Gjeldokk, øvre gnr. 105 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Gjeldokk, øvre gnr. 105 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Namnet Gjeldokk kan koma av 'gald' som tyder hard grunn, og 'åker'. Men når ein ser på bergryggen Galdane i Vats, så kan ein lure på om det ligg ei annan tyding bak gald. Oddmund Vestenfor har peika på det gamalnorske ordet gjald, det tyder betaling, skatt eller vederlag. I såfall kunne namnet Gjeldokk skrive seg frå eit oppgjer eller ei frådeling i gamal tid. Dansk skriveform var Gjeldager. I daglegtale heiter øvre Gjeldokk 'Uppigarde på Gjeldokk.'
    Gjeldokk grensar mot aust til Helling, Bjella og Huus, mot sør til Leksvol og Stave, mot vest til Dengerud og til nord mot Lå, Styrkestad og Bjella.
    Innmarka låg i teigblanding fram til utskiftinga 1896-98. Tunet vart flytta opp til noverande stad ved utskiftinga. Før den tid låg både øvre og nedre Gjeldokk i same tunet.
    Gjeldokk er av dei gamle gardane i bygda, er nok rydda ein gong i mellomalderen. Garden er nemnt i diplom frå 1309, kor vidt garden låg øyde etter svartedauden er det ingen opplysning om. I 1557 skatta Gjeldokk av 4 kalvskinn, 2 album.
    Gjeldokk vart delt i 1609, men garden var brukt felles dei komande åra. Det var ingen god ordning. Då kunne det høyrast 'skjenn og utilbørlige Ord.' Frå 1624 var det to sjølvstendige bruk. Øvre Gjeldokk skatta som halvgard med 13 laupsbol i landskyld.
    NB. Sjølv om det var øvre Gjeldokk som flytta ut or det gamle tunet, så kan den høge landskylda tyde på at denne garden var hovudbølet på Gjeldokk.
    Oldfunn: ei jernrangle med fem ringar frå vikingetida. Funnen 1964 under jordarbeid på Nautejordet av Olav Ådnegard. (C 52581)
    Plassar og underbruk. 6-målsteigen bnr. 7, Nydokk bnr. .
    Areal 1865: åker 24 mål, naturleg eng 72 mål, utslått 26 mål. Avling manglar.
    Areal 1995: dyrka jord 120 mål, anna areal 60 mål, produktiv skog 700 mål, anna utmark 5500 da. Buskap: 2 mjølkekyr, 73 geiter og 10 vinterfôra sauer, 16 hestar (ridning og køyring).
    Våningshus bygt 1900, restaurert 1963, kårhus 1952, restaurert 1980, nytt hus 1987, driftsbygning 1935, påbygd og restaurert 1982, ombygd 1994, gamal stall og loft.
    Stølar. Heimstøl på Hekset, langstølar i Brekko og Hollo. Grunna tung veg til den opphavlege langstølen Hollo vart Brekko tilkjøpt i 1880. Hollo var fråselt til Myking ei tid, men vart teken att på odel i 1929. I 1925 vart Grønset (ved Brekkene) tilkjøpt. Hollo vart teken opp att som langstøl i 1953 og er enno i bruk.
{4995} År: 1785
Anders Ivarson Gjeldokk 19.10. 1758-1834
Foreldre: Ivar Anderson Gjeldokk og Birgit Sveinsdtr. Sata.
Gm Birgit Sveinsdtr. Sata Gjeldokk 04.06. 1759-____
Foreldre: Svein Olson Sata og Anne Torjusdtr. Helling.
*Barn
1. Anne Andersdtr. Gjeldokk Helling 18.07. 1790-1874
Gm Tolleiv Torjusson søre Helling, gnr. 106/8.
2. Ivar Anderson Gjeldokk 10.02. 1793-1822
G 1816 m Birgit Olsdtr. Slettemoen, Hol. Sjå neste hushald.
3. Guri Andersdtr. Gjeldokk Bjella 13.09. 1795-1869
G 1819 m Helge Ivarson Bjella, gnr. 104/2.
4. Birgit Andersdtr. Gjeldokk Svarteberg 1798-1869
G 1828 m Håkon Knutson søre Svarteberg, gnr. 53/1. Barn: Svein 1825- sjå barnebarn.
5. Svein Anderson Gjeldokk 1801-1802
*Barnebarn
1. Svein Olson Gjeldokk Helling 02.09. 1825-1901
G 1877 m Martha Anderson, Gran på Hadeland 1841-1887. Barn: Birgit 1878- ; Ola 1879- gm ......... ..... (... barn); Albert 1882- ; Severin 1883- ; Bertha Marie 1886- . (J. Marler)
    Foreldre: Ola Eirikson Sundrehagen (ungkar) og Birgit Andersdtr. Gjeldokk.
    Svein reiste til Am. i 1869: Rock Mound Co, MN. Han skreiv seg Helling og var kyrkjeverge. Svein var mellom dei fyrste norske setlarar i Luverne, MN. Sonen Albert Helling dreiv husflytting i Luverne. (Ulvestad Bind 2 s 684)
Anders og Birgit gifte seg i 1790. Anders kjøpte Gjeldokk hjå faren 1785 for 700 rd (dvs. gjelda til KrigsHospitalkassen i Kr.ania) og desutan kår til Åse Levorsdtr.
    Anders held takst på garden i 1802. Jorda vart taksert til 850 rd, husa 350 rd og skogen 50 rd.
{4996} År: 1821
Ivar Anderson Gjeldokk 10.02. 1793-1822
Foreldre: Anders Ivarson Gjeldokk og Birgit Sveinsdtr. Sata.
Gm Birgit Olsdtr. Underberget Gjeldokk 22.02. 1795-1874
Foreldre: Ola Mikkelson Underberget Slettemoen og Birgit Olsdtr. Slettemoen.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk 09.09. 1817-1892
G 1844 m Embrik Knutson Hago Gjeldokk. Sjå år 1846.
2. Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk Skallehaugen 16.06. 1819-1903
Ugift. Birgit fekk tre barn med Knut Halvorson Dengerud. Sjå barnebarn.
    Birgit budde i Guroplassen i 1851. Sidan held ho til hjå dottera i Skallehaugen.
3. Anders Ivarson Gjeldokk Hefte 19.03. 1821-1900
G 1854 m Kristi Knutsdtr. Haugen. Sjå Hefte, gnr. 114/2.
*Barn elles
1. Ola Knutson Gjeldokk 03.05. 1824-1909
G 1857 m Borghild Ivarsdtr. Preinsrud 1836-1917. Barn: Ivar 1858-1932 busett i Vinger, MN gm Nella Arnesen, Oslo; Birgit 1860-1911.
    Barn i USA: Bernt 1862-1934 g 1894 m Nilla Nilsen; Juliane 1864-1942 g 1885 m Embrik E. Moen; Knut 1867-1939 gm Mari E. ToresgardMoen (6 av 13 barn), g 1914 m Bertha Ulstad Paulson (1 dotter); Andrew 1869-1877; Olom 1871-1864 farmar, g 1898 m Tilda B. Knutsen (4 barn); Embrik 1874-1926 arbeider, g 1894 m Ragna E. Haave (10 barn); Anne 1877-1878; Andrew 1878-1945 ug.; Teodor 1889-1973 trelasthandlar, g 1903 m Julia Halvorson (7 barn). (1277) (1648)
    Foreldre: Knut Tolleivson Noss og enkje Birgit Olsdtr. Gjeldokk.
    Ola og Borghild budde i ein plass under Tveito (Noss). Til Amerika kring 1860. Busett i Nicollet Co, MN.
    Ola og Borghild var venlege mot indianarane, og det lønte seg. Under eit indianar-opprør vart dei varsla av hovdingen så familien kom seg unna. Då opprøret enda var dei fleste farmane avsvidde. Ola og Borghild var av dei få som fann farmen sin intakt.
    Sonen Teodor Gjeldaker var forretningstyrar i Petersburg ND sidan 1912. Sjå Ulvestad Bind 2 s 631, Hallingen 260 s 19.
*Barnebarn
1. Ola Knutson Gjeldokk 23.12. 1844-1854
Foreldre: Knut Halvorson Dengerud Granhagen Holgelien og Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk.
2. Guri Knutsdtr. Gjeldokk Skallehaugen 17.04. 1847-1909
G 1873 m Gunnar Ivarson Kvinnegard Skallehaugen, gnr. 115/21.
    Foreldre: Knut Halvorson Dengerud Granhagen Holgelien og Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk.
3. Birgit Knutsdtr. Gjeldokk Olson 14.01. 1851-1924
G 1876 m Hermund Olson Kjellargard. Barn: Ole 1876- ug.; Alfred 1877- gm Bertha Frickson (4 barn); Bernhard/Bennie 1879-1955 gm Esther Rustad (9 barn); Iver 1881-1897; Oscar 1883-1952 pastor, g 1910 m Ingeborg M Foss (5 barn); Henry 1885-1958 gm Edna Haraldson (5 barn); Bert 1887-1969 gm Bertina Mundal (1 barn); Albert 1889-1968 gm Judith Holman (7 barn); Anna 1890-1938 gm Lars Kroksæter (.. barn); Them 1893-1896; Elvina 1895-1970 gm Hans Jonathon Nelson (5 barn). (1739), (1755)
    Foreldre: Knut Halvorson Dengerud Granhagen Holgelien og Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk.
    Birgit reiste til Am. Birgit og Hermund var pioner-farmarar ved Fairfax, MN.
Ivar og Birgit gifte seg i 1816 og fekk tre barn. Ivar gjekk bort alt i 1822. Garden vart då taksert til 700 rd.
    Som enkje fekk Birgit sonen Ola i 1824 saman med Knut Tolleivson Noss. Knut var dreng på Gjeldokk.
    Birgit vart attgift 1829 med Botolv Botolvson Espegard Gjeldokk. Sjå neste hushald.
{4997} År: 1829
Birgit Olsdtr. Underberget Gjeldokk 22.02. 1795-1874
Foreldre: Ola Mikkelson Underberget Slettemoen og Birgit Olsdtr. Slettemoen.
Gm Botolv Botolvson Espegard Gjeldokk 25.05. 1801-1870
Foreldre: Botolv Embrikson Espegard og Margit Viggersdtr. Oleivsgard.
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Botolvsdtr. Gjeldokk Dengerud 07.05. 1829-1884
G 1856 m Holge Holgeson Bjella Dengerud, gnr. 99/1.
2. Kristi Botolvsdtr. Gjeldokk 28.07. 1832-1921
Kristi var ugift. Ho levde av 'kapital' og strikking, og losjerte på Myregarden i 1891. Død som fattiglem i 1921.
3. Ivar Botolvson Gjeldokk Myregard 29.11. 1834-1911
G 1866 m Guri Knutsdtr. Myregard, gnr. 107/7.
4. Botolv Botolvson Gjeldokk 25.05. 1837-1885
G 1870 m Kirsten Ovesdtr. Holst 1836-.... . Barnlaus. Adoptivbarn: Ivar Olson ; Marie ; Gina ....-.... . (Berre Gina vaks opp.) (Holmestrand mikrofilm PF 32)
    Botolv reiste til Am. i 1870. Han utdanna seg til prest, og var professor ved Augsburg seminar nokre år. Han var vistnok den fyrste hallingpresten i Amerika. (Silver Lake-menigheit.)
    Botolv kom heim att som ein sjuk mann i 1882. Han overtok prestekallet i Hol i 1885, men helsa svikta. Han kom aldri på preke-stolen. (1241)
Birgit vart attgift 1829 med Botolv Botolvson og fekk fire barn med han.
{4998} År: 1846
Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk 09.09. 1817-1892
Foreldre: Ivar Anderson Gjeldokk og Birgit Olsdtr. Underberg-Slettemoen.
Gm Embrik Knutson Feten Gjeldokk 18.12. 1810-1867
Foreldre: Knut Olson Feten og Ragne Syversdtr. Kyrkjedelen.
*Barn
1. Ragne Embriksdtr. Gjeldokk Mykinghaugen 02.06. 1844-1877
G 1865 m Ola Knutson Mykinghaugen, gnr. 92/3.
2. Ivar Embrikson Gjeldokk 29.09. 1845-1893
G 1871 m Gro Olsdtr. Kvinnegarden. Sjå neste hushald.
3. Knut Embrikson Gjeldokk Leksvol 31.05. 1847-1894
G 1882 m Birgit Helgesdtr. Dengerud. Bonde og fehandlar. Sjå Leksvol, gnr. 113/1.
4. Ola Embrikson Gjeldokk Kortgard 14.07. 1854-1939
G 1892 m Birgit Hermannsdtr. Nyhus. Sjå Kortgarden, gnr. 103/4.
Embrik og Birgit gifte seg i 1844. Embrik kjøpte Gjeldokk i 1846 hjå Botolv B. Espegard.
    På skiftet etter Birgit i 1892 var det 1043 kr. å dele. Sonen Ivar overtok garden.
{4999} År: 1875
Ivar Embrikson Gjeldokk 29.09. 1845-1893
Foreldre: Embrik Knutson Hago Gjeldokk og Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk.
Gm Gro Olsdtr. Kvinnegard Gjeldokk 01.10. 1850-1932
Foreldre: Ola Halvorson søre Kvinnegard og Birgit Knutsdtr. Myking.
*Barn
1. Embrik Ivarson Gjeldokk 17.09. 1873-1943
G 1916 Hønefoss m Turid Larsdtr. Ruud Bjella. Ingen barn.
    Timremann/snikker. Han hadde verkstad og dreiv litt snikkering. Dei bygde opp eit lite småbruk kalla Nydokk, bnr .15 i 1920-åra.
2. Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk Sebusæter 29.06. 1875-1948
G 1906 m Otto Olson Sebusæter frå Åsnes. Sjå Seksmålsteigen, gnr. 105/5.
3. Knut Ivarson Gjeldokk 21.11. 1878-
Ugift. I 1900 var Knut handelsbetjent hjå kjøpmann Chr. Urholt på Sundre. Så gjekk han på Treider handelsskule. Knut hadde svært fin handskrift.
    Knut var i Am. frå 1903 til 1913: Wheellock, ND. Etter ein heimtur i 1914 reiste han attende og var farmer.
4. Ivar Ivarson Gjeldokk 23.12. 1881-1969
G 1915 Bergen m Barbro Eiriksdtr. Sando. Sjå neste hushald.
5. Anders Ivarson Gjeldokk 09.11. 1884-1925
Ug. Anders var snikkar/møbelsnikkar. Han døydde etter ein operasjon.
6. Botolv Ivarson Gjeldokk 01.03. 1887-1934
G 1924 m Gerd Bergh Mathiesen, Bergen. Barn: Gerd 1930-1981 lektor, på realskulen på Nes, sidan i Idar Oberstein i S. Tyskland, var gm Asle Svarteberg.
    Botolv tok ein embetseksamen, og var sidan aktuar i forsikringselskapet Hygea i Bergen. (1484)
7. Knut Ivarson Gjeldokk 11.02. 1891-1961
Gm Sissel Knutsdtr. Søndrol. Lærar. Sjå eige hushald.
Ivar og Gro gifte seg i 1871. Ivar kjøpte garden 1875 for 750 spd og kår.
    Då utskiftinga gjekk i Gjeldokk-gardane, var det Gro som bestemte kvar stugu skulle stå. Ho hadde bnr. 1!
    Ivar gjekk tidleg bort, og Gro dreiv garden fram til 1912 då sonen overtok.