Lå gnr. 100 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Lå gnr. 100 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Lå eller nordre Lå vart kalla 'LilleLå' fra gamalt og fram til omlag 1800. Garden vart skattlagt som halv øygard med ei landskyld på 3 laupsbol. Grannegarden, den opphavlege 'StoreLå' (no ØvreLå og søreLå) hadde ei landskyld på 9 laupsbol. Sjå innleiinga til gnr. 101. Slektsnamnet vert skrive Laa.
    Også nordre Lå høyrde til Mariakyrkja i Oslo frå gamalt. Bonden vart sjølveigar i 1688.
    Ingen plassar eller frådelte bruk.
    Areal 1865: dyrka jord 17 mål, naturleg eng 56 mål, utslått 82 mål. Avling 13 1/2 tunne bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995 dyrka jord 54 mål, anna areal 16 mål, produktiv skog 75 mål, annan utmark 4000 mål. Leigd jord 10 mål. Buskap 65 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1956 (med gamal hallingstugu innbygd), låve med fjøs 1973, garasje 1948, 2 loft, lafta grisehus, eldhus. Lafta utleigehytte bygt i gardstunet 1994.
    Stølar. Heimstølar på Nystølen og på Espeskar ovanfor garden. Opphavleg langstøl på Låstølen vart fråselt 1818 og 1854. (No under nordre Hove.) Langstølen på Rødungen (gnr. 123/13) vart frådelt Tjødndalen i 1877 og har sidan lege under Lå.

{4868} År: 1751

Torstein Olson Lå 1728-1812
Foreldre: Ola Asleson Lå og Kristi Torsteinsdtr. Stave.
Gm Mari Levorsdtr. ... Lå 1728-1803
Foreldre: Levor ... ... og ...
*Barn
1. Ola Torsteinson Lå 13.01. 1754-1839
G 1790 m Sigrid Ivarsdtr. Ellingsgard /Dokk. Sjå neste hushald.
2. Kristi Torsteinsdtr. Lå Tune 23.05. 1756-1837
G 1804 m enkjemann Tolleiv Eivindson Tune gnr. 124/1.
3. Magnhild Torsteinsdtr. Lå Gudmundsrud 15.07. 1759-1840
G 1801 m skulehaldar Helge Anderson Gudmundsrud i Prestgarden.
4. Asle Torsteinson Lå 27.10. 1761-
Barn med Birgit Larsdtr. Villand Grøvo: Elling 1796-1878 på Rueberget i Hol, gm Mari Hallsteinsdtr. Hjalmen. ("Lå-Elling"). (Hol III s 313)
5. Anne Torsteinsdtr. Lå 26.06. 1763-
Anne vart konfirmert i 1786. Ukjent lagnad.
6. Tor Torsteinson Lå Smedsplassen? 01.09. 1765-1835
G 1803 m Sigrid Olsdtr. Ovavoll 1772- (Dtr. til Ola Anderson ... Ovavoll). Barn: Mari 1803- på Hadeland; Asle 1804-1890 g 1836 m Astrid Andersdtr. Hove, til Amerika (7 barn); Ola 1807- til Grønedokken i Hol, g 1844 m enkje Margit Olsdtr. Underberg (1 son); Mari 1812- .
    Tor og Sigrid budde på Oppsjøplassen i 1803 og 1804. Dei bygsla Tverrån-slåtta i Hol frå 1807-12. (Hol III s 177)
7. Anne Torsteinsdtr. Lå Smedplassen 29.11. 1767-1848
G 1809 m Lars Sevatson Tune Smedplassen, gnr. 110/4.
8. Kari Torsteinsdtr. Lå Sundreøyen __.__. 1770-1840
G 1809 m Ola Olson Skavhølen Trolløyen, gnr. 110/7.
9. Mari Torsteinsdtr. Lå Bråten 20.04. 1772-
G 1805 m Torjus Torkjellson Rime. Gm ... ... n. Bråten. G 1833 m Sevat Knutson Toplass Sundrelien.

Torstein hadde ei dotter kalla Ingeborg f. 1749 med Ingeborg Endresdtr. Og i 1755 fekk Torstein legemålsbot med Dordei Klemetsdtr.
    I bladet NU for 5. april 1904 kallar Mehlum mor til Magnhild for 'Kari' Lå. Ho var ein flink felespelar. Det fortelst frå eit samvær på Lå at gjestene masa og ville ha henne til å låte på fela. Mari var høggravid, men sette seg opp i senga og spelte så folk fekk danse. Neste dag var Mari sengeliggande, og så fødde ho før kvelden kom.
    Torstein var anmeld for slagsmål og knivstikk både 1752 og 1755. På tinget i 1755 var futen ute etter Torstein. Han var tiltala for ei rekke med slag, stikk og hår-drag. Mange vitne var avhøyrde, men han vart frikjent ettersom vitneutsegnene ikkje var einstemmige. Presten hadde også prøvd å straffe Torstein for "drukkenskap og rygges-løst levned". Torstein vart dømt til tukthus-arbeid som 'velfortjent straf i sådan tid som de høye herrer Directeurer dertil fastsetter.' (1222) s 38
    Torstein held gardsyn 1785: 18 mål åker (3 tunner såkorn); 88 sumarlass fôr (NB. Det tilsvara 44 vinterlass.); 1-2 hestar, 13-14 krøter og 30 sauer og geiter. Jordvegen vart taksert til 500 rd og husa til 80 rd. Skogen vart sett til 20 rd. Sum: 600 rd. (1436) s 59

{4869} År: 1791

Ola Torsteinson Lå 13.01. 1754-1839
Foreldre: Torstein Olson Lå og Mari Levorsdtr. .... .
Gm Sigrid Ivarsdtr. Dokk Lå 26.12. 1753-
Foreldre: Ivar Olson Ellingsgard Dokk og Torand Knutsdtr. Espegard Dokk.

Ola og Sigrid gifte seg i 1790. I 1791 fekk Ola skøyte på Lillelå 3 laupsbol hjå foreldra for 399 rd og kår. Ola hadde sonen Ola 1787-1841 med Haldis Ivarsdtr. øvre Gjeldokk.
    Ola selde garden til Ola Larsson Svarteberg i 1813.

{4870} År: 1813

Ola Larsson Svarteberg Guroplass 25.05. 1783-
Foreldre: Lars Halvorson Styrkestad og Astrid Larsdtr. Svarteberg. G 1809 m Guri Toresdtr. Torebråten (Dottera til Guri Olsdtr. Lå Bøygard. Sjå år 1722. )

Ola Larsson Svarteberg fekk skøyte på nordre Lå frå 1813, truleg med odelsrett som morsarv til kona. Sjå meir om denne familien i Guroplassen.
    Ola og Guri reiste til Namdalen kring '1825', og makeskifte Lå mot Guroplassen i 1827. (Dølaminne 1980 s 42)

{4871} År: 1827


Henrik Holgeson Guroplassen overtok Lå i 1827 ved makeskifte mot Guroplassen.
    Henrik selde garden Lå 1829 for 400 spd. Sjå nordre Dengerud, gnr. 99/1.

{4872} År: 1829

Ola Torsteinson Øvrejordet Stave 1774.-1858
Foreldre: Torsteinson Henrikson Huus Øvrejordet og Ingeborg Olsdtr. Stave. G 1806 m Ambjørg Aslesdtr. Aslegarden Strand.

Ola Torsteinson hadde også søre Huus gnr. 112/1. I 1854 selde Ola garden Huus og Låstølen til sonen Torstein. Garden Lå (minus langstøl) vart selt til svigersonen Lars på Bjella.

{4873} År: 1854


Lars Tolleivson på søre Bjella kjøpte nordre Lå hjå svigerforeldra sine i 1854. Sjå meir om han på Bjella, gnr. 104/3. Sonen Ola Larsson overtok nordre Lå kring 1862.

{4874} År: 1862c

Ola Larsson Bjella Lå 21.12. 1835-1923
Foreldre: Lars Tolleivson søre Bjella og Haldis Olsdtr. Huus eller Lå.
Gm Birgit Olsdtr. Opsata Lå 10.08. 1841-1930
Foreldre: Ola Tolleivson søre Opsata og Anne Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Lars Olson Lå 02.03. 1861-1959
G 1882 m Guri Larsdtr. Sundrehagen. Barn: Ola 1882-1960; Carl Adolf 1883-1988.
    Lars og Guri reiste til Am. 1882 med skipet "Argo". (Til Luverne MN.) Lars tok eksamen ved Augsburg seminaret, og var sidan prest i nordlege Minnesota.
2. Ola Olson Lå 21.09. 1867-1945
G 1917 m Mari Larsdtr. Bjella. Sjå neste hushald.
3. Haldis Olsdtr. Lå Opsata 15.01. 1875-1956
G 1911 m em Tolleiv Håkonson Opsata, gnr. 34/1. Haldis bles på lur.

Ola og Birgit gifte seg i 1859. Ola overtok garden før 1865 og fekk skøyte for 2400 i 1884.
    Dei dyrka opp garden og flytta stugu.