Svarteberg gnr. 105 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Svarteberg gnr. 105 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Svarteberg, Sorteberg eller Gjeldokksgarden låg under Gjeldokk frå gamalt. Fyrste gong garden er nemnt er 1578. Gjeldokksgarden var kalla 'uteng' og var brukt som heimstøl/underbruk lenge.
    I 1843 vart Svarteberg selt til Knut Arneson, og sidan har garden vore sjølvstendig bruk.
    Tunet låg opphavleg 80 m ovanfor noverande stad. Tunet vart flytta etter skridene i 1876.
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 8 mål. Avling 9 tunner bygg og 7 1/2 tunne potet. Ei tid hadde garden sag i Eilevstøl-groven.
    Areal 1995: dyrka jord 110 mål, anna areal 60 mål, produktiv skog 140 mål. Buskap 20 ungdyr, 65 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1911, ombygt 1986, loft 1906, driftsbygning 1908, ombygd i 1956, 1975 og 1992, 2 reidskapshus 1979 og 1986.
    Stølar. Heimstøl på Jutleskot, langstøl på Ausand i Hol. (Tilkjøpt frå Hallsteinsgard i 1902.)

{5027} År: 1843

Knut Arneson Arnegard Svarteberg Gjeldokk 13.09. 1818-
Foreldre: Arne Asleson Arnegard Sehl og Birgit Jakopsdtr. Rudningen (Trintrud).
Gm Birgit Larsdtr. Holo Svarteberg 06.06. 1822-
Foreldre: Lars Sevatson Holo og Borghild Nilsdtr. Veslehaugen.
*Barn
1. Arne Knutson Svarteberg 26.07. 1842-
G 1870 m Maren Dortea Ånundsdtr. Haavet, Arendal 1851-.... . Barn: Karl Bernhard 1870-.... gm Inga ... (ingen barn); Inga Octavia 1872-.... 'trise' på kystbåten, 3 barn, gm svoger Valdemar Johansen; Lars Andreas 1875-.... smed ved Hafstad støperi, gm Gunhild A. Hansen (4 barn); Axel 1877-.... tøffelmakar, gm Alfhilde ... (4 barn); Anna Dortea 1884-ung, fabrikkjente, gm Valdermar Johansen (ingen barn); Ingvald 1887-.... ugift elektrikar ved Arendal E-verk; Margrete Andrea 1889-.... gm Johan Hansen (5 barn); Georgine Teresie 1892-.... ugift, i Frelsesarmeen, død i Amerika.
    Arne og Maren budde på Langsevhaavet i Arendal. Han hadde ymse arbeid: tomte- og veg-arbeidar, gassverks-arbeidar, bruleggar, vekter og lyktetennar.(Oppl. v/Bente Greva)
2. Birgit Knutsdtr. Svarteberg 06.01. 1845-
3. Lars Knutson Svarteberg 11.10. 1846-
4. Asle Knutson Svarteberg 19.05. 1850-

Barn i Drammen: Embrik 1854- ; ...
    Knut og Birgit gifte seg i 1842. Knut kjøpte Gjeldokksgarden hjå Ola Olson Gjeldokk i 1843 for 400 spd. Garden gjekk på auksjon i 1853, og Knut og Birgit flytta til Drammen.
    I 1865 var Knut arbeidsmann og busett i ØvreGate 7 på Kampen i Kr.ania. Han var framleis på Kampen i 1872. Ikkje funnen i FT1875. Budde han i Oslo i 1903? (A. Mehlum )

{5028} År: 1853


Lars Aslakson Holto fekk auksjonsskøyte på Svarteberg i 1853 for 258 spd. Aslak skøytte garden vidare 1860 til Ola Sveinson Skottebøl.
    Lars hadde nedre Gjeldokk frå 1849 til 1856. Sidan kom han til søre Fodnes i Nord-Aurdal.

{5029} År: 1860

Ola Sveinson Noss Oppigarden Svarteberg 08.03. 1828-1914
Foreldre: soldat Svein Olson Ivarsgarden Noss og Guri Tolleivsdtr. Noss.

Ola var ugift, men fekk dottera Birgit (1863-1889) saman med Birgit Håkonsdtr. søre Svarteberg (1831-1880).
    Ola var ein arbeidsmaur av dei sjeldne. Ola var i tenest hjå Lars Skottebøl "ein mannsalder" fyrst. Så kjøpte han Gjeldokksgarden i 1860. Han dyrka jord og bygde hus og etter femten år var garden var i god stand. I 1876 kom 'Skriu' og øydela heile garden. Alle husa reiste, og dyra stod på båsen. Det kom mykje folk for å hjelpe, og merkeleg nok greidde dei å grava fram att kyrne. Mange av dei var uskadde.
    Ola var nokså snaud etter skriu, men folk hjelpte til, og Ola gauv på endå ein gong. Han bygde opp garden på nytt med åkrar, eng og steingjerde og nye hus. Det vart sagt at han dyrka garden to gonger. Ola stod gjerne i steinbrotet til det vart mørkt om kveldane. Om vintrane drog han stein. Ein gong for både han og steinkjelken utover røysa og beint ned i juva ved Votna. Ved resolusjon av 1877 vart skylda (jordskatten) nedsett frå 1 daler 18 skilling til 1 ort og 18 skilling.
    Ola tok til seg dottera Birgit kring 1880. Men så døydde dottera i 1889. Då selde Ola garden og tok seg kår. I 1889 fekk Ola ei påskjøningsmedalje for jorddyrkinga. Han kjøpte heimstølen Jutleskot frå Hove i 1889. Pris 1650 kr.
    I 1865 var Sissel Larsdatter tenestjente hjå Ola. Elles budde kårmannen Torkjell Knutson på garden saman med inderst og skomakar Ola Larsson.
    I 1875 var Ågot Torsteinsdtr. nordre Svarteberg tenestjente og budeie. I eige hushald på garden budde Birgit Knutsdtr. Varaberg som var ugift inderst og levde av spinning og strikking.
    I 1891 var Ola sjølveigar. Tenestjente var Birgit Sevatsdtr. Holo.

{5030} År: 1899

Torstein Ivarson Hove Sorteberg 19.07. 1874-1928
Foreldre: Ivar Halvorson Varaberg Hove og Guri Torsteinsdtr. Skarsgard.
Gm Anne Knutsdtr. Holshagen Sorteberg 15.04. 1873-1955
Foreldre: Knut Olson Holshagen og Birgit Knutsdtr. Ovavoll (Hol).
*Barn
1. Knut Sorteberg 02.04. 1903-1989
Gm Marie Åsheim, Flå. Ingen barn. Knut leigde garden Hei i Flå og dreiv den saman med broren. Sidan var dei på Tolleivsrud fram til 1955 omlag.
    Knut vart overassistent ved meieriet og la ned eit stort arbeid i husdyrkontrollen.
2. Ivar Sorteberg 11.08. 1904-2000
Ugift. Ivar arbeidde på garden for broren Knut.
3. Torstein Sorteberg 11.12. 1905-1984
G 1936 m Astrid Olsdtr. Skrattegard. Sjå neste hushald.
4. Olav Sorteberg 16.10. 1907-1995
Ug. Budde på garden. Olav dreiv med rev ei tid. Kjøpte eit hus på Sundre dei siste åra.
5. Tolleiv Sorteberg 30.06. 1909-1957
Ug. Hjelpte til med gardsarbeidet.
6. Gunvor Sorteberg Hauglund 04.10. 1911-____
Gm em Sigurd Osvald Hauglund, Oslo. Ingen barn. (Men Sigurd hadde to jenter.)
    I unge år var Gunvor handarbeids-lærar i Valdres og i Finland. Etter at ho gifte seg dreiv ho forretning i Oslo.
7. Kristen Sorteberg 26.07. 1915-1977
G 1947 m Ragna Kristine Ottosdtr. Sletten, Hemsedal 1916- . Barn: Toralv 1948- ; Oddmund 1949- busett i Molde.
    Kristen var lærar med hovudfag i historie. Eit par år var han konservator ved Steinberg Museum på Toten. Kristen skreiv fyrste bandet av den generelle bygdesoga for Ål saman med Helge Fonnum.
    Kristen var lektor ved Gudbrandsdal gymnas frå 1954, og frå 1968 ved Hallingdal gymnas. Busett på Gol. Han starta opp att Hallingdal Historielag, var redaktør i Dølaminne og aktiv i målrørsla. Kristen var 'så stillfarande at det han sa, det vart høyrt!' (Dølaminne 1977-78 s5)

Torstein og Anne gifte seg i ... . Torstein kjøpte Svarteberg i 1899 for kr. 5200 kr og kår. Torstein var handelskar i 1900. Han dreiv fehandel ved sida av garden. Torstein hadde garden Fjell i Drammen ei tid. Torstein kjøpte fe på vestlandet, og kunne såleis selja kjøtet i Drammen. Han ville gjerne flytte til garden Fjell, men Anne ville ikkje reise frå Ål.
    I 1900 budde også mora og systera (Margit) hans på garden. Dessutan kårmannen Ola Sveinson. I 1911 kjøpte han Rikansrud i Torpo saman med Jon E. Helling. Sjå gnr. 15/13.
    Torstein kjøpte stølen Ausand i Hol i ... .
    Torstein og Anne bygde våningshus og uthus (også på stølane), og dyrka mykje jord. Anne sat med garden i 8 år fram til sonen Torstein overtok i 1936.