Lie gnr. 98 bnr. 4
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Lie gnr. 98 bnr. 4-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Småbruket Lie vart frådelt Kolbjørnstølen i 1911. Tidlegare var her ein husmannsplass kalla 'nedre Kolbjørnstølen' eller 'Kolbjørnstølseie'. Kring 1880 budde Syver Nilsson Jøtebakken her.
    Husa er ei hallingstugu, skåle, låve og eit stolphus som vart flytta frå Sundreøens Kålhave då idrettsanlegget overtok den eigedomen.
    Eigedomen er delt slik at ein eig tunet, og ein annen resten av eigedomen. Jorda og stugu er bortleigd.
{4829} År: 1882c
Syver Nilsson Jøtebakko Moen 02.10. 1854-1907
Foreldre: Nils Syverson Kitilbråten Jøtebakko og Borghild Andersdtr. Jøtebakko.
Syver Nilsson Jøtebakko vart kalla Jeger-Sjugurd etter kvart. Syver og kona Marte budde på 'Kolbjørnstølseie' i 1883 då dottera Borghild vart født. Dei flytta til Hallebråt før 1891, og til Jeger-moen før 1900. Sjå meir om familien på Jegermoen, gnr. 36/7.