Harahaugen gnr. 109 bnr. 1
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Harahaugen gnr. 109 bnr. 1b
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Harahaugen 'var en adskillig bedre plas, og der var merker efter jordarbeide, der er oplagt steinrøiser og utjevnet slåtteland.' (skreiv Herman H. Ulshagen, han samanlikna med Solvegutplassen og Skomakergjerda.)
    Harahaugen ligg oppe i ein høg bakke mellom myrar, forbi Rovun og litt sør-ned.
    Under arbeidet med Bergensbanen var det bygd ein dynamitt-bunkers i Harahaugen.
{5263} År: 1820c
Anders Anderson Gudmundsrud Åkvig 31.08. 1788-1854
Foreldre: Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud og Dordei Syversdtr. Kleiven.
Gm Sigrid Andersdtr. Hove Ulshagen-eie 26.02. 1797-
Foreldre: Anders Olson Hove og Anne Sevatsdtr. Thon.
*Barn
1. Anders Anderson Ulshagen-eie Mulstadnæs 26.08. 1822-
Gm Peternelle Ingebrektsdtr. ..., Beitstaden. Barn: Marta 1862- ; ... son 1865- ; ...
    Til Nærøy i 1831. Anders var gardbrukar og sjølveigar på Mulstadnæs i Kolvereid i 1865.
2. Syver Anderson Ulshagen-eie Lye 16.11. 1825-
Til Nærøy 1831. Sivert Andersen Lye, 22 år fekk pass for utreise frå Bergen til Am. i 1848.
3. Ola Anderson Ulshagen-eie 07.08. 1829-1830
Barn i Nærøy: Anne Dortea 1834-1861 ug., ein son: Anton Mikkelsen; Dortea 1841- gm em Erik Kristiansen Amdal Lye (5 barn). (1596)III s 225
    I 1826 avtala Anders ein bruks- og bygselrett med Anders Olson Hove. Kring 1834 reiste dei til Nærøy i Namdalen og slo seg til på bruket Muldstad.
    I 1835 kjøpte han garden Lye i Nærøy. Han dreiv garden godt og sette opp sagbruk i Lye-elva. Til Am. i 1869. Sigrid var enkje og kårkone på Lye i Kolvereid i 1865. Ho reiste til Am. i 1869. ( I lag med Anders 1822- sonen ??) Dei skreiv seg Åkvig.
    Anders hadde ein son med Gunhild Embriksdtr. Opheim: Anders 1814- .
{5264} År: 1835
Daniel Torgeirson Hellinghaugen Danielsplass 01.03. 1778-1858
Foreldre: Torgeir Olson Lå Hellinghaugen og Sigrid Knutsdtr. Håkonsgard.
Gm Birgit Nilsdtr. Svillegard Danielsplass 29.04. 1763-1842
Foreldre: Nils Guttormson Svillegard og Ingeborg Larsdtr. Sundre.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sigrid Danielsdtr. Danielsplass Baklien 24.10. 1802-1864
G 1827 m Ola Arneson Baklien, gnr. 41/1.
2. Ingeborg Danielsdtr. Danielsplass 24.10. 1802-____
Ikkje funnen død i Ål.
Daniel og Birgit Nilsdtr. gifte seg i 1802. Dei budde på Holo den fyrste tida.
    Daniel budde i 'Ulshagaplassen' i 1813. Frå 1835 og utover står Daniel oppført i husmanns-manntalet i Danielplassen under Ulshagen. Truleg er denne plassen den tidlegare Harahaugen.
    I 1843 vart Daniel attgift med enkja Birgit Olsdtr. ... Sundre. (Kven var ho?)
    Daniel budde i Arnelien dei siste åra.