Skrattegarden gnr. 107 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skrattegarden gnr. 107 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skrattegarden ligg på austre kanten av Myregarden, på den flate hjallen oppe på Sundreberga.
    Skrattegard-namnet er ikkje lett å forklare. Det gamalnorske 'skratti' tyder trollkar. Saman med Myregarden var garden berre kalla 'søre Hove' frå 1600 til 1750 omlag. Då kom namnet Skrattegarden i bruk att. Truleg har namnet Skrattegarden overlevd øydetida. Garden var kanonigods og rydda opp att etter øydetida fyrst på 1600-talet.
    Garden vart skattlagt som øygard, og hadde landskyld på 9 laupsbol.
    Frådelte bruk og plassar: søre Skrattegarden, bnr. 17 i 1926. Husmannsplassen Sjåmehaugen.
    Areal 1865: dyrka jord 27 mål, naturleg eng 120 mål, utslått 32 mål. Avling 21 tunner bygg og 19 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 75 mål, produktiv skog 110 mål, anna utmark 50 mål. Buskap 95 vinterfôra sauer.
    Gamlestugu kom til Eikro, sidan som hytte til stølen Langeli under Sletto i Kvinnegardslia. Våningshus bygt 1982, driftsbygning 1979. Stugu bygd 1941 og loft bygt 1915.
    Stølar. Heimstøl på Nerset, Skrattegjerda. Opphavleg langstøl var Toviken, frådelt i 1889. Noverande langstøl på Vallo er tilkjøpt frå Leksvol i 1880.

{5200} År: 1751c

Margit Aslaksdtr. Hove Skrattegard 1724-
Foreldre: Aslak Larsson Stave Hove og Astrid Larsdtr. Hove.
Gm Syver Olson Lofthus Skrattegard 1722-1798
Foreldre: Ola Olson Lofthus og Guri Torsteinsdtr. Gjivsjord. (Hol).
*Barn i andre ekteskap
1. Torstein Syverson Skrattegard 1752c-1753
2. Torstein Syverson Skrattegard 14.07. 1754-1755
3. Guri Syversdtr. Skrattegard Skarsgard 01.01. 1756-1797f
G 1776 m Ola Olson Havardsgard Skarsgard, gnr. 94/2.
4. Anne Syversdtr. Skrattegard Nedremyr 22.10. 1758-1806
Gm Ola Anderson søre Nestegard, Holet 1745-1795. Barn: Anders 1784-1806 gm Gunvor Olsdtr. søre Nerol; Åse 1788-1853 gm Ola Asgrimson Øvrejorde Nestegard (1 barn); Margit 1790- gm Knut Asleson Stave Myro; Ambjørg 1792- gm Ola Nilsson søre Rue, gm Hermo Larsson Løyte, Ustedalen. (Hol III s 658)
    Gm Pål Olson Nedremyr 1768-1834. Barn: Ola 1802-1871 gm Jørand Steinsdtr. søre Sindrol (5 barn), gm Borghild Larsdtr. Seim. (Hol III s 552)
    Anne var konfirmert 1776 som Anne Breie. På skiftet etter Anne i 1806 var m.a. fylgjande lausøyre: 14 porselen-tallerknar, 1 sylvstaup, 26 fiskegarn.
5. Margit Syversdtr. Skrattegard Stave 1760c-
Gm Torstein Olson Stave.
6. Ola Syverson Skrattegard 05.07. 1761-
Ikkje mellom arvingane i 1797.
7. Aslak Syverson Skrattegard Breie 11.12. 1763-1817
Gm Gunhild Embriksdtr. Langegard. G 1810 m Birgit Olsdtr. Skjervheim. Sjå nordre Breie, gnr. 127/17.
8. Torstein Syverson Skrattegard Breie 12.08. 1766-1814
G 1792 m Sissel Halvorsdtr. Nestegard. Sjå Øvre Breie, gnr. 127/10.
9. Svein Syverson Skrattegard Sundbrei 1770-1850
G 1792 m Margit Knutsdtr. Skottebøl. Sjå Sundbrei, gnr. 125/1.

Margit vart attgift med Syver Olson Lofthus Breie. Han dreiv fehandel og pengeutlån i stor stil, og vart kalla Rike-Sjugurd. Sjå også Lofthus, gnr. 79/1 og nordre Breie, gnr. 127/17.
    På skiftet etter svigerfaren Aslak Hove i 1760 vart det krangel mellom arvingane. Det vart opplyst at Margit hadde fått 200 rd i fyrste ekteskap, men då sa Syver at det vedkom ikkje han, og skulle ikkje reknast med!
    Syver skifta i levande live i 1795. Buet var 5013 rd, derav vart 4912 rd å dele.
    I 1788 selde Syver gardane til sønene Svein og Aslak og tok seg slikt kår: framfødd 3 kyr og 6 sauer, 7 tunner stritt bygg, 2 kvartel rug, varmt hus på Breie osv.

{5201} År: 1760c

Ola Aslakson Hove 1719.-1799
Foreldre: Aslak Larsson Stave Hove og Astrid Olsdtr. Hove.
Gm Lukris Sveinsdtr. Ulshagen Skrattegard 1727-1806
Foreldre: Svein Olson Ulshagen og Haldis Aslesdtr. Lå.

Ola og Lukris hadde nok ingen barn. Men Ola hadde dottera Anne 1747-1789 med Birgit Knutsdtr. Sundre, ho kom til Hanseplassen.
    Ola Aslakson på nedre Hove lyste 1760 pengemangel for sin rett i Skrattegarden i tilfelle Lars Larsson skulle vinne odelen til Hove.
    Ola hevda at hans konto i dødsbuet etter presten Qvam var feil, og at han hadde pengar tilgode. Men i 1779 meinte retten at "Det var modsigende at Præsten haver opgjort regnskap således at han blev skyldig," og var heller oppteken av "Hvor stor fidem manden skylder en Embedsmand og i Sæhr en Prestemands Regnskab." Dermed vart dødbuet frikjent for kravet. (1397) s 58
    Ola Torsteinsen Stave vart stevna 1779 for å ha 'slaaet Ole Hoff under sig og derved Brekket hands foed af Leed i aaklet saa at hand i 3 Uger har maattet Ligge ved Sængen og næsten heele aannen ey kunde arbeyde.'
    I 1780 vart det vitna at stølen Toviken 'bestandig har hørt og høres under gaarden Hof.'

{5202} År: 1796

Ola Olson Hove Skrattegard 31.03. 1766-1841
Foreldre: Ola Aslakson Hove Torsgard og Sigrid Gunnarsdtr. Torsgard.
Gm Lukris Ivarsdtr. Gjeldokk Skrattegard 21.12. 1766-1854
Foreldre: Ivar Anderson Gjeldokk og Birgit Sveinsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Aslak Olson Skrattegard 04.03. 1798-1802
2. Ola Olson Skrattegard 23.07. 1799-1802
3. Svein Olson Skrattegard 23.11. 1800-1884
G 1837 m Birgit Olsdtr. Kjellargard. Sjå neste hushald.
4. Ola Olson Skrattegard 04.07. 1802-1845
Ug. Han hadde kår på garden og vart rekna som 'vanvittig'.
5. Aslak Olson Skrattegard 02.04. 1804-
I 1834 pådrog Aslak Skrattegard og Sevat O. Kjellargard seg tingsvitnesøksmål. Saka gjekk for Drammen politi-jurisdiksjon og innhaldet er ikkje kjent.
    Aslak reiste sidan til Amerika: Estherville, ... .
6. Sigrid Olsdtr. Skrattegard Feten 01.03. 1805-
G 1831 m Torstein Torsteinson Håheim Feten, gnr. 72/2.
7. Ola Olson Skrattegard 01.03. 1807-

Ola Olson kjøpte Skrattegarden hjå onkelen for 1599 rd og kår i 1796.
    Neste år vart den same handelen tinglyst til ein pris av 2999 rd. Og framleis i 1797 selde Ola Olson garden til Ola Aslakson for 1399 rd. Grunnen til dette ligg nok i eit odelskrav.
    Til båe dei to siste skøytene kom der protest frå Lars Larsson Hove som var odelssøkjar på nedre Hove. Ola overtok i allefall Skrattegarden frå 1796.
    Ola og Lukris hadde iallefall sju barn, men mange døydde småe.
    I 1801 hadde dei tre tenestfolk på garden, og dessutan kårkona Lukris Sveinsdtr., og ein losjerande dagarbeidar, Sander Knutson.

{5203} År: 1836

Svein Olson Skrattegard 23.11. 1800-1884
Foreldre: Ola Olson Hove Skrattegard og Lukris Ivarsdtr. Gjeldokk.
Gm Birgit Olsdtr. Kjellargard Skrattegard 07.07. 1815-
Foreldre: Ola Sevatson Kjellargard og Sigrid Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Lukris Sveinsdtr. Skrattegard 08.09. 1838-1839
2. Ola Sveinson Skrattegard 29.05. 1840-1918
G 1862 m Gro Nilsdtr. Gudmundsrud 1841-1878. Barn: Svein 1863-1882; Nils Olai 1864-1927 farmar, gm Sigrid Gudmundsrud; Carl 1866-1935 gm Turina Torvaldsdtr. ... (8 barn); Ola 1867-1956 g 1891 m Inga Ingebretson (3 fosterbarn); Albert Olai 1859-1941 gm Serena Flaten (3 barn); Steffen 1871-1881; Birgit 1873-1881; Sigrid 1875-1876; Sigrid Christine 1877-1898; Gurine Louise 1878-1881. (1248)
    Ola og Gro gifte seg ein måndag våren 1862 og reiste så til Amerika. Dei tok seg land ved ... Des Moines River, Iowa, og bygde opp Skrattegardfarmen.
    Ola deltok i borgarkrigen under general Sherman, og var med i minst eitt slag.
    Då Gro døydde, selde Ola farmen for å gjera opp gjelda. Han drog nordover til broren Sevat ved Goose River med sine ni barn og onkel Aslak og Margit Opsata. (Ei vanfør kvinne som tok vare på dei minste barna.)
    Ola vart attgift med Birgit O. Gjeldokk 1832-1919. (Gro og Birgit var syskenbarn) Eit fosterbarn.
    Ved Hatton, Grand Forks tok han seg nytt land og laga seg mellombels husvære i ein jordkjellar. Nybyggarhuset til Ola og Birgit vart flytta til Hallingdal Folkemuseum på Nesbyen.
    (Jfr. Artikkel av Bjørn Ingmunn Sletto i Hallingdølen 6. mars 1984. Sjå "Frontier Mother".)
3. Ola Sveinson Skrattegard 26.05. 1842-1932
Gm Mary Simonsen. Barn 5: Ola ....- ; Ola ....- ; + 2 søner og 1 dotter.
    Fosterbarn: Nora Johnson; Arthur Haga og Helen Ewanson. (1431)
    Ola reiste til Am. i 1861: Pope Co, MN. Frå 1866 farmar ved Glenwood, MN. (Hallingen nr 81 s 24)
4. Embrik Sveinson Skrattegard 22.06. 1844-1921
G 1868 m Birgit Sagedalen. Barn: Birgit 1869-1935; Swen 1871-1923 gm Ragnild Flatten (9 barn); Ingeborg 1873-1951 gm Bella ... ; Agnete 1874-1951 gm Hans / Christ Flaten; Carl Deckman 1879-1931; Eiline 1881-1891; Elling 1883-1934; Henry 1886-1962; Edward 1889-1966 gm Hulda Valbor Jorstad, prest i Wisc.; Louis 1891-1940; Clara Olava 1896-1972.
    Embrik kom til Amerika 1862 saman med foreldra. Embrik tok seg land i Kirkhoven Swift Co. MN.
5. Sigrid Sveinsdtr. Skrattegard Flaten 01.01. 1847-1930
Gm Gunnar Flaten, Eggedal. Barn: 12.
    Til Am. med foreldra i 1862: Pope Co, MN. (843)
6. Sevat Sveinson Skrattegard 18.01. 1850-1900
Gm Ingeborg Anderson. Barn: Martin 1884-1941 forretningsmann / farmar gm Anna Flaten; Betsy 1882-1900; Louise død 3 år gamal; Alfred 1886-1900; Oscar 1888-1898. (1431)
    Sevat reiste til Am. 1861: Northwood, ND. Farma i Enger, Steele Co. Då Ingeborg døydde 30 år gamal, flytta Sevat til brørne sine ved Grand Forks og tok seg land der.
7. Ivar Sveinson Skrattegard 04.06. 1853-1929
Ug. "Ein vakker og begava mann." Budde hjå slektningar lenge, fekk seg farm ved Northwood, MN.
8. Lars Sveinson Skrattegard 01.01. 1856-1856
9. Kari Sveinsdtr. Skrattegard 07.03. 1859-

Svein hadde eit barn med Gro Olsdtr. Breiehagen: Ola 1829-1878, sjå Breiehagen.
    Svein og Birgit gifte seg i 1837. Han kjøpte Skrattegarden 1836. Økonomien bar ikkje for Svein, i 1844 var han fallitt med ei gjeld på 82 spd til Torstein T. Håheim.
    Svein var med på burgangen i Sjåmehaugen i 1851. Tjuvane som budde hjå husmannen Solve-Knut hadde samla seg mykje ting. Mellom varene var to bøker: 'Geografisk Beskrivelse over Kongeriget Norge' av Anton Skjødt og 'Criminalloven'. Sjå Sjåmehaugen.
    Svein og Birgit var på Skrattegarden til 1856. I 1859 var dei inderstar på Øyen under Slettemoen i Hol.
    I 1862 reiste Svein og familien til Amerika, og tok land i Shell Rock, Freeborn Co. MN. Sonen Carl Deckman vart født og døydde ombord på båten. Seinare flytta dei til sonen Svein i Kirkhoven Swift Co. MN. (Sjå "Glimpses into the Families of Ole Sanderson Øyo, Gro Olsdtr. Breiehagen, Svein Olson Skrattegard and Bergit Olsdtr. Kjellargard.")

{5204} År: 1862

Lars Larsson Haug Skrattegard 17.01. 1817-1906
Foreldre: Lars Olson Haug og Ingrid Assordtr. Larsgard (Hol).
Gm Astrid Larsdtr. Holedokken Skrattegard 30.03. 1820-1877
Foreldre: Lars Knutson Huus Holedokken Trintrud og Borghild Knutsdtr. Torsteinsrud.
*Barn
1. Lars Larsson Skrattegard 01.02. 1848-1916
G 1871 USA m Guri Larsdtr. Tveitojordet (syskenbarn) 1846-1880. Barn: Ole 1873-1944 g 1899 m Anna Catharine Johnson; Alina Lena 1875-1936 gm Theodore Olstad; Gina 1878- gm Charles Skogan; Louis 1877-1888.
    G 1886 m Ann Nilsdtr. Ensrud, Gudbrandsdalen 1840-1918. (1635)
    Lars farma ved Mayville, ND. Systera Ingrid kom til Am. i 1881, då var Lars enkjemann og det vart Ingrid som tok seg av familien. .... (1047)
    Lars omkom ved ei ulykke 1916. (Det skjedde under flytting av ei treskemaskin.)
2. Lars Larsson Skrattegard 23.11. 1850-1931
G 1874 m Guri Olsdtr. Torsgard. Sjå neste hushald.
3. Ingrid Larsdtr. Skrattegard Toresen 16.09. 1853-1936
G 1881 m Teodor M. Toresen, Kr.ania 1854-1936. Barn: Nils 1884-1978 ; Peter 1888-1985; Sven 1890-1944 gm Mabel Johnson; Gertie 1900-1963 gm Olai Kjus; Inger 1882-1981 gm Oliver Hoff; Bertina 1892-1979 gm Carl Finstrøm; Mons 1897-1963 dokter, gm Gladys Stoa; Lina 1886-1980.
    Ingrid reiste til Am. 1877: Postville, Iowa, seinare Mayville ND. Fyrste tida var ho hjå broren Lars som var enkjemann.
    Det fyrste huset til Ingrid og Teodor var ei jordhytte. Sidan bygde dei seg hus og dreiv farming. Ho virka både heime og i kyrkja, saman med Teodor grunnla ho North Prarie menigheit. (1420) Sjå Hallingen nr 315 s 25. Ho var på vitjing heime i 1914.
4. Ola Larsson Skrattegard 20.06. 1856-1941
G 1883 m Ragnhild O. Langehaug eller Grøthe, Hemsedal 1861-1941. Barn: Olga 1886- gm Fred Fife (ingen barn); Tillie 1896-1979 gm Clarence Holt; Mabel 1898- gm Herbert Jensen; Alma 1890- g 1918 m Nils Jensen; Malla 1888-1975 gm Ole T. Stenmo; Margrete ....- ; Rudolf ....- .
    Ola reiste til Am. i 1877: Postville, Iowa. (1032) (1635), (1414) des 1928 s 60
5. Borghild Larsdtr. Skrattegard Olson 01.05. 1860-1886
G 1882 m Arne Arneson Moslåtta "Olson" Smedplassen 1860-1955. Barn: Borghild ....-1886; Mina Arnesen 1889- ; Louis Arnesen 1890- ; Olaf 1885-1969 gm Klara Burås; Mimmie 1882-1965 gm Christ Larson, g 1926 m Ole Lien, Shevlin, MN. (1635)
    Borghild fekk utflyttingattest i 1880. Til Am. : Fyrst til Northwood, ND, siste åra Shevlin, MN. (1286)
6. Knut Larsson Skrattegard 26.03. 1865-1933
G 1896 m Sissel Halvorsdtr. Solheim (Hol) 1867-1938. Barn: Henry 1887-1958 gm Beatrice McGarry; Lars 1888-1974 snikkar gm Ragna Rustvang; Alvin 1889-1969 farmar; Helmer 1891-1983; Ingvar 1893-1985 gm Luella Hinz; Selma 1895-1989 sjukepleierske; Alma 1897-1958 g 1926 m Albert Ness; Hazel 1899-1994 g 1922 m Daniel Miller; Clarence 1901-1963 farmar gm Esther Henrietta Pick (1 barn); Lloyd 1908-1993 gm Alice Solberg; Ida 1903-1993 lærarinne, gm Leonard Johnson; Norris 1914-1994 gm Ruth Johnson, g 1960 m ... ... ; Arlene 1905-1981 lærarinne, gm Hugo Draver; Agnes 1909-1993 gm Herbert Drayer. (1635)
    Knut reiste til Am. i 1884. Han vart pioner-gardbrukar ved Willow City. ND frå omlag 1888. Sonen Lars hadde "General store" i Hartland ND frå omlag 1910, var også assisterande postmeister. Sjå Ulvestad Bind 2 s 765

Lars og Astrid gifte seg i 1848. Dei var inderstar på Veslehaug, Løken og Hestebrekk før dei kjøpte Skrattegard i 1862. Prisen var 1913 spd.
    Lars var sauehandlar i 20 år, bonde i 23 år, kårmann i 27 år.

{5205} År: 1885

Lars Larsson Skrattegard 23.11. 1850-1931
Foreldre: Lars Larsson Haug Skrattegard og Astrid Larsdtr. Trintrud.
Gm Guri Olsdtr. Torsgard Skrattegard 24.07. 1845-1929
Foreldre: Ola Henrikson Torsgard og Guri Embriksdtr. Settungsgard.
*Barn
1. Astrid Larsdtr. Skrattegard 13.02. 1875-1877
2. Guri Larsdtr. Skrattegard Myregard 29.04. 1877-1968
G 1898 m Knut Ivarson Myregarden, gnr. 107/7.
3. Astrid Larsdtr. Skrattegard 17.05. 1879-
Astrid var heime på garden i 1891. Ho var ugift tenestjente hjå agent Johan Ambrosius Michelsen i General Birch's gate 34 i Kr.ania i 1900.
4. Ingrid Larsdtr. Skrattegard Medgard 22.08. 1881-1912
Barn m/Ola Solveson Håheim: Astrid 1907-1993, sjå barnebarn.
    G 1911 m Håkon Asleson Medgard, gnr. 24/1.
5. Lars Larsson Skrattegard 07.01. 1884-1968
Gm Anne Halvorsdtr. Berg frå Hol. G 1916 (Norderhov) m Helga Knutsdtr. Gurigard. Sjå neste hushald.
6. Ola Larsson Skrattegard 05.02. 1886-1966
G 1922 m Margit Knutsdtr. Skrindo. Sjå søre Skrattegard, bnr. 17.
*Barnebarn
1. Astrid Skrattegard Sorteberg 21.05. 1907-1993
G 1936 Oslo m Torstein Torsteinson Sorteberg, gnr. 105/3.
    Foreldre: Ola Solveson Håheim d.e. og Ingrid Larsdtr. Skrattegard.

Lars og Guri gifte seg i 1874. Dei var inderstar på Skrattegarden i 1875. Lars kjøpte garden 1885 for kr. 4310 og kår.
    I deira tid vart det dyrka vel 50 mål jord og grave 4 km grøfter på garden. Og det vart bygd ny stugu. Så delte dei garden mellom to søner i 1915. Søre Skrattegarden med den nye stugu fekk bnr. 17. (1412) s 56