Seksmåls-teigen gnr. 105 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Seksmåls-teigen gnr. 105 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Seksmålseigen var plass og kårbruk under Gjeldokk. Her budde læraren ved ØvreÅl skule ei tid. Sidan vart frådelt tomt til læraren Ivar Fonnum.
    Areal i 1865 var her 3 mål dyrka jord og 3 mål naturleg eng.

{5033} År: 1860c

Sevat Anderson Hove Gjeldokksteigen 11.08. 1799-1878
Foreldre: Anders Olson Torsgard Hove og Anne Sevatsdtr. (myljo) Thon.

Sevat var ugift. Han budde på Myking i 1846. Han var husfar og gardbrukar i Teigen. Han kjøpte også Åttemålssteigen i 1860. Hjå Sevat budde også dagarbeiderske/inderst Astrid Gunnarsdtr. i 1865.
    Sevat flytta til Gol og vart skriven 'Uhlen boende i Gol' i 1872.

{5034} År: 1870c

Nils Knutson Helling Gudmundsrud 09.10. 1803-1883
Foreldre: Knut Olson Sundre Sundrelien m/Kristi Olsdtr. Helling. G 1828 m Sigrid Olsdtr. Gjeldokk.

Nils Knutson Gudmundsrud og kona Sigrid Olsdtr. Gjeldokk dreiv Seksmålsteigen i 1875. Nils var pensjonert 'Vaccinator' og gardbrukar. Sjå meir om familien i Gudmundsrud, gnr. 110/2.
    Hjå Nils og Sigrid budde Astrid Gunnarsdtr. Kvinnegardjordet f. 1804-1889. Astrid var inderst og gjekk på dagarbeid. (Død i legd i Teigen under Gjeldokk i 1889.)