Dengerud udelt gnr. 99 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dengerud udelt gnr. 99 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Dengerud er den vestre garden i ØvreÅl. Den grensar mot Gjeldokk i aust, mot sør til Skalle og mot nord til Lå.
    Dengerud vert rekna for å vera rydda i høgmellomalderen. (Solhjell 1987). Garden er fyrst nemnt i jordeboka frå 1577. Dengerud vart skattlagt som halvgard frå gamalt, og hadde 13 laupsbol i landskyld.
    Av dette låg 1/2 hud eller 6 laupsbol (halve garden) til Mariakyrkja i Oslo. Dit kan det ha kome som ei gåve eller ei bot ein gong i mellomalderen. Etter reformasjonen vart det statthaldaren som sat med det som framleis vart kalla 'kanoni godset'. Bonden måtte betala årleg leige på 2 kalvskinn.
    Etterkvart selte kongen kanoni-godset til penge-folk, borgarmeister i Tønsberg Nils Lauritzen Toller var ein, etter 1670 overtok Jakop Didriksen, så kom assessor Roll, men han vart frådømt godset etter eit legemåls-sak. Deretter overtok Maria Rebecca Lemhart godset i Dengerud. I 1703 kjøpte bonden kanoni-godset hjå sonen hennar, oberst Johan von Lemhart.
    I 1641 skatta Ola søre Rime 1 gråskinn som slottelending (underbruk) av noko som vart kalla 'Øde Dengerud'. Truleg galdt det Vesle Dengerud.
    Namnet Dengerud kan koma av 'drengr', dvs. ein tjukk stokk, 'Drengjarud'. Sidan har 'r' falle bort. eller det kan koma av å 'dengja', dvs. slå leir eller lin etc.
    I 1775 vart garden delt i noverande nordre og søre Dengerud.
    Stølar. Heimstøl på Stavestølen. Osestølen vart nemnt i 1706. Båe stølane vart delte ved garddelinga i 1775.
   

{4841} År: 1762

Levor Sevatson Dengerud 1732-1763
Foreldre: Sevat Levorson Dengerud og Anne Olsdtr. nedre Sata.
Gm Kristi Embriksdtr. Kolbjørnstølen Dengerud 1735-
Foreldre: Embrik Ivarson Gjeldokk Kolbjørnstølen og Liv Knutsdtr. Espegard.

Levor kravde takst på garden og skifte etter mora i 1755. Takst vart 500 rd.
    I 1761 var Levor stevna av Ola Torson Rime for hogst av eit beitalass. Det synte spor i snøen.
    Levor hadde overteke garden for 305 rd i 1762. Kjøpet vart fullført 1763. Levor Dengerud lånte 400 rd hjå svigerfaren i 1763.
    Levor og Kristi hadde ingen barn. I 1762 budde det sju tenestfolk på garden.
    Levor døydde alt i 1763. Kristi overtok heile buet, men faren arva 30 rd etter Levor.
    Kristi selde Dengerud (13 laupsbol) til Tolleiv Sevatson i 1772, og vart attgift med Lars Larsson nordre Nestegard i Holet. Barn: Embrik Larsson 1773-1833s g 1813 m Gunhild Herbrandsdtr. Krullehaugen (3 barn). (Hol III s 710)

{4842} År: 1772

Tolleiv Sevatson Dengerud 1736-1785s
Foreldre: Sevat Levorson Dengerud og Anne Olsdtr. nedre Sata.
Gm Birgit Larsdtr. Gjeldokk Dengerud 1740-1815f
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og Helga Mikkelsdtr. søre Hove.
*Barn
1. Anne Tolleivsdtr. Dengerud Myking 06.01. 1769-1845
G 1813 m Holge Olson Gjeldokk Mykinghaugen, gnr. 93/2.
2. Levor Tolleivson Dengerud 17.02. 1771-1838s
G 1798 m Astrid Olsdtr. Skrattegard. Sjå bnr. 3.
3. Sevat Tolleivson Dengerud 29.04. 1774-
4. Lars Tolleivson Dengerud Springgard 30.10. 1776-1838
Barn m Margit Hermundsdtr. Uthus - Noss: Tolleiv 1800-.
    G 1804 m Kari Eiriksdtr. Springgard, gnr. 58/5.
5. Helga Tolleivsdtr. Dengerud 07.02. 1779-
Truleg død i 1790-åra.
6. Helga Tolleivsdtr. Dengerud Kolbjørnstølen 03.09. 1780-
Gm Embrik Knutson Kolbjørnstølen, gnr. 98/1.
7. Helge Tolleivson Dengerud 1780-
'Huusbondens brødre' i 1801.
8. Sevat Tolleivson Dengerud 22.02. 1784-
'Huusbondens brødre' i 1801. Konfirmert 1805. Sevat gjekk arbeidsledig og vart difor idømt tukthusarbeid i 1809 . (Hallingdølen 18.02.95)

Tolleiv overtok garden etter brorkona i 1772.
    Daniel O. Lå og broren Ola kjøpte 1775 halve Dengerud for 529 rd hjå Tolleiv.
    I 1775 var det halde gardsyn etter krav frå Tolleiv og Ola Sevatson Dengerud. Husa var: stugu 12 rd; bu med loft over 20 rd; fehus 11 rd; 1/2 låve; 1/2 saustall; stall - dårleg; eldhus; 1/2 smie og badstugu. På Dengerudstølen: ei firelafta bu og to luer. I Dengerud-gjerda : ei lu. Åkervidde: 14 1/2 mål, men der låg 3 steinrøysar midt i åkeren. (1203) s 264 b
    Det var skifte etter Tolleiv i 1785. Buet var då 93 rd netto til deling til enkje og 5 barn. Gjelda var stor så garden skulle eigentleg på auksjon i fylgje kongeleg preskript av 1783. Slik gjekk det ikkje, lagverga Mikkel Sundre innestod for alle kreditorane.