Helling, nordre gnr. 106 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Helling, nordre gnr. 106 bnr. 1-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Nordre Helling vart kalla Oppigarden etter at myljo Helling var frådelt i 1787.
    Innmarka låg i teigblanding fram til utskiftinga i 1838. Noverande tun skriv seg frå delinga i 1787. Det opphavlege tunet på nordre Helling var tunet til myljo Helling.
    Landskyld 8 laupsbol, etter 1935 16 laupsbol.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 45 mål, utslått 24 mål. Avling 16 tunner bygg 13 1/2 tunne potet. (I 1935 vart myljo Helling samanslege med nordre Helling att.)
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål, produktiv skog 250 mål, annan utmark 800 mål. Leigd jord 30 mål. Buskap 10 mjølkekyr, 12 ungdyr.
    Våningshus bygt 1900, restaurert 1958 og 1985, loft, driftsbygning 1970, reidskapshus 1981.
    Stølar. Sjå innleiinga under nordre Helling (udelt). Langstølen i Toviken vart kjøpt i 1912.
    Buføringa til Toviken foregjekk med hest og kløv frå gamalt. Då det var 6 mil frå gard til støl, brukte dei å overnatte på Steinarstølen (ved Blomestølen) på vegen til Toviken. Det var mange store elvar på vegen, men særleg Mjølga kunne vera både vanskeleg og farleg å koma over.
    Det fortelst dei kunne ha opp til 41 mjølkekyr. Då var det mykje arbeid med vedsanking (brisk, vier og torv), ysting og kinning. Fjøs hadde dei ikkje frå gamalt, kyrne vart mjølka to og to inne i bua.
    Då køyrevegen kom til Djup ut på 50-talet vart det mjølkelevering. Fyrste tida brukte dei båt til og frå Djup. Og i 1961 kom det køyreveg heilt fram til Toviken. Steinbue i Toviken vart neddemt ved reguleringa av Stolsvatnet. (Fortalt av Kristi Noss Helling.)
{5069} År: 1787
Sissel Larsdtr. Rime Helling 16.07. 1769-1798
Foreldre: Lars Olson myljo Rime og Turid Toresdtr. Hove.
Gm Ola Olson Skottebøl Helling 04.09. 1757-1830
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Anne Sveinsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Ola Olson Helling 06.01. 1788-1798f
2. Anne Olsdtr. Helling Fivilstølen 1788-1860
G 1813 m Ola Sevatson Fivilstølen, gnr. 74/1b.
3. Anne Olsdtr. Helling 13.04. 1789-1812
Ugift.
4. Ola Olson Helling 18.09. 1791-1845
G 1819 m Guri Nilsdtr. Holto. Sjå neste hushald.
5. Lars Olson Helling 31.08. 1794-1856
Ug. Lars døydde som inderst på Stave.
6. Turid Olsdtr. Helling 21.05. 1797-1798f
7. Tore Olson Helling Hove 28.05. 1798-1860
G 1838 m Anne Levorsdtr. Dengerud. Sjå Hove, gnr. 107/1.
Nordre Helling vart delt i 1787. Ola kjøpte øvre halvparten ('Oppigarden') av nordre Helling hjå svigerfaren for 499 rd.
    Ola og Sissel fekk sju barn. Av dei arva Ola (7 år), Lars, Tore og Anne i 1798.
    På skiftet etter Sissel i 1798 var eiga 122 rd. Ola hadde Daniel Fingarson og Åse Ivarsdtr. Gjeldokk som tenestfolk i 1801.
    Sonen Ola er kalla 'Haugstallar-Ola' i Holtoslekta s. 52. Sume har forklara dette namnet med at Ola hadde hest på oppstalling for Hans Nielsen Hauge.
    I fylgje Ivar Aasen er haugstallar det same som enkjemann. Då høver kalle-namnet betre på Ola sjølv, han sat som enkjemann på Helling frå 1798 til 1830.
    Ola selde garden til sonen Ola i 1812.
{5070} År: 1812
Ola Olson Helling 18.09. 1791-1845
Foreldre: Ola Olson Skottebøl Helling og Sissel Larsdtr. Rime.
Gm Guri Nilsdtr. Holto Helling 28.10. 1798-1870
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Gro Olsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Helling Stranden 27.02. 1819-1902
G 1844 m Eirik Steingrimson Ruud Stranden, gnr. 36/4.
2. Gro Olsdtr. Helling Reinton 30.08. 1820-1866
G 1843 m Ola Sveinson nordre Reinton, Hol 1816-1873. Barn: Ola 1842- g 1872 m Birgit Syversdtr. Teigestugun (10 barn); Svein 1845-1846; Svein 1847-1932 farmar i Lind, Grand Forks, g 1874 m Gro Torgeirsdtr. Fosshagen (7 barn); Guri 1850- ug. (2 barn); Knut 1854-1938 til Verpeshagen i Ustedalen, gm Kristi Tolleivsdtr. Raunsgard (9 barn); Birgit 1858-1945 gm Knut Olson Brøte, Moen (4 barn); Nils 1860- til Am. eller til Sulitjelma? (1247) s 60, epost J. Marler.
3. Ola Olson Helling Satalien 03.10. 1822-1889
G 1856 m Guri Embriksdtr. Halvorsgardslåtta. Sjå Satalien, dvs. søre Lien, gnr. 32/30.
4. Turid Olsdtr. Helling Jonson 02.05. 1825-
Gm Jon Jonson, Gausdal 1835-.... . Jon var handelsborgar og budde i Thv. Meyersgade 57 i Kr.ania i 1875. Anders Mehlum skreiv at Turid var gift med ein 'Kristiania-gutt, farmerer i Am.'
5. Nils Olson Helling Kyrkjedelen 23.02. 1828-1884
G 1856 m Birgit Aslesdtr. Kyrkjedelen, gnr. 64/3. Svigerfaren delte 1864 Kyrkjedelen i to like delar, og overførte den eine til svigersonen Nils Olson Helling.
6. Lars Olson Helling 20.01. 1831-1868
Gm Kari/Caroline ... ... 1837-1867. Son: Ola Larsson.
    Lars reiste til Amerika i 1856. Han hadde pass utstedt av futen i Ryfylke.
    Då mora var død vart opplyst at Lars hadde reist til Amerika, hadde ein son og var død for 2 år sidan.
7. Guri Olsdtr. Helling Solberg 24.09. 1833-1905
Gm Andreas Esaiassen Solberg, Ø. Aker 1834-1918. Barn: Maria 1856- ; Trine Gunda 1858-1877f ; Esaias 1861-1921 forretningsmann, g 1886 m Berthe Thoreid (6 barn); Olava 1864-1927 gm Halvor Halvorson Røiri (7 barn); Ivar 1866- ; Andreas 1869-1941 gm Klara Johansen (3 barn); Gunda 1872- ugift; Trine Emilie 1877- gift utan barn.
    Guri var i tenest hjå proprietær Blyberg. Guri og Andreas var trulova i 6 1/2 år før dei gifte seg. Dei budde fyrst på plassen Nettopp under Ellingsrud i Lørenskog. Han var handelsbetjent i 1872, busett i Lakkegade 41, Kr.ania. I 1872 kjøpte Andreas garden Røykås i Skedsmo for 2300 spd. (984), (1378), (1731)
8. Svein Olson Helling 11.06. 1836-1915
G 1860 m Anne Olsdtr. Stave. Barn: Guri 1860-1921 gm Tomas Aass (2 barn); Ola 1862-1888 ugift; Ambjørg 1864- ; Ola 1866- ; Ola 1868- ; Tolleiv 1871- slaktar og kjøthandlar i Drammen, gm ... ... (sønene Svein og Leif overtok kjøthandelen, Svein starta sidan buss-selskapet S. Helling; Ambjørg 1873-1915 gm Hans Ruud; Tolleiv 1876-1948 gm Margit Torkildsen (3 barn).
    Svein forpakta øvre Gurigard i 1865. Så reiste dei til Drammen i 1867 og dreiv slaktarbutikk i basarane på Strømsø torg. Sonen Tolleiv overtok handelen og kjøpte garden Danvik. Om Helling kjøthandel og sidan SH buss-selskap, sjå Drammen byleksikon. (oppl. v/ J. R. Bergvitz-Larsen)
9. Anne Olsdtr. Helling Tomte 15.11. 1838-
Gm Peder Hansen, Hemsedal 1833- .
    I 1865 var Anne gift med Peder Hanssen, husmann på Tomte under Hval på Norderhov. I 1870 heitte det at Anne var tenar hjå bestyraren på tukthuset.
    Anne og Peder budde på ein plass under Tomte på Norderhov i 1900. Han var husmann utan jord.
10. Tore Olson Helling 02.07. 1841-1841
Tore levde 12 dagar.
Ola og Guri gifte seg i 1819.
    I 1842 vart garden selt på auksjon til Tolleiv Torjusson på søre Helling. Ola og Guri flytta då til Hellingstølen.
    Ola var husmann på Hellingstølen då han døydde i 1845. Skiftet vart heva då enkja lovde at ungane ikkje skulle få buets gjeld til last. (NB. Død '53 år gammel' i 1845.)
    Guri vart attgift 1849 med Torstein Torkjellson Svarteberg Halleset. (Ingen barn.)
{5071} År: 1842
Helling vart selt på auksjon i 1842 til Tolleiv Torjusson søre Helling. Han selde garden til svigersonen Torstein Syverson Skarsgard i 1844. (Sjå meir om han på Skarsgard, gnr. 92/4.)
    Fem år seinare makeskifte Torstein Syverson til seg søre Hove i byte med Helling.
{5072} År: 1849
Lars Tolleivson Løkensgard Medgard Hove 06.04. 1800-1872c
Foreldre: Tolleiv Larsson Svarteberg Løkensgard og Margit Olsdtr. Løkensgard.
Gm Ragnhild Eiriksdtr. Hove Medgard __.06. 1807-1899
Foreldre: Eirik Mikkelson Hove og Guri Larsdtr. Rimehaug.
Lars var lærar i Leveld i 1828 (Sjå meir om familien på Medgard, gnr. 69/1).
    Lars og Ragnhild hadde søre Hove i 1832. Lars makeskifte til seg nordre Helling i 1849 i byte med Hove.
    Sonen Eirik overtok Helling i 1869.
{5073} År: 1861
Tolleiv Larsson Medgard Helling 20.07. 1828-1865
Foreldre: Lars Tolleivson Løkensgard Medgard Helling og Ragnhild Eiriksdtr. Hove.
Gm Guri Olsdtr. Leksvolplassen Helling Solheim 17.12. 1836-
Foreldre: Ola Sevatson Granhagen Leksvolplassen og Barbro Olsdtr. Svillegard.
*Barn
1. Margit Tolleivsdtr. Helling Kollhus 29.05. 1859-1895
Gm Ivar Ivarson Asgrimsplass. Barn: Tolleiv 1888- til Am., farmar Pine Creek, g 1917 m Karen K. Dahl (4 barn); Ambjørg 1890-1923 gm Axel Hammergren, Oslo; Ingvald 1892-1960 til Am., jernbane-ingeniør, g 1924 m Marvel M. Constans (2 døtre); Lars 1894-1894.
    Budde på Kollhus i Rukkedalen. (Hall. 220 s 18) NB. ikkje alt er rett! (1032)
2. Ragnhild Tolleivsdtr. Helling Viken 23.09. 1861-1953
G 1883 m Tor Asleson Viken, Nes 1860-1911. Barn: Barbro 1884-1957 ug.; Guri 1886-ung; Anna 1887-1935 gm Anton Nordengen; Billa 1889-ung; Theodore 1891-1958 gm Minnie Paulson; Elsie 1893-ung; Gilbert 1895-1907; Mabel 1897- gm Jack Conrad Vinje; Thor 1899- ug. felespelar; Rudolph 1901-1907; Elsie 1904- farmar i Manitoba,Ca., gm Bennie Vinje; Peder/Pete 1909- ug. felespelar. (1435)220
    Ragnhild og Tor reiste til Am. i 1890 og tok seg land ved Pine Creek. Tor var ein flink spelemann, sønene Thor og Pete likeeins.
3. Guri Tolleivsdtr. Helling 22.02. 1864-1940
Ugift. Vanfør syerske på Nes.
Tolleiv og Guri gifte seg i 1861. Dei budde på Helling, Tolleiv brukte garden for faren.
    Guri og barna reiste til Nes i 1868. Der vart ho attgift med Ola Ellingson Solheim, Rukkedalen. Barn: Barbro 1870- gm Syver Jordeplass; Elling 1872- til Klype (Rukkedalen) gm Guri Skollerud; Kristi 1874- gm Gulbrand Bekken; Margit 1878- gm Elling Sandanbråten; Ola 1880- til Drammen, gm ... ... . (1435)220
    Guri var på Dokkeløkka på Nes i 1900.
{5074} År: 1869
Eirik Larsson Medgard 20.01. 1832-
Foreldre: Lars Tolleivson (Medgard) Løkensgard Helling søre Hove og Ragnhild Eiriksdtr. Torsteinsrud.
Gm Ingebjørg Knutsdtr. Gudbrandsrud Helling 01.02. 1824-
Foreldre: Knut ... Gudbrandsrud og ... ... ... , Nes.
*Barn
1. Ragnhild Eiriksdtr. Helling 13.03. 1869-
Til Am. Grasdokk ??
2. Lars Eirikson Helling 29.01. 1871-
3. Birgit Eiriksdtr. Helling Holmen 03.05. 1873-
G 1893 m tenar Anders Olson ... Bondli-eie eller Holmen i Asker 1869-.... . (Anders var son til arbeidar Ole Mathisen)
    Dei budde i mange år som husmannsfolk i Løkenesmyra på Konglungen. (938)
4. Knut Eirikson Helling 22.02. 1875-
Gm Hilma Tinberg, Småland i Sverige. Barn: Eberhard 1911- g 1941 m Eurnice Johnson (3 barn).
5. Tolleiv Eirikson Helling 21.07. 1877-1966
"Thomas". Gm Myrtle Aslesdtr. Sanden, Nes 1905-1975. Myrtle sitt barn: Archie LaVerne 1923-1965 ....... gm Marian ... (7 barn).
    Barn: Barbra ....- gm Charles Gibbs (2 barn); Thomas ....- politisjef, gm Shirley Hove (3 barn); Betty Lou ....- forsikring, gm Tom Shanks (4 barn); Robert/Bob 1936- ug. jernbane-ingeniør, formann i Hallinglaget; Charlotte ....- gm Roland Jost (5 barn); Donna Mae ....- gm Larry Gray (2 barn).
    Tolleiv var farmar ved Mason City i Iowa.
6. Margit Eiriksdtr. Helling 27.05. 1880-
7. Guro Eiriksdtr. Helling 07.05. 1883-
8. Kari Eiriksdtr. Helling 08.09. 1887-1887
9. Ola Eirikson Helling 17.10. 1888-
Eirik og Ingebjørg gifte seg i 1868. Eirik kjøpte Helling hjå foreldra i 1869.
    Han selde garden 1893 til Lars Syverson Logsengard for kr. 5000 og emigrerte. Busett i Kinsel i Iowa.
    Barnebarnet Eberhard fortalde under besøk i Hallingdal i 1987 at mange av barna til (Eirik og Ingebjørg?) døydde av tæring, men at Birgit, Knut; Tolleiv og Ola levde til høg alder. (Oppl. O. Hagen)
{5075} År: 1893
Lars Syverson Logsengard 06.03. 1862-1938
Foreldre: Syver Larsson Bomberud Logsengard og Kari Knutsdtr. Logsengard.
Gm Mari Tolleivsdtr. Bjella Luksengård 16.01. 1871-1969
Foreldre: Tolleiv Larsson Bjella og Sigrid Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Kari Larsdtr. Luksengård Baklien 11.12. 1893-1988
G 1915 Lier m Halvor Botolvson Baklien 1879-1962. Barn: Birger 1916- g 1943 m Eva Skar, var kjøpmann på Nes; Anne Marie 1918- gm Kåre Skytteren, Grue, g 1953 m Tor Lindkjølen, g 1958 m Petter Wilhelm Hagstrøm, gm Oskar Knutsen, Skien; Lars 1920- gm Elida Kjensmo, busett på Kongsvinger; Sigrid 1922- gm Hans Davidsen, busett Kirkenær; Mari 1925- gm Jon Gudmund Håbesland, busett Oppegård; Arne 1928- gm Inger Johanne Huset, driv garden Berger i Solør; Sigurd 1931- major, gm Randi Halvorsen; Kåre 1933- gm Kari Thorstad, spesialist i indremedisin, busett Oppegård. (962)
    Halvor kjøpte garden Berger i Solør i 1916 og dreiv krøterhandel ved sida.
2. Sigrid Larsdtr. Luksengård Bye 08.09. 1896-1993
Gm Joar Bye, Kirkenær. Barn: Erling 1919- drosjesjåfør gm Asta Lundhaug (1 barn); Lars 1920- gardsarbeid/butikkarbeid, gm Olga Marie Sagen (1 barn). (1242)
    Sigrid og Joar dreiv garden garden Bye på Kirkenær. Joar dreiv også fehandel.
3. Anne Larsdtr. Luksengård Helgerud 10.08. 1899-1989
Gm Rolf Helgerud 1896-1977, Lier. Barn: Bjørg 1941- bonde og sekretær, gm Knut Andersen (konsulent hjå Veritas). (1195)
    Rolf og Anne dreiv garden Helgerud i Lier (mjølk og frukt).
4. Haldis Larsdtr. Luksengård Hafsdal 27.09. 1902-1999
Gm Kolbjørn Hafsdal. Ingen barn. Haldis var sjukepleiar på Ullevål. Busett i Oslo. (1245)
5. Mari Larsdtr. Luksengård Kristiansen 30.12. 1906-2002
Gm disponent Hans Kristiansen. Barn: Ståle 1943- ug. ingeniør på Kongsberg.
    Mari og Hans budde i Drammen.
6. Syver Larsson Luksengård 30.10. 1909-2003
Sbm Gjertrud Abrahamsen, Lier. Ingen barn.
    Syver var utdanna bilreparatør og flymekaniker. Overtok Risengen i 1944 etter foreldra. Han dyrka frukt og grønsaker.
Lars og Mari gifte seg i 1892. Dei kjøpte Helling for kr. 5000 og bygde opp garden: stugu, uthus og loft. Lars var sterk. Han bar ei stor steinhelle som brannmur opp i andre høgda.
    I 1911 kjøpte Lars Risengen gard i Lier, og selde Helling for 12000 til Jon E. Kaslegard. Så flytta dei til Lier i 1913. Dei skreiv seg Luksengård.
    Lars hadde vore på utkikk etter eit gardsbruk med flate jorder. Bakkar hadde han hatt nok av. Så fann dei Risengen som var til salgs. Jordvegen var ikkje så stor, men dei fekk kjøpt inntil meir jord.