Lars Olson Kolbjørnstølen 26.02. 1822-
G 1847 m Ingeborg Hansdtr. Bollia. Til Romsdal. Lars var skrivefør.
5. Anne Olsdtr. Kolbjørnstølen Farstad 26.02. 1822-
Gm Johan Fredrikson Farstad. Til Romsdal i mars 1825.

Barn i Romsdal: Embrik 1826-1883, snikkar og murar med mange verv, gm Andrina Andersdtr. Fagervik (.. barn).
    Ola deltok i krigen 1807-1814 saman med to brør. På heimveg frå krigen gjekk han forbi ein gard på flatbygdene. Då ein hund gav seg til å gøy på han, kasta Ola sabelen tvers gjennom hunden.
    Ola og Birgit gifte seg i 1812. Dei har nok overteke Kolbjørnstølen på denne tida.
    Ola fekk sonen Ola i 1806 med Guri Andersdtr. Leksvol.
    Ola og Birgit reiste med 5 barn og 2 kårfolk til Romsdal i mars 1825. Dei slo seg ned på garden Roaldset i Bolsøy prestegjeld. Kjøpte sidan garden Stemen i Våge. Busett Vassenden, Husstad i Bud prestegjeld i Romsdal i 1837. Dei har stor etterslekt i Romsdal. (955, oppl. frå Reidar Lillevang.)
    I 1827 selde 'Ola Olsen Roaldset' Kolbjørnstølen til Eivind Tunehagen.

{4819} År: 1827

Eivind Sveinson Tunehagen Kolbjørnstølen 28.09. 1794-1883
Foreldre: Svein Eilevson Strand søre Tunehagen og Birgit Eivindsdtr. Holto.
Gm Birgit Olsdtr. Gjivsjord Kolbjørnstølen 1802-1825
Foreldre: Ola Johanneson Gurigard (Leveld) Gjivsjord og Astrid Olsdtr. Bry-Raggsteindalen, Hol.
Gm Turid Levorsdtr. Lå Sundbrei 14.05. 1801-1874
Foreldre: Levor Olson søre Lå og 2.g Birgit Larsdtr. myljo Rime.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Margit Eivindsdtr. Kolbjørnstølen Sundbrei 02.12. 1822-1906
G 1843 m Eivind Eirikson Medhus Sundbrei. Sjå år 1854 og Sundbrei, gnr. 125/1.
2. Birgit Eivindsdtr. Kolbjørnstølen Nestegard 23.05. 1825-1847
G 1846 m Ola Pålson Nedremyr Nestegard. Ingen barn. Ho døydde i barnseng.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Eivindsdtr. Kolbjørnstølen Hollebakken 30.10. 1829-1916
G 1859 m Ola Olson Leksvolplass Hollebakken, gnr. 125/10.
2. Birgit Eivindsdtr. Kolbjørnstølen Bekkene 04.12. 1831-1881
G 1861 m Asle Olson Sundbreihaugen til Bekkjo/Bekkene i Skurdalen. Barn: Margit 1861-1938 gm Vebjørn Nedrestøl; Ola 1864-1944 ug.; Eivind 1867-1955 til Bjørkheim (Dagali) gm Birgit E. Sand; Haldis 1870-1939 gm Knut O. Hullet; Turi 1872-1947 ug.; Ola 1874-1940 gm Ågot P. Sand, gm Margit Bryplass; Birgit 1876-1954 gm Olav S. Arnegard. (1248)
    Asle og Birgit var på Bekkjo i Skurdalen frå 1862.
3. Anne Eivindsdtr. Kolbjørnstølen Sundbreijordet 19.07. 1834-1918
G 1862 m Ola Larsson Sandåker Sundbreijordet, gnr. 125/9.
4. Svein Eivindson Kolbjørnstølen Sundbrei 09.06. 1837-1908
G 1862 m Haldis Larsdtr. Sandåker. Svein kjøpte Solheim i Hol i 1868. Der vart det tvangsauksjon i 1883, men Svein fekk leige garden hjå kjøparane. Svein var også på Kolbjørnstølen ei tid, truleg etter 1857. 'Goffa var på Kolbjørnstølen, han hadde 20 fe,' fortalde Haldis Ruud 1/7.2004. Sjå Sundbrei, gnr. 125/7.
5. Levor Eivindson Kolbjørnstølen 02.08. 1841-
Barn: Kari 1870- m Kari Tolleivsdtr. Sandåker. Levor reiste til Amerika 1870: La Crosse, Wisc.
    I 1888 vart dottera Kari konfirmert i Zion Lutheran Church i Grand Forks.

Eivind og Birgit gifte seg i 1823. Men det var ikkje utan dramatikk. Mor hennar ville ikkje ha Eivind til svigerson. Det vart fortalt at ho gav han klar beskjed, og slo han i munnen med loftslykelen då ho fann han i loftet hjå dottera.
    "Du har kysst døtte mi på detta nye viset, du!"
    Men Eivind og Birgit visste kva dei ville. Eivind fekk med seg fleire av dei beste karane i bygda og kom og henta ho Birgit på Gjivsjord med makt.
    Åse Villand på Rime var visst både stridlynt og hemngirug. Som gifte til sonen sin hadde ho sett seg ut tremenningen, ho Birgit Olsdtr. Gjivsjord. Men Birgit hadde hugen sin hjå ein annan gut, og Åse rasa over dette og svor at ho skulle få angre.
    Birgit døydde i barnseng i 1825. Men ryktene vil ha det til at Åse var innom på Kolbjørnstølen den siste natta og gav henne noko rar drikke. (1293)
    Eivind fekk skøyte på Kolbjørnstølen i 1827. Halve Jonstølen vart sett i brukeleg pant til Ellingsgard på denne tida.
    Eivind vart attgift 1830 med Turid. Eivind makeskifte Kolbjørnstølen med Asle Håkonson Arnegard Storlien og kom til Sundbrei i 1847. Eivind Sundbrei var kjent som ein dugande kvedar.

{4820} År: 1847

Asle Håkonson Arnegard Storlien 03.04. 1803-1886
Foreldre: Håkon Asleson Storlien og Guri Håkonsdtr. Arnegard. G 1833 m Jørand Aslesdtr. søre Mørk frå Hol.

Asle Håkonson Arnegard Storlien (sjå gnr. 3/1) kjøpte Sundbrei i 1847. Same året makeskifte han Sundbrei mot Kolbjørnstølen. I 1854 selde dei Kolbjørnstølen og flytta så til Skalle.

{4821} År: 1854


Margit Eivindsdtr. Kolbjørnstølen og mannen Eivind Eirikson Medhus overtok Kolbjørnstølen i 1854. Dei makeskifte Kolbjørnstølen mot Sundbrei i 1857. Sjå meir om familien på Sundbrei, gnr. 125/1.

{4822} År: 1857


Eirik Hallgrimson Noss overtok Kolbjørnstølen ved makeskifte med Eivind Eirikson Medhus i 1857.
    Eirik brukte nok Kolbjørnstølen under garden Noss i 1865. I 1875 var Tomas Ivarson og kona brukerar. I 1891 var det ingen som budde på Kolbjørnstølen, i 1900 var garden bortbygsla til ei enkje.

{4823} År: 1874c

Tomas Ivarson Noss Ivarsgarden 05.10. 1820-1883
Foreldre: Ivar Olson Ivarsgarden Noss og Ingeborg Tomasdtr. Sire.
Gm Guri Olsdtr. Halleset Noss 15.01. 1819-1890
Foreldre: Ola Ivarson Holto Halleset og Birgit Hermundsdtr. Stakegard.

Tomas og Guri gifte seg i 1866. I 1871 budde dei på Ødegarden i Gol. Tomas og Guri var brukerar på Kolbjørnstølen i 1875.
    Tomas døydde som inderst på Halleset i 1883. Ingen barn. Syskena arva.

{4824} År: 1895


Eirik Eirikson Noss (Sjå Knutsgarden, gnr. 120/1) overtok Kolbjørnstølen etter faren i 1895. I 1895 selde han frå 2/3 partar kalla øvre Kolbjørnstølen i 1895. Den eigedomen vart frådelt fyrst i 1911, men har fylgt bnr. 1 sidan.

{4825} År: 1900


I 1900 var Rangdi Kristiansdtr. (f. Strand 1822-1906, enkje etter Ola Ivarson Kvinnegard) 'plassbrukerske' på Kolbjørnstølen, og budde saman med dottera Sigrid. Sjå meir om familien på Teigen under Kvinnegard gnr. 96/6.