Bjella, nordre gnr. 104 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Bjella, nordre gnr. 104 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Bjella var truleg den opphavlege garden 'norda grove' i ØvreÅl. Namnet vart skrive 'Biarlaam' i 1310, og det skal skal koma av 'bør' som tyder gard, og 'lo' som tyder myrvatn. Eller kanskje helst 'la' eller 'lå' dvs. våt jord. Sjå Lå, gnr. 101/1.
    Bjella grensar mot Helling i aust, Gjeldokk i sør og Styrkestad i vest.
    Oldfunn. På Bjella er funne ein beltestein av kvarts.
    Før delinga i nordre og søre garden var Bjella skattlagt som fullgard med 21 laupsbol. Av dette var 12 laupsbol i kanonigods, dvs. jordegods som låg til dom-kapitlet. (Her presteskapet ved Maria-kyrkja i Oslo.) Slikt jordegods kan ha vorte gjeve som gåver til Mariakyrkja, eller som betaling for sjelemesser i katolsk tid. I 1557 skatta Bjella av 4 kalvskinn.
    'Biørle, 8 skinn' står under hallingdalsk jordegods under St. Laurenti altar i Mariakyrkja i jordeboka frå 1591. Dette godset vart selt som krongods kring 1665 til Jakop Didriksen. Og i 1687 overtok Bjørn Frøysok på Gol, og han selde til bonden på Bjella i 1697.
    Etter delinga midt på 1600-talet hadde nordre Bjella 9 laupsbol og søre Bjella 12 lb. Av dette var det no 6 laupsbol kanonigods i kvar gard. Kvar gard vart no skattlagd som halvgard.
    1704 var det delegonge mellom Helling og Bjella. Etter å ha gått til Nysetnatten, Vindhaugen og Møretjønnnatten vende retten attende til Helling. Delet skulle gå langs Hellinggrova til ein nedsett stein ved "Vasgrovet" ('hvor bekken er udskåret til Helling') og derfrå i høgaste haugen ova Vasteget til andre delestein, til tredje og fjerde stein på Stabkiendhaugen, til femte stein ved søre enden av Langetjønn og derfrå til Sjausetbekken og eit grått berg i Sjausethaugen. Sjausetbakkane vidare skal vera felles i hogst og havn, dvs. klauv mot klauv og horn mot horn. (1117) s 3
    I 1747 var det åstadsak i Kulusetlia: øvreålingar ville sette dele mot leveldingar som svara med motsøksmål for å få fastsett kva eige Øvreål kunne ha i Kulusetlia. Retten gjekk opp på Skjenhovda. Delet gjekk derfrå til Svarteberget og til sist til eit høgt berg "Kiød Natten". Saka vart utsett i påvente av opptak av kart i området. (1140) s 62
    Deling. I 1799 kjøpte Ivar Knutson (Langeland) ein del av nordre Bjella for 710 rdr. Sjå myljo Bjella, bnr. 2.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 22 mål. Avling 13 tunner bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål som dels vert leigd bort, anna areal 20 mål, produktiv skog 60 mål, anna utmark 300 mål. Buskap 33 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1968, loft omkr. 1900, gamal hallingstugu, driftsbygning omkr. 1875.
    Stølar. Heimstølar, Bjellastølen (ved Nilsegard i bakkane ovanfor garden, nedlagt), Feten inne på heimåsen. (Nedlagt 1915.) Langstøl er Halli på Hevjansåsen, tilkjøpt frå Ruud 1855. Opphavleg langstøl i Djup vart bortpanta i 1819. (Frådelt Bjella 1904 og tillagt Dusegard.)
    Jordvegen på Kortgard (gnr. 103/4) vart overteke i 1979 etter svogeren Herman Kortgard.
   
{4956} År: 1752
Eirik Endreson Bjella 1722.-1766s
Foreldre: Endre Halvorson Bjella og Margit Eiriksdtr. Rime.
Gm Unn Olsdtr. Lå Bjella 1720-1760
Foreldre: Ola Torgeirson Lå og Ambjørg Klemetsdtr. Sundbrei.
Gm Gro Knutsdtr. Medgard Bjella 1715c-
Foreldre: Knut Torson Medgard og Ambjørg Olsdtr.Tveito.
*Barn i andre ekteskap
1. Unn Eiriksdtr. Bjella Holo 11.05. 1761-1784
Gm Sevat Larsson Gjeldokk søre Holo, gnr. 50/1.
2. Halvor Eirikson Bjella 02.06. 1763-1840
G 1784 m Ragnhild Holgesdtr. Sundrelien. Sjå år 1766.
3. Eirik Eirikson Bjella Mykingplassen 06.07. 1766-1836
Gm Ragnhild Sveinsdtr. Sata. Sjå Veslestølen, gnr. 93/1a.
Eirik og Unn kan ha fått barn som ikkje vaks opp. NB. Når sonen Eirik kalla dotter si for 'Gro', så må ein tru at Eirik var frå andre ekteskap. Unn døydde i 1760, og Eirik vart attgift same året med Gro Knutsdtr.
    I 1752 overtok Eirik garden nordre Bjella mot å svare for gjelda og yte kår til foreldra. (Årleg 4 tunner korn og 2 kyr framfødd m.v.)
    I 1754 vart Eirik innklaga for retten av presten avdi at han nekta skulegonge og konfirmasjon. For dette vart Eirik dømt til å førast til tukthuset i Kristiania.
    Det var skifte etter Eirik 17. oktober 1766.
    Gro vart attgift med Lars Syverson. Sjå neste hushald.
{4957} År: 1766
Gro Knutsdtr. Medgard Bjella 1700.-
Foreldre: Knut Torson Medgard og Ambjørg Olsdtr. Tveito.
Gm Lars Syverson Helling(?) Bjella 1737-1787s
Foreldre: Syver ... ... og Anne Isaksdtr. Richterøyen. (Halvsyster: Kari Olsdtr. Richterøyen.)
Gro vart attgift med Lars Syverson snart etter 1766. Dei brukte garden for den mindreårige sonen hennar.
    I 1773 tenestgjorde Lars ved Øvre Hallingdalske Skiløperkompani.
    I 1774 lånte han 500 rd hjå Oslo Hospits Casse mot pant i garden. Lars fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774.
    Etter at Lars Syverson var død kring 1787 vart garden selt til stesonen Halvor Eirikson for 621 rd. Arvingane ved prokurator Hesselberg kravde garden selt på auksjon. Arvingane nappast om buet. Det vart halde 10 skiftemøte!
{4958} År: 1787
Halvor Eirikson Bjella 02.06. 1763-1840
Foreldre: Eirik Endreson Bjella og 2.g Gro Knutsdtr. Medgard.
Gm Ragnhild Holgesdtr. Sundrelien Bjella 26.12. 1762-1854
Foreldre: Helge Eirikson Sundrelien og 3.g Kari Olsdtr. Lå.
*Barn
1. Eirik Halvorson Bjella 28.11. 1784-
Truleg død i 1790-åra.
2. Gro Halvorsdtr. Bjella Jonset 1787-1845
Barn m em Levor Tolleivson Dengerud: Halvor 1817- , sjå barnebarn.
    G 1824 m Kristian Person Sundre Jonset, gnr. 111/6.
3. Holge Halvorson Bjella Skjåmehaugen 1790-
Sjå neste hushald.
4. Kari Halvorsdtr. Bjella Brenno 1792-1850
Ugift. Kari budde hjå broren på Brenno.
5. Turid Halvorsdtr. Bjella 28.10. 1792-
Truleg død liten.
6. Unn Halvorsdtr. Bjella 1795-1854
Unn kom attende til Ål frå tenest på Ringerike. Unn var 'ugift fruentimmer' i 1854.
7. Gunhild Halvorsdtr. Bjella Glomsletten 1798-1867
G 1827 m Ola Olson ØvreLå Glomsletten, gnr. 54/6.
8. Eirik Halvorson Bjella Brenno 21.06. 1801-1882
G 1831 m Åse Sevatsdtr. Granhagen Leksvolplassen. Sjå Brenno, gnr. 118/5.
9. Knut Halvorson Bjella Skalhus 17.09. 1804-1881
Knut fekk fire barn før han gifte seg. Barn: Halvor 1848- (ukjent) m Guri Aslesdtr. ... ; Birgit 1851- (ukjent) m Birgit Ivarsdtr. ... . (inderst på Vangen hennar 3. lm. med samme); Ingeborg 1839- m Ingeborg Knutsdtr. ... Sundrelien 1804- ; Ragne 1842-1887 m Gunhild Andresdtr. Branes. Ragne vaks opp hjå Knut og vart konf. i Gol 1860. (Sjå Branesberget, gnr. 123/30a.)
    G 1845 m enkje Turid Botolvsdtr. Trintrud Glomsletten 1802-1879. Ingen barn.
    Knut og familien reiste til Gol. Han vart skriven Vermåker og Rotneimseie. Knut rudde og bygde Brenno under Håvelmoen. Plassen vart også kalla Skallhus, og fleire av ungane bar oppnamn med "Skalle-" . (Gol V s 86-8) På sine gamle dagar var Knut inderst i Dengerud.
*Barnebarn
1. Halvor Levorson Bjella 19.10. 1817-1899
Foreldre: Levor Tolleivson Dengerud (enkjemann) og Gro Halvorsdtr. Bjella.
    I FT 1891 var Halvor ugift og budde i Hansebråten og Hefte. Han dreiv jordbruksarbeid og var viltfangar.
Halvor og Ragnhild (Ragne) gifte seg i 1784. På skiftet etter faren i 1766 fekk Halvor utlagt garden saman med kreditorane. Halvor var då 3 år gamal, så det vart mora og stefaren som dreiv garden medan Halvor vaks opp.
    På skiftet etter stefaren Lars Syverson vart Halvor kalla 'H. E. Gjeldokk'. Halvor kjøpte garden for 621 rd. (1 rd over taksten). Botolv Helling hadde 500 rd pant i garden.
    I 1786 makeskifte Halvor stølen Kuluset med Eilev Kortson og fekk att stølen 'Mugeset'.
    Halvor kjøpte nordre Helling på auksjon i 1789 for 621 rd.
    I 1791 vart garden taksert slik: husa 100 rd, skogen 100 rd, jordvegen kunne fø 16 á 18 stykk fe og 40 småfe: 800 rd. Sum 1000 rd.
    I 1799 selde Halvor ein del av garden til Ivar Knutson Langeland for 710 rd. Ivar Knutson var gift med systera til Ragnhild, og hadde lånt dei pengar. Sjå myljo Bjella, bnr. 2.
    Nokre av arvingane hans vart skulda for å ha forsynt seg i buet etter Halvor. Borte var ei jernstong, ein arbeids-sele, ein ny vendeplog-gang, smiutstyr og ei plogge-kiste.
{4959} År: 1818c
Holge Halvorson Bjella Skjåmehaugen 1790-
Foreldre: Halvor Eirikson Bjella og Ragnhild Holgesdtr. Sundrelien.
Holge har nok hatt garden ei tid. Han selde til Ola Ulshagen i 1819.
    Holge var på plassen Skjåmehaugen i 1840. Før 1855 hadde han flytta til Vang i Valdres. Sidan drog han til Modum.
   
{4960} År: 1819
Ola Olson Ulshagen Bjella 02.09. 1787-1869
Foreldre: Ola Embrikson Ulshagen Gurigard og Margit Torsdtr. Veslegard.
Gm Mari Olsdtr. ØvreLå Bjella 06.12. 1795-1867
Foreldre: Ola Olson Kvinnegard (?) ØvreLå og Birgit Olsdtr. ØvreLå.
*Barn
1. Ola Olson Bjella 13.04. 1820-1873
G 1852 m Turid Olsdtr. ØvreLå. Sjå neste hushald.
2. Ola Olson Bjella 18.11. 1821-1863
Ug. Rosemålaren Bjella-guten. Ein av dei fremste målarane i Ål kring midten av 1800-talet. Ola skal ha gått i lære hjå Ola Feten. Arbeida hans skriv seg frå 1844 til 1863, kister, skåp og bollar. Han bygde opp røsene med stø hand og sikker symmetri. Ola hadde ein rik fantasi, og brukte gjerne særegne rim-vers på øl-bollane. Om dette var hans eigne haldingar, så mana Ola til måtehald med drykk.
    Ola skal ha vore ein nøktern og arbeidssam mann. Han budde heime på Bjella til han gjekk bort 42 år gamal i 1863. Sjå boka Rosemåling i Hallingdal s 196-202.
3. Embrik Olson Bjella Helling 06.06. 1824-1871
G 1861 m Guri Torsdtr. Feten Helling. Flink snikkar.
4. Tor Olson Bjella Storeteig 29.04. 1827-1902
G 1854 m Mari Olsdtr. ØvreLå. G 1873 m Borghild Embriksdtr. Ulshagen. Sjå Storeteig, 123/17 og Bakkeplass, gnr. 49/6.
5. Asle Olson Bjella Kortgarden 24.08. 1830-1919
G 1861 m Anne Tolleivsdtr. Dengerud. Sjå Kortgarden, gnr. 103/4, sidan til Amerika.
6. Anders Olson Bjella Sundre 25.08. 1835-1892
G 1866 m Kristi Olsdtr. Medhus. Lærar og poståpnar. Sjå SundreMyro, gnr. 110/47.
Ola Olson Ulshagen kjøpte Bjella i 1819 hjå Holge Halvorson. Av sønene var Embrik snikkar, Asle smed og Ola den kjende rosemålaren 'Bjellaguten'.
{4961} År: 1867
Ola Olson Bjella 13.04. 1820-1873
Foreldre: Ola Olson Ulshagen Bjella og Mari Olsdtr. ØvreLå.
Gm Turid Olsdtr. ØvreLå Bjella 24.11. 1828-____
Foreldre: Ola Olson ØvreLå og Margit Levorsdtr. Lå.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Bjella Lofthus 08.07. 1851-1915
G 1873 m Sander Knutson Lofthus 1848-1937. Barn: Knut 1873- ; Rønnaug 1875- gm Nils Nilsson Mørk frå Hol; Ola 1878-1881; Lars 1881-1891; Ola 1884- død i Am. like etter dei kom fram; Turid 1887-1981 gm Jon Jonsen (Jfr. boka til A. Møller: "Utvandreren Turi"); Sander 1890-1891; Lars 1892-93.
    Margit og Sander hadde Gurigard (gnr. 63/3) utan heimel frå 1880. Dei reiste til Amerika 1893: Busett i ND.
2. Ola Olson Bjella 26.03. 1854-
Ola var truleg død 1854, ni veker gamal, foreldre inderst 'Ola Olson og Kari Olsdtr' på Øvrelå. Anm. O. O. Bjella.
3. Ola Olson Bjella 20.01. 1856-1908
G 1882 m Ingeborg Larsdtr. søre Bjella. Sjå neste hushald.
4. Birgit Olsdtr. Bjella 17.07. 1858-
Birgit levde i 1873.
5. Mari Olsdtr. Bjella 24.02. 1860-1925
G 1886 m Lars Johanneson Gurigard (sjå gnr. 63/3) til Bjella. (År 1907 her.)
Ola og Turid gifte seg i 1852. Ola overtok garden i 1867 for 628 spd.
    I 1865 budde Ola og Turid saman med foreldra hans, dessutan hadde også broren Anders tilhald i same huset. Han var lærar og postopnar.
{4962} År: 1888
Ola Olson Bjella 20.01. 1856-1908
Foreldre: Ola Olson nordre Bjella og Turid Olsdtr. ØvreLå.
Gm Ingeborg Larsdtr. Bjella 19.06. 1841-1904
Foreldre: Lars Tolleivson søre Bjella og Haldis Olsdtr. Huus eller Lå.
Ola og Ingeborg gifte seg i 1882. Ola overtok garden i 1888 for kr. 2800. Ola og Ingeborg hadde ingen barn. Dei selde garden 1907 til Ola si syster og mannen hennar.