Gjeldokk, nedre gnr. 105 bnr. 2
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Gjeldokk, nedre gnr. 105 bnr. 2-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Gjeldokk er fyrst nemnt i 1309. Gjeldok er nemnt i lensrekneskap 1528 og jordebok 1557. Men jordebøkene 1577 til 1604 nemner garden utan namn på brukar.
    I 1577 hadde Gjeldokk årleg skatt 4 kalvskinn, frelse 1 album, slottelendinger 3 album. (Dvs. underbruk.) Frå 1588 var slottlendingane borte, men etter Gjeldokk var då oppført 'nordre Kvinnegarden, slottlending 1 album; søre Svarteberg, slottlending 1 album; Åker (Hol) 1588-1590, slottlending 1 album; Geilo i Ustedalen, slottlending 1 album. Altså desse underbruka vart eigne skatteobjekt før 1588, dvs. dei var i ferd med å bli sjølvstendige bruk.
    Tilknyttinga Gjeldokk-Geilo var 3 laupsbol og nemnt 1609. I fylgje Hol VII s 294 kan ein ikkje sjå at Gjeldokk-slekta er ført vidare på Geilo. Tilknyttinga til Åker er ikkje nemnt i Holsboka eller dokumentert på annan måte. Sjå Gjeldokksgarden Svarteberg, bnr. 3.
    Opphavleg var Gjeldokk fullgard med ei landskyld på 20 1/2 laupsbol. Garden vart delt i 1609, men brukt felles den fyrste tida. Då kunne det høyrast 'skjenn og utilbørlige Ord.'
    Frå 1624 var det to sjølvstendige bruk som skatta som halvgard. Nedre garden hadde sidan 7 1/2 laupsbol og øvre garden 13 laupsbol.
    Oldfunn: hestekam av jern.
    Underbruk. Søre Svarteberg (Gjeldokksgarden, bnr. 3.)
    I daglegtale heiter garden 'Nigarde på Gjeldokk.'
    Areal 1865: dyrka jord 28 1/2 mål, naturleg eng 72 mål, utslått 48 mål. Avling 26 1/2 tunne bygg og 24 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål som dels vert leigd bort. Ungdyr til 1990. (Vanleg buskap i 1930-åra var 1 hest, 6 kyr, 2 ungfe og 12 småfe.)
    Våningshus bygt 1905, påbygt 1950, kårhus 1978, driftsbygning 1970, loft 1864, gamle stallar og trev.
    Stølar. Heimstøl på Hekseth og langstøl i Beihovd. Opphavleg langstøl var på Kuluset. Den vart fråselt til Helling (sidan til Varaberg) i 1789. Truleg har Gjeldokk støla i Beihovd frå 1789. (Beihovd låg til Hove på den tida, og ei jente derfrå vart gift til Gjeldokk. Sjå år 1736.)
   
{5014} År: 1774
Ola Larsson Gjeldokk 1737-1812
Foreldre: Lars Olson Gjeldokk og Helge Mikkelsdtr. Hove.
Gm Margit Olsdtr. Trintrud Gjeldokk 17.09. 1747-1837
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen Trintrud og Guri Larsdtr. Sata.
*Barn
1. Lars Olson Gjeldokk 21.06. 1767-1813
Soldat. Lars hadde fallesjuke, mista helsa i kongens tenest.
2. Ola Olson Gjeldokk 01.09. 1771-1843
G 1794 m Gro Olsdtr. Hove. Sjå neste hushald.
3. Holge Olson Gjeldokk Mykinghaugen 11.09. 1774-1859
G 1813 m Anne Tolleivsdtr. Dengerud. Var 6 år i Nærøy. Sjå Mykinghaugen, gnr. 93/2.
    Holge gjekk underoffiserskulen og fekk karakteren 'meget god'.
4. Mikkel Olson Gjeldokk Veslegard 21.09. 1777-1841
G 1806 m Liv Torsdtr. Veslegard, gnr. 61/1.
5. Eirik Olson Gjeldokk Tingnes 26.12. 1780-1861
Gm Guro Vebjørnsdtr. Raunsgard 1798-1878. Barn: 2 levde opp: Ola 1829-1869 bonde/gjestgjevar g 1849 m Katrine Larsdtr. Vefring; Lars 1842-1865 ug. (1248)
    Eirik fylgde med haugianaren Ole Torjusson Helling til Svanøe i 1804. Eirik skulle vera dreng. Sidan reiste han til Sunnmøre og vart gift med Guro som var dotter til handelsmannen i Ørstavik, ein haugianar opphavleg frå Hol. Straks etter bryllaupet flytta dei til Grytten i Romsdal og kjøpte halve garden Mjelva. Denne garden selde han seinare til svoger Ole Måkerud, Øier i Gudbrandsdalen.
    I 1830 kjøpte Eirik garden Tingnes eller Vevring hjå enka Inger etter stortingsmann Lars Rotenes. Eirik bygde opp garden. Der var også gjestgiveri, dampbåt-ekspedisjon, postkontor og forretning. Hovudbygningen vart nytta til kommunale møte o.l. fram til kommune-delinga i 1964. (Musikaren Frode Tingnes skal vera av etterslekta hans.)
    Eirik var ein av dei førande mellom Hans Nielsen Hauge's vener på Vestlandet.
    Eirik hadde eit roleg gemytt og var flink til å ordlegge seg. Han fekk bruke evnene sine i den harde vekkelses-striden i 1830-åra. "Eg veit ikkje koss det hadde gått om ikkje Erik Tingnes hadde teke støytane frå alle sider, og leidd det heile med slik kristeleg Visdom." (1379) s 202
6. Ola Olson Gjeldokk Kolbjørnstølen Roaldset 26.12. 1783-1857
Barn: Ola 1806- m Guri Andersdtr. Leksvol.
    G 1812 m Birgit Knutsdtr. Kolbjørnstølen, sjå gnr. 98/1. Sidan til Roaldset i Bolsøy.
7. Helga Olsdtr. Gjeldokk 01.02. 1789-1789
8. Guri Olsdtr. Gjeldokk Veslehaugen 16.01. 1791-1860
G 1811 m Knut Nilsson Veslehaugen. G 1825 m Ola Olson Haug Veslehaugen, gnr. 60/1.
Ola og Margit gifte seg i 1767. Ola overtok garden for 400 rd i 1774.
    Faren skulle bruke halve garden som kår så lenge han kunne arbeide. Deretter skulle han ha slikt kår: 4 tunner godt bygg, varmt hus, oppvarting, 4 kyr og 8 småfe framfødd årleg, 1 mål åker, og hest til og frå kyrkje og vener.
    I 1789 selde Ola Larsson og Lars Bjella stølen Kuluset til Tolleiv Helling for 56 rd.
    På skiftet etter Margit var det 211 spd å dele. Ho levde 24 år lengre enn Ola.
{5015} År: 1803
Ola Olson Gjeldokk 01.09. 1771-1843
Foreldre: Ola Larsson Gjeldokk og Margit Olsdtr. Trintrud.
Gm Gro Olsdtr. Hove Gjeldokk 11.10. 1772-1851
Foreldre: Ola Aslakson Hove d.y. og Sigrid Gunnarsdtr. Torsgard.
*Barn
1. Ola Olson Gjeldokk 28.09. 1794-1861
Ug. Sjå neste hushald.
2. Margit Olsdtr. Gjeldokk GlomSletten 13.11. 1796-1838
Barn: Ola Knutson 1820- sjå barnebarn. G 1823 m Lars Eirikson Trintrud Glomsletten, gnr. 57/2.
3. Sigrid Olsdtr. Gjeldokk 11.08. 1799-
4. Sigrid Olsdtr. Gjeldokk Gudmundsrud 21.12. 1800-1890s
G 1828 m Nils Knutson Helling Gudmundsrud.
5. Ola Olson Gjeldokk 11.09. 1803-____
6. Ola Olson Gjeldokk 26.05. 1806-1857
G 1831 m Gro Aslaksdtr. Breie. Sjå år 1831.
7. Astrid Olsdtr. Gjeldokk Løken 04.09. 1809-1843
G 1834 m Eirik Ellingson Løken, gnr. 58/3.
8. Helga Olsdtr. Gjeldokk Hoff 14.03. 1812-1893
G 1831 m sersjant Lars Anderson Hove på Forsdal i Helgeland. Barn: Anders 1832-1914 bonde i Jektvika, gm Anna Marta Storseløy; Anne 1835-1907 gm Tomas Ivarson Strømsdal; Ola 1838-1839; Ola 1841-1926 lærar Hattfjelldal, gm Maren Ivarsdtr Strømsdal; Gurine Maria 1843-1867 (barnseng) gm Mathias Ivarson Strømsdal; Lars 1846-1919 bonde Fordal, gm Dortea Birgitta I. Strømsdal; Hanna Birgitta 1853-1915 ug. (1244)
    Helga og ungane kom etter til Rødøy i 1853. Dei budde i Forsdal i Helgeland.
*Barnebarn
1. Ola Knutson Gjeldokk 05.09. 1820-
Gm ... ... ..., Kr.ania.
    Foreldre: Knut Olson Noss (ungkar) og Margit Olsdtr. Gjeldokk.
   
Ola og Gro gifte seg 1794. I 1799 var dei på Hove, og i 1801 var Ola lottebrukar av jord i Svarteberg (Gjeldokksgarden). Han vart også kalla 'Trinten'. (Dottera kom til Glomsletten, ein plass under Trintrud.)
    I 1803 overtok Ola garden etter foreldra.
{5016} År: 1825c
Ola Olson Gjeldokk 28.09. 1794-1861
Foreldre: Ola Olson Gjeldokk og Gro Olsdtr. Hove.
Ola var ugift. Han hadde garden utan heimel nokre år. Ola var lærar i Hol ei tid, skreiv Mehlum i 1905.
    Ola var 'verkbrudden' i 1857. (Gikt?) Ola selde garden til broren i 1831, og fekk kår som vederlag for odelen.
{5017} År: 1831
Ola Olson Gjeldokk 26.05. 1806-1857
Foreldre: Ola Olson Gjeldokk og Gro Olsdtr. Hove.
Gm Gro Aslaksdtr. Breie Gjeldokk 03.08. 1811-
Foreldre: Aslak Syverson nordre Breie og Birgit Olsdtr. Skjervheim.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Gjeldokk Svendsen 24.01. 1832-1919
'Gitta.' Gm em Ola Sveinson Skrattegard. Ingen barn. Dei skreiv seg 'Svendsen.'
    I 18 år var Birgit tenar hjå professor Carl P. Caspari i Kristiania før ho reiste til Am. Busett ved Northwood, ND. 'Gitta er borte og syer.' står det i eit amerika-brev. (Oppl. Ola E. Hagen)
2. Gro Olsdtr. Gjeldokk 03.08. 1837-
Gro og systera Birgit reiste til systera Margit i Chicago i 1880.
3. Margit Olsdtr. Gjeldokk 11.09. 1842-
Margit var på tenest i byen (Kr.ania) i unge år. Så reiste ho til Am. i 1873.
    Om henne skreiv Gro Svendsen i brev av 6. des. 1873: "Jeg har nylig haft brev fra Margit O. Gjeldager, hun er i Chicago, kom fra Norge i vaar, og hun befinder sig vel." (Oppl. Ola E. Hagen)
Ola og Gro gifte seg i 1831. Gro var eit av dei rikaste gifte i samtida. Heimefylgja var på 8 lass og 2000 dalar dertil. Då siste lasset køyrde forbi Rime, sa gamlebonden der:
    "Eg har levd lenge og eg har sett at folk har berga seg med mykje mindre, men eg har og sett at mykje meir vart for lite!" Men så datt det noko lausøyre av eit lass, - det var eit dårleg mark, rekna dei gamle.
    Ola var ein opplyst kar. Stundom "skula" han i Øvre-Ål for læraren Feta-Ola.
    Men både Ola og Gro var glad i sterk drykk, og dette førte til at det gjekk ut med dei. Gjeldokksgarden Svarteberg vart selt i 1843.
    I 1849 gjekk garden på auksjon. Likeeins 8 måls-teigen i 1851. Mehlum skreiv at Gro kom på fattigkassa i Kr.ania til slutt.
{5018} År: 1849
Lars Aslakson søre Holto kjøpte Gjeldokk for 1050 spd i 1849. Etter sju år vart garden teken på odel. Pris 1495 spd.
{5019} År: 1857
I 1857 vart Gjeldokk teken på odel av Nils Knutson Helling Gudmundsrud og Sigrid Olsdtr. Gjeldokk. Nils delte frå Eilevstølen og Slåtta, bnr. 6 i 1868, og gav sonen skøyte på resten av garden i 1869.
{5020} År: 1869
Lars Nilsson Gudmundsrud Gjeldokk 01.04. 1828-1909
Foreldre: Nils Knutson Helling Gudmundsrud og Sigrid Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Anne Knutsdtr. Myking Gjeldokk 18.03. 1834-1857
Foreldre: Knut Olson Myking og 2.g Ågot Olsdtr. Skrindo.
Gm Birgit Knutsdtr. Myking Gjeldokk 24.02. 1841-1923
Foreldre: Knut Olson Myking og 2.g Ågot Olsdtr. Skrindo.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sigrid Larsdtr. Gjeldokk Styrkestad 29.01. 1856-1943
G 1878 m Torstein Mikkelson Veslehaug Styrkestad, busett i Wahls Co. Dakota. Barn: Anne 1879-1982, gm Ivar O. Sønsteng; Mikkel 1881-1972 gm Helen Sando; Lars 1883-1902: Cecelia 1887-1963, gm Theodor Nelson; Clara 1889-1921, gm pastor J. Wulfsberg; Theodore 1891-1918 ugift, Nils 1893-1915; Sigvald 1895-1988 lærar, g 1927 m Hazel Paulson (2 døtre); Selma 1897-1968, gm Martin Moe; Amanda 1900-1900; Lars 1903-1905. (828) (954)
    Sigrid og Torstein budde i Wahls Co. i Dakota. Før 1909 var dei komne til Sarnia i Nelson Co. ND.
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Larsdtr. Gjeldokk 15.03. 1865-1871
2. Nils Larsson Gjeldokk 16.04. 1872-1935
G 1904 m Birgit Nilsdtr. Kyrkjedelen. Sjå neste hushald.
3. Knut Larsson Gjeldokk 13.02. 1874-1961
G 1908 m Amanda Emily Schenstad (av trønderslekt) 1889-1920. Barn: Lionel Norman 1909-1969 gm Hilda Larsson (av Skjervheim-ætt) (4 barn); Bertha Ellen 1910- g 1941 m Cliford Grove (1 dotter); Alice Sophia 1912- gm Walter Sommerfeldt, Clara Amanda 1917- g 1942 m Ellsworth Grove (4 barn); Clifford Arnold 1917-1967 gm Martha Nelson. (831)
    Knut reiste til Amerika "ein tur" som 18-åring, men han kom aldri heim att. Fyrst var han tre år hjå onkelen Ola Nilsson i Lavenne, MN. Sidan tok han land i Michigan og bygde opp ein farm der. Am. borgar frå 1901. Etter at ungane var vaksne, selde han farmen i 1945 og hadde tilhald hjå to av døtrene resten av livet. I 1909 budde han i Hals Co. Brookil, ND.
4. Ola Larsson Gjeldokk Gjeldokksteigen 27.05. 1875-1955
G 1902 m Kari Hallsteinsdtr. Rime.
5. Nils Larsson Gjeldokk 25.08. 1879-1879
Lars og Anne gifte seg i 1855. Dei fekk ei dotter før Anne gjekk bort. Lars vart attgift 1864 med systera til Anne, Birgit Knutsdtr.
    Lars overtok gardsdrifta kring 1859 og fekk skøyte i 1869. Lars gjekk i skule hjå far sin, og 12 år gamal kunne han ta han del i undervisinga av elevane. 18 år gamal vart han tilsett som lærar. I 1877 tok han eksamen på lærarskulen på Voss, og arbeidde sidan som lærar i 18 år. Sidan var han vikar framover til han slutta i 1898. Lars fekk borgardåds-medalje i sylv. (1044)
    Lars var ein av grunnleggarane av Ål Bondeven-forening i 1869. ( Søren Jaabæk-rørsla.) Etter Lars finnst ei handskriven bok om det religiøse livet i bygda på hans tid. M.a. Den religiøse vekkinga som gjekk over i bygda i 1852 etter at Kari Heie frå Flå skildra helvetet slik at folk rasa overende og vart liggande utan sans og samling; og reiv seg sylvstas og silkeslør.
    Det vart strid i 1860-åra om embets-førsla til presten Kjelstrup. Lars vart vald til å skrive klageskriv frå menigheita til biskopen. Det var 28 vedlegg som dokumentasjon på presten si tvilsame framferd. På andre sida var det nokre lojale medhjelperar som støtta Kjelstrup med eit anna skriv. (1402)