Eilevstølen gnr. 105 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Eilevstølen gnr. 105 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Eilevstølen er eit lite småbruk som ligg søraust for Svarteberg. Bruket var nok brukt som heimstøl under Gjeldokk. Nokon fast busetnad ser ein ikkje før sist i 1840-åra. Då vart Eilevstølen rydda og bygd av Eilev. Mor til kona hans var frå Gjeldokk.
    I Eilevstølen var ein skibakke som var i bruk fram til 1925. I Eilevstølgrove var sagbruk fram til kring 1910. (Bonden i Gjeldokksgarden hadde den saga.)
    Areal 1995: dyrka jord 15 mål, anna areal 2 mål, produktiv skog 14 mål. Buskap 2 mjølkekyr, 1 kalv til 1994.
    Husa er: ei gamal hallingstugu, påbygd og restaurert kring 1980, ei gamal stugu, låve med fjøs 1922.

{5045} År: 1845c

Pål Botolvson Trintrud Eilevstølen 29.04. 1811-1892
Foreldre: Botolv Pålson Trintrud og Anne Eilevsdtr. Noss.
Gm Margit Knutsdtr. Veslehaug Eilevstølen 01.01. 1816-
Foreldre: Knut Nilsson Veslehaugen og Guri Olsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Knut Pålson Eilevstølen 24.02. 1837-1892
Gm Birgit Sevatsdtr. Holo (?). Barn: Malla Marie 1871- ;
    Til Am. i 1870: Zumbrota, MN.
2. Anne Pålsdtr. Eilevstølen 28.07. 1839-
Anne var dagarbeiderske heime i 1865. Utvandra?
3. Guri Pålsdtr. Eilevstølen Minna 25.03. 1842-
G 1864 m Ola Nilsson Minna, gnr.110/57. Til Am. 1870.
4. Gunhild Pålsdtr. Eilevstølen 25.05. 1844-
Barn m Eirik Syverson ø Gurigutmoen: Knut 1869- . =deres 2. lm. Sjå barnebarn.
    Til Am. i 1870: Quebec, Canada. I folketeljinga 1880.
5. Guri Pålsdtr. Eilevstølen Øygarden 03.07. 1847-1872
G 1870 m Lars Knutson søre Øygarden, Hol. Barn: Knut 1870-1871; Knut 1872-1958 bonde på Pålgardshaugen, g 1893 m Birgit K. Pålgardshaugen (6 barn). (Hol VII s 472)
    Guri kom som tenestjente til nedre Åker og der vart ho kjend med Lars. Han vart attgift med enkje Guri Sveinsdtr. Gullstein Verpe og reiste til Amerika med ungane i andre ekteskap.
6. Margit Pålsdtr. Eilevstølen 09.01. 1853-1877
Til Am. i 1870: Quebec, Can.
7. Borghild Pålsdtr. Eilevstølen Odden 23.06. 1855-
G 1877 m Ivar Sveinson GjermundsOdden 1855- . Til Amerika?
8. Margit Pålsdtr. Eilevstølen 25.08. 1858-
Til Am. i 1870: Quebec, Canada. Konf. i 1874.
*Barnebarn
1. Knut Eirikson Eilevstølen 01.02. 1869-
Foreldre: Eirik Syverson Gurigutmoen (ungkar) og Gunhild Pålsdtr. Eilevstølen. Ukjent lagnad.
   
    Barn i USA: Mille 1860- .

Pål og Margit gifte seg i 1836. Med Ågot Aslaksdtr. Holto hadde Pål sonen Aslak 1834-1931, han var gm Gurine Agate Steensdtr. Hamarsbøen. Sjå Holto, gnr. 94/6.
    Pål var soldat. Pål var inderst i Veslehaugen i 1837, på Svarteberg 1839 til 1842/på Baggegard i 1844. Dei var komne til Eilevstølen før 1847.
    Pål var ein god dansar. Han reiste til Am. i 1869, men namnet hans lever att i bygda med felelåtten 'Pål Eilevstøle'. Margit utvandra til Am. i 1870.

{5046} År: 1870


Embrik Larsson Settungsgard kjøpte Eilevstølen i 1870, så gifte han seg med enkja i Nupestølen. Han makeskifte Eilevstølen mot Nupestølen og flytta dit i 1871.

{5047} År: 1871

Halvor Sveinson Gunhildgard Nupestølen 26.08. 1825-1891
Foreldre: Svein Ivarson Gunhildgard og Margit Halvorsdtr. Sehl. G 1858 m Sissel Tolleivsdtr. Opsata.

Halvor Sveinson Gunhildgard på Nupestølen makeskifte Nupestølen mot Eilevstølen 1871.
    I 1875 budde Halvor og Sissel her med fem av barna.
    Det fortelst at Svarteberg-folk kom springande opp i Eilevstølen då skridene gjekk i 1876. Dei rekna seg meir trygge der oppe.
    I 1891 var berre sonen Halvor heime hjå foreldra, han var fuglefangar. Sjå meir om denne familien på Nupestølen, gnr. 40/9.

{5048} År: 1900c


Ola Torson Lislelien kjøpte Håkonsgarden Svarteberg i 1881. Kring 1900 kjøpte han også Eilevstølen som attåtbruk. Sonen Hartvig kjøpte Eilevstølen i 1931.