Ulshagen, søre gnr. 109 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Ulshagen, søre gnr. 109 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Ulshagen har vore sjølvstendig gard frå 1640-åra, kanskje også før den tid. Sjå innleiinga til bnr. 1.
    Det gamle tunet låg oppe på Tufteåkeren saman med tunet til nordre Ulshagen. I 1850-åra vart tunet flytta ned til noverande stad. Ei gamal stugu vart selt til Myrbø og sidan rive.
    Frå gamalt av brukte Ulshaga-folket slåtter oppe i Ulshaganatten, Sløgeskorre og Narveskorre er nemnde.
    Plassar: Skomakargjerda, SolveKnut-plassen og Myro. Sjå meir under innleiinga til bnr. 1.
    Areal 1865: dyrka jord 33 mål, naturleg eng 152 mål, utslått 44 mål. Avling 28 tunner bygg og 28 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 60 mål som vert leigd bort, produktiv skog 1179 mål, anna utmark 170 mål. Våningshus restaurert 1967, kårhus 1940, tømmerfjøs 1888, låve og stall 1915, eldhus, vognskjul (no garasje), loft, stolphus, badstugu, stall og smie.
    Stølar. Heimstøl var søre og myljo Skardet. Stølen Rakkekjeksbakken vart tilkjøpt frå Sørbøen i 1927. (Sidan frådelt.) Opphavleg langstøl Einarset vart fråselt til Holo i 1912. Ny langstøl på Nystølen tilkjøpt frå Øygarden i 1911.
    Industrifeltet Ulshagamyrane bnr. 22 vart frådelt eigedomen i 1980.

{5276} År: 1750

Asle Sveinson Ulshagen 1721c-
Foreldre: Svein Olson Ulshagen og Haldis Aslesdtr. Lå.
Gm Birgit Knutsdtr. Skottebøl Ulshagen 1717-
Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Torand Olsdtr. Halvorsgard.
*Barn
1. Helga Aslesdtr. Ulshagen Hansebråten 1742-1827
G 1792 m Levor Knutson Hansebråten, gnr. 112/23.
    G 1817 m Ola Sveinson Breiehagen Sagen.
2. Ola Asleson Ulshagen 26.02. 1744-1745
3. Ola Asleson Ulshagen 24.07. 1746-1777
Ola fekk dom i 1769 for eit uvøre opptrinn i Prestgarden. Ein sundag kom ruslande Ola drukken og storkjefta, og gav seg til å sparke på døra til storstugu til presten.
    "Du tok offer frå meg her ein dagen, du svoltne fant, - din storlepe!"
    Med det neste sparket flaug dørfyllinga inn på stugugolvet med eit brak. Då kom presten Qvam ut og gav Ola ein øyrefik og bad han gå sin veg.
    Ein skomakar, som arbeidde i prestgarden, kom til og skulle verje presten, men då drog Ola kniven og jaga skomakaren ut på tunet. Same kveld vart Ola innsett i arresten, og sidan vart han sendt til Kr.ania tukthus "som et Exempel og refselse for andre som framturer i drick og lidderlighed". (1368) s 16
    Ola var skadd i høgre armen og slapp difor militærtenest. Ola var død på Bragernes 1777.
4. Guri Aslesdtr. Ulshagen Bergsgard 17.08. 1749-1829
Gm em Guttorm Olson Bergsgard, gnr. 43/1. G 1814 m em Ola Asleson Haugen Øygardslåtta, gnr. 43/2.
5. Svein Asleson Ulshagen 16.04. 1752-
Gm ... ... ... . Sjå neste hushald.
6. Knut Asleson Ulshagen 06.06. 1755-1825
Gm Guri Olsdtr. Myregarden. Sjå neste hushald.

Asle var lagrettemann frå 1748. Han overtok bygsla etter far sin i 1750. Presen Ribe gav bygselbrev på søre Ulshagen av skyld 6 mælar bygg.
    I 1771 vart Asle stevna av presten for tiende, oste- og heste-pengar; og dessutan åbot på kyrkjegarden.
    I 1773 var det prestenka, madame Stockfleth, som var ute etter Asle. Han vart stevna for å ha selt avling frå enkjesetet Ulshagen. Dermed vart det for lite natur-gjødsel til Ulshagen.
    Det hadde seg slik at at fleire sumrar hadde Asle late folk slå 'til halvings' i Ulshagen. Dvs. Asle fekk halvparten av høyet, medan slåttekarane tok med seg reisten av høyet heim. Asle hadde også selt noko ståande korn.
    Men vitne kunne fortelja at Asle fødde 12-13 storfe i Ulshagen utan å koma i forknipe. Asle svara at sålenge ho ikkje kunne påvise nokon forringelse av garden, så måtte han få ha bygsla. (1370) s 66
    I 1779 vart både Asle og Embrik i nordre Ulshagen stevna av presten Nimb for å ha selt tømmer frå Ulshagaskogen. 'Asle Ulshagen som selv til Retten tilstede Loed Protocollen tilføre, at han ifald han i Ord og Tale har fornermet sin LandHerre SognePresten Herr Hans Nimb, da beder han om Forladelse og Efftergivelse for Søgsmaalet.' Saka vart dermed henlagt.
    Asle avstod bygsla til sonen Svein i 1780 'formedelst alderdom'. Seinare kom sonen Knut.

{5277} År: 1780

Svein Asleson Ulshagen 16.04. 1752-
Foreldre: Asle Sveinson Ulshagen og Birgit Knutsdtr. Skottebøl.

Svein var gift soldat i 1780 då han overtok bygsla etter faren. Det var for tida inga prestenkje som skulle ha Ulshagen. Namnet til kona og evt. barn er ikkje kjent.
    I 1782 gjekk bygsla attende til faren grunna 'fratredelse og bøxels forbrydelse.' Det hadde seg slik at drengen i prestgarden hadde hogd nokre lass granbar i Ulshaga-skogen, og Svein hadde stoppa prestdrengen i sinne, og teke frå han lasset. Då presten Nimb fekk høyre om dette, straffa han Svein med å seie opp bygsla. Det er uvisst kvar Svein og familien vart av.

{5278} År: 1785

Knut Jonson Varaberg Ulshagen Lofthus 31.05. 1753-1831
Foreldre: Jon Knutson søre Hove Varaberg og Anne Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Birgit Larsdtr. Sundremyren Ulshagen 23.12. 1753-1834
Foreldre: Lars Mikkelson Hove Sundremyren og Ingeborg Rasmusdtr. Sundre.
*Barn
1. Lukris Knutsdtr. Ulshagen Vangen 28.05. 1780-1862
Gm Nils Anderson Vangen Asgrimsplass, gnr. 122/15. Sidan til Nærøy.
2. Lars Knutson Ulshagen Sundre __.__. 1783-1870
G 1811 m Ambjørg Olbjørnsdtr. Dokk/Logsengard.
3. Ola Knutson Ulshagen __.__. 1788-

Knut og Birgit flytta mykje. Som Knut Jonson 'Stakegarden' fekk han legemålsbot i 1779. Som nygifte var dei på Noss. Så var dei i Ulshagen omlag 1785, på Holto 1788, i Havardsgard 1789.
    Knut Jonson kom tinget med skinnet av ein bjørn som han skaut i Fødalen sumaren 1787.
    I 1801 var Knut smed og husmann utan jord under Lofthus. Tre år seinare budde han i Thon.
    Knut døydde som 'Knut J. Sundre' på legd i Ulshagen i 1831. Birgit vart skrive 'Sundre' då ho døydde på legd på Ruud i Kvinnegardslia i 1834.

{5279} År: 1788

Knut Asleson Ulshagen 06.06. 1755-1825
Foreldre: Asle Sveinson Ulshagen og Birgit Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Guri Olsdtr. Myregarden Ulshagen 07.03. 1751-1825
Foreldre: Ola Halvorson Myregarden d.e. og Gunhild Syversdtr. Håkonsplassen.
*Barn
1. Haldis Knutsdtr. Ulshagen 1784-1833
G 1802 m Ola Larsson Svarteberg. Sjå neste hushald.
2. Asle Knutson Ulshagen 1787-1801f
3. Gunhild Knutsdtr. Ulshagen Grasstauren 1788-1877
Barn med Ola Olson Bakke: Birgit 1810-1897 sjå barnebarn.
    G 1815 m Nils Herbrandson Bæra, sjå Grasstauren, gnr. 32/8a. (Rosemålaren)
4. Birgit Knutsdtr. Ulshagen Baklien 1792-1871
G 1839 m Lars Guttormson Bøygard Baklien, gnr. 38/1a.
*Barnebarn
1. Birgit Olsdtr. Ulshagen Gunhildgardjorde 22.03. 1810-1897
G 1832 m Ola Botolvson Trintrud Gunhildgardjorde. Sjå Aslegjerda, gnr. 44/7.
    Foreldre: Ola Olson Bakke (ungkar) og Gunhild Knutsdtr. Ulshagen.

Knut overtok bygsla i søre Ulshagen etter faren i 1788.
    Svigersonen Ola Larsson stevna Knut Asleson Ulshagen og kone Guri til forlikskommisjonen i 1803 for uteståande pengar. Dessutan var Knut dei til byrde med fyll, overfall, truslar og eidar nesten kvar helg.
    Båe partar møtte og gjorde slikt forlik: Knut skulle betala 5 rd årleg til marimess inntil gjelda på 36 rd var oppgjort. Knut skulle bruke plassen Harahaugen og eit middels kår. Ola skulle koste ei ny stugu på plassen (lik stugu til Anders Ulshagen, men med 2 klevar.) Knut skulle ta del i dette arbeidet så langt han greidde. Øvrige hus på plassen skulle Knut ordne med sjølv av timmer frå Ulshaga-skogen. Etter at Knut og kona var borte, skulle husa falle attende til garden. Ola lova at dersom Knut og kone skikka seg på "en kristelig måde", så kunne han ettergi dei noko av gjelda. (991)
    I januar 1801 stevna presten Hofgaard Ola Eirikson Perplassen for hærverk.
    'Sidstafvigte 7de: Decembr: hadde Ole Ericksen paa voldsom maade aabnet Dørene til Låven paa bemelte gaard Ulshagen, og aldeeles mod Knud Aslesens Tilladelse taget og bortkiørt endeel Halm og Løv, som aldeles ikke maatte bortføres fra Kongens Gods og Andensteds opfores, Gaarden til Forringelse, og endnu mindere uden Tilladelse paa Voldsom maade - da det er et af Lovens første Bud: At ingen maae tage sig Selv til Rette.'
    Saka vart vist til retten og enda med forlik der Ola Eirikson lovde å køyre halmen attende til Ulshagen.
    Knut og Guri døydde på Kanafetmyrane, (Myro gnr. 32/19) med 2 dagars mellomrom i desember 1825.

{5280} År: 1802

Haldis Knutsdtr. Ulshagen 1784-1833
Foreldre: Knut Asleson Ulshagen og Guri Olsdtr. Myregarden.
Gm Ola Larsson Svarteberg Ulshagen 04.07. 1779-1830
Foreldre: Lars Torsteinson nordre Svarteberg og Ågot Aslaksdtr. Hove.
*Barn
1. Lars Olson Ulshagen 23.02. 1806-
Lars og broren Asle var i Hardanger i 1845.
2. Ågot Olsdtr. Ulshagen 16.05. 1810-
Ågot reiste til Hole 1825 som ukonfirmert.
3. Knut Olson Ulshagen Opheimshagen 12.08. 1815-1897
G 1841m Ragnhild Olsdtr. Medhus. Sjå Rasmusjordet, gnr. 22/35 og Hagajordet, gnr. 22/52. (Oleiv Bråten s 81)
4. Asle Olson Ulshagen 16.06. 1818-1854
Asle var gift med enkja Ingrid Birgesdtr. ... på plassen Veneflot. Barn: Marita 1849- til Amerika; Larsina 1852-1888 gm Lars L. Velure. (Odda/Ullensvang/Kinsarvik 4 I s)
5. Torstein Olson Ulshagen 26.05. 1821-
G 1858 m Cecilia Olsdtr. Brandstveit. Torstein kom til Kinsarvik.
    I 1873 var Torstein Olson 'Ulshagen eller Sletten daglønner i Bergen.'
6. Aslak Olson Ulshagen 08.06. 1826-

Ola og Haldis gifte seg i 1802.
    Ola Larsson stevna svigerfaren Knut Asleson Ulshagen og kone Guri til forlikskommisjonen i 1803 med krav om at dei flytta frå garden i fylgje ein inngått avtale. Som det no hadde vorte, så måtte Ola 'og hans Folk næsten gaa paa sit Liv for Indstevnte som næsten hver Helligdag kommer beskiænket hiem og da, saavel som andre Tiider vil overfalde Stevneren.' Sjå førre hushald.
    Ei sumarnatt i 1813 vart nyestugu i Ulshagen brote opp av tjuvar. Der var både bjødna-lås og vanleg lås og jernstenger frammanfor vindaugo. Borte vart likevel to skinn-fellar, nokre klede, samt ymse matvarer.
    Ola hadde Haustteigen i Hol frå 1823 til 1830.
    Enkja etter presten Morten Leigh, Anne Margrete Grøntvedt, Kvikne (1781-1840), sat i enkjesete i Ulshagen frå 1819 til 1824 då ho flytte til dottera Margrete. Leiglendingen Ola Larsson i Ulshagen var skuldig skattar. Men lensmennene Hammersbøen og Richter sa at der var det ingen ting dei kunne ta i pant. Skattane vart då belasta prestebuet sidan Ulshagen var benefisert gods.

{5281} År: 1820c

Knut Ivarson Bjella Pletten 1787-1828
Foreldre: Ivar Knutson Langeland Bjella og Kristi Holgesdtr. Sundrelien.
Gm Birgit Levorsdtr. Dengerud Ulshagen 23.12. 1798-1834
Foreldre: Levor Tolleivson Dengerud og Astrid Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Knut Knutson Ulshagen 24.02. 1829-1829

Knut var ute i krigen 1807-14. Knut Ivarson hadde Bjella frå 1815 til 1820. Sidan var Knut forpaktar i søre Ulshagen.
    Knut og Birgit gifte seg i 1827, men Knut gjekk bort alt neste år. Birgit vart attgift 1833 med Ola Eirikson Sundrehagen. Det bryllaupet enda med gravferd. Birgit reid seg forderva i brureferda. Den tid var skikken at dei skaut i veret då brureferda reiste frå kyrkja. Hesten hennar vart redd, brystreima rauk og Birgit fall av hesten og døydde ei tid etterpå. (1644)13

{5282} År: 1830c

Margit Ivarsdtr. Bjella Ulshagen 1794-1871
Foreldre: Ivar Knutson Langeland Bjella og Kristi Holgesdtr. Sundrelien.
Gm Halvor Person Sundre Presteikrene 1795-1844
Foreldre: Per Halvorson Olsgard i Nes og Maren Catarine Jørgensdtr. Rasch.
*Barn
1. Kristi Halvorsdtr. Ulshagen 30.04. 1823-1848
Ugift. Kristi var i Kr.ania våren 1848. Ho var sjuk og vart operert på Rikshospitalet, men døde etterpå.
2. Per Halvorson Ulshagen Varaberg 08.07. 1825-1897
G 1849 m Ragnhild Olsdtr. Hove. Sjå Varaberg, gnr. 108/1. Per kunne få kjøpt enkjesetet Ulshagen, men det vart Varaberg i staden, - til ein lågare pris.
3. Maren Katrine Halvorsdtr. Ulshagen Rue 18.03. 1831-
G 1850 m Syver Olson Underberg Rue, Hol. Barn: Kari 1851- gm Ola J. Trøstheim; Kristi 1854- gm Halvor T. Rue = legatstiftaren "Henry Thompson"; Margit 1856- gm ... Hval; Ola 1860-1931 gm Birgit Ellingsdtr. Breie; Halvor 1863- prest, gm Martine Petersen; Syver 1865-1892.
    Barn i USA: Carl 1868- farmar, gm Åse Skadeland; Maren 1874-1934 gm Elling Ellingson Breie; Albert 1878-1953 gm Geneva Rone.
    Til Rue i 1850. Maren og Syver reiste til Amerika kring 1867.
4. Ivar Halvorson Ulshagen Hove 21.08. 1834-1909
G 1871 m Guri Torsteinsdtr. Skarsgard. Sjå Hove, gnr. 107/6. Til Am.

Halvor og Margit gifte seg 1823. Frå omlag 1830 brukte han Ulshagen.
    Ei tid var Halvor soldat og lottebrukar på Presteikrene. Buet etter Halvor var på 361 rd.

{5283} År: 1853c

Ola Olson Finset Ulshagen 1812-1854
Foreldre: Ola Arneson Finset og Anne Knutsdtr. Tuv, Hemsedal.
Gm Ambjørg Sveinsdtr. Grøndalen Ulshagen 1823-1862
Foreldre: Svein Ingvaldson Niha(u)gen Grøndalen og Kari Øyvindsdtr. Hovda, Hemsedal.
*Barn
1. Anne Olsdtr. Ulshagen 13.03. 1852-1903
Gm Knut Olson Kvinnegard Ulshagen. Sjå år 1876.

Ola og Ambjørg gifte seg i 1852. Ola overtok Ulshagen hjå broren Nils kring 1853. Ola og broren delte skogane vestanfor slik: den eine delte, og den andre valde. Såleis fekk søre garden den nordre skogen.
    Ola gjekk bort alt i 1854. Dødsbuet fekk skøyte frå broren Nils i 1856 for 1500 spd.
    Ambjørg vart attgift 1856 med Anders Anderson Baklien. Sjå neste hushald.

{5284} År: 1856

Ambjørg Sveinsdtr. Grøndalen Ulshagen 1823-1862
Foreldre: Svein Ingvaldson Niha(u)gen Grøndalen og Kari Øyvindsdtr. Hovda, Hemsedal.
Gm Anders Anderson Baklien Ulshagen 08.01. 1823-1913
Foreldre: Anders Olson søre Baklien og Kari Nilsdtr. Sehl.
*Barn i andre ekteskap
1. Kari Andersdtr. Ulshagen Sorteberg 23.03. 1856-1883
G 1877 m Embrik Torsteinson Sorteberg, sjå eige hushald 'Sorteberg'.
2. Ola Anderson Ulshagen 10.01. 1858-1859
3. Kari Andersdtr. Ulshagen Strand 03.01. 1860-1937
G 1879 m Lars Larsson Strand, sjå Strandmyren, gnr. 123/50.
4. Ambjørg Andersdtr. Ulshagen Hoff 09.03. 1862-1912
G 1884 m enkjemann Tolleiv Anderson Hoff, sjå Hove, gnr. 107/4.

Ambjørg vart attgift 1856 med Anders Andersson.
    Anders flytta tunet ned til noverande stad. Den gamle stugu sette han opp på ny tomt, og så timra han opp ei ny stugu, den vart innsnikkert av Ola Hermundson Roen og måla av Embrik Bæra. På stuguskåpet er måla: Dette hus er bygd og bekostet av Anders Andersen og hustru Ambjør Svendsdatter Ulshagen den 15. mars 1859.
    Dei andre husa med fjøs og stallar og forhus vart flytta 1859 eller 60. (notat Hermann H. Ulshagen.)
    I 1865 budde mora til Anders på garden. Som tenar hadde han Birgit Embriksdtr. I 1875 hadde han tre av døtrene heime, og Ingeborg Torgeirsdtr. Grostølen frå Hol var budeie.
    I 1900 var Anders kårmann og snikkar. På skiftet etter Anders var det 6300 kr å dele.

{5285} År: 1876

Anne Olsdtr. Ulshagen 13.03. 1852-1903
Foreldre: Ola Olson Rotneimsøyen Ulshagen og Ambjørg Sveinsdtr. Nihagen.
Gm Knut Olson Kvinnegard Ulshagen 20.03. 1848-1932
Foreldre: Ola Halvorson Kvinnegard og Birgit Knutsdtr. Myking.

Knut og Anne gifte seg i 1875. Ingen barn. Knut kjøpte garden 1876 for 2700 spd og kår.
    Knut bygde nytt fjøs. Anne og Knut Ulshagen gav eit legat på 4000 i 1903: Kur og pleie av tuberkulose i sanatorier. Knut begynte på tunet på eit kårbruk nedanfor vegen, han sette opp ein låve. Men Anne ville ikkje flytte ned dit.