Bjella, Midtigarden gnr. 104 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bjella, Midtigarden gnr. 104 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Myljo Bjella eller 'Midtigarden' vart frådelt nordre Bjella i 1799. Garden ligg mellom søre og nordre Bjella.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 36 mål. Avling 13 tunner bygg og 11 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 93 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 250 mål, annan utmark 500 mål. Leigd jord 20 mål. Buskap: 10 mjølkekyr, 17 ungdyr, 25 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1992; kårhus frå omkring 1860; loft 1864; driftsbygning 1970 påbygd 1988; reidskapshus 1984 samansett av ein gammal låve og nybygg; reidskapshus 1998.
    Stølar. Heimstøl Fyriberg rett ovanfor garden. (Brukt til beite.) Tidlegare langstøl Djup, makeskift 1823 med Hevjansåsen, som så vart fråselt i 1912 til søre Hove. Garden var utan støl fram til 1974 då Stave og Stavestølen (gnr. 114/1) vart tillagt eigedomen.

{4966} År: 1799

Ivar Knutson Langeland Bjella 21.11. 1751-1839
Foreldre: Knut Olson ... Langeland og Margit Torsteinsdtr. ... .
Gm Kristi Holgesdtr. Sundrelien Bjella 01.05. 1757-1805
Foreldre: Holge Eirikson Sundrelien og 3.g Kari Olsdtr. Lå.
*Barn
1. Knut Ivarson Bjella Pletten 1787-1828
G 1827 m Birgit Levorsdtr. Dengerud. Knut var ute i krigen 1807-14.
    Sjå neste hushald. Knut var sidan forpaktar i søre Ulshagen, sjå gnr. 109/2.
2. Holge Ivarson Bjella 1790-1866
G 1819 m Guri Andersdtr. Gjeldokk. Sjå neste hushald.
3. Margit Ivarsdtr. Bjella Ulshagen 1794-1871
G 1823 m Halvor Person Sundre søre Ulshagen, sjå gnr. 109/2.
4. Kari Ivarsdtr. Bjella 1799-____
Truleg død liten.
5. Kari Ivarsdtr. Bjella Sandelien 17.06. 1804-1893
G 1837 m Ola Halvorson Sandelien, gnr. 52/1.

Ivar og Kristi gifte seg i 1784. Dei budde i Pletten dei fyrste åra.
    Som gjætargut var Ivar meir interessert i ei medbrakt bok enn i buskapen, så gjætinga gjekk ikkje heilt bra. Tidleg lærde han å skrive, og nykonfirmert vart han tilsett som lærar.
    Ivar søkte på ombodet etter klokkar Qvam. Fyrst måtte Ivar møte hjå biskopen i Oslo og syne kva han kunne. "Syng høyere!" sa biskopen.
    "Men då kan du tru eg kvo åt 'o!" fortalde Ivar då han kom heim att som klokkar. (Mehlum 1904/2)
    Ivar var skraddar før han kom til Bjella. Døtrene hans klaga på fargebruken når han sauma 'utstikka' (broderte) knebukser. Grunnen var nok den at han brukte det garnet han hadde. (1644)
    Ivar var skulehaldar og klokkar. Han var svært sparsam av natur. M.a. gjekk han berrføtt på kyrkjeveg, og i handa bar han sokkar og skor. Ivar sa kva han meinte til alle, både til høg og låg.
    Ein gong bispen var på visitas, vart han og bispen samt ein av sønene sitjande i klokkarstolen framme i koret. Men messa vart lang, og Ivar sovna til slutt. Då messa var over, reiste bispen seg og gjekk. Då vart Ivar vekt av sonen: "Far, far! Bispen bryt seg ut!"
    Ivar kjøpte 1780 Perstølen for 98 rd hjå Torstein Knutson. Heimstølen Strupen og langstølen Turrhaug fylgde med. Men seljaren skulle kunne halde fram med bruk av plassen i 8 år mot å betale renter av kjøpesummen. (1206) s 31b
    Ivar kjøpte også Viskebråten og Pletten for 165 rd i 1785. Handelen omfatta også slåttelendet Mosarud; Grauthovddokken; eit stykke av heimstølen Feten; 4 fiskegarn samt vanlege rettar i skog og mark.
    I 1799 kjøpte Ivar nordre Bjella for 710 rd. Eller: Ivar kjøpte myljo Bjella, systera til Kristi var gift til nordre Bjella, og så la Ivar ut pengar for dei såpass at han fekk halve garden. Det vart myljo Bjella.
    I 1804 kjøpte Ivar plassen Randedokken. Og i 1815 selde han garden Bjella til sonen Knut.

{4967} År: 1815


Knut Ivarson overtok garden Bjella 1815 hjå far sin for 600 rd. Knut selde garden vidare til broren Holge i 1820 for 500 spd og kår til faren Ivar Knutson.
    Knut var sidan forpaktar i søre Ulshagen, gnr. 109/2.

{4968} År: 1820

Holge Ivarson Bjella 1790-1866
Foreldre: Ivar Knutson Langeland Bjella og Kristi Holgesdtr. Sundrelien.
Gm Guri Andersdtr. Gjeldokk Bjella 13.09. 1795-1869
Foreldre: Anders Ivarson Gjeldokk og Birgit Sveinsdtr. Sata.
*Barn
1. Kristi Holgesdtr. Bjella Haug 02.08. 1820-1853
G 1844 m Ola Larsson søre Haug, gnr. 59/1.
2. Ivar Holgeson Bjella 14.06. 1822-1847
Korporal. Død ugift.
3. Anders Holgeson Bjella 25.03. 1825-1907
Ugift. Anders hadde bruket Råen frå 1854 til 1865. I 1891 var Anders rentenist og gardsarbeidar i Dengerud. I 1900 levde han 'af sin formue'.
4. Knut Holgeson Bjella 04.10. 1827-1881
G 1857 m Anne Henriksdtr. Huus. Sjå neste hushald.
5. Holge Holgeson Bjella Dengerud 15.01. 1831-1907
G 1856 m Margit Botolvsdtr. Gjeldokk. Sjå Dengerud, gnr. 99/1.

Holge og Guri gifte seg i 1819. Holge overtok garden hjå broren Knut i 1820. Han var kyrkjesongar og lærar ved sida av garden.
    Som skikken var reiste Holge på stølen sumars-helgene. Men det var uråd å vera klokkar med langstøl inne i Djup. I 1820 makeskifte han stølen i Djup med Lars A. Holto og fekk att ein støl på Hevjansåsen. Då vart det meir høveleg kyrkjeveg.
    Ein periode var Holge ikkje heilt seg sjølv. Han var sjuk. Så ein sundag steig Holge heilt uventa fram i kyrkja og forretta som vanleg. (1419)
    Holge kjøpte både nordre Dengerud og Råen i 1841, sonen Holge overtok Dengerud og sonen Anders overtok Råen.

{4969} År: 1854

Knut Holgeson Bjella 04.10. 1827-1881
Foreldre: Helge Ivarson Bjella og Guri Andersdtr. Gjeldokk.
Gm Anne Henriksdtr. Huus Bjella 11.07. 1833-1907
Foreldre: Henrik Eilevson Huus og Guri Syversdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Bjella Torsgard 10.11. 1857-1879
G 1877 m Svein Sveinson Holto Torsgard. Sjå Holterudningen, gnr. 94/2.
2. Guri Knutsdtr. Bjella Halland 30.05. 1859-1937
G 1889 m Georg Halland, Tinn ....-1927. Barn: Sara ....- gm Knut Hadeland; Axel ....- dreiv bilverkstad; Selina ....- dreiv forretning; Henrik ....- sivilingeniør.
    Guri og syskenbarnet Guro Larsdtr. Vangen reiste på hushaldningskule i Kr.ania. I 1881 reiste Guri til Amerika, og der vart ho kalla "Julia Bell". Guri fekk hotelljobb i Kindred og så møtte ho Georg. Dei slo seg ned i Starbuck, Manitoba i Canada og dreiv farm/forretning. (1420)
3. Helge Knutson Bjella Hove 05.03. 1861-1935
G 1886 m Barbro Tolleivsdtr. Breie. Sjå neste hushald og søre Hove, gnr. 107/6.
4. Henrik Knutson Bjella Skottebøl 08.12. 1863-1916
G 1897 m Guri Tolleivsdtr. Skottebøl, gnr. 122/1.
5. Kristi Knutsdtr. Bjella Huus 17.12. 1865-1930
Gm Tore Olson Huus 1862-1932. Barn: Alma 1897-1923 gm Gustav Hektner (2 barn); Ruby ....- g 1943 m Clifford Strandberg; Celina 1901-1976 lærar, gm em Nels Skovholt (3 barn); Oliver 1904-1944 lærar/basketballspelar, kaptein i RAF, omkom i kamp; Joseph død ung. Fosterdatter Esther var misjonær, gm Ralph Fuglestad, attgift med Lars Stalsbroten. (1045), (J. Marler)
    Kristi og Tore budde i ND.
6. Ivar Knutson Bjella 20.02. 1868-1868
7. Birgit Knutsdtr. Bjella Svarteberg 17.06. 1869-1930
G 1898 m Syver Torsteinson Skarsgard Svarteberg, gnr. 54/2.
    Birgit var i Kindred i Am. frå 1893 til 1897, og gifte seg då ho kom attende.
8. Ivar Knutson Bjella Bell 10.06. 1871-
Gm Nellie Gunhild Lunde, Tvedestrand. Barn: Conrad 1905- ; Gerhart 1907-1908; Conrad 1905- gm Lily Smulan.
    Gm Karoline Lunde Hansen (systera til Nellie.) Barn: Evelyn 1910- gm Daniel Runo; Gladys 1912- gm Alfred Ekdahl; Kenneth 1914-1918; Violet 1918- gm David Hall; Fern 1921-1921.
    Ivar budde i Starbuch, Sascatchewan, og skreiv seg for 'Iver Bell'. (885)
9. Anders Knutson Bjella 22.02. 1873-
Gm Mina ..., Storelvdal. Barn: Kjellaug ....- ; Alvhild ....- ; Oddveig ....- .
    Anders gjekk på underoffiserskulen. Lærar ved Røren skule i Øvre Eiker og på Hokksund.
10. Kari Knutsdtr. Bjella Sorteberg 24.11. 1875-1938
G 1905 m Arne Sevatson Svarteberg ('Sorteberg'), gnr. 54/1.
    Kari er blant jentene som Gerhard Munthe brukte som motiv i det fine maleriet frå tunet på Huus. Sjå N. Ellingsgard: Hallingdal i biletkunsten, s 56.

Knut og Anne gifte seg i 1857. Knut overtok garden i 1854.
    Knut var 'seminarist' (gjekk på Asker seminaret i 1848). I 1849 fekk han pålegg om å gje lærarane i Hol 'passende undervisning i salmesang og bruken av salmodikon.'
    Han gjorde tenest som kyrkjesongar frå ca 1868. Elles var han ordførar, lærar og klokkar. (Sjå Ål II s 310, 319-22, 339 og 352)

{4970} År: 1887

Helge Knutson Bjella Hove 05.03. 1861-1935
Foreldre: Knut Helgeson Bjella og Anne Henriksdtr. Huus.
Gm Barbro Tolleivsdtr. Breie Hove 25.10. 1866-1960
Foreldre: Tolleiv Larsson Skottebøl Breie og Kristi Eiriksdtr. Noss.
*Barn
1. Anne Helgesdtr. Bjella Brusletto 17.10. 1887-
G 1917 m lærar Olav Ragnvaldson Brusletto 1885-1944. Barn: Ragnvald 1918- sivilingeniør i Oslo gm Astrid Søndreli, Gol (3 barn); Halvard 1919- fabrikkeigar på Geilo, gm Evy Bratne (1 barn); Kjellaug 1922- sjukesyster i Oslo Helseråd, gm Sigurd Medbøe (2 barn)
    Olav var lærar, (m.a. på Dovre Folkehøgskule hjå Olav Aukrust) og skribent. Budde nokre år på Hove, sidan på Brusletto. (Hol VI s 697)
2. Kristi Helgesdtr. Bjella Sando 03.10. 1889-1959
G 1915 m Arnfinn Eirikson Sando, sjå Hovestad, gnr. 107/20.
3. Guri Helgesdtr. Bjella Helling 03.06. 1891-1978
G 1914 m Torjus Eivindson Helling, gnr. 106/8.
4. Ågot Helgesdtr. Bjella Svarteberg 02.11. 1893-1984
G 1916 m Knut Sevatson Svarteberg, sjå Hjallo, gnr. 54/9.
5. Barbro Helgesdtr. Bjella Ødelien 02.01. 1896-1972
G 1941 m Ola Botolvson Ødelien. Bureisar på Hovlid, gnr. 107/24.
6. Sissel Helgesdtr. Bjella 25.05. 1898-
Ug. Sissel var sydame i Oslo, sjølvstendig næringsdrivande.
7. Margit Helgesdtr. Bjella Underberg 26.08. 1902-1980
Gm Tor Underberg. Sjå Hove, gnr. 107/6.

Helge og Barbro gifte seg i 1886.
    Barbro skal ha vore den fyrste ålingsjenta som gjekk på folkehøgskule. Det var Sagatun på Hamar, dit gjekk ho tilfots. Og/Eller: Barbro gjekk på Vonheim folkehøgskule i Gausdal ein vinter.
    Helge og Barbro kjøpte søre Hove då den garden kom på auksjon i 1893. Dei sat med båe gardane til 1907 då Bjella vart selt til Ola P. Vareberg. Sjå også søre Hove, gnr. 107/6.