Hove, nedre nigarde gnr. 107 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hove, nedre nigarde gnr. 107 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Hove vart frådelt nordre Hove i 1743. Garden var på 18 laupsbol, dvs. 6 laupsbol tilhøyrde kyrkja, 6 lb. hadde presten og 6 lb. hadde bonden.
    Kring 1786 reiste kvernhuset på Hove i ei skride. (1437)
    I 1831 kjøpte bonden dei resterande 3 laupsbol i garden som Asle Strand sat med som kyrkje-eigar. Dermed var heile nedre Hove bondegods.
    Frådelte bruk: Trulsegarden var frådelt i åra 1801 til 1861.
    Areal 1865: dyrka jord 22 mål, naturleg eng 21 mål, utslått 64 mål. Avling 21 tunner bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 108 mål, anna areal 60 mål, produktiv skog 360 mål, anna utmark 180 mål. Buskap 10 mjølkekyr, 16 ungdyr, 26 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1860, påbygt 1947, kårhus 1989, driftsbygning 1972, gamalt loft. Eit gamalt loft vart selt kring 1950 til .... og står no på ...... .
    Stølar. Heimstøl på Nerset. Opphavleg langstøl Toviken, bnr. 5 vart frådelt som 1/4 av Toviken og selt i 1856. Den ligg no til nordre Helling. Langstøl på Steinstølen vart tilkjøpt sist på 1700-talet.

{5148} År: 1765

Lars Larsson Opsata Hove Sundrehagen 1742-1824
Foreldre: Lars Aslakson Hove og Birgit Olsdtr. Opsata.
Gm Ragnhild Torkjellsdtr. Sundre Hove 15.03. 1747-
Foreldre: Torkjell Olson Villand Sundre og Birgit Jakopsdtr. Rue.
*Barn
1. Astrid Larsdtr. Hove Sundrehagen 24.05. 1767-1837
G 1786 m Eirik Anderson Nestegard Sundre. Sjå del av nedre Hove, 4a.

I 1763 lyste Lars odels-søksmål på nedre Hove. Saksøkte, onkelen Ola Aslakson Hove d.e. møtte og baud Lars garden for 780 rd istadenfor dei 802 som han sjølv hadde betalt. Etter forlik fekk Lars skøyte i 1765 for 700 rd.
    Lars og Ragnhild gifte seg utan løyve frå far hennar. Han Lars var ikkje rik nok, tykte svigerfaren Torkjell Villand.
    Men Ragnhild var 'dotter til far sin' og sette opp av all kraft. Ho rømde ut glaset ei natt til Hove, og Torkjell laga eit svært oppstyr for å få den stridige dottera heim att. Istaden vart det bryllaup på Hove.
    Eller var det slik: Ragnhild rømde opp til han Lars på Hove. Neste dag gjekk ho ut på bråtet, og song so det ljoma over heile Sundre, men faren læst som han ikkje høyrde.
    Men Ragnhild visste at han syrgde over henne, neste morgon var ho atter utpå bråtet og song straks ho såg faren nede i tunet på Sundre. Det let så klangfullt at folk stoppa opp og undrast. Då mjukna faren, han vart ståande og lytte og så vinka han til henne. Yr av glede sprang ho heim til forsoning og gjestebod-styr. (1553)1916/10
    På museet er ein utskoren stokk komen frå Styrkestad: "Bygt i Guds navn af Lars Larssen og Ragnhild Torkillsdatter. Anno 1775." Denne stokken skriv seg nok frå svala på ei stugu frå Hove som Birgit Andersdtr. Hove fekk som medgift då ho kom til Styrkestad. (År 1846)
    Men Ragnhild var storsinna, ho ville styre alt. Og då Lars ikkje ville la seg umyndiggjera vart det ufred. Ei tid var ordninga den at ho rådde inne, og han ute.
    I 1791 fekk dei kongeleg løyve til å 'adskilles i bord og seng', dvs. skilsmisse. Så delte dei garden, buet og gjelda i to delar. Denne slåttemarka vart delt: engelandet i nedre jordet, nordre Lu-slette, søre Lu-slette, Deletoppen nordanfor stugu, Kalvetræhaugen og Tor-garden; engene i øvre jordet. Av åkrane fekk Ragnhild Øvrejord-åkeren, Brattåkeren, Larsåkeren, Bergsåkeren, Såljukall-åkeren og Smieåkeren, i alt 11 mål. Heimstølen på Nerset vart delt i to delar.
    I 1799 var Ragnhild i forlikskommisjonen saman med grannane. Dei gjorde slik semje: Ragnhild skulle heretter nytte den "lange" stølsvegen mellom Bråten og kaptein Juel's støl i Lien.
    Ragnhild gjorde avtale med svigersonen Eirik i 1801: han skulle setja i stand varmt husvære til henne i SundreHagen innan 2-3 år, dessutan skulle han dyrke opp og setja merkestein kring 1 mål åker av Haga-jordet for henne. Som motyting skulle Ragnhild gje skøyte på garden Hove, 6 lb., til dotterdottera Åse Eiriksdtr. (1407) s 43
    I 1787 selde Lars Larsson Hove halve Sundre, halve Sundrehagen og halve Steinstølen til svigersonen Eirik Anderson Nestegard for 880 rd. Christen Samuelsen (Ånstad, stefaren til Ragnhild) hadde resten av nedre Sundre, dvs. parten som Ragnhild skulle ha. Lars held attende rett på livstid til å bruke eit sagbruk under Sundre utan avgift.

{5149} År: 1810


Ola Anderson nordre Hove kjøpte 1820 også 6 laupsbol i nedre Hove og halve Steinstølen. Dette var i tillegg til dei 3 laupsbol hadde han overteke hjå faren tidlegare.
    I 1831 kjøpte Ola dei resterande 3 laupsbol i garden som Asle Strand sat med som kyrkje-eigar. Dermed var heile nedre Hove bondegods.
    Sonen overtok garden i 1846.

{5150} År: 1846

Anders Olson Hove 26.01. 1816-1900
Foreldre: Ola Anderson nordre Hove og Birgit Eiriksdtr. Sundrehagen.
Gm Anne Tolleivsdtr. Helling Hove 02.07. 1815-1878
Foreldre: Tolleiv Torjusson Varaberg Helling og 2.g Anne Andersdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Ola Anderson Hove 21.08. 1841-1893
Ugift. Han arva m.a. 1 ku og 2 sau etter faren. Ola var tenar hjå broren Tolleiv i 1891.
2. Birgit Andersdtr. Hove 20.05. 1845-1847
Saman med to tenestjenter var vesle Birgit på heimstølen Nerset ein dag ved jonsok 1847. Under leik fall Birgit opp i ein kjel med kokande vatn, og døydde 12 timar etterpå.
3. Anne Andersdtr. Hove 08.07. 1848-1877
Ugift.
4. Birgit Andersdtr. Hove Styrkestad 07.09. 1851-1884
G 1873 m Lars Larsson Bjella Gurigard Styrkestad, gnr. 103/7.
5. Astrid Andersdtr. Hove Gjerdnes 04.11. 1854-1898
G 1885 m Ola Knutson Gjerdnes, gnr.
6. Tolleiv Anderson Hove 15.01. 1858-1939
G 1880 m Margrete Eiriksdtr. Noss. G 1884 m Ambjørg Andersdtr. Ulshagen. Sjå neste hushald.
7. Ambjørg Andersdtr. Hove Myren 01.06. 1861-1956
G 1898 m Knut Knutson SundreMyren, gnr. 110/37.

Anders og Anne gifte seg i 1839. Dei budde på Leksvol dei fyrste åra. I 1846 fekk Anders skøyte på Hove. I 1861 kjøpte han dessutan attende dei 6 laupsbol i garden som Ragnhild Torkjellsdatter fekk ved skilsmålet i 1801. Prisen var 1000 rd.
    Anders skreiv utførleg dagbok frå gardsdrifta. Nokre utdrag med notat frå gardsarbeid, bygging og ver-lag m.m. er trykkt i Dølaminne 1984.
    Her er lista opp avlønning av tenestfolka, det gjekk mykje i varer, korn, eit skopar, eit våttepar, 'appåbunding' på eit hosepar osv. Sumaren 1861 fekk Andres Teigen godtgjersle etter 'gamal takst', dvs. det halve i suvel og det halve i bygg.
    Våren 1860 var det storflaum, og det gjekk fleire jordskrier. Frå Hove gjekk ei jordskride ned i Prestgarden, og Anders måtte reinske den søre delen av jordet sitt. Presten held Anders ansvarleg for skadane og saksøkte han. Då tok Anders seg sakførar i Drammen og vann saka mot presten.
    Anders var sidan med på klagesaka mot presten Kjelstrup. Då fekk han høyre av prosten: "Og du, Anders Hoff, gjør det blot av avind, da du jo har havt en privat sag med ham. Det er stygt af dig, at du vil anklage ham således af had til ham." (Lars Gjeldokk notat.)
    I 1863 bygde Anders ny låve. Dei starta den 20. april, og det var 13 karar som var med på bygginga. Og så var det 'tuku-dugnad' då taket skulle på.
    I mai 1865 skreiv Anders at det var jordskjelv.

{5151} År: 1883

Tolleiv Anderson Hove Hoff 15.01. 1858-1939
Foreldre: Anders Olson Hove og Anne Tolleivsdtr. Helling.
Gm Margrete Eiriksdtr. Noss Hoff 18.07. 1860-1881
Foreldre: Eirik Hallgrimson Evjen Knutsgarden Noss og Barbro Arnfinnsdtr. Roen.
Gm Ambjørg Andersdtr. Ulshagen Hoff 09.03. 1862-1912
Foreldre: Anders Anderson Baklien Ulshagen og 2.g Ambjørg Sveinsdtr. Nihagen Grøndalen (Hemsedal).
*Barn i andre ekteskap
1. Anders Tolleivson Hoff 28.12. 1884-1962
G 1915 m Ågot Eiriksdtr. Noss. d.y. Barn: Ambjørg 1917- lærar, gm Eirik I. Gjeldokk; Eirik 1925- ugift, busett i Sverige.
    Anders var lærar på Nordstrand. Til Modum?
2. Anders Tolleivson Hoff 24.12. 1886-1964
=Andres. Ugift. Sjå neste hushald.
3. Anne Tolleivsdtr. Hoff Dalseide 05.08. 1888-1969
Gm Nils Johanneson Dalseide. Sjå år 1935.
4. Ambjørg Tolleivsdtr. Hoff 21.04. 1890-1943
Ugift. Ambjørg arbeidde utanbygdes, sist i Flå.
5. Tolleiv Tolleivson Hoff 19.01. 1892-1912
Ugift. Tolleiv var handelsbetjent i 1912.
6. Ola Tolleivson Hoff 09.11. 1893-1930
Ugift.
7. Birgit Tolleivsdtr. Hove Skrindo 06.06. 1895-1973
G 1922 m Eirik Knutson Trintrud Skrindo. Sjå eige hushald.
8. Lars Tolleivson Hoff 04.07. 1897-1995
G 1925 m Anne Larsdtr. Strand. Snikkar. Sjå eige hushald.
9. Svein Tolleivson Hoff 03.10. 1898-1994
=Svenn. G 1941 m Ragnhild Andersdtr. Olsen. Handelsbestyrar. Sjå eige hushald.
10. Olaf Tolleivson Hoff 26.08. 1900-1917
Olaf øydela ei fot i oppveksten og gjekk med krykke. Han fekk tuberkulose og døydde tidleg.
11. Kari Tolleivsdtr. Hoff 10.01. 1903-1958
Ugift. Busett i Oslo. Kari arbeidde som kokke hjå Fleischer, både på hytta på Vallo og i byen.
12. Arnfinn Tolleivson Hoff 19.03. 1906-1992
G 1932 m Anne Larsdtr. (Hus)Haugen 1908-.... . Ingen barn.
    Arnfinn var fyrst handelsbetjent på Sundre, seinare bestyrar på kjøt-avdelinga ved handelslaget på Geilo.
   

Tolleiv og Margrete gifte seg i 1880. Ingen barn. Ho døydde i barselseng.
    Tolleiv vart attgift 1884 med Ambjørg. Tolleiv fekk skøyte på garden 1883 hjå foreldra for 7600 kr.