Styrkestad, nedre gnr. 103 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Styrkestad, nedre gnr. 103 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Styrkestad vart frådelt Styrkestad i 1888 og selt på auksjon.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål, anna areal 3 mål og beite 5 mål som vert leigd bort, produktiv skog 200 mål, bjørkeskog 5 mål.
    Stugu, loft, låve, fjøs, alle gamle tømmerhus. Styrkestad-olda har sikkert vatn.
    Frådelt: Styrkestadbakkane, bnr. 8 (selt til Kortgarden), Staugardtjønn, bnr. 10 (selt til Ål kommune i 1942, i matrikkelen har namnet vorte til 'Steinugardtjernet'.
    Stølar. Heimstøl på Huus-stølen, gnr. 112/18 tilkjøpt 1894.

{4944} År: 1890

Lars Larsson Bjella Styrkestad 01.12. 1838-1926
Foreldre: Lars Tolleivson Bjella og Haldis Olsdtr. Huus eller Lå.
Gm Birgit Andersdtr. Hove Styrkestad 07.09. 1851-1884
Foreldre: Anders Olson nedre Hove og Anne Tolleivsdtr. Helling.
*Barn
1. Lars Larsson Styrkestad 25.01. 1874-1950
Sjå neste hushald.
2. Anders Larsson Styrkestad 13.09. 1875-
Anders var fjøsrøktar på Jeløya i 1900. I 1909 budde Anders i Minnesota.
3. Tolleiv Larsson Styrkestad 10.01. 1878-1909
Ugift. Kvegrøktar i 1900. Han døydde ugift i Bergen i 1909.
4. Ola Larsson Styrkestad 05.10. 1879-1882
5. Ola Larsson Styrkestad 19.11. 1881-1884
6. Tolleiv Larsson Styrkestad 13.06. 1883-1883

Lars og Birgit gifte seg i 1873. Dei budde på Hove dei fyrste åra. Med Birgit kom ei gamal stugu frå Hove. Eit utskore trestykke frå den stugu er no på Ål bygdamuseum. Lars var handelskar og dreiv fehandel.
    Dei var inderstar på Hove ei tid. Lars kjøpte søre øvre Gurigard i 1880 som han selde att i 1883. Deretter kjøpte han nedre Styrkestad på auksjon for kr. 1400 i 1890.
    Lars kjøpte heimstølen Huus-stølen, gnr. 112/18 i 1894.