Sundre gnr. 110 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sundre gnr. 110 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sundre er ein av dei gamle gardane i Ål. Sundre ligg mellom Prestgarden og Ulshagen, og hadde skog, utmark, plassar og stølar i Vestlia og innover på fjellet mot grensa til Nes kommune.
    Gardane på Sundre vart kalla Sundre-reppen, på same måte som Sata-reppen og Hove-reppen.
    Namnet Sundre er eit såkalla vin-namn, truleg 'sundrvin', dvs. den søre enga. Namnet tyder på at Sundre er frådelt Prestgarden/Hove, dvs. den sentrale hovudgarden i bygda. Namnet har vore skrive Sundrin i 1309, Sundren 1528 og Sundre 1657. I 1702 vart vitna at Sundre sin skog på sørsida av dalen alltid hadde vore sameige med Prestgarden.
    Det er gjort fleire oldfunn på Sundre, nokre pilespissar, sverd, øks, ljå, kniv og ein skjold-bule. Det meste av dette vart funne nord for noverande kyrkje i 1901, truleg var det gravgods. Dessutan er det nokre lause pilespissar av jern.
    Sundre vart fyrst delt i øvre og nedre garden, det skjedde før 1358. Neste år heitte det 'norzsta ok nedsta gardenom j Sunrin'. Både øvre og nedre Sundre vart skattlagt som fullgardar, tilsaman var landskylda 68 2/5 laupsbol. (Hove og Prestgarden hadde 100 laupsbol.)
    Rett ovanfor noverande Ål kyrkje ligg Skeie-stugu. Det var eit 'skeid' her, dvs. ein strekning der folk kappkøyrde, f. eks. den siste strekningen bort til stavkyrkja. Skeidet kan også tenkjast å ha samband med tradisjonar knytt til det før-kristne 2-dagsskeidet.
    I 1539 kjøpte Knut Sundre (attende) 6 laupsbol i Sundre 'som ligger under prestebolet' for 1 kvintin mindre enn 10 lodd sylv. Det vart opplyst at presten Zakarias Povelson 'udsatte' dette godset på grunn av 'Kong Kristians brev.' (DN XVI s 758)
    I 1560 skatta øvre Sundre av 3 skinn og nedre Sundre av 8 skinn.
    Delingar.
    I 1594 vart Nigarden Sundre frådelt nedre Sundre. Frå desse tre gardane vart frådelt omlag 30 underbruk og småbruk (husmannsplassar og stølar som vart eigne bruk.) NB. Noverande bruksnummera er ikkje i takt med frådelingane på garden. Vidare oppdelingar står under øvre, nedre og Myro (Nigarde Sundre).
    Det vart strid om prestgodset i garden i 1615. Det heitte at bonden skulle vera den nærmaste til å leige godset dersom presten sjølv ikkje kom til å bruke det. Så var det pånytt strid mellom Sundre og presten i 1628. Etter jordeboka frå 1626 hadde prestebolet 1 1/2 mæle korn i Sundre.
    I 1702 gjekk bøndene på Sundre og på Hago opp delene frå Storelva til Sundreberget. 8 delesteinar vert beskrivne (derav sume nye), nokre var merka med 3 eller 4 hogg. Den fyrste skogdelinga vart halden i 1798. Husmennene kunne berre hogge i husbonden sin skog. (sjå Ål III s 329)
    Sundre-bønder hadde fiskerett og gardar i Tunhovd. I 1680 vart det rettssak, m.a. hadde tunhovdingane kasta ned ei fiskebu. Meir detaljar under kvar gard.
    Jakt og fiskerettane vart kjøpte opp av J. Kleist Gedde før 1900. Han selde til Harald Stange. Seinare vart desse eigedomane overtekne av Alf Whist. Ved oreigning sist i 1940-åra vart det meste av desse eigedomane førte attende til gardane.
    Stølar. Heimstølane låg i Vestlien og i Grostøllien. Langstølar var på Bosset (øvre Sundre) og på Steinstølen (nedre Sundre).
    Sundre i USA: town of Sundre, www.sundre.com. Ein by i Alberta i Canada heiter 'Sundre', den ligg der Nils Tolleivson Hago hadde sin farm med same namn.
    Kring det gamle torget på Sundre har det vore frådelt tomter frå tidleg på 1700-talet. Her stod den gamle tingstugu. Og det var hus til dei militære og det var ymse forretningar og hotell.
    Innmarka på Sundre låg i teigblanding til utskiftinga i 1910. Overutskiftning 1912.
    Fleire av dei gamle husa på Sundre gjekk med i brannen på Sundre i 1931.
    Eit nytt sentrum vart oppbygd, og sidan tettna det til med tomter og bustadfelt, butikkar og hotell, helsetun, kjøpesenter og kulturhus.