Ulshagen, nordre gnr. 109 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ulshagen, nordre gnr. 109 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ulshagen var enkjesete for Ål prestebol frå gamalt. Bøndene måtte bygsle garden hjå presten, og det vara fram til 1851 då bonden vart sjølveigar.
    Namnet Ulshagen kan koma av namnet Ulf. Og 'hagen' var eit vanleg suffiks på delingsbruk nær ein gamal gard. Truleg hadde Prestgarden hamnehagen sin her i gamal tid. Ulshagen låg øyde etter Svartedauden. Det er tradisjon på at Knut Syverson var den som rydda garden sist på 1500-talet, og at garden låg øyde og under klauvtråkk. Presten brukte hamnegangar både i Ulshagen og i Sundrehagen. Opphavleg var Ulshagen rydda ein gong i mellomalderen. (Solhjell: 1987)
    Ulshagen har vore delt i nordre og søre garden lenge. Ut frå jordebøker og skattelister frå 1577 og framover kan det sjå ut som det var ein gard, evt. ein mann som bygsla. I 1588 var årleg skatt 1 kalvskinn, frå 1598 var årleg skatt 2 skinn.
    I skattelistene for 1598 var Ulshagen ført opp under Hove, sidan var Ulshagen ført opp under øvre Sundre.
    I 1588 slo retten fast kor mykje (utmark) Ulshagen skulle ha 'ovenfor sig', og kor mykje som var sameige med Hove. (Sjå nedanfor.)
    I 1626 vart det rettssak om det 'gamle skifte och dele' i skog og mark mellom Ulshagen og Sundre-bøndene. Presten hr. Ottar hadde gått over delet og stengt inne nokre slottelende som hadde lege under Sundre frå arilds tid.
    Frå omlag 1640 kan ein fylgje brukarrekkjene på dei to Ulshagen-gardane.
    I 1851 kjøpte bonden båe gardane fri frå Prestgarden. Dermed var det slutt med bygsling, avgifter og prestenkjene som flytta inn på garden med jamne mellomrom.
    Tunet til båe Ulshagen-gardane var borte på jordet, ved Tufteåkeren, nær Brunnsdalen. Tuna vart flytta i 1851, tuftene viste lenge inntil dei vart oppdyrka. Tunet til søre Ulshagen vart flytta ned på flatene.
    Frådelte bruk og plassar: nedre Ulshagen, bnr. 5 vart frådelt i 1889. Plassane var Olsdokken/Taraldplassen og Harahaugen. Andre plassar var Skomakargjerda, SolveKnut-plassen og Myro. Dei låg til søre Ulshagen.
    Både jord og plassar låg i teigblanding, så det er litt uvisst kvar plassane låg, og kor mange dei var. Både i Ft 1865 og Ft 1875 var det folk i Taraldplassen og på Myro. I 1Ft 1875 var det dessutan folk i nordre Skardet. Andre plassar er ikkje i bruk i tellingane 1762 til 1900. I husmann-manntalet frå 1835 står Daniels-plassen saman med Taraldplassen og Myro.
    Dessutan skal det ha budd folk på Hjalladn (oppe under Ulshagenatten, noko sørpå) og i SolveKnutplassen (vest for Stranden, nede ved elva.) og i SkomakarGjerda (ovanfor vegen, ned mot Stein).
    Areal 1865: dyrka jord 39 mål, naturleg eng 128 mål, utslått 64 mål. Avling 35 tunner bygg og 33 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål, produktiv skog 700 mål. Våningshus, loft og stolphus bygde 1851, driftsbygning 1942. Buskap 50 vinterfôra sauer, 1 hest.
   

{5255} År: 1771

Ola Embrikson Ulshagen Gurigard 1743-1826
Foreldre: Embrik Olson Svarteberg Ulshagen og Rønnaug Sandersdtr. Larsgard (Hol).
Gm Margit Torsdtr. Veslegard Ulshagen 25.08. 1748-1802
Foreldre: Tor Torson Torsteinsrud/Veslegard og Borghild Eiriksdtr. Gullhagen.
*Barn
1. Jørand Olsdtr. Ulshagen Gurigard 1770-1857
G 1791 m Daniel Olson Lå Gurigard. G 1812 m Oleiv Knutson Torsteinsrud Gurigard, gnr. 63/1.
2. Embrik Olson Ulshagen Bakke 13.03. 1774-1853
Gm Margit Mikkelsdtr. Hove. Sjå neste hushald og Bakke, gnr. 49/1.
3. Tor Olson Ulshagen 19.05. 1777-
Tor døydde liten.
4. Tor Olson Ulshagen 02.06. 1781-
Tor døydde liten.
5. Borghild Olsdtr. Ulshagen Kyrkjedelen 02.06. 1782-1863
G 1805 m Ola Ivarson Kvinnegard Kyrkjedelen, gnr. 64/2.
6. Tor Olson Ulshagen Gurigard Feten 06.03. 1785-1865
G 1814 m Turid Olsdtr. Håkonsgard, sjå Feten, gnr. 72/2.
7. Ola Olson Ulshagen Bjella 02.09. 1787-1869
Gm Mari Olsdtr. ØvreLå. Sjå Bjella gnr. 104/1.
8. Rønnaug Olsdtr. Ulshagen 19.06. 1791-
Rønnaug stod mellom legdefolk i Nordre og søndre Vats fjerding 1816-1836. 'Ugift og vanvittig'. Ikkje registrert død i Ål.

Ola og Margit gifte seg omlag 1769. Ola fekk sonen Anders i 1768 med Anniken Andersdtr. Sundre.
    Ola var soldat i unge år. Han overtok bygsla i Ulshagen etter far sin i 1771 på livstid, men det vart teke atterhald om at ingen prestenkje trong garden. Presten hadde fyrst nekta denne bygslinga, men den vart godkjent ved ein resolusjon frå biskopen.
    Av denne grunn kjøpte Ola øvre Gurigard i 1772 og budde der mellom 1777 og 1787. Så kom dei attende til Ulshagen.
    Ola måtte gå frå garden omlag 1820 då prestenkja (Anne Margrete Grøntvedt Leigh) skulle ha garden sjølv frå 1819. Så levde Ola nokre år utan jord, men då 'alderen tiltok og formua avtok', tok Ola inn hjå eldste sonen på Bakke. Han let etter seg gangklede og nokre trekoppar. Ola døydde som inderst på Bakke i 1826.

{5256} År: 1800

Embrik Olson Ulshagen Bakke 13.03. 1774-1853
Foreldre: Ola Embrikson Ulshagen Gurigard og Margit Torsdtr. Veslegard.
Gm Margit Mikkelsdtr. Hove Ulshagen 03.07. 1774-1840
Foreldre: Mikkel Toreson Hove og Ragnhild Eiriksdtr. Rikansrud.
*Barn
1. Ola Embrikson Ulshagen 04.10. 1801-____
Ola vart konfirmert 1819, han var borte før 1841.
    Denne soga frå 'siste halvdel av det attende århundrede' er oppteikna av Eirik Syverson Opheim omlag 1862:
    Svein søre Ulshagen og Ola nordre Ulshagen var gode vener og grannar. Ein gong drøymde Ola at han vart drepen i folkehopen på Sundre, og dette fortalde han foreldra. Ola lovde mora å halde seg unna vintertinget, for der var det drukne folk og klammeri.
    Under tinget i februar reiste karane til skogs, men grunna dårleg vær og andre vener med brennevin, så vart det turing i staden. Svein kom i slagsmål og drog kniven mot ein torping. Ola ville hindre Svein i å bruke kniven, og fekk sjølv stikket så han døydde. (1016 s 55)
    NB. Det er fleire problem med denne soga. Dei oppgjevne namna høver dårleg i 'siste halvdel' av både det attende og nittende århundrede. Ola Embrikson er borte, men ikkje registrert død i KB for Ål i tidsromet 1819 til 1841. Nokon Svein i søre Ulshagen er ikkje kjent. Han var i såfall ein dreng.
2. Ragnhild Embriksdtr. Ulshagen Skrindo 29.07. 1804-1867
G 1828 m Nils Embrikson Skrindo, gnr. 47/6.
3. Margit Embriksdtr. Ulshagen 01.06. 1807-1895
G 1834 m Ola Person Gunhildgard. Barn: Ingrid 1835- ; Per Olson 1838-1914.
    Kring 1850 reiste Margit til Wisconsin saman med sonen Per. Mannen Ola Person Gunhildgard hadde då flytta til Børtnesbakken i Nes. Han kom snart attende til Ål og budde hjå dottera Ingrid i 1853. Sjå meir under barnebarn. (863)
4. Mikkel Embrikson Ulshagen Bakkeplass 08.05. 1810-1885
Ugift. Mikkel fekk dom 1835: 'for med Skjødesløshet at have givet anledning til Arrestantene Reier Bjørnsen og Syver Aslaksen's Undvigelse fra Arresten.' Det vart 5 døgn på vatn og brød.
    Sjå Bakkeplass, gnr. 49/6.
5. Embrik Embrikson Ulshagen Bakkeplass 26.09. 1813-
G 1846 m Birgit Olsdtr. Randen. Sjå Bakke, gnr. 49/1.
6. Borghild Embriksdtr. Ulshagen Strand 02.02. 1817-1896
G 1873 m enkjemann Tor Olson Strand. Sjå Bakkeplass, gnr. 49/6.
7. Birgit Embriksdtr. Ulshagen Bakkeplass 19.10. 1821-1850
Birgit levde roleg og stille. Ho las mykje og grubla over religiøse spørsmål. Så tok ho til å ottast at ho hadde synda for mykje, og 'umulig kunde blive benådet.'
    Midtsumars 1850 vart Birgit borte. Ei veke seinare vart ho funnen halvdød i fjøset på ein heimstøl i Øvre-Ål. Ho døydde like etterpå. (1591)15
*Barnebarn
1. Ingrid Olsdtr. Gunhildgard 03.02. 1835-
Til Am. 1861: Wisc. Død i Chicago.
2. Per Olson Gunhildgard Bakkeplass 07.06. 1838-1914
G 1861 USA m Gunvor Johannesdtr. Egeland frå Stord. Barn: Margit 1862-1915 gm Daniel Thompson; Ragnhild 1866-1952 gm Edmen Larsson Skaar; Jon 1869-1948 gm Catherine Erfurth; William 1872-1955 gm Lena Schetler; Albert 1874-1964 gm Elisabeth Erfurth, gm Berta Bowers Skov; George 1877-1917 gm Anna Kubly; Alvin 1884-1899; Orvin 1889-1973 gm Mary Lee, gm Bertha Sanderson. (863)
    Per budde i Dane Co. Wisc.

Embrik overtok bygsla etter foreldra i 1800, og gifte seg med Margit same året. Frå før hadde Embrik dottera Birgit f. 1798 med Anne Torsteinsdtr. Sundre Arnegard.
    Embrik og Margit flytta til Bakkeplass kring 1820. Det var pga. prestenkja.
    Anne Margrete Grøntvedt, Kvikne (1781-1840), enkje etter presten Morten Leigh, sat i enkjesete i Ulshagen frå 1819 til 1824 då ho flytte til dottera Margrete. Leigh hadde skifta etter sine fyrste to ekteskap.
   

{5257} År: 1840c

Knut Tolleivson Raunsgard 1803-1885
Foreldre: Tolleiv Sveinson Raunsgard og Kari Knutsdtr. Frøysok (Gol), Hol.
Gm Ågot Tolleivsdtr. Uthus Ulshagen 1803-1888
Foreldre: Tolleiv Sveinson Sand Uthus og Birgit Olsdtr. Hamarsbøen, Hol.
*Barn
1. Kari Knutsdtr. Raunsgard Ulshagen 04.08. 1828-1840
2. Kari Knutsdtr. Raunsgard Foss 22.10. 1829-1891
Gm Olavus Foss. Til Am. saman med broren Svein Knutson. (1245)
3. Tolleiv Knutson Ulshagen 10.12. 1831-1865
G 1860 Haus m Ingeborg Nilsdtr. ..., 'Møxtes'. Barn: Caroline 1860- ; Ågot 1862-
    Tolleiv var skreddar og kom til Haus pr.gj. ved Bergen i 1859. Tolleiv budde på Arne Fabrikker i 1865.
4. Svein Knutson Ulshagen 15.12. 1833-1909
Gm Sarah E. Wentworth 1842-1912, farmar ved New Almelo, Kansas.
    Utvandra til Am. 1850 saman med systera Kari f. 1830.
5. Birgit Knutsdtr. Ulshagen 28.11. 1835-1839
6. Ågot Knutsdtr. Ulshagen Bekkestad 30.06. 1838-1922
G 1868 m Lars Sveinson Bekkestad. Barn: Svein 1868-1958 lærar/politiker, gm Jørgine Eilevsdtr. Smedsrud, Krødsherad. (... barn)
    Ågot var tenestjente hjå prestar både i Ål og Norderhov, og fekk seg noko skulegonge. Dei utvandra til Am. i 1870: Preston, Fillmore Co. Pioner-farmar i Town of Oscar, Rothsay, Wilkin Co. eller Otter Tail Co i MN.
7. Birgit Knutsdtr. Ulshagen __.__. 1841-
Birgit reiste til Am. i 1861.
8. Knut Knutson Ulshagen 22.03. 1843-
9. Guri Knutsdtr. Ulshagen 13.07. 1845-1845
10. Guri Knutsdtr. Ulshagen 19.05. 1847-
11. Tolleiv Knutson Ulshagen 21.12. 1850-

Knut og Ågot gifte seg i 1828. Dei budde på Raunsgard i 1828, var inderstar på Uthus i 1831, Var innom Øvre Medgarden i Liagardane og Sundrebråten før dei slo seg til i Ulshagen frå omlag 1840.
    Då Ulshagen vart selt på auksjon 1851 flytta Knut og Ågot til plassen 'Ulshageneie.' Då dei reiste til Am. 1861 skreiv dei seg Ulshagen.

{5258} År: 1851

Nils Olson Finset Ulshagen 1816-1891
Foreldre: Ola Arneson Finset og Anne Knutsdtr. Tuv, Hemsedal.
Gm Gunhild Steinarsdtr. Sæte Ulshagen 24.04. 1824-1907
Foreldre: Steinar Person Jørandrud (Uvdal) Jonsgarden Rotneim (Gol) og Birgit Pålsdtr. Sæte (Skurdalen).
*Barn
1. Anne Nilsdtr. Ulshagen Sundbrei 22.11. 1851-1927
G 1881 m Eirik Eirikson Lappegard Sundbrei, gnr. 125/7.
2. Birgit Nilsdtr. Ulshagen Varaberg 30.07. 1853-1931
Gm Ola Olson Trintrud Varaberg, gnr. 108/1.
    Ola Olson var krambugut i Spareforeninga på Sundre i unge år. Far hennar hadde sett Ola ut som høveleg svigerson, og sende Birgit på handel så dei skulle bli kjende.
3. Ola Nilsson Ulshagen 14.07. 1855-1938
G 1880 m Guri Aslaksdtr. Holto. Sjå neste hushald.
4. Ambjørg Nilsdtr. Ulshagen Hago 08.05. 1857-1936
G 1886 m Anders Nilsson Hago, gnr.
5. Steinar Nilsson Ulshagen 11.01. 1859-1923
=Stener. G 1894 Bragernes m Ågot Håkonsdtr. Opsata. Sjå Nedre Ulshagen, bnr. 5.
6. Ola Nilsson Ulshagen 18.06. 1862-
Arving 1907.
7. Anne Nilsdtr. Ulshagen Dengerud 20.09. 1863-1948
G 1887 m Helge Helgeson Dengerud, gnr. 99/1.
8. Ragnhild Nilsdtr. Ulshagen Strand 20.09. 1863-1927
Gm Ola Olson Strand Bakka, gnr.
9. Birgit Nilsdtr. Ulshagen Oppsata 21.01. 1867-1902
G 1895 m Tolleiv Håkonson Oppsata, gnr. 43/1.
10. Ola Nilsson Ulshagen 15.08. 1869-1928
Gm Gunhild Monrad 1866- , Holmestrand. Barn: Gunhild 1900- ;
    Jurist. Ola var fut i Rana, busett på Hemnæsberget i Hemnes. Seinare vart han byråsjef, død som stempelforvaltar i Oslo i 1928.

Nils og Gunhild gifte seg i 1851. Dei var på Rotneimsøyen i Gol ei tid før dei kjøpte Ulshagen. Nils var skulelærar ei tid.
    I 1816 vart båe Ulshagen-gardane selde på auksjon, og Nils fekk kongeleg skøyte på båe for 3000 spd. Han fekk lån/garanti hjå Lars Finnesgarden. Søre Ulshagen selde han til bror sin Ola i 1856. Då delte dei skogen i Vestlia, dvs. den eine delte og den andre valde. Såleis fekk den nordre garden den søre skogen.
    Nils dreiv som hjulmakar og bonde, fyrst på Rotneimsøyen, sidan i Ulshagen. (Sjå Dølaminne 1973)
    Nils og Gunhild levde godt av garden, og sette overskotet av hjulmakararbeidet i banken. Døtrene var ikkje ute på tenest som skikken var. Dei sat heime og gjorde i stand 'utstyret'. Det fortelst at ei av døtrene hadde 18 stakkar i heimefylgjet sitt!
    Gunhild sat på stølen til sitt 83. år. Ho sat i den gamle steinbue på Vieren, og ville ikkje inn i den nye bue. I yngre år brukte Gunhild å 'veda' sjølv, dvs. ho reiv brisk som ein kar. Gunhild var myndig, og ein ny gjætargut var litt beskjeden. Og såleis fekk han reint for mykje mat den fyrste dagen. Då Gunhild la endå meir på tallerkenen hans, då kom det endeleg: 'Kan e få sleppe no?'
    Nils selde langstølen på Einarset for 140 spd i 1859 til Sevat Larsson Holo, og kjøpte att Store Vieren og Olset på Veståsen. Nils delte frå nedre delen av garden, og bygde opp bruket nedre Ulshagen, bnr. 5 som sonen Stener overtok i 1889.

{5259} År: 1892

Ola Nilsson Ulshagen 14.07. 1855-1938
Foreldre: Nils Olson Finset Ulshagen og Gunhild Steinarsdtr. Jonsgarden Rotneim.
Gm Guri Aslaksdtr. Holto Ulshagen 15.11. 1854-1946
Foreldre: Aslak Larsson Holto og Birgit Eiriksdtr. Sando.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Ulshagen 23.02. 1881-1957
Ugift. I 1900 dreiv ho 'Husgjerning og kreaturstel.'
2. Nils Olson Ulshagen 19.09. 1882-1965
G 1908 m Kari Sindresdtr. Slåtto. Sjå neste hushald.
3. Aslak Olson Ulshagen 21.09. 1884-1972
Ugift. I 1900 var han jordbruksarbeidar og snikkar. Aslak reiste til Am. i 1905 og fekk seg arbeid i ein bank.
4. Gunhild Olsdtr. Ulshagen Gullstein 13.09. 1886-1967
G 1914 m Ola Gullstein frå Hol. Barn: Olav og Anne Bergljot, - båe døydde unge.
    Ola var offiser i Marinen. Dei kom til Steinsnes i Borre, - sidan til søndre Fresje i Sem i 1928. Ola vart distriktsjef i Norske Liv. Dei hadde bustad på Berkåker.
5. Ola Olson Ulshagen 11.08. 1888-1966
Gm Guri Steinarsdtr. Ulshagen. Barn: Ågot 1941- sekretær, gm Tor Kleive, busett på Gol (3 barn).
    Ola var i Am. ei tid før han begynte å arbeide hjå gullsmed Bæren. Sidan var Ola gullsmed i Nore, på Nesbyen og så til slutt i Kristiansand. (1044)
6. Steinar Olson Ulshagen 19.09. 1890-1976
Ugift. Steinar hadde eige hus og reve-gard i Ulshagen. Elles dreiv han med gardsarbeid.
7. Anne Olsdtr. Ulshagen Lilleås 24.08. 1893-1944
Gm Arvid Lilleås, busett ved Hokksund.
8. Guri Olsdtr. Ulshagen 29.07. 1895-1948
Ugift. Lærar.
9. Olaf Olson Ulshagen 03.09. 1897-1979
Ug. Olaf dreiv med gardsarbeid, var mykje i Sundrehagen.
10. Sigurd Olson Ulshagen 02.12. 1899-1980
Gm Borghild Svang, busett i Nes 1905-1987. Barn: Gerd Eli 1929-2004 gm Bjarne Botolvsletten (2 barn); Odd 1939- busett i Røyken, gm Berit Herland (2 barn).

Ola og Guri gifte seg i 1880. Han fekk skøyte på garden for kr. 3600 og kår.
    Då sonen overtok garden, dreiv Ola som smed og hjulmakar. Det var smie og snikkarhus jamsides.