Hove, søre uppigarde gnr. 107 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hove, søre uppigarde gnr. 107 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Hove eller 'Uppigarde Hove' i daglegtale. I 1799 var bruket kalla øvre, nordre Hove, og det er vel rettast sidan søre Hove var kanonigodset som vart Skrattegarden.
    Garden skatta 2 kalvskinn 1 album i 1557. Garden skatta som halvgard med ei landskyld på 12 laupsbol.
    Frådelt to bureisarbruk: Hovestad, bnr. 20 i 1921 og Hovlid, bnr. 24 i 1932.
    Areal 1865: dyrka jord 28 mål, naturleg eng 75 mål, utslått 30 mål. Avling 22 1/2 tunne bygg og 20 tunner potet.
    Areal 1947: dyrka jord 30 mål, anna areal 25 mål. skog 30 mål. Husa var våningshus bygd 1900, stall frå 1860, to loft frå 1870 og 1907.
    Stølar. Heimstøl på Nerset. Opphavleg langstøl var Beihovd vart bortpanta i 1782. Deretter støla dei i Djup fram til 1820-åra då dei makeskifte Djup med søre Thon og fekk att Gyrinosen. I 1928 vart Gyrinosen selt. Langstølen Torsteingjerda på Hevjansåsen (gnr. 94/ 4) vart tillagt Hove i 1912.
    Garden vart oppdelt og selt i 1971-74. Tunet (Hove Fjellgard bnr. 41) vart frådelt til Arne Løvås som dreiv pensjonat ei tid. Stølen på Nerset vart selt til Varaberg, gnr. 108/1. Jordstykket Bjødnateigen, bnr. 40 vart selt til nordre Hove. Træet bnr. 43 vart selt til Myrvoll, bnr. 22.

{5170} År: 1756c

Birgit Henriksdtr. Huus Hove 1720c-
Foreldre: Henrik Toreson Huus og Turid Torsteinsdtr. Stave.
Gm Botolv Torjusson Helling Bakketeigen 1732-
Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove.
*Barn i andre ekteskap
1. Margit Botolvsdtr. Bakketeigen Noss Arnegard 1757-1803
Gm Ola Olson Arnegard Noss, gnr. 121/1.
2. Ingeborg Botolvsdtr. Bakketeigen Breiehagen 02.02. 1759-
Gm Ola Nilsson Breiehagen søre Sveinhaug, gnr. 128/1b.

Birgit vart attgift 1756 med Botolv Torjusson Helling. Dei var på Arnegard Noss og på Hove.
    Botolv var fehandlar 1752. Han betalte 'consumpsjonsskatt' som laus person.
    Botolv var lagrettemann frå 1773. Men i 1782 vart han bøtelagt for ikkje å ha møtt på tinget.
    Ein skinn-handel med Ola Eldjarnsstad kom for retten i 1774. Det var usemje om 40 saueskinn. (1374) s 24
    Og i 1778 var det strid med Ola "Illjansstad" pånytt. No galdt det noko korn som Botolv skulle ha etter ei utpanting.
    I 1781 brukte han Bakketeigen og ein del i ØvreLå. Botolv hadde slikt kår hjå svigersønene: annekvart år i Breiehagen og på Arnegard Noss.

{5171} År: 1770

Mikkel Toreson Hove 22.02. 1745-1811
Foreldre: Tor Mikkelson Hove og Birgit Henriksdtr. Huus.
Gm Ragnhild Eiriksdtr. Rikansrud Hove 19.10. 1749-1802
Foreldre: Eirik Olson Barskrind Rikansrud og Margit Olsdtr. Villand.
*Barn
1. Tore Mikkelson Hove 03.05. 1772-1789
Tore vart også kalla Tore Stave. Han dreiv handel med hest og krøter.
    Tore sin lagnad er beskriven på to måtar:
    a) Våren 1789 var Tore på ferd utover dalen med ei fedrift. Eit uhell støytte til, og enden vart at Tore drukna ved brua på Nes.
    b) Tore omkom under tømmer-fløytinga på Nes i 1797. Han gjekk på ein timre-lunne i elva, og så braut den seg laus så han han fall i elva.
    Tore hadde med seg alle papira sine, så retten hadde vanskar med å setja opp skiftet. Faren og mora sa frå seg all gjeld, og slutten vart at buet var 52 rd i underskot.
    Etter 12 tingsamlingar hadde retten klart å spore opp 167 rd i uteståande fordringar utanbygds.
2. Margit Mikkelsdtr. Hove Bakke 03.07. 1774-1840
G 1800 m Embrik Olson Ulshagen, gnr. 109/1 og Bakke, gnr. 49/1.
3. Birgit Mikkelsdtr. Hove 10.90. 1775-1780c
4. Torkjell Mikkelson Hove 29.06. 1777-1777
5. Eirik Mikkelson Hove 13.09. 1778-1807
G 1806 m Guri Larsdtr. Rimehaug. Sjå neste hushald.
6. Birgit Mikkelsdtr. Hove 04.11. 1781-1785
7. Torkjell Mikkelson Hove 19.09. 1784-1867
G 1810 m Anne Ivarsdtr. Styrkestad. Sjå år 1811.
8. Tolleiv Mikkelson Hove 25.05. 1786-1814
Tolleiv fekk eit barn med jenta Turid ... : ... 1810-1810 død etter 3 timar.
    Tolleiv hadde hareskår og prata utydeleg. Han gjekk rundt og stal og gjorde mykje vondt i bygda. (1016)
    Tolleiv fekk ein dom 1808 for 'en forbrytelse'. Som arbeidsledig vart han ilagt tukthusarbeid i 1809. (Hallingdølen 18.02.95)
    I 1811 vart det borte ein hest for Gjermund Rime, og Tolleiv vart sett med denne hesten i Reinli og på Hedmarken. Det vart rettssak som enda med frikjenning hausten 1812.
    Tolleiv vart verande på Hove hjå bror sin denne vinteren. Ved påsketider vart Tolleiv utjaga på Hove, han ville ikkje arbeide. Då vart det funne eit knippe med falske lyklar og to lykel-avtrykk i ein deig av mjøl og vatn!
    Det var uår og knappt med mat. Ei pinse-natt 1813 var Tolleiv på tjuvetokt i Vats. (Sjå meir under Ola Halvorson søre Berg, gnr. 87/1 år 1803. )
    Det heitte då at Tolleiv budde i Hefte. Då lensmann Richter greidde ut denne saka, spurdest det at Tolleiv var sett nær Tunhovd fyrst i juni.
    Sumaren 1813 tok Tolleiv seg ein runde på stølane i Ål. Budeiene var redde han, men torde ikkje anna enn å gje han mat. Tolleiv vart sett i arrest på Sundre, men han rømde 17. mars.
    Fire dagar seinare vart Tolleiv funnen død ved ei kjelde ved Tunhovdfjorden. Liksyn vart halde på Nes 24. mars 1814. Døds-årsak: 'hunger, tørst og frost' og dårlege klede. Kleda var: ei gamal grå trøye, ein grå vest, skinnbukser, sko og hallingluve, alt i ussel stand. Inkje mat, men 28 skilling. (1419) s 53
    På skiftet etter broren Eirik i 1816, vart arveluten hans inndrege til det offentlege grunna 'hans forbrytelse, varetegt og begravelse.'
9. Svein Mikkelson Hove 1790-1801f
10. Birgit Mikkelsdtr. Hove Brenno 16.06. 1793-
G 1815 m Eilev Ivarson Minna Brenno, gnr. .... Til Nærøy desember 1826.

Mikkel og Ragnhild fekk 10 barn, men mange døydde småe.
    Mikkel overtok garden for 200 rd 1770 hjå stefaren sin. I 1782 pantsette Mikkel stølen Beihovd til Løkensgard og Kyrkjedelen for 20 rd.
    Mikkel skeia ut med drikking og styr. I 1785 kom Mikkel for tukthusrett på Sundre. Torsdag før jul 1784 hadde Mikkel kome full til svigermora i Rikansrud. Han hadde overfalle henne med skjellsord ('tiuf' og 'Bidske'), teke henne i brystet og sett henne i benken medan han truga henne på livet. Til sist berga svigermora seg ut og bort til grannen.
    Nyttårskvelden tok Mikkel med seg ein liten son, og sa: "Du skal gaae med mig i aften til beste=Moder, og der skal blive saadant Billedhugger Arbeyde, paa Vinduer og Dører, saa det skal Spørges!"
    Då dei kom til Rikansrud, gav Mikkel seg til å hogge sund dørane med øks og grev. Så knuste han glasrutene før han gjekk der i frå.
    For retten måtte Mikkel "med vemodighed bekiende, at det desværre, forholder sig rigtig, hvad i Klagen er anført om hans Forhold, imod hans Sviger Moder Margit Riigensruud."
    Han orsaka seg med at det skjedde i fylla, og då hadde han ikkje makt over seg sjølv. Mikkel lova "paa det Helligste for Eftertiiden, at ville Entholde sig fra Drikk, som er aarsagen til hans Rasende Forhold, da hand tør stoele paa, at ingen skal kunde paasiige ham, nogen u=skikkelighed naar hand er Edrug, som hand herefter Af all Magt vil stræbe paa stedse at være.
    Kona hadde ingen ting å klaga han for, men bad om at Mikkel måtte sleppe den straffa han hadde fortent. Ho sa at det heile kom av hans trang til drukkenskap.
    I 1797 vart Mikkel forlikt med grannen Ola: "Ord, Tale og Beskyldning som hidentil er falden til hinandens Fornærmelse skulle herefter være aldeles døde og maktesløse." Skulle nokon seinare rippe opp i dette, eller fornærme den andre på uanstendig måte, så vart det 10 rd å betale til fattigkassa. (1407) s 16
    Det vart fortalt om Mikkel at ein messesundag ofra han berre ein to-skilling eller ei messinghekte. Til klokkaren sa han: 'E spinn smått i dag, far!'
    Mellom Mikkel og sonen Eirik vart det bitter uvenskap. Dei to for ille med kvarandre. Sjå neste hushald. Mikkel døydde på heimveg frå eit drikkelag.

{5172} År: 1801

Eirik Mikkelson Hove 13.09. 1778-1807
Foreldre: Mikkel Toreson Hove og Ragnhild Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Guri Larsdtr. Rimehaugen Hove Torsteinsrud 15.02. 1778-1867
Foreldre: Lars Olson Rimehaug Bakketeigen og Anne Toresdtr. Huus.
*Barn
1. Ragnhild Eiriksdtr. Hove Medgard __.06. 1807-1899
G 1827 m Lars Tolleivson Løkensgard Medgarden. Sjå år 1829 og nordre Helling, gnr. 106/1.

Eirik og Guri gifte seg i 1806. Eirik overtok garden kring 1800.
    I 1799 vart slik semje inngått mellom Eirik og grannane: skogen til Bråten eller Moen vart beskrive og merka, skogdelinga av 1798 skulle stå ved lag, dessutan fekk Eirik 1 mål grunn (utan skog) til kvernhuset sitt ved Bråten. (1407) s 30
    I 1806 vart Buvatnet selt til Asle Stave for 12 rd.
    Det laga seg ille for Eirik. Faren hans tolte ikkje sonen, og dei for ille med kvarandre. For dette fekk faren bot og Eirik vart dømt frå livet, men i 1807 gjorde Eirik sjølvmord i arresten på Sundre.
    Buet skulle tilfalle kongen, men etter at skogstykket Arnelien vart selt på auksjon, var buet framleis 15 spd i underskot. Futen Hørbye var ivrig og frampå, og held auksjon over laust og fast. I 1809 fekk futen kritikk frå Det Kongelege Kanseli for å ha selt unna det som høyrde enkja til.
    Under skiftet vart bestemt at dottera Ragnhild på 8 år skulle ha 150 spd ståande i garden til ho vart 18 år.
    Broren Torkjell skulle dekke skiftet og arven til Ragnhild. Torkjell kjøpte garden for 2300 spd hjå enkja i 1811. Vidare tok han på seg ansvaret for gjeld som måtte dukke opp.
    Guri vart attgift 1813 med Knut Knutson Torsteinsrud, sjå gnr. 62/3.

{5173} År: 1811

Torkjell Mikkelson Hove 19.09. 1784-1867
Foreldre: Mikkel Toreson Hove og Ragnhild Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Anne Ivarsdtr. Styrkestad Hove 1789-1872
Foreldre: Ivar Halvorson Styrkestad og Margit Eivindsdtr. Holto.
*Barn
1. Mikkel Torkjellson Hove 03.02. 1812-1871
Ugift.
2. Ivar Torkjellson Hove Hoff 24.09. 1814-1866
Ivar reiste til Amerika: i Quebec 1866. Som barn var Ivar på legd.
3. Ragnhild Torkjellsdtr. Hove 18.06. 1817-1825
4. Margit Torkjellsdtr. Hove 25.11. 1820-1821
5. Tore Torkjellson Hove Hoff 09.02. 1822-1890
Truleg gm Annie Hanson 1830-1903. Truleg barn/svigerbarn: Andrena Hoff 1853-1921; Hendrick Hoff 1852-1932; Anna 1854- ; Caroline 1856- ; Theodore Hoff 1861-1938; Nettie 1869- . (Gravlagte på Silver Lake Cemetery, v/J. Marler)
    Tor reiste til Amerika kring 1852: Silver Lake, Iowa.
6. Svein Torkjellson Hove Hoff 08.04. 1825-1908
Gm Betsy/Birgit Aslesdtr. ... 1833-1907. Barn: Tomas/Torkjell 1861-1930; Barbara 1872-1961.
    Svein reiste til Amerika omlag 1858: High Lake Township, Emmet Co, Iowa. Gravlagt på Wallingford Lutheran Cemetery, Emmet Co. (Emmet Co. Genealogical Society, s 9 v/Jackie Marler)
7. Halvor Torkjellson Hove 12.04. 1829-
Halvor var ugift og heime på garden i 1867. Han hadde tilhald i Bergen stift 1872.
8. Torkjell Torkjellson Hove Hoff 10.04. 1833-
G 1859 m Birgit Mikkelsdtr. Veslegard. Barn: Anna 1860-1930 g 1884 m Eirik Olson Mørk (9 barn).
    Barn i USA: Liva 1862-1940 g 1884 m Lauritz Scholl (7 barn); Antina 1865-1942 g 1895 m Edvard Skaro (3 barn); Julia 1865-1878; Mikkel 1867-1948 gm Julia Westereng (4 barn). (1186)
    Torkjel og Birgit fekk utflyttingsattest i 1859. Han var farmar i Norseland MN frå 1863. Sonen Michael T. Hoff hadde landhandel ("general store") i Madison MN frå 1902. (Ulvestad Bind 2 s 693)

Torkjell og Anne gifte seg i 1810. Torkjell var ute i krigen 1807-14, han gjorde tenest som 'Kronarbeider'. I 1809 budde han på Varaberg, og vart ilagt tukthusarbeid avdi han var arbeidsledig! (Hallingdølen 18.02.95)
    I 1811 kjøpte Torkjell garden for 2300 rd hjå mora. I 1822 selde han eit jordstykke på 4 mål til Tolleiv Helling.

{5174} År: 1829


Lars Tolleivson Løkensgard Medgarden gifte seg 1827 med Ragnhild Eiriksdtr. Hove.
    Dei kjøpte søre Hove i 1829 og sat der til dei kom til nordre Helling i 1849.

{5175} År: 1849


Torstein Syverson Skarsgard på nordre Helling makeskifte Helling med Lars Tolleivson Løkensgard Medgarden og fekk att søre Hove i 1849.

{5176} År: 1871

Ivar Halvorson Ulshagen Hove 21.08. 1834-1909
Foreldre: Halvor Person Sundre Ulshagen og Margit Ivarsdtr. Bjella.
Gm Guro Torsteinsdtr. Skarsgard Hove 11.12. 1846-1917
Foreldre: Torstein Syverson Skarsgard Helling Hove og Birgit Tolleivsdtr. Helling Sando.
*Barn
1. Kristi Ivarsdtr. Hove Bredesen 13.01. 1873-1935
Gm ... Bredesen. (1244)
    I 1909 var Kristi gift og busett på Utengen pr. Haga stasjon, Kongsvinger. Død i Ål.
2. Torstein Ivarson Hove Sorteberg 19.07. 1874-1928
Gm Anne Knutsdtr. Holshagen frå Hol. Sjå Rikansrud og Gjeldokksgarden Svarteberg, gnr. 105/3.
3. Halvor Ivarson Hove 25.07. 1876-
Til Am. 1897: New York. Busett i Canada.
4. Tolleiv Ivarson Hove 21.12. 1878-1910
Tolleiv var døvstum.
5. Knut Ivarson Hove 08.09. 1881-
Til Amerika i 1903: Dakota.
6. Birgit Ivarsdtr. Hove Moldbakken 18.12. 1885-1972
Truleg gm Anton Mattiassen. Hadde 2 barn og budde på Bråtemoen under Nærstad i Norderhov i 1900. (1232)
    G 1910 m Oleiv Solveson Moldbakken frå Torpo. Barn: Margit ....- ; Blenda ....- ; Solveig ...- .
    Utflyttingsattest i 1907. Birgit reiste til Canada, og møtte Oleiv. Dei farma ved Viking, Alta, Canada. Ein av dei fyrste gass-brunnane som vart opna ved Viking var på farmen deira.
7. Margit Ivarsdtr. Hove 09.08. 1889-
Til Amerika?

Ivar og Guro gifte seg i 1871. Ivar og Guro overtok garden hjå far hennar i 1871.
    Ivar Hove dreiv fehandel. I juni 1876 var han nett komen frå Vestlandet med 200 sauer som han hadde gåande på Nerset. Alt saman vart teke av skriene. Og dermed stod dei på bar bakke. (1438)
    Ivar reiste til Amerika i 1885. Reisemål: Appleton, MN. Guri budde på plassen Sletten ved Nerset medan han var i Amerika. Garden Hove vart selt på auksjon i 1893.
    Ivar og Guro kom heim att etter 1896. Ivar døydde som rentenist busett på Varaberg.

{5177} År: 1893

Helge Knutson Bjella Hove 05.03. 1861-1935
Foreldre: Knut Helgeson Bjella og Anne Henriksdtr. Huus.
Gm Barbro Tolleivsdtr. Breie Hove 25.10. 1866-1960
Foreldre: Tolleiv Larsson Skottebøl Breie og Kristi Eiriksdtr. Noss.

Helge/Holge og Barbro gifte seg i 1886. Dei fekk sju jenter. Sjå Bjella, gnr. 104/2, som dei kjøpte i 1887.
    Så kjøpte dei søre Hove på auksjon i 1893 for kr. 7600, og hadde båe gardane fram til 1907 då Bjella vart selt til Ola P. Vareberg. Helge kjøpte langstølenTorsteingjerda på Hevjansåsen (gnr. 94/ 4) i 1912 og selde Gyrinosen i 1928.
    Barbro var truleg den fyrste ålingsjenta som gjekk på folkehøgskule. Det var Sagatun på Hamar, dit gjekk dei tilfots. Dottera Anne var gift med folkehøgskulemannen Olav Ragnvaldson Brusletto. Meir om folkehøgskule-kurs, sjå neste hushald.
    Helge reiv den gamle stugu på garden med det rosemåla taket som Truge Gunhildgard måla i 1736. Stugu havna på Nerset som stølsbu. Og der brann ho opp like før stugu skulle flyttast attende til tunet i 1959.