Nyehuso gnr. 106 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nyehuso gnr. 106 bnr. 0a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Det låg tre småplassar oppi bakkane ovanfor Helling: Nyehuso (ovanfor søre Helling), Hellinghaugen og Kveno (plass under Hove).
    Nyehuso var eigentleg søre Helling sin heimstøl. Dit vart det flytta stugu og fjøs kring 1880, og så budde der husmannsfolk fram til omlag 1945. Ein kjenner ingen bygslingsbrev.
    Nyehuso vart nedlagt kring 1945, og folket flytte ned til gamlestugu på Kortgarden. Husa er rivne, men tuftene syner???

{5068} År: 1880c

Henrik Olson Stakegard Hellinghaugen 23.06. 1853-____
Foreldre: Ola Larsson Kvinnegard Stakegard og Rangdi Torgeirsdtr. Stakegard.
Gm Anne Olsdtr. Hansebråten Nyehuso 19.04. 1853-1947
Foreldre: Ola Gunnarson Dengerud Hansebråten og Kari Olsdtr. nordre Hansebråten.
*Barn
1. Ola Henrikson Nyehuso 13.04. 1880-1965
Ugift. Vart kalla "Nyehusen" og skreiv seg Nyehuso.
    I FT 1900 var Ola 'Kvægrøgter' på Øvre Furuset i Ullensaker. Han gjekk på ymse dagarbeid.
    Ola hadde vore i Amerika eit par år kring 1906. (Med faren?) Då han kom heim att vart han spurt korleis det vart med språket der borte.
    Ola svara: "Jau, men det var verst å skjøne ko Nyhusen sa!" Ola nytta engelsk for moro då han var på kaffistugu på Sundre. Han bad om 'pisup' (pea soup) når han skulle ha ertesuppe!
    Ola tok gjerne på seg beitahogst for andre. "Eg treivst så godt med di,- men ofto sleit eg klede for meir enn eg tente!" (HD 21/6-1962)
    Han budde i ei liten stugu på Kortgarden med mor si. Han dreiv litt snikkering og dagarbeid rundt på gardane. I stugu hadde han høvelbenk og dreiebenk. Då kvelden kom, la han sengkleda oppå høvelbenken. Han hadde laga seg ein særs solid kjelke som han brukte til aking. Nyehusen var ein trufast deltakar i akekonkurransen i Øvre-Ål fyrste sundag i februar. Om sumrane sykla han, men kom vist aldri lenger enn til Nesbyen. Når snøen la seg, vart sykkelen hengt oppe under taket i stugu. 'Eg et ikkje gras-graut!' sa Nyehusen då han fekk rabarbragraut på ein gard.
    Nyehusen var ihuga høgre-mann. Han grunngav det slik: som dagarbeidar kunne han ikkje stemme på bonden, dvs. senterpartiet. Høgre hadde aldri lova han noko, og dermed heller ikkje lurt han. Det hadde Gerhardsen gjort. Han hadde lova innlagt vatn i alle hus. Det hadde dei ikkje fått på Kortgarden! (HD 7.9.2002)
2. Rangdi Henriksdtr. Helling Mikkelsen 17.03. 1882-1934
G 1903 m Eirik Mikkelson Stølen, sjå Løkensgardslåtta, gnr. 58/8.
3. Olaf Henrikson Nyehuso 14.12. 1883-
Til Am. 1905: ... . Olaf var i Amerika ei tid, og kom så heim att og slo seg til i Aurskog eller i Østerdalen, ingen barn. Han budde noko avsides, og låg død lenge før han vart funnen.
4. Kari Henriksdtr. Nyehuso 23.02. 1889-1889

Henrik og Anne gifte seg i 1880. Henrik var skreddar. I FT 1891 var Henrik skriven som 'Nyehuso skredder m verksted'. Han levde også i 1900, men sidan ser me ikkje meir til han.
    Sjølv då Anne var høgt opp i åra, så kasta ho seg på kjelken når ho hadde eit ærend ned til Sundre.