Hove, udelt gnr. 107 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hove, udelt gnr. 107 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hove-gardane ligg solvendt midt i ØvreÅl og grensar mot Prestgarden i syd og Ulshagen i sør-aust og Helling i vest. I 1588 heitte det at Knut i Ulshagen var sameigemann med Hovebøndene ovanfor 'Tienbersvegen' (Timmer-vegen?)
    Hove-gardane samla vart kalla Hove-reppen.
    Hove var ein av sentrale gardane i bygda i gamal tid. Namnet Hove tyder på at det har stått eit gudehov på garden. Når garden Hove dessutan har Prestgarden (tidlegare Ålsgard) som tilstøytande granne, så kan dette ha vore same eigedomen frå gamalt. Her var nok kultstaden i bygda både i hovs-tida på 700-talet og tidlegare. Namnet Ålsgard kan koma av gotisk 'aahl' som tyder tempel.
    Oldfunn.
    Det vart funne eit bronse-spenne på Hove kring 1860. Spennet var truleg gravgods. Det er av ein sjelden type som vist nok skriv seg frå 600-talet. Meir om Hovefunnet, sjå Ål I s 91 og 93.
    På Myregarden er funne fleire pilespissar av jern.
    Jordegodset.
    Opphavleg landskyld for garden Hove var 70 laupsbol. Dette er utan samanlikning ei mykje større landskyld enn andre opphavsbruk som Opheim, Noss og Strand. Det fortel kva rolle Hove spelte i bygda. På Hove var samla både religiøs og verdsleg makt. Nordre Hove sat med 43 laupsbol og søre/øvre Hove med 27 laupsbol.
    Som i ØvreÅl elles låg delar av jordegodset på Hove til kyrkja frå gamalt. I 1595 hadde Mariakyrkja 1 hud i Hove. I fylgje jordeboka Grågås (1626) var det 16 laupsbol kyrkjegods i Hove, dvs. Ål prestebol hadde 12 laupsbol og Ål kyrkje hadde 4 laupsbol.
    Frå andre kjelder er det såkalla kanonigodset oppgjeve til 1 1/2 hud, dvs. 18 laupsbol. (Kanonigods var jordegods som låg til dom-kapitlet, dvs. her presteskapet ved Maria-kyrkja i Oslo.)
    Kanonigodset låg i både nordre og søre Hove med 9 laupsbol på kvar gard. I jordeboka til Stavanger bispedøme 1626 står Ål kyrkje med 1 laup smør i Hove.
    Det såkalla bondegodset var 28 laupsbol i nordre Hove og omlag 17 laupsbol i søre Hove.
    I 1641 var det Nils Toller som forvalta kanonigodset. Så overtok den danske diplomaten og jordeigaren Martinus Tancke. Han var i tenest hjå kong Kristian IV frå 1638, var utsending til Holland ei tid, og sidan var han i København. Tancke var kammerråd hjå kurfyrsten av Dresden frå 1661. (I fylgje Dansk biografisk leksikon)
    I 1662 selde M. Tancke kanonigodset til borgermeisteren i Tønsberg, Niels Lauritsen som hadde mykje anna gods i Hallingdal frå før. Tolleiv Frøysok kjøpte godset i Hove hjå borgarmeister Niels Lauritsen i 1663. Bøndene vart ikkje sjølveigarar av alt prestgodset før 1828.
    Delingar.
    Delinga i nordre og søre/øvre Hove skjedde før 1557. Dette året skatta to Hove-gardar, nordre av 6 kalvskinn med 2 album i frelse, søre garden av 2 kalvskinn med 1 album i frelse (frå ein tidlegare skatt). Prestgodset i både nordre og søre Hove låg øyde før 1600. Der var korkje hus, herberge eller åker før oppatt-ryddinga kring 1600.
    Fyrst på 1600-talet var Knut og Svein på søre/øvre Hove. I 1620-åra vart rydda ein støl eller øydegard av søre Hove av det som var kanonigods. Dette er Skrattegarden. Namnet Skrattegard er mykje eldre, det skriv seg truleg frå før øydetida. På 1600-talet og byrjinga på 1700 så var det berre Skrattegarden og Myregarden som vart kalla 'søre Hof'. Kring 1750 kom namna 'Skrattegarden og Myregarden' i bruk att. I matriklane hekk namnet Søre Hove att på bnr. 6, men i daglegtale sa dei 'Uppigarde på Hove.'
    Oppdelinga 1823 av nordre og nedre Hove viser til 'søndre og østre Kant og fra Gammel tid oprettede stengjer, røser og nedsatte delestene mod Asle og Torkel Hoff.' (bnr. 6.)
    I 1742 vart sett dele mellom utrasta for søre Hove og nordre Hove, Ola Torkjellson, Mikkel Hove Aslak Larsson, Klemet Olson søre Hove og Tore Mikkelson Hove.
    Frå ein marstein ved eit vegnaskjel mellom 'Skrattegard eller søre Hove' rett i nord etter alfarvegen til Varseggen. Og der ved eit steinkast, er nedsatt ein sein som viser oppetter i høgaste eggen, og følger den vestover til eit lite tjødn kalla Vårkjødne. Derfrå ein haug med marstein like bort til eit vinterled ved stølen til Svein Varaberg. Der vart sett marstein som viser i like vest til den siste steinen der Varaberg eigna møter. Aslak Hove skulle ha på ovansida av alfarvegen, Mikkel på nedsida.
    Så sette dei dele mellom Aslak og Mikkel, og Tore Hove. Delet skulle gå frå ein stein som viste i sør til Ulshagavegnaskjelet, derfrå til ei gran på eit berg og så til Ulshagen eigna.
    Så sette dei steinar i Nersetlia mellom Aslak og Mikkel, den fyrste på sørsida, den siste på nordsida. Det vart også sett steinar ovanfor alfarvegen ved Jutleskot, Aslak fekk eige på nordsida og Mikkel og Tore på sørsida.
    Hove-gardane hadde opphavleg langstølar i Djup og Toviken.
    I 1788 gav Ola Aslakson Hove, Knut Larsson Myregarden og Lars Gjermundsen (Rime) løyve til Knut Randen på bruken av fjellhamna Fødalen mot 1 spd årleg leige til Hove og Rime. Fødalen skulle falle attende til Hove og Rime utan hevd eller nokon motseiing.
    I 1823 var det utskifting av innmarka for nordre og søre Hove. Då skilde dei det som var bondens gods (nedre Hove) frå det benifiserte godset. Presten møtte med to menn. Det stod 17 hus på desse to gardane, av det var det 3 stuguhus. Noko av uthusa skulle dei bruke felles. Skogen vart delt, og på Nerset fekk kvar gard sin støl. Langstølen Kitilset høyrde til prestgodset i nordre Hove. LangstølenToviken skulle dei ha saman. Deretter vart teigblandinga oppløyst.
    I 1950 var det utskifting av tuna i Hovegardane i samband med bygginga av ny grendeveg til avløysing av den gamle vegen som gjekk opp Helling-gutu.