Varaberg nedre gnr. 108 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Varaberg nedre gnr. 108 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Varaberg vart frådelt Varaberg i 1913. Museholu var det gamle namnet på den staden der garden er. Her stod ei stugu og ein stall frå gamalt.
    (Truleg var dette stugu som jenta Kristi Botolvsdtr. Gjeldokk (1832-1921) hadde. Ho losjerte på Myregarden i 1891, "eier bare stue" og levde av strikking i 1900. Død som fatiglem i 1921.)
    Areal 1995: dyrka jord 28 mål, anna areal 35 mål, produktiv skog 205 mål, annan utmark 20 mål. Til garden er òg rekna Arnfinngarden (planlagt til hyttefelt) og Åsremmen. Leigd jord 55 mål. Buskap 38 vinterfôra sauer.
    Nytt tun: Våningshus og stabbur bygde 1989, låve med sauefjøs 1990, garasje 1992. Heile den gamle garden med uthus frå 1947 er restaurert i 1990. Gardsturisme.
    Stølar. Strigjestølen (gnr. 106, bnr. 11, 15 og 18)