Dengerud, nordre gnr. 99 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dengerud, nordre gnr. 99 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Dengerud vart nordre delen av Dengerud ved delinga i 1775. Sjå Dengerud udelt.
    Landskyld 6 1/2 laupsbol.
    Ingen husmannplass er kjent. Men det vart fortalt at Klemme-Lars budde i Gjerdune sist på 1700-talet. Dette må vera Lars Asleson Holterudningen (1793-1857), sjå meir om han i Guroplassen.
    Areal 1865: dyrka jord 17 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 97 mål. Avling 13 1/2 tunne bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, anna areal 30 mål, produktiv skog 200 mål, anna utmark 150 mål. Buskap 10 mjølkekyr, 7 ungdyr, 18 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1957, kårhus 1777, ombygt 1910-42 og 2000, loft omkr. 1850, gamalt eldhus og badstugu omkr. 1700, låve omkr. 1800, fjøs 1936, båe restaurerte 1970, reidskapshus 1975, reidskapshus 1990. Gamlestugu står som hytte på Osestølen. Eldhus og badstugu vart flytta då vegen til Kvinnegardslia vart omlagt kring 1962.
    Stølar. Heimstøl på Stavestølen. Langstøl på Osestølen ved Rødungen.

{4843} År: 1775

Ola Olson Lå Dengerud 16.06. 1754-1805
Foreldre: Ola Olson søre Lå og Guri Levorsdtr. Dengerud.
Gm Randi Olsdtr. Ruud Dengerud 16.02. 1744-1814
Foreldre: Ola Olson Brattåker Ruud og Anne Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Ola Olson Dengerud 04.09. 1785-1857
G 1811 m Kristi Assorsdtr. Larsgard, Hol. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Dengerud 02.03. 1788-
Død liten.

Ola og Randi gifte seg i 1782. Saman med broren Daniel kjøpte Ola halve Dengerud for 529 rd i 1775. Daniel selde sin part i 1784 for 314 rd og kom til Gurigard.
    I 1773 var Ola i tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani. Han budde hjå foreldra på Lå.
   

{4844} År: 1808

Ola Olson Dengerud 04.09. 1785-1857
Foreldre: Ola Olson Lå Dengerud og Randi Olsdtr. Ruud.
Gm Kristi Assordtr. Larsgard Dengerud 1792-1880
Foreldre: Assor Halsteinson Garatun Tufto og Guri Sveinsdtr. Raunsgard Larsgard. (Hol IV s 414)
*Barn
1. Anne Olsdtr. Dengerud Lein 08.02. 1812-1893
Barn m Lars Knutson Gudbrandsgard ungk: Birgit 1835- gm Tolleiv Tolleivson Raggsteindalen.
    G 1845 m Halvor Olson Garli Olaslein (Hol). Barn: Ola 1845-1919 spelemann og netvindar, "Leinen" til Øvrevolls-eie, gm Birgit Jensdtr. Gudbrandsgard; Ola 1852- til Am.; Hallstein ....- død som liten.
    Anne møtte Halvor på fiske nordafjells. Anne gana fisk. Dei vart i fylgje over fjellet, og Halvor bar Anne over elvane. Såleis vart dei godt kjende, og så vart det giftarmål. Dei budde på fjellgarden Olas-Lein inne ved Strandavatnet i Hol.
    Anne var så flink til å kveda og tralle slåttar. Ho song vent til ho vart utende gamal. Spelemenn kom og lærte gamle låttar av henne.
    På Lein hadde dei fjøset under stugu. Ein som overnatta i Lein høyrde Anne då ho stellte dyra: 'Ho song eit bel, so kvo ho, og så lulla ho og let eit bel.' (Sonedottera vart mor til den kjende spelemannen Kristian Øvrevolls-eie.) (Hol V s 663)
2. Guri Olsdtr. Dengerud Torson 08.01. 1815-1892
Gm Hans Thorsen i Amerika. Barn: Assor ; Henry ; Thor ; Annie ; Christine. (1647)194
    Guri budde i Haugestugu i Sudndalen. Barn m/Per Herleikson ø. Hognerud: Rangdi 1839- ;
    Barn m/ Nils Olson søre Viken: Ingebjørg 1845- gm Halvor Knutson Hansehaugen-Gauteplass; Nils 1845-1929 reiste til Aurland, gm Guri Knutsdtr. Rishovd (2 barn?).
    Barn m/Knut Knutson nedre Skøro: Guri 1849-1907 gm Knut Sjurson Nesbø, Aurland (11 barn).
    Til Am. i 1852. Busett i Emmet Co. Iowa.
3. Randi Olsdtr. Dengerud Bjotveit 16.02. 1817-1913
G 1849 m Nils Johanneson Ringøy ....-1886. Barn: Anna 1845- g 1868 m Mikkel Torbjørnson Lote (5 barn). (Odda/Ullensvang/Kinsarvik 5 I I s 207)
    Randi gjekk på ski over fjellet som 14-åring, kom i uvær, men gav seg ikkje før ho kom til folk. Då var klea sundrivne. Randi tok seg tenest i Eidfjord.
    Nils var husmann og skraddar utan jord på Bjotveit. Han vart spedalsk, men Randi tok seg av han endå det var tilbod om lasarett i Bergen. Ho ville halde lovnaden om 'onde og gode dager', og fekk føresegn om smittefaren. Men Nils var sengeliggande i omlag 20 år før han døydde.
    Randi var flink til å saume. Og ho dreiv med tæger-arbeid. Og greidde seg såpass at ho hadde 300 dalar då ho vart enkje. Ho var flink til å fortelja, og ho song mykje. (1647) Notat v/Nils Noss
4. Birgit Olsdtr. Dengerud Bjørgum 05.07. 1820-
G 1852 m Ola Hansson Bjørgum, Aurland. Barn: Marta 1849- gm ... Espeset, Vik; Kristine 1852-1928 gm Lars Larsson Turrli (2 barn); Anna 1854-1953 gm .. Midlang, Vik; Ingeborg 1858-1951 gm Paul Nilsson Skaim (8 barn); Hans 1860-1946 gm Mari Larsdtr. Vinjum (9 barn).
5. Guro Olsdtr. Dengerud Paulson 07.01. 1823-1889
Gm Tolleiv Pålson Trøo, Lio. Barn: Sigrid 1848- gm Ole B. Peterson (5 barn); Paul 1851- ; Ola 1853-1919 ug. lærar/farmar; Kristi 1855- gm Lars Jacobson (10 barn); Assor 1859- ; Sissel ; Andrine ug. ; Sicilia ; Sissel .
    Til Am. : farmerar ved Estherville, Iowa. Dei skreiv seg Paulson.
6. Guri Olsdtr. Dengerud 17.07. 1825-

Barn i Hol: Guro 1823-1889 til Am. gm Tolleiv Pålson Trøo Nestegards-slåtta; Guri 1825-1892 til Am. gm Hans Torson; Ola 1827-1837; Assor 1832-1919 Nesbø i Aurland, til Am. i 1870, gm Astrid Eiriksdtr. Ruehagen; Tolleiv 1835-1925 til Am. i 1881, timremann, gm Randine Jakopson. (1329) s 576
    Ola og Kristi gifte seg i 1811. Dei var fyrst 16 år i Dengerud, men der gjekk det ut økonomisk. Så var dei på Gudbrandsgard i Sudndalen. Dei reiste deretter med kona Kristi og dottera Anne til Dokken i Sudndalen (som lottebrukar). Til Hardanger i 1829.
    I 1833 fekk Ola auksjons-skøyte på Haugen under Skøro i Hol for 300 spd. Dei selde Haugen 1854 til sonen Assor for 150 spd og kår. (Han selde og reiste til Nesbø i Aurland i 1865.)

{4845} År: 1829

Henrik Holgeson Hushaugen Dengerud 19.08. 1787-1837
Foreldre: Holge Knutson HusHaugen og Guro Knutsdtr. Stavehaugen.
Gm Gro Halvorsdtr. Granhagen Dengerud 1796-1837
Foreldre: Halvor Knutson Strand Guroplassen og Gro Torsteinsdtr. Uthusplassen.
*Barn
1. Margit Henriksdtr. Guroplass Sagen 29.07. 1815-1858
G 1841 m Ola Olson Bøygard Sagen Skjølet (1812-1900). Barn: Margit 1850- til Am.
2. Holge Henrikson Guroplass 16.04. 1817-1817
3. Holge Henrikson Guroplass Dengerud 07.07. 1818-1841
Sjå neste hushald. Holge drukna i 1841.
4. Guri Henriksdtr. Guroplass Kullerud 07.07. 1821-
G 1844 m em Lars Eriksen Kullerud på Ringerike 1796- . I 1846 flytta dei til Aker saman med fire av barna til Lars. (1767)
    Guri var enkje i 1864 og budde då hjå madame Jensen på Sagene i Kr.ania. Guri arva 3 spd etter broren Halvor i 1851. (780)
5. Ola Henrikson Guroplass 07.05. 1824-1911
Gm Ellen Samuelsdtr. Fostvedt 1845-1934 frå Sauda. Barn: 9 derav "H. G. Henriksen" 1869-1954 , dokter i Am. gm ei svensk sjukepleierske; Magnus 1888- ; Helge 1888- . (1047)
    Ola hadde spesielle evner, han var av dei som kunne stille blod. Under avhøyret etter at Gunnar Henrikson Torsgard hadde vorte knivstukken i 1846 kom det fram fylgjande: 'Gunder Hendriksen erklærede sig glad for, at Ole Hendriksen var tilstæde, som Een, der efter den her i Bygden herskende Overtroe, forstod sig paa at stille Blodet med hurtigere Midler end Folk i Almindelighed og ved blot at piste derpaa.'
    Ola reiste til Nordland. Vart deretter kjøpmann i Stavanger. Han skal ha vore misjonær i 40 år. I FT 1865 var han enkjemann og handelsmann i Stavanger. I FT 1900 budde han og Ellen som "folgefolk" (kårfolk) på Fostveit i Sauda.
6. Halvor Henrikson Lå 29.09. 1826-1850
Ugift inderst. Han vart skadd i slagsmål og døydde.
7. Torstein Henrikson Dengerud 24.01. 1830-1919
Gm Ingeborg Jonsdtr. Almli 1833-1896. Barn: Mathias ....- truleg død før 1880; Henrik 1876c- ; Mathilda 1878-1906.
    Torstein vaks opp hjå systera Margit Sagen. I 1856 var det justissak. Torstein vart innsett i fengsel i Bergen i 1859 som 'tvangslem'. Det er uvisst kva gale han hadde gjort, men han var fæl til å slåst.
    Frå eit møte under den religiøse vekkinga i 1850 fortelst det at til og med den svære slåstkjempa Torstein Dengerud tok til å skjelve og gråte. (Hol II s 288)
    Torstein reiste til Am. i 1861. Busett i Minneola. Der gjorde han og ein goling seg bemerka som kniv-hallingar og slåstkjemper. Golingen 'beseira' Torstein med eit øksehogg til sist. (Hallingen nr 206)
    Torstein gjorde tenest i det legendariske 15. Wisconsin Regiment ("Scandinavian Reg.") i borgar-krigen. Under retrett etter å ha tapt eit slag, bar Torstein på ei steikepanne. Brått kom det ei kule og råkte steikepanna. Torstein vart hardt såra til slutt.(1344) (1402)
8. Knut Henrikson Dengerud Sagen 17.06. 1833-
G 1861 m Guri Eiriksdtr. Løken. Barn: Henrik 1861- ; Erik 1863- ; Halvor 1865- ; Gina Andrine 1867- ; Agate 1869- ; Helge 1871- ; Andrine "Alfrida" 1872- ; Olava 1877-1880f; Oscar 1878- .
    NB, ei av døtrene var gm Henry Røisum, Gol og hadde sonen Albert 1897-1918.
    Knut voks opp hjå systera Margit Sagen. Til Am. 1861: Minneola. (1344)

Henrik og Gro gifte seg i 1814. Henrik hadde hatt Guroplassen og nordre Lå før han overtok Dengerud utan heimel i 1829.
    Henrik tura og slost når det høvde seg. Når han var 'i siget', gjekk han frå dør til dør og jaga folk. Men ein gong møtte han ein liten småvoksen kar oppe i Huus-svingen. Karen baud seg til å dragast med Henrik og så bar det i hop. Før Henrik visste ordet av det, vart han kasta beint uti ei steinurd. Henrik vart aldri helsemenneske etter dette, og rekna med at han hadde møtt djevelen sjølv. (1680)163
    Dei var tre slåsskjemper i bygda på den tida, Trulseguten på Hove, 'Ellingson' og 'Henrik Lå'. Var ein av desse tilstades i eit lag, måtte folk vera varsame med kjeften om dei ville gå heilskinna heim, skreiv Ola Olson Ruud som reiste til Hitra.
    Gro døydde i barselseng april 1837 og Henrik døydde 16 dagar etterpå. Buet var på 876 spd. Dei to minste barna Torstein og Knut voks opp hjå syster Margit ved Sagen. Sidan reiste dei til Amerika.

{4846} År: 1838

Holge Henrikson Guroplass Dengerud 07.07. 1818-1841
Foreldre: Henrik Holgeson Hushaugen Guroplassen Dengerud og Gro Halvorsdtr. Granhagen/Guroplassen.

Holge overtok Dengerud på skiftet etter foreldra i 1838. Holge drukna i 1841, i Nysetvatnet eller i elva Kvinda. (Kjeldene spriker) (1016).

{4847} År: 1841

Holge Ivarson Bjella 1790-1866
Foreldre: Ivar Knutson Langeland Bjella og Kristi Holgesdtr. Sundrelien. G 1819 m Guri Andersdtr. Gjeldokk.

Lærar og kyrkjesongar Holge Ivarson på Bjella kjøpte Dengerud på auksjon i 1841. Holge bygde ny stugu og selde garden til sonen Holge i 1852. Sjå meir om Holge på myljo Bjella, gnr. 104/3.

{4848} År: 1852

Holge Holgeson Bjella Dengerud 15.01. 1831-1907
Foreldre: Helge Ivarson Bjella Dengerud og Guri Andersdtr. Gjeldokk.
Gm Margit Botolvsdtr. Gjeldokk Dengerud 07.05. 1829-1884
Foreldre: Botolv Botolvson Espegard Gjeldokk og Birgit Olsdtr. Underberg Gjeldokk.
*Barn
1. Guri Holgesdtr. Dengerud Stave 28.01. 1857-1942
Ug. Tenestjente på Stave i 1900. Guri dreiv handarbeid og husstell, og budde etterkvart i kleven i kårstugu i Dengerud.
2. Birgit Holgesdtr. Dengerud Leksvol 04.10. 1859-
G 1882 m Knut Embrikson Gjeldokk Leksvol, gnr. 113/1.
3. Holge Holgeson Dengerud 18.09. 1863-1947
G 1887 m Anne Nilsdtr. Ulshagen. Sjå neste hushald.
4. Ivar Holgeson Dengerud Helgesen 31.03. 1865-1947
G 1897 m Margit Tolleivsdtr. Skottebøl. 'Ivar Helgesen' var ein kjent lærar og ordførar. Sjå Storeteig, gnr. 123/17.
    Som gutunge var Ivar 'jagargut' for ein driftekar som skulle til byen med fe. Under ei overnatting i Rukkedalen vart Ivar sendt ned pipa for å opne ei stølsbu. På veg ut att neste morgon gjekk det ikkje betre enn at Ivar vart sitjande fast i pipa. Han kom seg laus etterkvart, men broka måtte bøtast før drifta kunne starte. (1553)1909/15

Holge og Margit gifte seg i 1856. Holge overtok garden etter far sin i 1852.
    I 1865 budde 10 personar i ei stugu i Dengerud, utanom Holge sine seks var ei tenestjente, ein legdslem, og dagarbeiderske Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk med dottera Birgit.
    Holge Dengerud vart knivstukken i eit samvær i Tangeviken ein gong. Då ropte slåstkjempa Rotneims-Knut: "E tenkji han Rotneims-Knut fær bera bjella enno, e!"
    Men då svara Holge: "E tvela me kan ha kjånabellen i hivile!" (Hallingen/1433)

{4849} År: 1895

Holge Holgeson Dengerud 18.09. 1863-1947
Foreldre: Holge Holgeson Bjella Dengerud og Margit Botolvsdtr. Gjeldokk.
Gm Anne Nilsdtr. Ulshagen Dengerud 20.09. 1863-1948
Foreldre: Nils Olson Finset (Hemsedal) Ulshagen og Gunhild Steinarsdtr. Jonsgarden Rotneim (Gol).
*Barn
1. Helge Helgeson Dengerud Fonnum 23.01. 1888-1967
Gm Gerd Bache, Hønefoss. Barn: Helge Bernhard 1930-1956 cand med.; Anne Inga 1933-2004 ug., apotekar i Tvedestrand og Hokksund, son Helge 1972- sivil-ingeniør, ugift.
    Utdanning: Krigsskule. Cand. teol. 1914, cand mag. 1916. Kaptein i hæren. Sat på Grini m.m. under krigen.
    Helge var overlærar, seinare rektor ved Ringerike høgare skule.
    Helge samla mykje tradisjonsstoff, hadde fast spalte i lokalavisa og skreiv fyrste bandet av Ål bygdesoge saman med Kristen Svarteberg. Helge fekk Kongens fortenestmedalje i gull.
2. Margit Helgesdtr. Dengerud Sundrehagen 09.01. 1891-1969
G 1911 m Ola Torson Sundrehagen, gnr.
3. Nils Helgeson Dengerud 14.02. 1893-1894
4. Nils Holgeson Dengerud 24.01. 1895-1988
G 1927 m Gro Syversdtr. Myking. Sjå neste hushald.
5. Anders Helgeson Dengerud 22.02. 1897-1930
Ugift. Han var dreng hjå byggmester Langeland nokre år.
    Anders drukna i brunnen 8 dagar før bryllaup skulle haldast. Ein kaffikopp venta, han skulle berre hente fløyte-flaska.
6. Botolv Helgeson Dengerud Fonnum 09.07. 1899-1986
Gm Carla Olsen Rustad 1903-1963, Oslo. Barn: Bjørg 1932-1981 ugift fysioterapeut; Frode 1937- dr. philos og professor, sjef ved Forsvarets forskningsinstitutt, gm Marit Midtbø, Skien (2 barn). (1044)
    Underoffiser-skule og handelsgymnas. Løytnant i ingeniørvåpenet. Sat i fangenskap i Tyskland og Polen 1943-45. Botolv arbeidde sidan med forsikring og vart distrikstsjef i Norske Liv.
7. Ivar Helgeson Dengerud Fonnum 04.08. 1901-1990
G 1930 Oline Sebusæter 1908-1941. G 1945 m Alis Hildal frå Odda.
    Landbruksskule 1918, Elverum Lærarskule 1919-22. Sjå eige hushald.
8. Stener Helgeson Dengerud Fonnum 01.07. 1903-1983
G 1937 Oslo m Kristi Hansdtr. Hansen Skjerpinghaugen. Gm Borghild Syversdtr. Tune. Sjå eige hushald.
9. Ola Helgeson Dengerud 12.01. 1907-1993
G 1934 m Ragna Eiriksdtr. Kirkedelen. Snikkar. Sjå eige hushald.

Holge/Helge og Anne gifte seg i 1887. Holge kjøpte garden 1895 for 2550 kr.
    Sønene Helge, Ivar og Botolv skifta etternamn frå Dengerud til Fonnum 1926.