Sundrehagen gnr. 110 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sundrehagen gnr. 110 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Sundrehagen ligg lengst aust i Sundre-eigna. 'Søndre og øverst Hagen som heter Skidnedike' heitte det i 1612. Garden er frådelt nedre Sundre kring 1612.
    Presten hr. Otto Torstenssøn stevna 1633 Sindre, Ørjan og Embrik Sundre til å prove sin rett i Sundrehagen. Ein lagmannsdom vart referert, og den synte at presten hadde rett til hogst og hamn saman med Sundrebøndene. Men prestens påstand om 1/2 dalar avgift av rydningsmannen vart vist til lagretten. Rudningsplassen Sundrehagen var opprydda av Ingvar, far til Embrik Ingvarson. Tidlegare var det prova at Sundrehagen låg utanfor Sundre eign. (Til Prestgarden eller Ulshagen?)
    Ved lagtinget 1635 vart det slik semje: mot ein god sau årleg frå Sindre Sundre skulle presten avstå frå hogst og hamning i Sundrehagen, men då var fisket unnateke. Og Sundrebøndene skulle unne presten same rett.
    I 1706 vart plassen øvre Sundrehagen og slåtta Gudmundsrud fråselt nedre Sundre til sonen Lars Knutson.
    Tunet var opphavleg nede på jordet. Kring 1800 vart tunet flytta til noverande stad. Eirik Anderson Nestegard (sjå år 1790) hadde med ei loftstugu frå nedre Sundre. Aslak H. Jonset lagga brunnen i Sundrehagen. Den skal vera intakt.
    Plassar: Gudmundsrud og Smedsplassen (Hagaplassen). I 1877 vart halvparten av stølen Olset tilkjøpt frå Prestgarden. Olset låg under Sundrehagen fram til 1950 då Lars Sundrehagen, bror til bonden fekk skøyte.
    Areal 1865: dyrka jord 27 mål, naturleg eng 48 mål, utslått 27 mål. Avling 26 tunner bygg 24 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 78 mål, produktiv skog 1403 mål, anna utmark 75 mål (kulturbeite). 52 vinterfôra sauer.
    Våningshus, sett saman av to hallingstugu, påbygt 1911, loft 1699, loft, eldhus, gamal tømmerstall i to etasjar, låve med fjøs 1992.
    Stølar. Heimstøl på Svanset og langstøl på Bosset.
    Fossen Ismølle-fossen, bnr. 98 vart frådelt og selt til staten i 1911.
    Delar av Sundrehagen vart lagt som bustadfelt i 1960-åra.

{5312} År: 1769


Lensmann og prokurator Torkjell Villand på Sundre fekk Sundrehagen i brukeleg pant i 1769. Sjå Sundre, gnr. 110/15.
    Torkjell fekk Kristen Ånstad til å laga interiøret. M.a. Eit uvanleg stort framskåp og ei golvklokke. Dessutan er det ein fint utskoren spegel som kan vera eldre. (Oppl. H. Ulshagen)

{5313} År: 1780

Kristen Samuelson Ånstad Sundrehagen 1747-1832
Foreldre: Samuel ... Ånstad og .... ...., Fåberg.
Gm Birgit Jakopsdtr. Rue Sundre 1728-
Foreldre: Jakop Eirikson Rue i Hovet og Kari Eilevsdtr. Solheim.

Kristen Ånstad gifte seg med enkja etter Torkjell Olson Villand. Det vart fortalt at då Torkjell låg på sitt siste så sa han til ho Birgit at om ho skulle finne på å gifte seg opp att, så måtte det bli med han Kristen.
    Kristen var rosemålar og snikkar. Han dekorerte m.a. Tingstugu etter oppdrag av Torkjell Villand. (Sjå Rosemåling i Hallingdal)
    I 1780 gjorde Kristen slik avtale med stedottera Ragnhild og mannen Lars Larsson Hove: Kristen overtok halve Sundre og bruket Hagen. Skulle Birgit døy før Kristen, så skulle han beholde Hagen utan noko odelskrav. (1206) s 10b
    Birgit var skrøpeleg og i høg alder i 1790 då Kristen skøytte halve Sundre og Sundrehagen til Eirik Anderson og Astrid mot kår. Dei tok seg slikt kår: 2 kyr og 4 småfe framfødd; 3 tunner bygg, varmt hus og oppvartning. Kårhusa var den vesle stugu, eldhuset, forskjykju ved låven. 2 mål engeland norda Fjøsåkeren. Ris og brenneved av vått eller turt virke. Eirik fekk eit lån på 399 rd.
    Husa stod tett på Sundre. I 1790 vart Kristen forlikt med major Arøe. Grunnen var ein låve som hadde skadd 'hr. majorens Væg og tak'. Gamle grensemerke skulle setjast opp att.
    På skiftet etter Kristen kom det fram at hushalderska Helga Olsdatter Høgset hadde arbeidd hjå han i 3 1/2 år utan løn. I buet var lausøyre for 80 spd. Alle arvingane hans var i Gudbrandsdalen.
    NB. I 1801 var bror hans, Amund Ånstad losjerende dagarbeidar i Ulshagen.

{5314} År: 1790

Eirik Anderson Nestegard Sundrehagen 1757-
Foreldre: Anders Olson Rue/Underberg Nestegard og Åse Steinsdtr. søre Nestegard, Hol. (Hol III s 657)
Gm Astrid Larsdtr. Hove Sundrehagen 24.05. 1767-1837
Foreldre: Lars Larsson Hove Sundre og Ragnhild Torkjellsdtr. Villand.
*Barn
1. Åse Eiriksdtr. Sundrehagen SundreBråten 1787-1835c
G 1807 m Torkjell Knutson Juvsjord SundreBråten, gnr. 110/
2. Torkjell Eirikson Sundrehagen 09.08. 1789-
3. Anders Eirikson Sundrehagen 30.10. 1791-
4. Anders Eirikson Sundrehagen 28.07. 1793-
5. Ola Eirikson Sundrehagen 26.12. 1797-1877
G 1833 m Birgit Levorsdtr. Dengerud. Sjå år 1838.
6. Astrid Eiriksdtr. Sundrehagen Hove 18.05. 1800-1885
G 1824 m Ola Trulsson Gjeldokk Hove, sjå Trulsegarden gnr. 107/4a.
7. Ragnhild Eiriksdtr. Sundrehagen 12.08. 1804-____
Ragnhild var ikkje arving i 1877.

Eirik og Astrid gifte seg i 1786. Dei levde ikkje særleg godt i lag. Astrid tok til flaska, og Eirik prøva å avgrense inntaket ved å halde styr på pengane. Ragnhild flytta då inn hjå Per Sundre og kona i 1802. Eirik og Astrid vart skilde ved kommisjonsforlik av 1826 og kongeleg stadfesting.
    I 1790 kjøpte han Sundrehagen hjå Kristen Ånstad for 400 rd og kår. Eirik kjøpte halve Sundre hjå svigerfaren i 1787 for 880 rd. Der dreiv han vertshus. Sjå nedre Sundre, gnr. 110/15.
    I 1794 kjøpte Ola Arneson Bøygard Sundrehagen hjå Eirik Anderson Nestegard Sundrehagen for 1035 rd, men selde attende til Eirik fem år seinare. Pris: 999 rd.
    Eirik og Helge Gjerdnes fekk kongeleg løyve til sagbruk, datert Fridensborg Slott i 1793. Vilkår: omkring-liggande odelsskogar måtte ikkje forringast, vannkant skulle ikkje skjærast av borda og borda skulle berre nyttast innanfor bygda. (1221) s 558b
    Eirik flytta tunet til noverande stad. Han hadde også med ei loftstugu frå nedre Sundre. Den vart ombygd og påbygd sist på 1800-talet.
    Eirik hadde skaffa seg eit solur av stein. Det ligg no som laftestein under loftet.

{5315} År: 1838

Ola Eirikson Sundrehagen 26.12. 1797-1877
Foreldre: Eirik Anderson Nestegard Sundre og Astrid Larsdtr. Sundre.
Gm Birgit Levorsdtr. Dengerud Ulshagen 23.12. 1798-1834
Foreldre: Levor Tolleivson Dengerud og Astrid Olsdtr. Hove.

Ola og Birgit gifte seg i 1833. Ingen barn. Birgit var enkje etter Knut Ivarson Bjella Ulshagen. Men Ola hadde ein son med Birgit Andersdtr. Gjeldokk: Svein Helling 1825-1901. Svein reiste til Am. Sjå Gjeldokk gnr. 105/1 år 1785.
    Birgit reid seg forderva i brureferda. Den tid var skikken at dei skaut i veret då brureferda reiste frå kyrkja. Hesten hennar vart redd, brystreima rauk og Birgit fall av hesten og døydde ei tid etterpå. (1644)13
    Ola gav 100 spd til eit legat for Ål Fattigvesen. Legatet skulle nyttast til 'Verdige trengende i ØvreÅl eller Nedre Åls fjerdingen.' Buet hans var på 11831 kr.

{5316} År: 1847

Lars Olson Hove Sundrehagen 27.11. 1821-1859
Foreldre: Ola Anderson nordre Hove og Birgit Eiriksdtr. nedre Hove.
Gm Kari Henriksdtr. Huus Sundrehagen 25.12. 1823-1887
Foreldre: Henrik Eilevson Huus og Guri Syversdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Birgit Larsdtr. Sundrehagen 24.06. 1849-1909
Gm Tor Olson myljo Håheim Sundrehagen. Sjå neste hushald.
2. Ola Larsson Sundrehagen 02.11. 1851-1871
3. Guri Larsdtr. Sundrehagen Lå 16.09. 1853-
G 1882 m Lars Olson nordre Lå 1861-1959. Barn: Ola 1882-1960; Carl Adolf 1883-1988.
    Dei reiste til Am. 1882 med skipet Argo. (Til Luverne MN.) Lars tok eksamen ved Augsburg seminaret og vart prest i nordlege Minnesota.
4. Astrid Larsdtr. SundreHagen 08.11. 1855-1902
Ugift. Astrid budde hjå broren Lars. I FT 1891 vart opplyst at Astrid hadde vore sengeliggande frå sitt 17. år grunna gikt.
5. Guri Larsdtr. Sundrehagen Aamodt 21.10. 1857-
Gm Arne Aamodt, Oslo. Barn: O. S. Aamodt ....- professor v/Alberta University, utvikla kveitesorten Camus; ...
    Busett i St. Paul, MN. (Hallingen nr 43 s 105)
6. Lars Larsson SundreHagen 01.01. 1860-1902
I 1900 var Lars ugift. Han livnærte seg av håndverk og hadde strikkemaskin. Død som husflidsarbeidar i 1902.

Lars og Kari gifte seg i 1848. Lars overtok Sundrehagen i 1847.

{5317} År: 1873

Birgit Larsdtr. SundreHagen 24.06. 1849-1909
Foreldre: Lars Olson Hove Sundrehagen og Kari Henriksdtr. Huus.
Gm Tor Olson Håheim SundreHagen 21.03. 1848-1918
Foreldre: Ola Torson Lislelien Håheim og Ragnhild Olsdtr. Berg.
*Barn
1. Ragnhild Torsdtr. Hagen Skrindo 16.01. 1874-1957
G 1896 m Nils Nilsson Hago Skrindo, gnr. 47/6.
2. Kari Torsdtr. Hagen 16.01. 1874-1954
Ugift. Kari var syerske ved Lovisenberg sjukehus.
3. Kristi Torsdtr. Hagen Rimehaug 28.05. 1878-1959
G 1903 m Eirik Trulsson Rimehaug, gnr. 115/
4. Lars Torson Hagen 30.12. 1879-____
I 1900 var Lars ugift agronom. Til Nord Dakota 22 år gamal. Lars skreiv heim og melde at han skulle flytte. Han dreiv tømmerhogst saman med nokre indianarar. Sidan har ingen høyrt frå han.
5. Ola Torson Sundrehagen 04.07. 1885-1959
G 1911 m Margit Helgesdtr. Dengerud. Sjå neste hushald.
6. Henrik Torson Hagen 07.12. 1887-1950
G 1921 Bergen m Karoline Syversdtr. Tuv, Hemsedal 1901-1974. Barn: Tor 1922- ; Birgit 1923- ; Syver 1926- ; Arne Henrik 1929- . Sjå barnebarn.
    Henrik Hagen dreiv landhandel på Samhald 1921 og Heimdal 1923. Meieristyrar, busett på Tranby i Lier. (Med god hjelp frå Birgit Hennum og Ingeborg Sundrehagen.)
*Barnebarn
1. Tor Hagen 25.03. 1922-1985
G 1948 m Gunhild Sørsdal. Barn: Hermod 1948- datakonsulent, gm Tove Bjørnstad (2 barn); Arild 1952- jurist i Arendal, gm Anna Margrete Jepsen (2 barn).
    Tor var seljar for Drammen Såpefabrikk. Busett i Lier.
    Foreldre: Henrik Torson Sundrehagen og Karoline Syversdtr. Tuv.
2. Birgit Hagen 12.11. 1923-
Gm Sebjørn Hennum. Barn: Kari 1950- klinisk sjukepleiar på Ullevål, gm Ragnvald Wankel (1 datter); Andreas 1953-1972 student, omkom i arbeidsulykke på Gullaug; Sebjørn 1967- arbeider i Drammen.
    Birgit er utdanna lærar, Sebjørn skogmeister på Nedre Eiker.
    Foreldre: Henrik Torson Sundrehagen og Karoline Syversdtr. Tuv.
3. Syver Hagen 10.07. 1926-2001
Gm Marit Hærem, Sauda. Barn: Erling 1952- dr. med./oppfinnar, var gm Merete Holmsen (2 barn); Hilde Caroline 1954- ekspedisjonsjef, var gm Hans Erik Raustøl (2 barn), gm Einar Risa; Ingeborg 1958- barnehagestyrar, gm Terje Fjeldvig (2 barn); Bård Henrik 1963- siviløkonom, gm Gabriella Grossmann (2 barn). (1376) 649
    Foreldre: Henrik Torson Sundrehagen og Karoline Syversdtr. Tuv.
    Syver og Marit budde i Moss der han var personaldirektør i ei treforedlings-bedrift. Han var aktiv frimurar, etterkvart stormeister i frimurarlosjen. Barna brukar Sundrehagen som slektsnamn.
4. Arne Henrik Hagen 04.11. 1929-
Gm Astrid Grøndalen, Hemsedal. Barn: Øyvind Grøndalen 1971- datakonsulent.
    Arne var økonom på Arne fabrikker.
    Foreldre: Henrik Torson Sundrehagen og Karoline Syversdtr. Tuv.

Tor og Birgit gifte seg i 1873. Dei overtok garden etter mora hennar for 1100 spd og kår.
    Tor var gardbrukar og handelskar, seinare sparebankdirektør.
    Tor bygde om loftstugu på garden, han gjorde den andre høgda lågare og bygde inntil det som er nordre stugu.