Kvenidn gnr. 107 bnr. 8
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Kvenidn gnr. 107 bnr. 8a
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Kveno eller Kvenidn var ein plass som låg til Hove, men plassen låg oppe i bakkane ovanfor søre Hove.
    Folket her flytta til Kjellargard og så til Amerika. Og der borte lever namnet og slekta enno. Forf. møtte Orville Kveno i Minnesota i 2001.
    Kveno vart nedlagt som bustad. Sjå også Sjåmehaugen, bnr. 9a, og KjellargardJøta, gnr. 77/1a.
    Barbro Hove hadde revegardar oppe i Kveno.
{5192} År: 1820c
Lars Olson Langeland Kveno 01.06. 1789-1839
Foreldre: Ola Knutson Langeland d.e og Gro Sevatsdtr. Settungsgard.
Gm Margit Torsteinsdtr. Sando Kveno 13.01. 1793-1875
Foreldre: Torstein Halvorson Sando Sandelien og Margit Torkjellsdtr. nordre Tveito.
*Barn
1. Gro Larsdtr. Kveno Skjåmehaugen 25.02. 1830-1916
G 1855 m Ola Asleson Ulshagaplassen Sjåmehaugen, bnr. 9a.
2. Ola Larsson Kveno Kjellargardsgjøta 15.02. 1834-1921
G 1868 m Sigrid Halvorsdtr. Tullegard Kjellargardsgjøta, gnr. 77/1a, sidan til Am.
Lars og Margit gifte seg i 1823. Lars budde i Kveno då mora var død i 1832.
    I 1865 var Margit i legd hjå Anders Olson Hove.
{5193} År: 1839
Amund Person Sandelien Kveno 01.03. 1801-1893
Foreldre: Per Amundson Bakke Sandelien og Margit Torkjellsdtr. Tveito.
Gm Ågot Helgesdtr. Sæte Tuftedokken 01.01. 1797-1873
Foreldre: Helge Olson Hamarsbøen Sæte og ..... , Hol. (Hol VII s 528)
Amund budde i Kveno frå 1839 då Margit Torsteinsdtr Sandelien vart enkje.
    Amund og Ågot gifte seg i 1845. Ingen barn. Margit var enkje etter Halvor Olson Tuftedokken, gnr. 76/1.