Hellinghaugen gnr. 106 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hellinghaugen gnr. 106 bnr. 8a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hellinghaugen var husmannsplass under søre Helling. Den låg oppe i bakkane ovanfor garden. Hus eller tufter?
    Plassen vart utvida i 1760-åra, men me kjenner ingen husmann før den tid.
    Hellinghaugen vart selt til nordre Hove i 1903. Sidan brukt som heimstøl? Tunet er fråselt til hytte-eigedom som Hellinghaugen Lille, bnr. 16 i 1969.

{5112} År: 1762c

Torgeir Olson Lå Hellinghaugen 1721.-1787
Foreldre: Ola Torgeirson søre Lå og Ambjørg Klemetsdtr. Sundbrei.
Gm Sigrid Knutsdtr. Tunehagen Lå 1742-1788
Foreldre: Knut Torjusson Håkonsgard Tunehagen og Guri Knutsdtr. Strand Bakka.
*Barn
1. Ambjørg Torgeirsdtr. Hellinghaugen 28.11. 1762-
Ambjørg vart konfirmert 1780 som A.T. Lå. Ambjørg var busett i Kr.ania i 1794.
2. Ola Torgeirson Hellinghaugen Haug 01.04. 1764-
G 1789 m Ingeborg Knutsdtr. Haug. Sjå Haugslåtta, gnr. 59/2a.
3. Knut Torgeirson Hellinghaugen ØvreLå 09.02. 1766-
Knut 'ØvreLå' stod på lista over "fattige børn" i 1780.
4. Ola Torgeirson Hellinghaugen 08.11. 1767-
5. Torstein Torgeirson Hellinghaugen ØvreLå 1770c-
Torstein stod på lista over "fattige børn" i 1780.
6. Anders Torgeirson Hellinghaugen 11.09. 1774-
7. Daniel Torgeirson Hellinghaugen 11.09. 1774-1775c
8. Daniel Torgeirson Hellinghaugen Danielsplass 01.03. 1778-1858
G 1802 m Birgit Nilsdtr. Svarteberg. G 1843 m enkje Birgit Olsdtr. Sundre. Sjå Ulshagaplassen.

Torgeir og Sigrid gifte seg i 1762. Torgeir var soldat frå 1748. Og som mange soldatar elles hadde han mykje nattleg 'tenest'.
    I 1748 stod Torgeir stod offentleg skrifte for legemål med Ambjørg Torsdtr. (Ho døydde i barselseng.) Og neste år hadde han vore til sengs med både Ågot Syversdtr. og Ingeborg Endresdtr.
    Torgeir var husmann i Hellinghaugen, og han dreiv som skomakar. I 1766 vitna han at han sat og gjorde skor hjå Ola Torson Rime då ein av falskmyntarane frå Vats kom og betalte for ein hest. Etterpå sa Ola Rime: "Gud gi enhver må lide efter fortjeneste!"
    I 1768 vart Ola Torjusson Helling stevna av grannane for å ha stengt fe-rekslene deira. Helling-bonden hadde utvida ein husmannsplass og 'der indsatt Huusmanden Torjer Olsen.'
    I 1776 vart han kalla Torgeir Olson på plassen Torgeirrud (Også skrive Ovestrud'). Om plassen heitte elles: 'Den nye plass ligger mer bekvemt til for Hove enn for Helling'.
    Torgeir og Sigrid sette plassen i stand. Husa stugu, låve og forhus hadde Torgeir og Sigrid kosta sjølve. Åkerbrot vart taksert til 10 rd. På skiftet etter han i 1791 vart buet tilført 34 rd for tre hus, åkerbrot og rydningsarbeid. Buet elles var 26 rd.

{5113} År: 1802

Amund Jonson Hefte Noss 01.05. 1757-1840
Foreldre: Jon Amundson ... Granhagen Hefte og Anne Håkonsdtr. ... .
Gm Åse Monsdtr. Grøvo Noss 1763-1851
Foreldre: Mons Helgeson ... Grøvo og Anne Halvorsdtr. Grøvo i Hol. (Hol IV s 205)

Amund Jonson Hefte og familien kom frå Nasagardane til Hellinghaugen i 1802. Han var gift med Åse Monsdtr. Grøvo frå Hol.
    Amund var på legd i ØvreÅl og Kvinnegardslia fjerding 1816-1836. Han døydde som 'Amund Hellinghaugen' i legd på Lå i 1840. Sjå meir under Birgeplassen. (119/1a)

{5114} År: 1843

Ola Gunnarson KvinnegardsJorde Hellinghaugen 16.12. 1810-1901
Foreldre: Gunnar Olson Hove Sundrebråten Kvinnegardsjorde og Anne Ivarsdtr. Kvinnegard.
Gm Sissel Olsdtr. Myregarden Hellinghaugen 12.07. 1808-1873
Foreldre: Ola Knutson Myregarden og Margit Olsdtr. Tveito.
Gm Kari Ivarsdtr. Kvinnegard Hellinghaugen 28.08. 1835-1919
Foreldre: Ivar Olson søre Kvinnegard og Sigrid Gunnarsdtr. Kvinnegardsjordet.
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Olsdtr. Hellinghaugen 01.12. 1874-1942
Ugift. Død som 'arbeiderske'.
2. Gunnar Olson Hellinghaugen 26.11. 1876-1933
Gunnar var ugift og budde på Bjella. Gunnar var i Hansebråten og Rikansrudteigen ei tid før 1914. Gunnar hadde Kortgarden (gnr. 103/4) utan heimel kring 1924. Gunnar hadde lånt 2000 kr til Embrik Kortgarden.
    Gunnar dreiv med ymse dagarbeid. Dessutan dreiv han dekor-måling, såkalla 'veda-måling' på kister og skåp. Etterkvart kjøpte Gunnar seg hus på Sundre.

Ola og Sissel gifte seg i 1835. Ingen barn. Han var soldat ved Ålske Kompani i 1835.
    Ola vart attgift med Kari i 1875 og fekk to barn med henne. I 1900 var han husmann med jord.