Dengerud, søre gnr. 99 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Dengerud, søre gnr. 99 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ved garddelinga i 1775 vart nordre Dengerud frådelt med 6 1/2 laupsbol. Resten av hovudbølet var søre Dengerud som også fekk 6 1/2 laupsbol.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 97 mål. Avling 14 tunner bygg og 10 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål, anna areal 100 mål, produktiv skog 300 mål, anna utmark 2000 mål. Del i Hevjansåsen sambeitelag. Leigd jord 34 mål. Buskap 10 mjølkekyr, 13 ungdyr, 30 vinterfôra sauer.
    Hallingstugu bygt 1700, våningshus 1922, driftsbygning 1961, nytt fjøs 1986, stolphus frå 1621 (dendrologisk målt 2004), loft 1910, garasje 1977. Det gamle loftet brann i 1908.
    Frådelt 1930 eigedomen Ålberg, bnr. 6 med fiskeretten som søre Dengerud hadde i Rødungen.
    Stølar. Heimstøl på Stavestølen, langstøl på Låstølen. (Styrkestadstølen på Låstølen vart tilkjøpt i 1887.) Opphavleg langstøl Osestølen ved Rødungen vart fråselt 1898 til Rime.

{4853} År: 1775

Tolleiv Sevatson Dengerud 1736-1785s
Foreldre: Sevat Levorson Dengerud og Anne Olsdtr. Sata. Gm Birgit Larsdtr. Gjeldokk.

Tolleiv brukte heile garden frå 1772. Så vart halve Dengerud (nordre) frådelt i 1775. Sjå meir om familien hans på bnr. 0.
    Tolleiv selde halve Dengerud for 529 rd til Daniel O. Lå og broren Ola i 1775.
    I 1783 var gjelda var så stor at garden skulle på auksjon i fylgje kongeleg preskript av same år. Ein kan ikkje sjå at dette vart gjennomført.
    I 1784 bygsla Tolleiv plassen Skalleberghaugen til Ola Lambertson. Ola hadde sjølv rudt Skalleberghaugen. Plassen skulle falle attende til Dengerud etter Ola si tid. 8 delesteinar vart nedsette: den siste nede på haugane sunna bergkampen ... . (1206) s 293
    Ein kjenner ikkje tufter etter denne plassen.
    Det var skifte etter Tolleiv i 1785. Buet var då 93 rd netto til deling til enkje og 5 barn. Enkja Birgit Larsdtr. sat med garden til 1798.

{4854} År: 1798

Levor Tolleivson Dengerud 17.02. 1771-1838
Foreldre: Tolleiv Sevatson Dengerud og Birgit Larsdtr. Gjeldokk.
Gm Astrid Olsdtr. Hove Dengerud 13.03. 1768-1807
Foreldre: Ola Aslakson Hove d.y. og Sigrid Gunnarsdtr. Torsgard.
Gm Anne Knutsdtr. Kolbjørnstølen Dengerud 1781-1811
Foreldre: Knut Embrikson Kolbjørnstølen og 1.g Guri Larsdtr. Noss.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Levorsdtr. Dengerud Ulshagen 23.12. 1798-1834
G 1827 m Knut Ivarson Bjella Ulshagen, gnr. 109/2. G 1833 m Ola Eirikson Sundrehagen, gnr. 110/1.
    Birgit reid seg forderva i brureferda i 1833. Den tid var skikken at dei skaut i veret då brureferda reiste frå kyrkja. Hesten hennar vart redd, brystreima rauk og Birgit fall av hesten og døydde ei tid etterpå. (1644)13
2. Sigrid Levorsdtr. Dengerud 04.10. 1801-____
Død før 1807.
3. Sigrid Levorsdtr. Dengerud Kortgarden 30.05. 1803-1867
G 1838 m Knut Kortson Kortgarden, gnr. 103/4. (Sigrid var ugift tenar nær Drammen i 1832.)
4. Helga Levorsdtr. Dengerud 20.10. 1805-____
Død før 1807.
5. Astrid Levorsdtr. Dengerud 15.02. 1807-1807
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Levorson Dengerud 20.01. 1808-____
Ein kjenner ikkje til når Knut gjekk bort.
2. Tolleiv Levorson Dengerud 03.08. 1809-1884
G 1838 m Anne Olsdtr. Hove. Sjå neste hushald.
3. Anne Levorsdtr. Dengerud Hove 04.02. 1811-1902
G 1838 m Tore Olson Helling Hove, gnr. 107/1.

Levor og Astrid gifte seg i 1798. Dei fekk fem jenter, men berre to vaks opp. På skiftet etter Astrid i 1807 var det 422 rd å dele. Ungane var mellom 6 veker og 8 år gamle.
    Levor fekk skøyte på garden for 300 rd og kår i 1798. Takst 1807: 500 rd.
    Levor gifte seg opp att med Anne i 1808, men ho døydde i barnseng. Levor fekk løyve til å sitja i uskifte 1811.
    Som enkjemann fekk Levor sonen Halvor (1817-1899) med Gro Halvorsdtr. Bjella. Halvor var lauskar og budde i Hansebråten.
    Levor var ute i krigen 1807-14. Soldatane vart sette til brødbaking i Holstein. Levor var stor og sterk, og vart sett til å kna deigen. Det gjekk 10 tunner mjøl i kvar deig, og han trødde deigen berrføtt. Men det var 'eit heste-arbeid å få føtene opp or deigen.' Levor raka difor håret av leggane sine,- då vart knainga mindre slitsam. (Mehlum 1905/28)
    Det var skifte etter Levor i 1838. Garden vart taksert til 655 rd.

{4855} År: 1838

Tolleiv Levorson Dengerud 03.08. 1809-1884
Foreldre: Levor Tolleivson Dengerud og 2. g Anne Knutsdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Anne Olsdtr. Hove Dengerud 04.11. 1817-1899
Foreldre: Ola Anderson nordre Hove og Birgit Eiriksdtr. nedre Hove.
*Barn
1. Levor Tolleivson Dengerud 25.09. 1841-
Ug. Levor hadde garden frå 1875 omlag, så reiste han til Am. i 1878: Redwing, MN. Sidan var han farmar i Norman Co, MN. I 1902 selde han farmen og kjøpte hus i byen Thief River Falls. (1244)
   
2. Anne Tolleivsdtr. Dengerud Kortgarden 28.02. 1843-1895
G 1861 m Asle Olson Bjella Kortgarden, gnr. 103/4. 12 barn. Asle reiste føre til Amerika. Han kom heim att for å hente Anne, men då låg ho dødssjuk.
3. Birgit Tolleivsdtr. Dengerud Holterudningen 03.04. 1845-1927
G 1890 m Elling Ellingson Jøto Holterudningen, gnr. 94/2.
4. Ola Tolleivson Dengerud Ruud 08.11. 1847-1943
G 1876 m Ingeborg Aslesdtr. Strand. G 1889 m Kari Trulsdtr. Rimehaug. Sjå neste hushald.

Tolleiv og Anne gifte seg i 1838. I FT 1865 var sonen Ola 'maler'. Sonen Levor hadde garden nokre år utan heimel. Då Levor reiste til Amerika i 1878 selde faren garden til sonen Ola for kr. 2800.

{4856} År: 1878

Ola Tolleivson Dengerud Ruud 08.11. 1847-1943
Foreldre: Tolleiv Levorson Dengerud og Anne Olsdtr. Hove.
Gm Ingeborg Aslesdtr. Strand Halvorsgarden Ruud 30.09. 1846-1884
Foreldre: Asle Tolleivson Halvorsgarden Strand og Mari Tolleivsdtr. Breie.
Gm Kari Trulsdtr. Rimehaug Ruud 18.02. 1864-1953
Foreldre: Truls Olson Garnåshaugen Rimehaug og Ågot Eiriksdtr. Rimehaug
*Barn i fyrste ekteskap
1. Tolleiv Olson Ruud 28.01. 1877-1960
Ugift. Utdanna ved landbrukshøgskulen på Ås, jordskifte-avdelinga. Tolleiv vart tilsett i Buskerud amt i 1906. Sidan var han utskiftningsformann i Telemark. På sine gamle dagar budde han på Torpo.
2. Asle Olson Ruud 05.05. 1878-1976
G 1912 m Lovise Berg, Flå. Barn: Ingeborg 1913- gm Jon Bech 1910-1982; Elsa Margrete 1917- gm Einar Schei; Liv 1919- gm Hermann Bugge Moe; Anne Marie 1924- gm Severin Syversen. ( Evjenslekta s 129 )
    Asle tok matematisk naturvitenskapeleg embets eksamen i 1910 og vart lektor ved Ringerike høgare skule. Han skreiv seg 'Asle Ruud'.
3. Anne Olsdtr. Ruud 07.03. 1880-1900
Anne døydde 1900 eller 1902 då ho gjekk på 'Husholdingsskule' på Hadeland. Gravlagt ved Systerkyrkjene på Gran. Mehlum skriv at ho døydde 22 år gamal. (1078) 99/3 (1248)
4. Sigrid Olsdtr. Ruud Lund 04.12. 1881-1970
Gm August Olsen Lund 1872-1937, Våler i Solør. Barn: Ingeborg 1903- gm Hilmar Adolf Hansen 1898-1945; Olaf 1909- ug.
    Sigrid og August budde i Bærum og arbeidde hjå godseigar Løvenskiold. (1242)
*Barn i andre ekteskap
1. Ågot Olsdtr. Ruud Noss 07.06. 1890-1924
G 1916 m Ola Gunnarson Holto Ivarsgarden Noss, gnr. 119/2.
2. Ingeborg Olsdtr. Ruud 03.12. 1892-1972
Ingeborg gjekk i husholdnings-lære på Teather-kafeen i Kr.ania i 1912. Sidan var ho tenestjente ymse plassar. Ho kom attende til Ål i 1945.
3. Birgit Olsdtr. Ruud Hallingstad 05.07. 1895-1945
G 1929 m Olav Olson Hallingstad. Sjå år 1930.
4. Olaf Olson Ruud 01.11. 1897-1954
G 1924 m Olga Kristine Olsdtr Strand. Sjå neste hushald.
5. Anne Olsdtr. Ruud 06.02. 1902-1997
Ug. Anne tok lærarskule i Kr.ania, og underviste m.a. på Gol. Då systera Birgit døydde i 1945 kom Anne heim att, og hjelpte til på garden.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1876. Ola vart attgift 1889 med Kari Trulsdtr.
    Ola skreiv seg 'O.T. Ruud'. Ola gjekk på Underoffiserskulen 1867. Sidan var han sersjant og fanejunker. I FT 1891 var han gardbrukar, kommandersersjant, sparebank-bankdirektør og kommune-kasserar.
    I 1890-åra selde O. T. sin del i langstølen Osestølen til Rime (inkl. 1/8 fiskerett), men held attende 2/8 av fisket i Rødungen.
    Ola stod på krambua hjå E. Sorteberg nokre år, så kjøpte han Dengerud hjå broren i 1878. Ola arbeidde i Ål sparebank i 48 år, og var m.a. bankdirektør. Vidare tok han del i mykje kommunalt arbeid, og i forsikrings-selskapet Hallingdal Brannkasse.
    O.T. Ruud hadde planer om kraftverksbygging i Ål. Fyrste opplegget med banken som kraftverks-eigar vart stoppa av departementet i 1913.
    Neste dag fekk O.T. Ruud med seg ordførar Ivar Helgesen og så vart det møte i kommunestyret. Ruud og Helgesen samrådde seg litt før møtet. Ål kommune vedtok å bygge eit kommunalt kraftverk, og det skjedde som hastesak utanom sakslista! Det var 9 stemmer for og 3 mot. Grunnen til hastverket var at private interesser låg i buskene og ville kjøpe Yli-fossen.
    Ein hard strid fylgde der mange meinte at kommune-økonomien ikkje ville tole utbygginga. Kommunen lånte 300.000, og starta bygging av kraftverk. Motstandarane gav seg. Så kom straumen på 11. mars 1914. I ettertid synte det seg at skeptikarane tok feil, men det vart 20 år med underskot før drifta bar seg. Seinare vart kraftverket ei gullgruve for kommunen. Etter 25 år vart kommunane Gol, Nes, Hemsedal og Flå forsynte med straum frå Ål. (1287)
    Ola fekk kongens fortenstmedalje i 1924. Etter hans ynskje skal medaljen og ei sylvkanne frå banken fylgje garden og slekta i seks ledd. Deretter skal tinga overlatast Ål Bygdamuseum.
    I 1882 kjøpte han halve kverna i Strandaoset. Saman med grannar hadde han sag i Hellinggrova. I 1885 kjøpte han Osestølen saman med Helge Dengerud. I 1887 kjøpte han Styrkestadstølen.
    O. T. Ruud var langt framme som bonde ôg. Han førte reknskap over kornavlingane, og han planla vekstskifte og såkalla 'kjolvelegging'. Avlingane varierte mykje frå år til år. I 1878 vart det vel 20 tunner bygg, to år seinare 30 tunner. 4 1/2 tunne bygg vart male til matmjøl. Kring 1890 tok han til å hesja graset. Og kring 1900 sådde han grasfrø på eng, det var noko nytt.