ØvreLå gnr. 102 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

ØvreLå gnr. 102 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

ØvreLå vart skattlagd som øygard med ei landskyld på 4 1/2 laupsbol. Garden er nok halvparten av opphavlege StoreLå. Også ØvreLå var kanonigods. Sjå innleiinga til søre Lå, gnr. 101/1.
    Plassen Haugen nemnt i 1788. Den har nok falle attende til garden.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 55 mål, utslått 26 mål. Avling 12 tunner bygg og 10 tuner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 52 mål, anna areal 70 mål; produktiv skog 44 mål, bjørkeskog 1155 mål, anna utmark 556 mål. Leigd jord 30 mål. Buskap: 7 mjølkekyr, 15 ungdyr.
    Våningshus bygt 1968, kårhus og stolphus omkr. 1845, påbygt 1984, driftsbygning 1980, loft og stall omkr. 1895.
    Stølar. Heimstølane Veslestølen og Staugarden ligg ovanfor garden. Lomtjernstølen (gnr. 95/2) vest på Hevjansåsen vart tilkjøpt frå nordre Ruud i 1838.
    Til garden høyrer også Tjødnstølen (gnr. 30/12) på heimåsen ovanfor Liagardane, og opphavleg frådelt Tormodsgard. Tilkjøpt frå Sverre Holo i .... . Tjødnstølen vert brukt som støl.

{4898} År: 1760c

Ola Sveinson Noss Gunhildgard ØvreLå 1715-1772.
Foreldre: Svein Olson Noss Gunhildgard og Birgit Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Guri Johannesdtr. Sundbrei? ØvreLå 1740-1805
Foreldre: Johannes ... ... og .... Fadderar til fyrste kull: Lå-folk, Gjeldokk-folk og Sundbrei-folk.
*Barn
1. Svein Olson ØvreLå 13.01. 1760-
2. Birgit Olsdtr. ØvreLå 27.09. 1761-
Gm Ola Olson Kvinnegard (?) ØvreLå. Sjå år 1795.
3. Margit Olsdtr. ØvreLå 30.01. 1763-1763
4. Margit Olsdtr. ØvreLå 02.02. 1764-
5. Ola Olson ØvreLå 13.09. 1767-
6. Guri Olsdtr. ØvreLå 30.05. 1771-

Ola og Guri gifte seg i 1762. Ola hadde dottera Randi 1758 med Birgit Persdtr. Granhagen. Han vart bøtelagt 12 rd i legemålsbot i 1759.
    Av felles barn var det truleg berre ei dotter som vaks opp. Ungane vart døypte ØvreLå frå 1760-1771.
    På skiftet etter faren i 1737 fekk Ola ein del i ØvreLå. Han har nok overteke garden kring 1760.
    I 1743 vart Ola eller broren vart skadd med oksepeis av Svein Halvorsgard "uden dertil å have givet hand nogen årsag".
    Ola dreiv handel med slaktefe i 1763. Han vart saksøkt av Lars Jensen Storemoen i Jarlsberg grevskap vedrørande ein hestehandel i 1771.
    Då Ola låg på det siste omlag 1772 vart grannen henta for å høyra eit vitnemål. Ola vedkjende seg å vera skuldig Botolv Bakketeigen 505 rd.
    Guri vart attgift 1775 med Aslak Holgeson. Sjå neste hushald.

{4899} År: 1775c

Guri Johannesdtr. Sundbrei? Øvrelå 1740-1805
Foreldre: Johannes ... ... og .... Fadderar til fyrste kull: Lå-folk, Gjeldokk-folk og Sundbrei-folk.
Gm Aslak Holgeson Strand Øvrelå 22.05. 1747-
Foreldre: Holge Holgeson Strand og ...
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Aslaksdtr. Øvrelå 1776-
Barn: Eirik 1805- m/Eirik Sevatson Øyen Vangen Underberget. Sjå barnebarn.
    Margit sin lagnad vidare er ikkje kjent.
*Barnebarn
1. Eirik Eirikson Øvrelå 13.01. 1805-1805
Foreldre: Eirik Sevatson Øyen Vangen Underberget (ungkar) og Margit Aslagsdtr. ØvreLå.

Guri vart attgift med Aslak i 1775. Truleg hadde dei ingen barn.
    Aslak måtte gå frå garden i 1780 grunna ei gjeld på 566 rd som han ikkje rådde med. Kreditoren Botolv Torjusson (sjå neste hushald) tok garden, men Aslak held attende plassen Haugen, ei innhegna slåttemyr under Veslestølen, fornødent beite og brenneved. (1206) s 292b
    Dei budde på husmannsplassen Haugen i 1788, - det heitte at plassen skulle falle attende til garden utan vederlag for utført arbeid.
    Forlik 1803: årleg skulle Guri ha 3 kvarter middels godt korn frå garden Huus, til jul skulle ho ha 2 settung med malt. Vidare skulle ho ha framfødd 2 geiter, samt varmt hus på Øvre Lå. Kår-yterar var Tolleiv Olson Huus og Ola Olson Øvre Lå. (1407) s 56

{4900} År: 1780

Botolv Torjusson Helling Bakketeigen 1732-
Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove. G 1756 m enkje Birgit Henriksdtr. Hove.

Botolv Torjusson Bakketeigen var handelskar. Han kjøpte ØvreLå for 683 rd i 1780 og fekk skøyte 1784. Dvs. dette var eit krav på 566 rd og renter hjå Aslak Holgeson ØvreLå. Unnteke handelen var plassen Haugen, ei slåttemyr under Veslestølen, 'fornødent beite og brenneved'.
    Botolv hadde slikt kår hjå svigersønene: annekvart år på 'Hagen' og i Arnegard Noss. Sjå Bakketeigen, gnr 116/1.

{4901} År: 1788

Johannes Larsson Sundre Øvrelå 06.07. 1749-1793s
Foreldre: Lars Mikkelson Hove Sundremyren og Ingeborg Rasmusdtr. Sundre.
Gm Turid Tolleivsdtr. Huus Øvrelå 10.11. 1748-1839
Foreldre: Tolleiv Henrikson Huus Bjella og Guri Larsdtr. Hagen (Hol).
*Barn
1. Ola Johannesson Øvrelå 1773c-
Konfirmert i 1790. Truleg død før 1801.
2. Ingeborg Johannesdtr. Helling Asgrimplass 07.01. 1776-1863
Barn: Birgit 1806- m/ Lars Asleson Stave. Sjå barnebarn.
    G 1834 med Ola Guttormson Renslo Asgrimsplass, gnr. 122/15.
3. Tolleiv Johannesson Øvrelå 1778-
4. Kari Johannesdtr. Øvrelå 1779-
5. Lars Johannesson Helling Brenno 1782-1836
G 1807 m Ambjørg Tolleivsdtr. Strand Halvorsgard. Sjå Brennehaugen, gnr. 123/10.
   
6. Kari Johannesdtr. Øvrelå Rimehaugen 1786-1872
Ugift. Barn: Johannes 1813- m korporal Lars Knutson Leksvol. Sjå barnebarn.
    Tenestjente på Bjella 1801. Kari budde i Hollebakken som inderst og dagarbeidar i 1865, og då ho døydde 1872.
7. Tolleiv Johanson Øvrelå 1789-1831
Tolleiv var i tenest på Bjella i 1801. Han var ute i krigen 1807-14. Han vart kalla Skalle-Tolleiv. (Truleg har han budd i Skalle ei tid.) Tolleiv døydde ugift som inderst på Stave i 1831.
*Barnebarn
1. Birgit Larsdtr. ØvreLå Vangen 06.07. 1806-1877
G 1842 m Ola Torjusson Sandelien Vangen.
    Foreldre: Lars Asleson Stave (ungkar) Ingeborg Johannesdtr. Øvrelå.
2. Johannes Larsson ØvreLå Slettemoen 04.06. 1813-1842
G 1838 m Liv Tolleivsdtr. Halvorsgarden Strand. Barn: Anne 1839- gm Lars Gunnarson Tune, til Am.; Kari 1840- til Am., gm Eirik Torsteinson Øvrejordet. (Hol III s 139)
    Foreldre: Lars Knutson Leksvol (ungkar)og Kari Johannesdtr. Helling Rimehaugen.
    Johannes budde i Sandeplassen som konfirmant i 1830. Som nygift var dei inderstar på Strand. Johannes kjøpte nordre Slettemoen i Hol for 970 spd i 1842, men døydde same året.
   

I 1788 kjøpte Johannes Larsson garden Øvre Lå for 400 rd og kår til Botolv Torjusson. Plassen Haugen vart brukt på livstid av tidlegare eigar Aslak Helgeson og kone.
    Johannes budde på Hove, på Sundremyren, på Helling og på ØvreLå. På skiftet etter Johannes i 1793 var det 189 rd å dele då gjelda på 486 rd var fråtrekkt. Garden vart selt på auksjon til Tolleiv Olson Helling for 605 rd.
    I 1801 var Turid tenestjente på Bjella. Turid døydde på legd hjå Lars Holto i 1839.
    Tolleiv Olson Helling selde garden vidare i 1795 til Ola Olson for 650 rd.

{4902} År: 1795

Birgit Olsdtr. ØvreLå 27.09. 1761-
Foreldre: Ola Sveinson ØvreLå og Guri Johannesdtr. ... .
Gm Ola Olson Kvinnegard? ØvreLå 1762-1837
Foreldre Ola ... ... (frå Torpo? Hagaplassen - Trettehaugen eller frå Kvinnegard) og ... ...
*Barn
1. Guri Olsdtr. ØvreLå 15.11. 1789-
2. Ola Olson ØvreLå 26.09. 1790-1847
G 1817 m Margit Levorsdtr. Lå. Sjå neste hushald.
3. Guri Olsdtr. ØvreLå 24.02. 1793-
4. Mari Olsdtr. ØvreLå Bjella 06.12. 1795-1867
Gm Ola Olson Ulshagen Bjella, gnr. 104/1.
5. Ola Olson ØvreLå Glomsletten **.01. 1799-
G 1827 m Gunhild Halvorsdtr. Bjella. "Fuggel'n". Sjå Glomsletten, gnr. 54/6.
6. Eirik Olson Lå Rimehaugen 13.09. 1801-1877
G 1828 m Kari Larsdtr. Bergsgard. Sjå Rimehaug, gnr. 115/20.
7. Asle Olson ØvreLå 02.04. 1804-1804
8. Asle Olson ØvreLå Ellingsgard 17.11. 1805-1861
G 1833 m Guri Olsdtr. Sørbøen. Sjå Randen, gnr. 4/9a.

Ola og Birgit overtok ØvreLå i 1795 etter Tolleiv Olson Helling. Ola vart skriven 'Trettehaugen' ved dette høvet. Var han frå Torpo? Eller budde han på plassen Haugen under ØvreLå? Sjå år 1775c. NB. Ola kan vera frå Kvinnegard-Ellingsgard sidan sonen Asle kjøpte Ellingsgard saman med Oleiv Embrikson Havardsgard i 1835.
    Ola døydde som kårmann på ØvreLå 75 år gamal i 1837.

{4903} År: 1812

Ola Olson ØvreLå 26.09. 1790-1847
Foreldre: Ola Olson ... og Birgit Olsdtr. ØvreLå.
Gm Margit Levorsdtr. Lå ØvreLå 1795-1851
Foreldre: Levor Olson søre Lå og 2.g Birgit Larsdtr. myljo Rime.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. ØvreLå Halleset 23.03. 1818-1872
Barn: Oleiv 1854- m enkjemann Knut Oleivson Gurigard. Sjå barnebarn.
    G 1842 m Knut Olson Bakketeigen Halleset, gnr. 94/7.
2. Birgit Olsdtr. ØvreLå Tveito 04.09. 1823-1853
G 1848 m Nils Nilsson nordre KongsTveito, gnr. 55/20.
3. Guri Olsdtr. Lå øvre 04.09. 1823-
4. Mari Olsdtr. Øvrelå Ødelien 28.01. 1826-1860.
G 1847 m Eirik Botolvson søre Ødelien, gnr. 73/1.
5. Turid Olsdtr. ØvreLå Bjella 24.11. 1828-____
G 1852 m Ola Olson Bjella, gnr. 104/1.
6. Margit Olsdtr. Lå øvre Storeteig 29.09. 1831-1872
G 1854 m Tore Olson Bjella Storeteig, gnr.
7. Ola Olson ØvreLå 03.05. 1834-1897
G 1855 m Sigrid Tolleivsdtr. Bjella. Sjå neste hushald.
8. Levor Olson ØvreLå Thon 17.03. 1839-1890
G 1873 m Ingeborg Nilsdtr. Thon. Sjå Pletteton, gnr. 75/1.
9. Lars Olson Øvrelå Lindebrekke 08.08. 1843-1923.
Gm Sara Jonsdtr. Bu, Eidfjord 1837-1901. Barn: Anna 1875- + 2 til . Sjå Ulvik II s 256
    Gardbrukar på Lindebrekke i Ulvik, jordarbeidar og murar i 1900.
*Barnebarn
1. Oleiv Knutson Gurigard Strendo 09.09. 1854-1932
G 1875 m Gunhild Knutsdtr. Dekko. Sjå Strendo, gnr. 32/31. Knut vaks opp på Skjåmehaugen i Øvre-Ål. (Jfr. Dekko-heftet)
    Foreldre: Knut Oleivson Gurigard (enkemann) og Birgit Olsdtr. Øvrelå.

Ola og Margit gifte seg i 1817. Ola overtok garden i 1812 hjå foreldra.

{4904} År: 1851

Ola Olson ØvreLå 03.05. 1834-1897
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Margit Levorsdtr. Lå.
Gm Sigrid Tolleivsdtr. Bjella ØvreLå 01.05. 1821-1898
Foreldre: Tolleiv Larsson Bjella og Ingeborg Kitilsdtr. Livrud.
*Barn
1. Margit Olsdtr. ØvreLå Haug 25.06. 1855-1911
G 1879 m Tolleiv Olson Helling nordre Haug, gnr. 59/3.
2. Ola Olson ØvreLå 10.01. 1857-1927
G 1887 m Guri Torsteinsdtr. Skarsgard. G 1911 m Anne Olsdtr. Holshagen. Sjå neste hushald.
3. Tolleiv Olson ØvreLå 17.04. 1859-1859
4. Ingebjørg Olsdtr. ØvreLå Løkensgard 13.06. 1863-1931
G 1896 m Ola Johanneson Løkensgard, gnr. 58/6.
5. Tolleiv Olson ØvreLå 26.08. 1867-1883
Ola vart berre 16 år.

Ola og Sigrid gifte seg i 1855. Ola overtok garden og ansvaret for to mindreårige brør i 1851. Truleg var også mora hans på Øvre-Lå ei tid.

{4905} År: 1898

Ola Olson ØvreLå 10.01. 1857-1927
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella.
Gm Guri Torsteinsdtr. Skarsgard ØvreLå 07.05. 1857-1907
Foreldre: Torstein Syverson Skarsgard Helling Hove og Birgit Tolleivsdtr. Helling Sando.
Gm Anne Olsdtr. Holshagen ØvreLå 1868-1935
Foreldre: Ola Tolleivson Holshagen og Kari Sveinsdtr. Raunsgard, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sigrid Olsdtr. ØvreLå 14.12. 1887-1900
Influensa.
2. Ola Olson ØvreLå 12.07. 1890-1891
3. Ola Olson ØvreLå 07.10. 1892-1964
Ug. Sjå neste hushald.

Ola og Guri gifte seg i 1887. Ola vart attgift med Anne i 1911. Ingen barn.
    Ola overtok garden i 1898 for kr. 2700. Anne selde garden i 1927 til stesonen Ola for kr. 9000 og kår.