Anfinngarden gnr. 106 bnr. 11
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Anfinngarden gnr. 106 bnr. 11-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

I jordeboka frå 1626 heitte det om Anfinngarden: 'et lidet slottelende Anfindsgaard som ligger i Nersetlien som skylder årlig en meele korn'.
    Den opphavlege Anfinngarden eller Anfinnlien var nok ein gamal gard som vart liggande øyde. Truleg skriv denne garden seg frå høgmellomalderen. (K. O. Solhjell: 1989)
    Når Anfinngarden vart skattlagt som slottelende så fortel det at den vart brukt under eit anna bruk.
    Anfinnlien låg i eiga til prestebolet i Ål frå gamalt. Som såkalla benefisert gods under prestebolet vart garden lenge bygsla bort av presten til bønder på Helling, Hove og Svarteberg. I denne tida er det truleg ikkje fastbuande folk på garden. Truleg vart bruket nytta som støl og slåttemark under gardar i Øvre Ål. Stundom vart bruket kalla 'Anfinnslåtten'.
    Alt i 1688 var Anfinnlien delt i to, då bygsla Asle Tomasson Hove 'halve' Anfinnlien'. Sidan er bruka nemde som Anfinnlien 'ova eller nedanfor ålmannvegen'. Nedre bruket vart etterkvart kalla 'Sandelien' og det øvre bruket vart 'Anfinngarden'.
    Namnet har vore skrive både Anfinnlien og Anfinngarden.
    Ved skriene i 1876 vart Anfinngarden øydelagt og har sidan vorte nytta som støl. Sjå år 1863.
    Frådelingar: Anfinnlien, bnr. 10 ein heimstøl under myljo, sidan nordre Helling; Arnfinnlien bnr. 11 ein støl under Sandelien, og nordre Arnfinnlien stølsvoll bnr. 17 frådelt til Skrattegarden i 1912.
    A. Mehlum har ei segn om Anfinnli-brørne i boka 'Hallingdal og Hallingen'. (s 118)
    I 1990-åra vart Anfinngarden lagt ut til hyttefelt.

{5120} År: 1811


I 1811 bygsla Tolleiv Torjusson søre Helling bruket Anfinngarden hjå presten Leigh. I 1839 fekk han kongeleg skøyte for 100 spd.

{5121} År: 1850c

Torstein Ivarson Anfinngarden?? 1780c-
Foreldre: Ivar ... ... og ...
*Barn
1. Ivar Torsteinson Anfinngarden Svarteberg-eie __.__. 1820-1902
Barn: Ola 1840- m Liv Håkonsdtr. Moen; Torstein 1846- m Ragne Ørjansdtr. Hellinghaugen (hans 2. lm); Sevat 1850- (ukjent) m Ragne Ørjansdtr.
    G 1857 m Margit Håkonsdtr. Svarteberg.
    Ola gifte seg 37 år gamal i 1857 med Anfinngarden som opphaldstad. Sjå Løkensgardteigen, gnr. 58/6a.

Torstein var gift med ... ... , også kalla 'Trintrudtausa'.

{5122} År: 1863

Knut Knutson Haug Gjerden 16.09. 1827-1911
Foreldre: Knut Knutson Strand Haug og 2.g. Sigrid Olsdtr. Haug.
Gm Liv Torsdtr. Feten Anfinngarden 01.12. 1823-1876
Foreldre: Tor Olson Gurigard Feten og Turid Olsdtr. Håkonsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Knutson Dokk 23.07. 1859-1876
2. Ola Knutson Dokk 21.12. 1860-1876

Knut og Liv gifte seg i 1859. Knut var inderst på Dokk dei fyrste åra.
    I 1863 kjøpte Knut Anfinngarden for 290 spd. Dei flytta hit og bygde og dyrka sin eigen gard. Så skjedde den fæle ulykka.
    Den 14. juni 1876 losna ei skride oppe i Anfinngardsnatten og sopte husa og og det meste av jordvegen på Votna. Knut dreiv med noko utearbeid, og såg på det som hende. Han sprang til sides og berga livet. Men Liv og sønene var inne i stugu og vart med i skriu. Gutane fanns aldri meir. Liv vart funnen i Storåne nede ved Sataøyne. Sjå BB i Dølaminne 1976.
    Anfinngarden vart aldri gard att. I 1878 vart jordskatten redusert ved 'Høieste Resolution'. Knut selde Anfinngarden til bonden i Sandelien for 640 kr. Så gifte han seg opp att med Sissel Johannesdtr. Bakke og kom til Øygardslåtta, sjå gnr. 43/2.

{5123} År: 1879


Etter at Anfinngarden vart rasert i skridene vart garden nytta som heimstøl. Det vesle av jorda som var att, vart dyrka opp og stølshus kom opp. I matrikkelen vart Anfinngarden kalla 'Sæter'.
    Botolv Torson Lislelien Sandelien (gnr. 52/2) kjøpte Anfinngarden for kr. 640 i 1879. Så lånte han pengar med Anfinngarden som pant.
    I 1904 vart det halde utpanting for årets skatt, kr. 1,87. Og i 1913 vart Anfinngarden selt på auksjon.