Kortgarden gnr. 103 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kortgarden gnr. 103 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kortgarden var opphavleg den øvre delen av Styrkestad, fyrste gong nemnt i 1616 som eige til Bjella. Garden vart frådelt Styrkestad ved lagtingsom i 1695, og fekk deretter namnet Kortgarden etter den fyrste bonden. (Også kalla 'Korterud' i 1727 og 'Lille Styrkestad' i 1792.)
    Landskyld 1 1/2 laupsbol.
    Areal 1865: dyrka jord 9 mål, naturleg eng 28 mål, utslått 26 mål. Avling 7 1/2 tunne bygg og 5 1/2 tunne potet.
    Kortgarden vart delt i 1979. Tunet m.m. 5 mål med 7 lafta hus i eit firkanttun: Hallingstugu (panelt); kårhus; loft; stall med trev; låve med svalgang; fjøs og badstugu vart selt som feriestad.
    Jordvegen vart selt som tilleggsjord til nordre Bjella (gnr. 104/1). Arvid Jonseth eig skogen.
    Stølar. Kortbakkane heimstøl (fråselt 1950), langstølen på Kuluset (fråselt 1921).
   

{4933} År: 1755

Kort Eilevson Styrkestad 1724-
Foreldre: Eilev Kortson Styrkesstad og Kari Larsdtr. Stave.
Gm Liv Tolleivsdtr. Breie Kortgard? 1725c-
Foreldre: Tolleiv Knutson Øvre Breie og Gro Olsdtr. Mehus (Kvisla).
*Barn
1. Eilev Kortson Styrkestad 08.09. 1748-1789s
Gm Ambjørg Olsdtr. Rime. Sjå neste hushald.
2. Lambert Kortson Kortgarden 16.05. 1751-1751
3. Kari Kortsdtr. Styrkestad Arnegard 14.01. 1753-1814
Gm em Eirik Halvorson søre Arnegard i Vats, gnr. 91/3.
4. Anne Kortsdtr. Styrkestad Ørjansplass 15.04. 1756-1825
G 1792 m Ørjans Larsson Holo, gnr. 51/4.
5. Gro Kortsdtr. Styrkestad 01.04. 1759-
Gro vart konfirmert i 1779. Ukjent lagnad.

Kort og Liv fekk minst fem barn, men berre tre av dei vaks opp.
    Ein vårmorgon i 1760 gjekk Kort til Gunnar i nedre Reinton for å kjøpe eit par geiter. Men det vart ei stutt akkedering. Kort gav seg på heimveg heller fort, - då var han blodig i andletet. Då futen høyrde om dette, ville han etterforske kva som hadde gått føre seg. (1297) s 34
    Kort lånte 140 rd i 1764 og var mellom 'Fattige 1780-1800'.
    Ein tvist mellom Kort og sonen Eilev enda med slikt kår fastsett ved dom 1772: 1 mål åker (nedst på Storåkeren); stølen "Skjønset" (Grønset?), det søre loftet, det søre eldhuset, eit rom i stugu om han ikkje sette seg opp eiga stugu. Kort vart pålagt å utstede skøyte på garden til Eilev innan 15 dagar. Kari Larsdatter skulle også ha kår etter kontrakt. (1370) s 62

{4934} År: 1772

Eilev Kortson Styrkestad 08.09. 1748-1789s
Foreldre: Kort Eilevson Kortgarden og Liv Tolleivsdtr. Breie(?) .
Gm Ambjørg Olsdtr. Rimehaug Kortgarden 19.06. 1737-1792s
Foreldre: Ola Eirikson nordre Rime og Guri Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Kort Eilevson Kortgarden 24.10. 1773-1789f
Kort døydde liten.
2. Kort Eilevson Kortgarden 1779-
G 1800 m Gunhild Knutsdtr. Myregard. Sjå neste hushald.

Eilev og Ambjørg fekk i allefall to barn. NB. På museet er oppbevara ei treplate der syskenflokken på Rime har fått innskore namn og fødselsdato. (Døme: 'AOD fød 1737 den 19. juny'. (I kyrkjebøkene har me dåpsdatoar frå 1744 og fødselsdatoar frå 1806!)
    Eilev hadde ei rettssak om garden med faren i 1772. Saka enda med at Eilev vart tilkjent garden. Faren hadde selt unna 4 mål åker, og hevda at "han tek sitt att når han vil."
    Eilev tenestgjorde ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i 1773, 'var gift og brukte Styrkestad'.
    Han makeskifta stølen Mourset og 18 rd med Halvor E. Bjella og fekk att stølen Kuluset og 2 mål jord i Sjausetbakkane.
    Ivar Styrkestad kravde 1789 at Eilev tok sin 1/4 av tiendeytingane for Styrkestad. ( dvs. 1 1/2 lb.) Men Eilev prova at korkje han eller forgjengaren hadde svara andre ytingar enn 1 arbeidsdag for presten kvart år. (1673)5
    På skiftet etter Eilev i 1789 var det 164 rd å dele. På skiftet etter Ambjørg i 1792 var buet på 148 rd.

{4935} År: 1800c

Kort Eilevson Kortgarden 1779-
Foreldre: Eilev Kortson Kortgarden og Ambjørg Olsdtr. Rime.
Gm Gunhild Knutsdtr. Myren? Myregarden? 1772-
Foreldre: Knut Larsson Rime Myregarden og Margit Olsdtr. Myregarden.
*Barn
1. Ambjørg Kortsdtr. Kortgarden Arnegard 15.03. 1801-1876
G 1846 m em Knut Knutson Arnegard, gnr. 56/2.
2. Eilev Kortson Kortgarden 26.09. 1802-1817
3. Ambjørg Kortsdtr. Kortgarden 10.07. 1807-
Var det Ambjørg eller systera som fekk sonen Eilev i 1839?
    NB. Berre ei Ambjørg er funnen død. Har Ambjørg nr. 2 reist or bygda?
4. Knut Kortson Kortgarden 10.07. 1813-1904
G 1838 m Sigrid Levorsdtr. Dengerud. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Eilev Ivarson Kortgarden 05.01. 1839-1918
Eilev gjekk under namnet LangkortEilev. Han var stor og sterk og godmodig, men vart rekna som ein original.
    Eilev vaks opp hjå Knut Kortgarden. Han hadde lett for å lære, og var den flinkaste på skulen. Men han fekk ikkje stå som nr. 1 som konfirmant. Dette ergra han gjennom resten av livet, og han såg med mistru til prestane etter dette. Om Eilev vart sagt at han mangla arbeidslyst, men han hadde bra matlyst. Livretten var ein settung med potet, 5 pottar sur mjølk og ein høveleg sureprim.
    Eilev vart noko plaga av skalkar, og tok lett til sinne. Reiv han brisk, så var det i sinne. Og husbondfolket fekk høyre kva han meinte om dei etterpå! Og han kravde gjerne løn av arbeidsgjevaren fleire gonger for same arbeidet. Difor fekk han gjerne del-oppgjer.
    Så ville Eilev finne seg gifte. Det vart eit årelangt og lite fruktbart arbeid. Resultatet vart verre enn ingen ting. Etterkvart kom Eilev på legd.
    "Eg ha kome tå jente-stigji og på fatigstigen", sa Eilev då. Han rusla rundt i bygda med sekk på ryggen og ein embar ("dull") med mat i handa.
    Det fortelst at Eilev sprang ned på Gamleheimen då den opna. Det var som å koma til himmelrik!
    Eilev var på Øvre-Lå då enden kom. Han bad grannane til seg og bad om tilgjeving for moglege fornærmingar gjennom livet, - og så sovna han stille inn. (1408)
    Foreldre: Ivar Olson Ruud Sundrebråten (ungkar) og Ambjørg Kortgarden.

Kort og Gunhild gifte seg i 1800. Noko skøyte er ikkje kjent, dei har nok overteke garden på same tida. Kort var gardmann og soldat i 1801. Dei vart tildelt korn på kassa i 1846.

{4936} År: 1842

Knut Kortson Kortgarden 10.07. 1813-1904
Foreldre: Kort Eilevson Kortgarden og Gunhild Knutsdtr. Myren.
Gm Sigrid Levorsdtr. Dengerud Kortgarden 30.05. 1803-1867
Foreldre: Levor Tolleivson Dengerud og Astrid Olsdtr. Skrattegard.

Knut og Sigrid gifte seg i 1838. Ingen barn. Knut overtok garden etter foreldra i 1842.
    I 1861 selde dei garden til Asle Bjella for 450 spd og kår.

{4937} År: 1861

Asle Olson Bjella Kortgarden 24.08. 1830-1919
Foreldre: Ola Olson Ulshagen Bjella og Mari Olsdtr. ØvreLå.
Gm Anne Tolleivsdtr. Dengerud Kortgarden 28.02. 1843-1895
Foreldre: Tolleiv Levorson Dengerud og Anne Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Mari Aslesdtr. Kortgarden 06.09. 1861-1894
G 1888 på Romerike m ... ... . KB 1882 utfl.attest. til Amerika.
2. Ola Asleson Kortgarden Bjella 27.08. 1862-1940
Ug. Ola Asleson sette seg opp stugu og smie på Skansen på Sundre. Ola dreiv som smed, men økonomien bar ikkje. Huset vart selt på auksjon i oktober 1893. (Oppl. H. Ulshagen.)
    Til Am. 1893: McIntosh, MN. Ola starta som smed hjå Engeseter, sidan hadde han eigen smie og vognmaker-verkstad.
    Ola skreiv seg Bjella. I 1905 (9 år etter Henry Ford!) laga Ola ein bil som fekk namnet 'Bjella', det var den fyrste bilen i McIntosh. Denne veteranbilen står i dag på utstilling i Historical Society i St. Paul, MN.
3. Anne Aslesdtr. Kortgarden Moen 04.02. 1864-1922
Gm Nils Moen, Nordland 1853-1933. Barn: Anna Matilde 1887-1916 gm Peter Erickson (2 barn);
    Ida Amalia 1889- gm Gustave William Gunderson (4 barn); Alfred 1890-1956 gm Selma Iverson (2 barn); Oscar Adolf 1892- gm Sophie Otilia Sanden (6 barn), gm Edna Maureen Narum (3 barn);
    Ole 1895-1981 gm Mina Widness (1 dotter); Clara Theoline 1896- gm Francis Skaurud (1 son);
    Sellus Bernard 1898-1975 gm Emma Antonette Skaurud (4 barn); Mable 1900-1909; Clarence 1903-1936 gm Agnes Klinkhammer (3 barn); Lillian Ovidia 1907- gm James A. Skaurud (3 barn).
    Nils og Anne budde i Gary, MN.
4. Birgit Aslesdtr. Kortgarden Holte 08.12. 1865-1954
G 1885 m Lars Nilsson Holto Kortgarden 1853-1912. Barn: Nils 1886- ung; Asle 'Alex' 1887-1959; Guri /Gertrud 1890-1963 gm Oscar Johanson (ingen barn); Nils 1891-1919 ug.; Anne Maria 1893-1971 gm Geo. Aldridge; Clara 1894- gm Kai Worner (4 barn); Minnie 1896-1964 ug. ; Bertine 1900- gm Jack/John McKenzie Wilkie (6 barn); Matilde 1903-1928 ug.; Lilly 1905-1913. (1597)s 15
    Birgit skreiv ein avskjedsong før ho reiste til Am. 1892. (Sjå Hallingen mars 1962.)
5. Knut Asleson Kortgarden 05.03. 1867-1887
Knut gjekk i urmakarlære. Død i unge år.
6. Margit Aslesdtr. Kortgarden Knutson 02.12. 1868-1901
Gm Steffen Knutson, Winger, MN 1848-1938. Barn: Malendi 1898- ; Selma 1900-1953 gm Edwin Flaskerud (4 barn).
    Sjå artikkel og foto i Hallingen 281.
7. Tolleiv Asleson Kortgarden 26.02. 1871-1888
Død 17 år gamal.
8. Ola Asleson Kortgarden 11.08. 1872-1944
Gm Carrie Christiansen, Winger, MN 1880-1968. Barn: Alice 1907- gm Edward Bucholz (3 barn);
    Gertie 1909- gm Helmer Norman Eraker (1 son); Myrtle 1913- gm Cupid Oren Walswick (4 barn);
    Clara 1916- gm Arthur Borstad (3 barn).
    Til Am. 1893: Busett i Mahnomen, MN. NB. Ola var den einaste av syskenflokken som brukte Kortgard-namnet. (Clara Vorstad har samla og skrive om Bjella-slekta i Amerika.)
9. Sigrid Aslesdtr. Kortgarden Stølen 25.04. 1874-1937
G 1896 m Ola Mikkelson Stølen, gnr. 50/2.
10. Levor Asleson Kortgarden Bjella 31.03. 1876-1967
G 1903 m Amalia (Emely ) Ericksen OlsonBråten, Nes 1883-1969. Barn: 9: derav 2 lærarinner :
    Anne 1903- gm Sharol Johnson (2 barn); Oscar 1905-1988 farmar/mekaniker, ug.; Laura Alvina 1907-1963 gm Melvin Higdem (3 barn); Albert 1909-2002 forretningsmann, gm Opal Bursheim, busett i McIntosh, ND; Kalmer 1912- bygningsmann, gm Florence Mikkelson (2 barn), busett i McIntosh, ND;
    Mabelle 1915- gm Kenneth Miner (3 barn); Sophie 1918- gm Lewis Lohn (1 barn); Alice 1921- gm Herman Ellingson (6 barn); Leon 1926- gm Mavis Koehly. (1434) V325
    Levor reiste til Am. 1885: McIntosh, MN. Han var bygnings-inspektør. Levor fyllte 90 år i 1966. Jfr. Hallingen des. 1967.
11. Asle Asleson Kortgarden Bjella 25.11. 1877-1961
G 1904 m Clara Bogstad 1885-1917. Barn: Lloyd 1907-1998 smed/orkester-leiar, g 1974 m Theresa Young; Jewel 1910- gm Esther Stevens (1 son); Lillian 1912- gm Conrad Danielson (3 barn); Norman 1915- bilseljar, gm Ada Myre (4 barn); Arley 1916-2001 soldat i Pattons 3. arme, aktor under Nuremburg rettsaka, statsadv. m.m. i Minneapolis, g 1948 m Beverly Heen (3 barn).
    G 1920 m Minnie Ellingson Rudningen (frå Hol). Barn: Lanceford 1921- retts-skrivar, gm Ilah Strand (4 barn).
    Asle reiste til Am. som 17-åring. Asle var farmar og han smed i Epping, ND. Han hadde fleire offentlege verv. (Med hjelp frå Ottar Stølen.)
12. Anne Aslesdtr. Kortgarden Shawstad 26.04. 1880-1956
Gm Andreas Sjåstad ("Andrew Shawstad") 1886-1931. Barn: Alma 1903- gm Roy Monteith (6 barn);
    Gerhard 1904- gm Ruth Hammond, gm Myrtle Olson (3 barn); Selmer 1905- gm Stella Ruby Smith;
    Clarence 1908- gm Ethel Mae Noite (4 barn); Clarice 1912-1981 gm Harold Maudal (3 barn); Viola 1914- gm William Leroy Martinson (2 barn); Norman 1916- gm Romona Smith (2 barn).
    Anne og Andres budde i Gary, Norman Co, MN. (1047)
13. Olaf Asleson Kortgarden Bjella 18.07. 1882-1959
G 1912 m Agnes Packard 1881-1919. Adoptivbarn: Irene 1917- gm Robert Harvey.
    G 1921 m Elise French Thomas 1888-1980.
    Til Am. 1894: Epping, ND. Farmar, sidan postmeister. Han gav 40000 kr til kyrkjeorgel i Ål. (1047)
14. Tolleiv Asleson Kortgarden Bjella 21.08. 1884-1974
G 1912 m Guri Hansdtr. Bekkestad ("Gertie Hansson") 1885-1952. Barn: Alfred 1913- gm Eunice Thorset (3 barn); Gilmore 1914- gm Gertrude Hippler (3 barn), gm Lillie Noble Nice; Oscar 1917- gm Bonnie M. Grisamer (2 barn); Herbert 1919- lærar gm Nancy Gay Clark. (1657)
    Til Am. i 1906: Williston, ND. Tolleiv dreiv bilverkstad i Epping. Foto, sjå Hallingen 1971 nr 235 s 26: 'Ålings-smedane i Epping'.
15. Birgit Aslesdtr. Kortgarden Rodning 27.07. 1886-1981
G 1907 m Syver S. Rudningen, Hol 1869-1937. Barn: Thelma 1908- lærarinne, gm Art Hickman (3 barn), gm Aage Fiddan; Mabelle 1910-1978 lærarinne, gm Erhardt Larsen (2 barn); Anne Christine 1912- sjukepleierske gm Andrew Anderson (5 barn); Selmer 1913- arbeidde på tinghuset i Epping, gm Ida Selness (6 barn); Olga 1915- stenograf i Santa Ana, gm John Leroy (1 barn); Richard 1923- prest, g 1948 m Elaine Johnson (5 barn). (1475)292
    Til Am. 1893: Minnewaukan, ND. Dei skreiv seg Rodning. Syver dreiv forretning i Epping, ND. Han var redaktør av Hallingen i 7 år. (Hol III s 867)

Asle og Anne gifte seg i 1861. Asle dreiv krambu i ei stugu på Kortgarden ei tid. Det nordre huset på garden vart bruka som pakk-bu, det søre som bustad og krambu.
    Men krambua bar seg ikkje økonomisk, så i 1871 melde Asle buet konkurs. Det vart handelsbetjenten var Petter Syverson som møtte på tinget. (Asle var sengeliggande under bu-handsaminga.) Varelageret vart taksert til 547 spd, husdyr 4 kyr, 15 geiter, 6 sauer, hest og gris. Gjeld 410 spd.
    Etter desse tala å døme var nok stoda ikkje trykkande, men Asle såg truleg at innteninga ikkje var god nok til å halde fram med krambu-drifta.
    Asle bygde seg ein heim ved Gary, MN og reiste til Ål for å hente ho Anne. Men då Asle kom låg Anne for døden. Ho vart gravlagt i Ål.
    I 1896 reiste Asle til Amerika med tre av dei yngste ungane. Dottera Sigrid vart verande i Ål, og såg ikkje meir til familien sin. (Sjå 'The ancestors of Asle Olsen Bjella 1830-1919.')
    I 1897 var Kortgarden selt på auksjon til Ola Gjeldokk.

{4938} År: 1897

Ola Embrikson Gjeldokk Kortgard 14.07. 1854-1939
Foreldre: Embrik Knutson Hago Gjeldokk og Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk.
Gm Birgit Hermannsdtr. Nyhus Kortgard 14.10. 1868-1947
Foreldre: Hermann Hermannson Nyhus og Margit Olsdtr. Sveinsgarden.
*Barn
1. Embrik Kortgard 05.02. 1893-1894
2. Margit Kortgard 27.07. 1895-1961
Margit og systera Birgit budde på garden og hjelpte til med arbeidet. Då Hermann gifte seg flytta dei på gamleheimen.
3. Birgit Kortgard 27.07. 1895-1982
Birgit var døvstum og vart oppteken på Kr.ania Off. Skole for Døve. Birgit og systera Margit budde på garden og hjelpte til med arbeidet. Birgit var livleg av seg, Margit meir stille.
4. Anne Kortgard Preinsrud 29.11. 1896-1965
G 1923 m Ola Olson Preinsrud. Ho var ivrig amatør-fotograf. Sjå 'Preinsrud' under 'Andre folk'.
5. Embrik Kortgard 09.02. 1900-1974
G 1938 m Olga Hansen, Island 1911-1994. Sjå neste hushald.
6. Ragnhild Kortgard Bråthen 14.05. 1904-1995
G 1930 m Ingvald Olson Bråthen. Sjå år 1928 og Kolbjørnstølen.
7. Hermann Kortgard 14.01. 1909-1982
G 1950 m Mari Olsdtr. Bjella. Sjå år 1945.
8. Ola Kortgard 24.04. 1913-1986
G 1941 m Anna Aastrøm. Oppsynsmann og spøkefugl. Sjå eige hushald.

Ola og Birgit gifte seg i 1892. Ola kjøpte Kortgarden på auksjon i 1897 for 3600 kr.
    Ola og Birgit budde fyrst på Nyhus, og deretter i Holterudningen fram til 1897. Stølen Kuluset, bnr 9 vart frådelt 1921 og selt til Ivar Gjeldokk. Kuluset ligg no til Stakegarden.