Taraldplassen gnr. 109 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Taraldplassen gnr. 109 bnr. 1d

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ulshaga-plassen eller Ulshaga-eie. På bygda heitte plassen Olsdokken eller Tarald-plassen. Tarald-namnet kjem nok av sonen til Ola Taraldson, Guttorm som kom til 'Olsdokken' kring 1790. Han bygsla 1788 'et øde og uopryddet jordstykke.' Her kunne dei rydde og bygge mot ei årleg avgift på 1 rd. Guttorm lova dessutan å føre oppsyn med skogen til bonden så ingen framande tok seg til rette.

{5265} År: 1788

Guttorm Olson Torpo HellingBerget 1732-1808
Foreldre: Ola Taraldson Kyrkjedelen Håheim og Randi Guttormsdtr. Helling.
Gm Margit Nilsdtr. Holto Ulshagen 1737-1827
Foreldre: Nils Sveinson nordre Holto og Margit Aslesdtr. Havardsgard?

Guttorm Olson bygsla plassen Olsdokken i 1788 saman med kona Sissel Halvorsdtr. Sjå den fyrste familien hans på Hellingberget, gnr. 20/12. Guttorm vart attgift 1791 med Margit. Dei hadde ingen barn.
    Guttorm var soldat. I 1793 lånte han 20 rd mot pant i plassen og 3 geiter og 3 sauer. Guttorm var vaktmann i arresten på Sundre 1807 då Ola Asleson Høgset rømde.
    Guttorm vart gravlagt på fattigkassa i 1808. Margit døydde som enkje på legd i Kvinnegardslia i 1827.

{5266} År: 1798c

Ola Guttormson Hellingberget Ulshageplassen 01.12. 1771-1835
Foreldre: Guttorm Olson Torpo Hellingberget og Sissel Halvorsdtr. Opheimsjorde.
Gm Kari Olsdtr. Sindrol Ulshagaplassen 1773-1860
Foreldre: Ola Torson Huus Sindrol og Turid Olsdtr. Rimehaugen, Hol.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Ulshagaplassen 13.11. 1796-1801f
2. Sissel Olsdtr. Ulshagaplassen 26.12. 1797-
Barn: Inger Sophia 1824- m/ Hans Nilsson på Nordby i Ås. Sjå barnebarn.
    G 1828 m Carl Christian Jensen Askehaug frå Ås pr.g. Barn: Ola 1828- .
    Sissel var født på Holteslåtta. Ho var ute på tenest og fekk dottera Inger Sofie.
    Ho og Karl budde i Ulshagaplassen ei tid. Så reiste han sin veg.
    Sissel budde hjå dottera i Sandehuset dei siste åra. Død som enkje i 1883.
    På skiftet etter Guttorm Olson i 1889 heitte det at Sissel var død og at mannen "Kristian Olsen" hadde vore bortrømt i fleire år.
3. Turid Olsdtr. Ulshagaplassen Sjåmehaugen 15.12. 1799-1888
Gm Mikkel (?) ... ... . Barn: Martin 1824- m Mikkel Martinson; Ola 1830- m Asle Torsteinson Skjervheimshagen. (Turid var enkje i 1830) Sjå barnebarn.
    G 1835 m Knut Solveson Kanafetmyrane Sjåmehaugen, gnr.107/9a.
4. Ola Olson Ulshagaplassen Piperplassen 20.03. 1803-
Barn m Astrid Olsdtr. Guroplassen: Lars 1827-
    G 1836 m Ambjørg Sevatsdtr. Tveito. Sjå neste hushald.
5. Halvor Olson Ulshagaplassen 23.05. 1805-1805
6. Halvor Olson Ulshagaplassen Kitilsplass 06.07. 1806-1878
G 1831 m Kari Ivarsdtr. Prestlien. Sjå Kitilsplass, gnr.
7. Guttorm Olson Ulshagaplassen Presteikrene 12.11. 1808-1868
G 1836 m Liv Embriksdtr. Sagen. Han sat på Buhovd nokre sumrar med kyrne til prost Eckhoff. Sjå Presteikrene, gnr. 111/4.
8. Guri Olsdtr. Ulshagaplassen 14.09. 1811-1811
9. Guri Olsdtr. Ulshagaplassen Svartedalen 03.10. 1814-1883
Barn: Ola 1842- m/ Knut Halvorson Dengerud, Guttorm 1856- m/ Isak Bjørkemann frå Sverige.
    G 1851 m Ola Arneson Svartedalen, Sjå Skruvedalen gnr. 36/1a.
    Som tenestjente hjå kappelan Hansen fekk Guri 3 mnd på tukthuset. Ho vart skulda for å ha teke 1/2 skjeppe potet hjå husherren. Guri og Ola skilde lag kring 1860, og sidan vart ho buande på Ulshagaplassen dei siste åra.
10. Ola Olson Ulshagaplassen Bruteigen 10.05. 1817-1888
G 1843 m Turid Levorsdtr. Gullhagaplassen Bruteigen, gnr. 115/16a.
*Barnebarn
1. Ola Karlson Ulshagaplassen Trolløyen 09.04. 1822-1859
G 1856 m Mari/Margit Olsdtr. Sundrelien. Barn: Ola 1853, Kristi 1854, Lars 1856, Birgit 1858-.
    Foreldre: enkjemann Karl Petersen Richter og Kristi Olsdtr. SundreMoen.
    NB.I skifte 16.01.1873 etter Kristi Olsdtr. Sundremoen er Ola Karlson oppført som hennar son. Alle barna til Ola og Margit er også ført opp!!!
    Ola var tenestgut i Sandehuset i 1847. Til Amerika.
2. Inger Hansdtr. Ulshagaplassen Sandehuset 10.10. 1824-1901
G 1855 m Kristian Syverson Sundre Sandehuset.
    Foreldre: Hans Kristian Nilsson .. i Nordby sokn i Ås og Sissel Olsdtr. Ulshagaplassen.
3. Martin Mikkelson Ulshagaplassen Storedalsplassen 30.12. 1824-1907?
Gm Ingeborg Olsdtr. Storedalsplass. Sjå Storedalsplassen, gnr. g/7.
    Martin var født i Nordby sokn i Ås. Faren var frå ein plass under Aschehoug, og døydde før Martin vart født. Martin vaks opp i Ål. Budde i Hallbjørghagen før 1850.
    Martin var truleg død i Bergen som enkjemann og steinarbeider i 1907.
    Foreldre: Mikkel Martinson ... Aschehoug og Turid Olsdtr. Ulshagaplassen.
4. Ola Kristianson Trolløyen Vangen 14.11. 1828-
Gm Mari Olsdtr. Sundrelien 1831-1868. Barn: Sissel 1851- til Am., gm Guttorm Olson Skardet frå Flå; Ingeborg 1856- ; Kristian 1858- ; Kari 1860- ; Liv 1863-1863; Ola 1865- ; Kristian 1868- .
    Foreldre: Kristian Jensen (frå Ås) og Sissel Olsdtr. Ulshagaplassen.
    Ola var myndig og i Amerika i 1889.
5. Ola Asleson Ulshagaplassen Skjåmehaugen 11.09. 1830-
G 1855 m Gro Larsdtr. Kveno. Han vart kalla Mjølmuse. Sjå Sjåmehaugen, gnr. 107/8a.
    Foreldre: Asle Torsteinson Skjervheimshagen Stave m/enkje Turid Olsdtr. Ulshagaplassen Sjåmehaugen.
6. Ola Knutson Ulshagaplassen 29.07. 1842-1901
G 1874 Bergen m Marte Pedersdtr. Bø i Hyllestad/Eivindsvik i Sogn. Ingen barn.
    Ola reiste til Bergen stift for å tene i 1862. Han budde i Nygårdsgt 42 i Bergen. Ola var steinarbeidar, busett i Bergen i 1875 og 1891.
    Foreldre: Knut Halvorson Granhagen (Dengerud) med Guri Olsdtr. Ulshagaplass.
7. Guttorm Isakson Ulshagaplassen 24.07. 1856-
Barn: Botolv 1880-1888 m Guri Olsdtr. Gunhildgardsjordet 1855-1901.
    Gm ... ... ... .
    Foreldre: Isak Bjørkeman enkjemann frå Sverige med Guri Olsdtr. Ulshagaplassen.
    Guttorm og .... skulle viast på Gol før utreise til Amerika i 1887. (Truleg var dette ikkje Guri Gunhildgardsjordet.)

Ola og Kari budde på Holto eller på Holteslåtta dei fyrste åra.
    I 1802 vart Ola Guttormson stevna av Ola Larsson Ulshagen til å 'fraviige den Plads han hidintil har brugt under Ulshagen, og igien at benytte sig af et andet Støkke Jord under Ulshagen til opdyrkelse og brug.'
    Så gjorde dei slikt forlik: Ola Guttormson skulle bu på plassen utan avgift til faredag 1804. Ola skulle flytte når foret hans er oppfora, og når Ola Larsson gir han 10 rd.
    Om Ola Guttormson vart buande lengre, så skulle han ikkje køyre 'hevd' av plassen. Stugu på plassen tilhøyrde Ola Guttormson, og kunne flyttast frå plassen.

{5267} År: 1840c

Ola Olson Ulshagaplassen Piperplassen 20.03. 1803-
Foreldre: Ola Guttormson Olsdokken Ulshagaplassen og Kari Olsdtr. ...
Gm Ambjørg Sevatsdtr. Tveito Ulshagaplassen 08.10. 1808-1876
Foreldre: Sevat Olson søre Tveito Arnegard og Anne Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Ola Olson Piperplassen 03.01. 1836-1837
2. Kari Olsdtr. Piperplassen Ulshagaplassen 06.10. 1838-1919
Barn: Ola 1860- ; Guttorm 1874- ; Ambjørg 1881-1881, sjå barnebarn.
    I 1891 var Kari losjerande hus- og markarbeidar på søre Hove.
3. Ola Olson Ulshagaplassen 10.06. 1842-
Gm Karen Lovise ..., Bærum 1840- . Barn: Anna 1887- ; Sigrid 1890- ; Oskar 1893- ;
    Ola reiste til Asker 1863. I Bærum 1889. Var Ola husmann på Nylendet under Ekeberg i 1900?
    Truleg død som husmann på Ekeberg i 1901. (Oppl. L. Øyane)
4. Anne Olsdtr. Ulshagaplassen 17.09. 1851-1876
G 1872 m Ola Bjørnson Gunhildgard. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Ola Anderson Ulshagaplassen 26.03. 1860-
Foreldre: Andreas Knudsen Hasle, Huslum i Ø. Bærum og Kari Olsdtr. Ulshagaplassen.
2. Guttorm Gunnarson Ulshagaplassen Kulutunga 16.09. 1874-
Guttorm var ugift tenar på Hove i 1891.
    Foreldre: Gunnar Johanneson Mykingeie Skallehaugen Kulutunga og Kari Olsdtr. Ulshagaplass.
3. Ambjørg Tolleivsdtr. Ulshagaplassen 02.06. 1881-1881
Foreldre: Tolleiv Knutson Arnelien og Kari Olsdtr. Ulshagaplassen.

Ola og Ambjørg gifte seg i 1836. Dei budde fyrst i Piperplassen mellom 1836-40, og kom så til Ulshagaplassen før 1842.
    Ola hadde fleire barn: Lars 1827- m Astrid Olsdtr. Guroplassen; Jørand 1831- m Guri Arnesdtr. inderst på Nyhusslåtta; Ola 1832- m Birgit Halvorsdtr. Gullhagamoen.
    Ola tok seg ymse arbeid for å få endane i hop. I 1840 måtte ei rettssak utsetjast sidan vitnet Ola Olson Ulshagen var 'paa Arbeide paa Horten Marineetablesiment.'
    Tarald-Ambjørg gjekk rundt med teina si og sanka gras mellom anna oppe i Ulshaganatten. Ho stødde seg på riva då ho hausta gras i Narve-skorre. (Notat Hermann H. Ulshagen.)

{5268} År: 1872

Anne Olsdtr. Taraldplassen 17.09. 1851-1876
Foreldre: Ola Olson Ulshagaplassen Piperplassen Ulshagaplassen og Ambjørg Sevatsdtr. Tveito.
Gm Ola Bjørnson Gunhildgard Taraldplassen 21.05. 1834-1919
Foreldre: Bjørn Håkonson Medgard Gunhildgard og Ambjørg Olsdtr. Arnegard.
*Barn
1. Ambjørg Olsdtr. Taraldplassen 13.01. 1872-1874c
2. Ambjørg Olsdtr. Taraldplassen Stølen 14.09. 1873-1975
G 1900 m Embrik Torsteinson Stølen, gnr. 44/12.
3. Anne Olsdtr. Taraldplassen 27.05. 1876-1877

Ola og Anne gifte seg i 1872. Dei var inderstar i Satahagen i 1873 og i Ulshagen i 1876.
    I 1875 var Ola Bjørnson svigerson, inderst og dagarbeidar i Ulshagen. Ola dreiv m.a. med slakting. Anne døde som inderstkone i Gunhildgard i 1876.