Varaberg gnr. 108 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Varaberg gnr. 108 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Varaberg var krongods frå gamalt. I 1616 hadde kongen 3 kalvskinn i garden 'som nyligen er oplagt och afgich intet til forn'. Garden var nok nyleg oppatt-rydda etter øydetida, og på den tid låg slik jord gjerne under kongen om ingen hadde heimel elles.
    Varaberg vart skattlagt som øygard, og hadde ei landskyld på 4 laupsbol.
    I 1709 opplyste Ola Jørgenson Hove at 'Hofs gaarde, Varberg og Ulshagen skylder i alt 2 1/2 schippd 3 løbol, smør 3 bismermerpd, Kalfschind 10.' I utmarka hadde Varaberg rettar saman med Hove og Helling fram til 1738. Då sette dei dele mellom gardane.
    Varaberg har namn etter varslings-varden som stod oppe på Vesle-natten ovanfor garden. Varden var ein lekk i eit omfattande varslingssystem for å kalla folk til våpen om landet var truga.
    I landevern-bolken i Gulatinglova (før år 1100) står det: 'Om hær er ventande skal haldast varde-vakt. Kongens årmann eller lendmann sender bodstikke om dette.' Vidare: 'Det skal haldast vardevakt soleis at dei ikkje sovnar på varden. Men um han sovnar, skal han bøte 3 øyrar (mynt-eining) om vardane ikkje brenn når hæren kjem!'
    På vintertinget 1675 kom futen med befaling frå stadthaldar Gyldenløve: No skal alle vardar og vardehus gjerast ferdig og haldast etter lova. (Bakgrunnen for dette var at Danmark hadde vikla seg inn europeisk storpolitikk. Avtalen var at Danmark-Noreg skulle gå til krig mot Sverige dersom Sverige gjekk til krig mot Tyskland.)
    Saman med mykje anna krongods vart garden selt med kongeskøyte utstedt av stadthaldaren Iver Krabbe i 1663. Garden var skrive som 'Øfre Warberrig fiere Kalfskind' og kjøparen var tollforvaltar Daniel Knoff. Utover dette er det ukjent at garden var delt frå gamalt. Noverande deling i øvre og nedre garden skriv seg frå 1913.
    Etter fleire handlar fekk bonden kjøpe garden i 1703. Smiu på Varaberg var mura av gråstein.
    Frådelte bruk og plassar. Plassen Museholu skal ha vore omlag der nedre Varaberg, bnr. 2 vart frådelt i 1913.
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 70 mål, utslått 30 mål. Avling 14 1/2 tunne bygg og 13 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 70 mål, anna areal 10 mål, produktiv skog 75 mål, anna utmark 168 mål. Leigd beite 12 mål. Buskap 5 mjølkekyr, 6 ungdyr, 40 geiter, 11 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1896, restaurert og påbygt i 1945 og 1968, driftsbygning 1955, loft 1737, stolphus omkr. 1710, eldhus, trev og stallar omkr. 1760, garasje og reidskapshus 1986.
    Stølar. Heimstøler på Nerset: Ågotset gnr. 107/ 14 vart tilkjøpt 1991, Nerset, gnr. 107/44 vart tilkjøpt frå øvre Hove i 1974. Langstøl på Kuluset vart kjøpt frå Bjella i 1789.
   

{5229} År: 1751c

Jon Knutson Hove? Varaberg 1716-
Foreldre: Knut ...
Gm Anne Knutsdtr. Skottebøl Varaberg 1718-
Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Torand Olsdtr. Halvorsgard.
*Barn
1. Embrik Jonson Kvinnegard Strand 13.01. 1750-
G 1777 m Turid Holgesdtr. Gåsterud 1749- . Barn: Knut 1782- ; Anne Maria 1783- gm Johannes Mathisen Lindquist (4 barn); Anne Magrete 1786- ; Helvig 1790- ; Jon 1793- . (epost Kristin Jensen)
    Embrik var ryttar-soldat og budde på Strand ei tid. Embrik og Turid kom til Borre i Vestfold før 1783. Dei budde på Løvøya i Borre i 1801. (1077) Borre s 2
2. Knut Jonson Varaberg Lofthus 31.05. 1753-1831
Gm Birgit Larsdtr. Lien. Sjå Ulshagen, gnr. 109/2.
3. Asle Jonson Varaberg 12.09. 1756-
Asle vitna om eit slagsmål i 1777, 19 år gamal og ukonfirmert. Truleg død ugift i 1790-åra.

Jon Knutson var soldat på Kvinnegard, sidan brukar på Varaberg uti 1750-åra. I 1762 brukte Jon Knutson ein del av nordre Helling. Knut vart kalla 'søre Hoff' stundom. Kanskje var far hans frå Hove, eller så budde Jon på Hove etter tida på Varaberg.
    I 1773 vart det vitna om at Jon Knutson og Tolleiv Karistølen (Hemsedal?) hadde trengt seg inn på fjellbeitene til Embrik Espegard, Flæ-fjellet og Lyserbott-fjellet. Embrik hadde forkynnt beiteforbod ved lensmannen i Hemsedal, og framførte eit vitne om forkynninga på tinget på Grimsgard tingstugu på Nes. (1372) s 10
    I 1801 var Jon blind almisselem og enkjemann i legd på Lofthus hjå sonen Knut.
   

{5230} År: 1763

Ambjørg Torsteinsdtr. Skrattegard Barskrind 08.11. 1744-1786
G 1764 m Tolleiv Eirikson Rikansrud Barskrind. Gm Torjus Olson søre Helling Varaberg. Foreldre: Torstein Sveinson Stave Skrattegard og Margit Aslaksdtr. Hove.

Ambjørg Torsteinsdtr. på Barskrind arva åsetet i Varaberg på skiftet etter bestemora Ambjørg Torsdtr. i 1763.
    Som enkje flytta Ambjørg til Varaberg i 1769 med døtrene på to og fire år, og gifte seg med Torjus Olson søre Helling.
    I 1769 var det skifte etter 'ved morderhand afgangne mand' Tolleiv Eirikson Barskrind. I buet var Barskrind og Varaberg og 404 rd. Ambjørg fekk utlagt senga si, 1 ku, køyresal med biksel og grime, 1 køyreslede med sele og 1 bordduk.
    Ambjørg og Torjus budde etterkvart meir på søre Helling, gnr. 106/48. (Ungane står der.) enn på Varaberg. Av eit tingsvitne i 1805 kom det fram at ingen hadde budd på garden på 20 år.

{5231} År: 1793


Tolleiv Torjusson søre Helling fekk 1793 skøyte på Varaberg for 350 rd og kår. Han selde garden attende til faren for 350 rd i 1800 og kjøpte Helling for 798 rd.
    Faren Torjus Olson Helling selde Varaberg 1800 til sonen Ola Torjusson, som selde garden vidare 1801 til sin farbror Tolleiv Olson for 1499 spd.

{5232} År: 1801

Tolleiv Olson Helling Huus 26.09. 1762-1819
Foreldre: Ola Torjusson Helling og Birgit Holgesdtr. Ruud.
Gm Birgit Larsdtr. Rimehaugen Varaberg 24.02. 1765-1832
Foreldre: Lars Olson Rimehaug Bakketeigen og Anne Toresdtr. Huus. NB. 14. feb. er fødselsdagen i fylgje slektsplata frå Rimehaugen.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Tolleivsdtr. Huus Varaberg 1798-1839
Gm Knut Nilsson søre Strand Vareberg. Sjå år 1819.
2. Anne Tolleivsdtr. Varaberg Kyrkjedelen 31.08. 1801-1884
Gm Asle Nilsson Rangdigarden-Strand nordre Kyrkjedelen, gnr. 64/3.
3. Turid Tolleivsdtr. Varaberg Lappegard 02.12. 1804-
Barn m/Ola Halvorson Sandelien: Ola 1834-1890, sjå barnebarn.
    G 1837 m Svein Nilsson Randigarden Strand Lappegard, gnr. 65/2. Dei vart skilde.
    Som jente tente Turid hjå prost Aabel i Sogndal. I 1865 var Turid var skilt dagarbeidar på Styrkestad.
4. Ola Tolleivson Varaberg 22.11. 1811-1812
*Barnebarn
1. Ola Olson Varaberg Sandelien 12.11. 1834-1890
G 1863 m Guri Embriksdtr. Arnegard 1835-1921. Barn: Kari 1863-1899 til Am. i 1893: Petersburg, Nelson Co. ND, g 1893 m Ola O. Lybekk, Gol; Birgit 1865-1958 til Am. 1891: Petersburg, Nelson, ND, g 1894 m Håkon Kinneberg (1 dotter), g 1910 m Thore Lybekk. (1248)
    Barn i Gol: Turid 1868-1905 til Am. gm Ola Torsteinson TrintrudRudningen (3 barn); Ola 1871- farmar gm Guro Knudsdtr. Smedsgården (1 barn); Kari 1874-1888; Embrik 1878-1909 forretningsmann i Fordville; Ivar 1882-1894 til Am.; Asle 1886- forretningsmann gm Gunda Holte, Kr.ania (2 barn). ( Hallingen 1919 )
    Foreldre: Ola Halvorson Sandelien (ungkar) og Turid Tolleivsdtr. Varaberg.
    (NB.Faren nekta dette legemålet ved eid. Det var hans andre, det fyrste var med 'et pikebarn i Hemsedal.')
    Ola var inderst i Sandelien 1863 -65. Flytta til Rotneim med kona Guri Embriksdatter og 2 døtre. Sjå Gol V s 195.

Tolleiv Olson Helling kjøpte søre Huus i 1795. Fyrste familien hans med Jørand Eivindsdtr. Holto står på Huus.
    Tolleiv kjøpte stølen Kuluset i 1789 (56 rd) og Øvre Lå på auksjon i 1794.
    Tolleiv vart attgift med Birgit Larsdatter i 1798, og flytta til Huus før 1801 og til Varaberg i 1805.
    Same året kravde Tolleiv tingvitne om Varaberg. Det vart fortalt at det ikkje hadde budd folk på garden i 20 år, og at husa var så skrøpelege at ein husmann knapt kunne bu der.
    Såleis må det vera ei forveksling som ligg til grunn for denne soga i Hallingen (1917-1927): 'Det heitte at den rike Torjus Helling bygde to stugu på Varaberg den tid han brukte garden som heimstøl. Ei stugu med rear og ei loftstugu. Over høgsetet i stugu hekk ein fugl av tre. Den var utskore i tre av Knut Varaberg og hadde otte egg i nebbet.'
    Truleg var bygginga utført av Tolleiv Olson, og utskjæringa gjort av svigersonen Knut Nilsson.
    Tolleiv overtok Varaberg hjå brorsonen i 1801. Han makeskifte Huus mot søre Stave i 1812. Buet etter Tolleiv var 781 spd.

{5233} År: 1819

Birgit Tolleivsdtr. Varaberg 1798-1839
Foreldre: Tolleiv Olson Helling Huus Varaberg og 2.g Birgit Larsdtr. Bakketeigen.
Gm Knut Nilsson Strand Varaberg 11.01. 1795-1849
Foreldre: Nils Knutson Strand Rangdigarden og Anne Aslesdtr. Strand.
*Barn
1. Anne Knutsdtr. Varaberg Hjallo 14.08. 1819-1903
G 1846 m Knut Sevatson Svarteberg Hjallo, gnr. 54/9.
2. Anne Knutsdtr. Varaberg 09.07. 1821-
?
3. Birgit Knutsdtr. Varaberg 06.03. 1824-1913
Ug. Birgit var i tenest hjå sokneprest Hansen i Rødøy i Nordland i unge år.
    I 1865 var ho dagarbeiderske i Prestgarden. Inderst på Gjeldokksgarden (strikking og spinning). Truleg var ho på Glomsletten i 1901. Død som fattiglem i Toknutplassen.
4. Tolleiv Knutson Varaberg 01.11. 1826-1854
Ugift. Sjå neste hushald.
5. Nils Knutson Vareberg 26.08. 1830-
Ug. Nils var soldat. Han vart utkommandert til "Keaholmen" i 1854.
    I 1858 reiste han til Amerika. Veteran frå borgarkrigen. Nils budde i Esterville kring 1877.
    Han fekk pensjon etter innsatsen, kom heim att og leigde seg inn. Budde m.a. på Roløkken i Nes.
6. Ola Knutson Vareberg 05.07. 1833-1854
Ug. Ola søkte arbeid i Danmark i 1851. Det er uvisst om han kom dit. Han kollsegla og drukna i Rødøy i juli 1854.
7. Guri Knutsdtr. Varaberg Selvåg 16.10. 1835-
Gm Olaus Selvåg, Rødøy. Barn: Anna 1863- gm Knut Amundsen Selvågen; ... .
    Reiste ut i 1853. Tenestjente i Rødøy i 1854. Guri var kårenkje på Selvågen i Rødøy i 1900.
8. Anne Knutsdtr. Varaberg 07.02. 1839-
Gm ... ... ... . Budde ved Kr.ania i 1868.

Knut var ute i krigen 1807-14. Knut kjøpte garden i 1819.
    Birgit døydde i barselseng. Sonen Tolleiv fekk skøyte på garden i 1849 for 700 spd.

{5234} År: 1849

Tolleiv Knutson Varaberg 01.11. 1826-1854
Foreldre: Knut Nilsson søre Strand Varaberg og Birgit Tolleivsdtr. Huus - Varaberg.

Tolleiv Knutson var ugift, han kjøpte garden på skiftet etter faren i 1849.
    I 1851 selde han garden til Per Halvorson for 800 spd og tok seg kår.
    Tolleiv var død som kårmann i 1854. Han hadde vore på auksjon hjå kaptein Th. Breien i Gullhagen. I kveldingen då han skulle heim att, gjekk han beinste over Votna på nokre reler. Det gjekk ikkje betre enn at han ramla ned og slo seg forderva. (1016)

{5235} År: 1851

Per Halvorson Ulshagen Varaberg 08.07. 1825-1897
Foreldre: Halvor Person Sundre Ulshagen og Margit Ivarsdtr. Bjella.
Gm Ragnhild Olsdtr. Hove Varaberg 15.06. 1830-1917
Foreldre: Ola Anderson nordre Hove og Birgit Eiriksdtr. nedre Hove.
*Barn
1. Kristi Persdtr. Varaberg Hove 22.02. 1850-1900
G 1876 m Ola Toreson nordre Hove, gnr. 107/1.
2. Margit Persdtr. Varaberg Nelson 26.09. 1851-1900
Barn m/Kristian Jonset: Kristi 1880-1933, sjå barnebarn.
    G 1891 m Syver Nilsson Lillehoff i Amerika. Barn: Nels Nelson 1892-1973 skogforvaltar gm ... ... (2 barn); Anne ....- g 1916 m farmar Anton Hjelmstad (5 barn).
    Margit og Syver skreiv seg Nelson i Amerika.
3. Halvor Person Varaberg 26.09. 1853-1920
G 1884 m Margit Henriksdtr. Noss. Barn: Ragnhild 1884- farma i Can., g 1903 m Jakop Dyrland frå Stavanger (4 barn); Guri (Julie) 1886- gm ... Philip; Peder 1888- gm Elvira ... ; Ingeborg 1891-1911.
    Barn i USA: Henry 1894- farmar, gm ... ... ; Bertha 1896-1980 lærar, gm Joe Lange, busett Oak Harbor WA; Selma 1898- gm Edwin Sonderal, busett Finley, ND; Oscar 1899-1976 farmar, gm ... ...; Clarence 1903-1932. (1228)
    Garden vart selt på auksjon i 1891 og Halvor forpakta garden.
    Til Am. 1892: Portland, Torill Co. ND. Sidan farmar ved Finley, ND.
4. Birgit Persdtr. Varaberg 18.09. 1855-1894
Birgit var ugift.
5. Ola Person Varaberg 17.01. 1858-1936
G 1900 m Kirsti Eilevsdtr. Huus. Forpaktar i Prestgarden i Ål frå 1899. Sjå myljo Bjella, gnr. 104/2.
6. Anne Persdtr. Varaberg 24.02. 1860-
Anne var tenestjente i Kr.ania. Ho omkom omlag 20 år gamal under ein køyretur den 17. mai. Skyssen velta. (1408)
7. Katrine Persdtr. Varaberg Sorteberg 15.07. 1862-1939
G i Amerika m Jakop Arneson Sorteberg 1863-1924. Barn: Agnes (Ågot) 1885-1901; Albert 1889- jarnbanearbeidar, gm ... ... (.. barn); Peder 1893-1973 farmar, gm ... ... (.. barn); Jakop 1900-1983; Elmer 1905-1976 i Anoka; Minnie 1907-1972 lærarinne, gm ... Brenna; Nellie 1891-1902; Millie 1907-1972 gm ... ... . (1650)
    Katrine reiste til Am. i 1884. Dei tok land i Ramsey Co ND. Etter at Jakop var død, flytta ho 1915 til Lakota i ND og var husholderske hjå senator Asle Grønna. (Av Flå-slekt).
8. Lars Person Varaberg 07.07. 1864-1921
G 1891 m Guri Andersdtr. Sundre. Bankkasserar. Sjå eige hushald.
9. Ragnhild Persdtr. Varaberg Skjedsvold 03.06. 1866-1955
G 1895 m Ola Skjedsvold frå Vågå. Barn: Oscar 1896-1926 ugift; Clara 1901-1941 lærarinne, ugift; Pauline 1903- gm Oscar Anderson, farmar (2 barn); Carl 1906-1945 skulestyrar, gm ... ... (1 son).(942)
    Til Am. i 1893: Portland, ND.
10. Astrid Persdtr. Varaberg Smedsplassen 30.04. 1869-1901
G 1895 m Tore Amundson Smedsplass, gnr. 110/4.
11. Kristi Persdtr. Varaberg 16.08. 1871-1871
*Barnebarn
1. Kristi Kristiansdtr. Varaberg Leksvol 17.03. 1880-1933
G 1916 m Knut Halvorson Leksvol, sjå Bjella gnr. 104/2.
    Foreldre: Kristian Person Jonset (ungkar) og Margit Persdtr. Varaberg.

Per og Ragnhild gifte seg i 1849. Per kunne få kjøpt enkjesetet Ulshagen, men det vart Varaberg i staden, til ein lågare pris i 1851.
    Ragnhild hadde sterk helse, og var aldri sjuk. Arbeidet på garden gjekk jamnt, og det vart sagt at einaste gongene ho la seg til og kvilde, det var når ho låg i barnseng. Av lynne var ho gladverug og snill. (1466)89
    Per og Ragnhild hadde dotterdottera Kristi Kristiansdtr. i pleie.
    Utover i 1880-åra gjekk det tungt med økonomien som på mange andre gardar. Etter ei rekke med obligasjonar og utdrivingar vart Varaberg selt på auksjon i 1891 for kr 4300.
    I 1900 var Ragnhild kårkone og budde i drengestugu i Prestgarden.

{5236} År: 1891

Ola Olson Trintrud Varaberg 10.12. 1855-1931
Foreldre: Ola Eivindson Trintrud og Birgit Olsdtr. Skjervheim.
Gm Birgit Nilsdtr. Ulshagen Varaberg 30.07. 1853-1931
Foreldre: Nils Olson Finset Ulshagen og Gunhild Steinarsdtr. Jonsgarden Rotneim.
*Barn
1. Olaf Olson Varaberg 22.03. 1883-1966
G 1909 m Magnhild Andora Hagen født på Sandøy (Dypvåg) 1888-1960. (Dotter til Hans Hansson Hagen, prest i Minnesota, Wisc. og Canada og Marie Knutsen Brekkestø i Moland.)
    Barn: Hagbaert Omer 1910-1985 forretningsmann, gm Estella Johnson (3 barn); Birgit Marie 1913-1939. (1710)
    I unge år vart Olaf tilsett som kasserar i Ål sparebank. Men det var folk i bygda som tykte han var for ung til å passe på pengane.
    Olaf tok dette tungt og reiste som 16-åring til Amerika til onkelen Knut. (apotekar i Christine, ND.) Han dreiv med ymse forretningar. Frå 1911 bestyrar ved Farmers Cooperative Store i Carbury, ND. Seinare var han også postmeister same stad, og han selde livsforsikringar. Flytta sidan til Polson, Montana. Sjå Ulvestad bind 2 s 993, (1410)
2. Nils Olson Warberg 14.01. 1886-1967
G 1912 m Guri Embriksdtr. Hovdegard. Sjå neste hushald, Mykinghaugen gnr. 93/2 og Tolleivsgarden Noss, gnr. 117/1.
3. Olav Olson Warberg 03.12. 1887-1962
Gm Anna Andreasdtr. Eide. Sjå nedre Varaberg, bnr. 2.
4. Birgit Olsdtr. Varaberg Strand 28.09. 1890-1972
G 1913 m Olaf Olson Strand. Sjå Skogstad, gnr. 114/23.
5. Gunhild Olsdtr. Varaberg Haug 13.02. 1893-1965
G 1920 m Tolleiv Tolleivson Haug Warberg. Sjå neste hushald.

Ola og Birgit gifte seg i 1881. Ola Olson var landhandlar i Nedrejordet, gnr. 55/15 frå 1884. Dei budde i Votndalen fram til Varaberg kom på salg i 1891.
    Ola gjekk på skule på Voss ein vinter. Så prøvde han å skaffe pengar til lærarutdanning utan å lykkast.
    Ola kjøpte fyrst ein gard i Skurdalen, men måtte gå. Så kjøpte han Medgard gnr. i Leveld i 1888, men også kom det odelskrav.
    Då Ola skulle kjøpe Varaberg tykte han at prisen var noko høg. Han måtte finne ut kva han kjøpte. Ein sundagsmorgon utpå hausten la han i veg opp på Natten ovanfor garden og rekna kornstaurane. Då såg han kva garden var verdt, og kjøpekontrakt vart skriven. Ola fekk låne pengar hjå Ola Olson, skreddaren i (Ulshaga)Skardet.
    Dei flytta til Varaberg på vinterføre. Ungane hugste godt den køyreturen. Dei som var forkjølte fekk ligge nedpakka i ei seng på sleden.
    Birgit las mykje aviser, m.a. 'Busken'. Ola rekna seg som Høgre-mann, men Birgit meinte nok etterkvart at han halla mykje mot Venstre. Ola var fritenkjar. Og han var kasserar for Brannkassa. Om sundagane kom folk gjerne ruslande og betalte brannpengane.
    Ola kjøpte stølen Anfinngarden for 500 kr på auksjon i 1913. Han var ivrig på oppatt-bygging av denne garden. Han la inn vatn, planta rips og dyrka jord. Anfinngarden vart selt vidare til sonen Olaf for kr. 1500 i 1932.
    I 1913 delte Ola og Birgit frå nedre Varaberg, bnr. 2 til sonen Olaf. Og neste år overtok sonen Nils resten av garden. Ola døydde etter å ha vorte påkøyrt av ein bil på Sundre.