Gudmundsrud gnr. 110 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gudmundsrud gnr. 110 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gudmundsrud var plass under Sundrehagen fram til 1769.
    I 1706 vart bruket kalla 'slåtten Gudmundsrud'. Men rydningsmannen som nok heitte Gudmund ser me ikkje til i kjeldene. Truleg har Gudmund levd før 1750.
    Det stod ei kjempebjørk litt aust for Gudmundsrud. Ho var av dei største i dalen og gjekk over ende i uversnatt fyrst på 1900-talet.
    Areal 1865: dyrka jord 14 mål, naturleg eng 10 mål, utslått 36 mål. Avling 13 tunner bygg 12 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 5 da. Jorda er gått til tomter, vegar og renseanlegg.
    Våningshus (det fyrste huset med to etasjar som vart bygt i Ål), eldhus, stolphus, låve med fjøs og stall, skåle.
    Stølar. Heimstøl på Svanset, og langstøl på Bosset (tilkjøpt frå Trolløyen i 1820.).
   

{5321} År: 1750c

Per Johannesson Hagen Sundre 1676-
Foreldre: Johannes ... ... og ... (Jon Jonson Sundre?)
Gm Margit Danielsdtr. Ulshagen? Gudmundsrud 1680.-
Foreldre: Daniel ... .... og ... ... ... . (Daniel Torsteinson Ulshagen?)

Per og Margit var inderstar/husmenn under Sundre i 1762.
    Per vitna om eit slagsmål i Grostøllien i 1739. Han var fadder for sonen til soldat Asle Knutson (Tangen?) i 1751.

{5322} År: 1769

Sindre Sindreson Sundrehagen Hagaplassen 1710c-1801?
G 1747 m Anne Ivarsdtr. Sundre. Foreldre: Sindre Larsson Sundrehagen og Kari Olsdtr. Sundre?

Sindre og Anne budde i Hagaplassen til 1759 omlag og var deretter sjølveigar i Gudmundsrud. Anne Ivarsdtr. var sengeliggande. Sjå meir om familien i Sundrehagen, gnr. 110/1.

{5323} År: 1772

Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud 1740-1795
Foreldre: Holge Syverson Rime Vangen og Ambjørg Olsdtr. Sundre.
Gm Dordei Syversdtr. Kleiven Gudmundsrud 1742-1815
Foreldre: Syver Syverson Lappegard Åkreslåtta Kleiven og 1. g Kari Olsdtr. ... .
*Barn
1. Holge Anderson Gudmundsrud Prestgarden 26.06. 1768-1840
G 1801 m Magnhild Torsteinsdtr. Lå. Sjå år 1802.
2. Mikkel Anderson Gudmundsrud Sundrehago 26.12. 1771-1808
G 1797 m Guri Knutsdtr. Leksvol. Sjå år 1799 og Hago, gnr. 110/6. Husmann og soldat.
3. Syver Anderson Gudmundsrud Sandeplassen 05.06. 1775-1813
G 1808 m Birgit Olsdtr. Strand (Langegardslåtta?) Sjå Sandeplassen, gnr.
4. Ola Anderson Gudmundsrud Bæra 1779.-1844
G 1803 m Lukris Eivindsdtr. Perplassen. G 1808 m Sissel Olsdtr. Ruud. Sjå Sollien, gnr. 5/2 og Bæra gnr. 32/10.
5. Sindre Anderson Gudmundsrud Sundre 23.09. 1781-
I 1801 var Sindre ugift dagarbeidar, og budde hjå broren i Gudmundsrud. Ikkje funnen i FT 1865.
6. Hermund Anderson Gudmundsrud Holtan 1784-
Gm ... ... ... . Barn: Syver 1814-.... tømmermann, busett i Storgata i Horten 1865, g 1841 m Kristine Jeanette Olsdatter Viulsrød (5 barn). (epost Lita Gauslaa)
    Hermund hadde dottera Anne Hermundsdtr. Helling 1810-1812 med Margit Syversdtr. Helling, gnr. 20/1 år 1778.
    Hermund kjøpte garden Holtan i Borre i 1830. Sonen Syver er døypt i Botne.
7. Anders Anderson Gudmundsrud Åkvig 31.08. 1788-1854
Barn m Guri Holgesdtr. Bråten: Anders 1812- . Barn m Gunhild Embriksdtr. Opheim: Anders 1814- .
    Gm Sigrid Andersdtr. Hove. Sjå Harahaugen, gnr. 107/2b. Sigrid reiste til Nærøy og så til Am. i 1869.

I 1772 makeskifta Anders med Sindre Sundre og fekk att Gudmundsrud og stølen Svanset i byte med SundreØyen. Der hadde han vore i to år.
    Anders gjorde tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløperkompagni i 1773. Han var då gift, hadde to born og brukte ein 'plass under Sundre'. Anders hadde dottera Ambjørg f. 1762 med Guri Samuelsdtr. Hagen.
    I 1773 var Anders og Nils Svillegard på tinget med usemje om ein handel med smør og talg. Prisane hadde stige frå 1 rd pr. bismarpund til det doble i 1773.
    På skiftet i 1796 var det 157 rd å dele etter Anders.
    I 1799 selde Dordei Gudmundsrud til sonen Mikkel Anderson for 320 rd og slikt kår: varmt hus i stugu hans, 1 3/4 tunne bygg og 1 bismarpund humle, ei ku og 4 sauer framfødd, eit gjødsla jordstykke til å sette kantøflar på, og desssutan ditto til 1 settung hampesæd. Buet etter Dordei var 4 rbd.

{5324} År: 1799


Mikkel Anderson overtok garden i 1799. Han selde Gudmundsrud til broren Holge Anderson for 499 rd i 1802. Sjå nordre Hago, gnr. 110/6.

{5325} År: 1802

Holge Anderson Gudmundsrud Prestgarden 26.06. 1768-1840
Foreldre: Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud og Dordei Syversdtr. Kleiven.
Gm Magnhild Torsteinsdtr. Lå Gudmundsrud 15.07. 1759-1840
Foreldre: Torstein Olson Lå og Mari Levorsdtr. ... .
*Barn
1. Mari Holgesdtr. Gudmundsrud Strand 19.06. 1803-1886
G 1833 m Lars Olson Larsstugu Strand, gnr. 123/52.

Holge og Magnhild gifte seg i 1801. Holge var lærar og budde i Prestgarden ei tid.
    Holge hadde Gudmundsrud frå 1802 til 1833. Han kjøpte 1812 heimstølen til Larsgarden Sundre, Larsstølen, og bygsla bort 'plassen Skallerud under Larsstølen' til Amund Knutson i 1815. Sjå Larsstølen, gnr. 110/3.
    Holge selde garden for 700 spd til Nils Knutson i 1833. Siste åra budde Holge og Magnhild hjå dottera på Strand.

{5326} År: 1833

Nils Knutson Helling Gudmundsrud 09.10. 1803-1883
Foreldre: Knut Olson Hestehagen Sandestølen m/Kristi Olsdtr. Helling.
Gm Sigrid Olsdtr. Gjeldokk Gudmundsrud 21.12. 1800-1890s
Foreldre: Ola Olson nedre Gjeldokk og Gro Olsdtr. Hove.
*Barn
1. Lars Nilsson Gudmundsrud Gjeldokk 01.04. 1828-1909
G 1855 m Anne Knutsdtr. Myking 1834-1857. G 1864 m Birgit Knutsdtr. Myking 1840-1923. Sjå Gjeldokk, gnr. 105/2.
2. Kristi Nilsdtr. Gudmundsrud Torsgard 14.12. 1830-1883
G 1856 m Henrik Olson Torsgard, (sjå gnr. 96/8) sidan til Søndrol i Hol.
3. Ola Nilsson Gudmundsrud 06.06. 1834-1912
G 1863 m Anne Torjusdtr. Helling. Barn: Nils 1864-1890; Torjus 1865-1866.
    I USA: Torjus 1867-1894; Tolleiv 1869-1894; Ola 1871-1895; Sigrid 1873-1948 g 1906 m Hartvig Stangeby i Oslo (5 barn); Astrid 1875-1939 gm Kornelius Rørtvedt (13 barn); Carl 1877-1878; Carl Adolph 1879-1916 gm Dora ... ;Georg 1881-1890; Christopher 1883- ; Albert 1883- ; Christopher Teodore 1884-1949 farmar,- g 1910 m Cecelia Veslehaug (4 barn); (846) (Jackie Marler)
    Ola hadde kjempekrefter og vart kalla "Store-Ola. Men slåst ville han ikkje.
    Han gjekk på underoffiserskulen i Kr.ania. Ola var på heimtur frå byen med varer då storflaumen kom i 1860. Då han kom til Gol var Heslabrue borte. Ola fekk lagt nokre stokkar over elva, tok ei salt-tunne på ryggen og balanserte fint over.
    Då Ola kom heim att og fortalde kva han hadde gjort, sa faren: "Du skulde hatt juling!" Ola svara: "Men, - kem skulde gje meg den?"
    Ola forpakta Gudmundsrud nokre år før han reiste til Am. 1866.
    Ola tok seg land i Rock Co. Dei bygde opp farmen, og dreiv ysting og kinning på same viset som heime. Og dei dyrka lin og kveite.
    I 1895 miste Ola både kona og fire søner i ein smittsam epidemi. Han reiste heim att ein tur, men drog snart over til Amerika att. Dottera Sigrid vart verande i Oslo. NB. Dagboka etter Ola er trykt i Hallingen i 1966.
4. Nils Nilsson Gudmundsrud 01.04. 1837-1908
G 1867 m Ågot Larsdtr. Styrkestad. Sjå år 1868.
5. Ola Nilsson Gudmundsrud 29.12. 1839-1840
6. Gro Nilsdtr. Gudmundsrud Skrattegard 16.07. 1841-1878
G 1862 m Ola Sveinson Skrattegard 1840-1918. Barn: Svein 1863-1882; Nils Olai 1864-1927 gm Sigrid Gudmundsrud; Carl 1866-1935 gm Turina Torvaldsdtr. ... (7 barn); Ola 1867-1956 gm Inga Ingebretson; Albert Olai 1859-1941 gm ... ... ; Steffen 1871-1881; Birgit 1873-1881; Sigrid 1875-1876; Sigrid Christine 1877-1898; Gurine Louise 1878-1881. (1248)
    Om Gro vart sagt at ho var "dalen's rose". Ola og Gro gifte seg ein måndag våren 1862 og reiste så til Amerika. Dei tok seg land ved Des Moines River, Iowa, og bygde opp Skrattegardfarmen.
    Dei miste mange av barna, Gro vart sitjande mykje ved sjukesenga og doktor-rekningane vart store. Gro døydde like etter at Lovise vart født. Sjå vidare under Ola.
    Den kjende utvandrar-boka: "Mine tårer fløt rikelig" (Oddmund Ljone) er basert på Gro si brevsamling og dagbok frå nybyggarlivet i Amerika.
7. Ola Nilsson Gudmundsrud 18.03. 1844-1933
G 1882 m Evelyn Birgitte Evensen (frå Brevik) 1854-1903. Barn: Lizzie 1883-1978; Sverre 1885-1890;
    Gudrun 1886-1888; Rolf 1888-1889; Nils 1890-1965 gm Hilda Ingebretson; Sonia 1891-1967 gm Peder Haslestad; Hjalmar 1892-1893; Frida 1894-1978 ug. Kina-misjonær, sidan dean ved Concordia college; Dagny 1897-1978 gm Gustav Gunsten; Ruth 1898-1980 gm Alfred H Anderson.
    G 1906 m enkje Anna Helene Sunde Swensson. Barn: Evelyn 1908-1983 gm Ahmed El Khairy; Laila 1909- gm Lloyd Ames; Olga 1913- lærar, gm musikk-professor Donald Herbert Berglund (4 barn). (822) (888)
    Ola var sersjant i landevernet i 1862, og gjekk på lærarskule i Asker i 1863-65. Han gjekk ut av Asker seminaret med beste karakterar.
    Ola arbeidde som lærar nokre år, m.a. i Arendal der han hadde Evelyn som elev. Ho skreiv og spurde han om råd vedrørande utvandring. 2 år og 50 brev seinare gifte dei seg. Sjå boka "Letters of longing" av Frida Nilsen. (dottera)
    Ola reiste til Am. i 1871 og tok presteutdanning på Augsburg Seminary i Minneapolis.
    Ola vart prest i Grand Forks ND. Evelyn dreiv pianoundervising.
    Ola var redaktør i utvandrar-tidskriftet Hallingen 1920 til 1933. Han redigerte "Luthersk børneblad" i 30 år, og laga to lesebøker for 'den norske skulen' i Am. Ola skreiv to forteljingar, "Tåle Tangen" og "Dalrosa" (Den siste er sjølvbiografisk norsk-amerikansk pioner-soge.) Han la ned mykje arbeid for Scandinavian Academy. (1428)

Nils og Sigrid gifte seg i 1828. Nils stod i husmannsmanntalet 1832. Så kjøpte han garden for 700 spd i 1833.
    Nils var mellom "fattige barn" 1815 og vaks opp på legd. Men Nils sa det slik:
    "Det var bra for meg at dei gav meg skinnbrok te slite og peishella til bord og stundom seng. Oskehaugen var god te å lære i, dvs. skrive i."
    På skinnbroka utførde Nils rekne-stykke frå kne-linningen til smikke-kanten med ein briske-pinne.
    Nils var lærar i Ål frå 1838-74. Og ordførar 1840-1863. Forliks-kommisær m.m. ''Et av de lyseste hoder Ål har hatt, ifylgje E. T. Bekkestad.
    Nils dreiv butikk i Gudmundsrud og sønene Ola og Ola var med.
    I 1857 tok Nils farsgarden hennar Sigrid på odel. Nils delte frå Eilevstølen og Slåtta, bnr. 6 i 1868, og gav sonen Lars skøyte på resten av Gjeldokk i 1869.
    I 1865 var Nils 'forligelses-kommisær og frifant'.

{5327} År: 1868

Nils Nilsson Gudmundsrud 01.04. 1837-1908
Foreldre: Nils Knutson Helling Gudmundsrud og Sigrid Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Ågot Larsdtr. Styrkestad Gudmundsrud 02.11. 1847-1911
Foreldre: Lars Larsson Stavehaugen Styrkestad og Margit Eivindsdtr. Styrkestad.
*Barn
1. Nils Nilsson Gudmundsrud 13.08. 1867-
G 1904 m Anna Rød, Bottefjord. Barn: 7 ....
    Utvandra til Am. i 1894. Kom heim att omlag 1907 og busette seg på Torbjørnsnes i Torvika ved Kristiansand. (Dvs. hennar heimegard.) (1032)
2. Sigrid Nilsdtr. Gudmundsrud Skrattegard 04.06. 1869-1941
G 1893 m Nils Sveinson Skrattegard. (syskenbarnet) Ingen barn. Adoptivbarn: ... gm Jon Maristuen og Ruth Swenson. (1428)
    Utvandra til Am. i 1891: farma 17 år i Northwood, sidan var Nils smed i Fordville, ND. (1032)
3. Lars Nilsson Gudmundsrud 05.01. 1872-1872
4. Lars Nilsson Gudmundsrud 04.04. 1873-1939
Ug. Store-Lars. Lars var gardbrukar i Gudmundsrud i 1900. Så hogde han seg i foten og fekk trefot.
    I 1900 var han ugift jordbruksarbeidar, snikkar og smed 'for egen regning.'
    Lars sette opp eige hus og verkstad/smie på eit jordstykke frå garden (Bø, bnr. 97.) I mange år dreiv han som vognmann og køyrde varer mellom stasjonen og krambuene på Sundre. Sidan dreiv han som smed. Etter nokre år flytta Lars inn i verkstaden sin, og selde huset til Gunnar Olson Hellinghaugen. (Oppl. H. Ulshagen)
    Store-Lars var flink til å "låte på kjaften" og spela på lur. Då Lars bles på luren sin høyrdest det over alle fjell. ... (1447)40
5. Eivind Nilsson Gudmundsrud 16.12. 1875-1946
Gm Ragnhild Skjervheim, Sarnia Nelson Co. Barn: Norris ....- veteran 2. verdskrigen, postkøyrar, gm Dora McGavin; Lawrence Selvin ....-1913; Ester Amanda 1910-1995 g 1933 m Lawrence Dahlen; Karen Elaine lærarinne, gm Fredrick Spriggs; Stella Louise ....- gm Seymore Starkson; Lloyd Arnold ....- snikkar og veteran frå 2.verdskrigen; Edna Rosella ....- gm Wilmer Voracheck; Ruth Ellen ....- gm J. D. McAfee; Helen Mabel ....- gm Willard Olson.
    Utflyttingsattest 1891. Eivind skreiv seg "Evan Nilson" og hadde smed-forretning i Fordville, ND frå 1910. (Ulvestad Bind 2 s 817)
6. Margit Nilsdtr. Gudmundsrud 16.03. 1878-1880
7. Ola Nilsson Gudmundsrud 24.06. 1880-1918
Gm Birgit ... (mora frå Modum, faren frå Ringerike, skreiv Mehlum). Barn: 3. Til Am. i 1895.
    ?Gm Anne Helling. Barn: Robert 1920-1995 gm Dolores Korneliusdtr. Rortvedt; ... . (laust notat)
8. Margit Nilsdtr. Gudmundsrud Sataøyen 05.10. 1882-1968
G 1901 m Svein Olson Satalien Sataøyen, gnr. 32/20.
9. Lars Nilsson Gudmundsrud 27.06. 1885-
Ugift. Utvandra til Am. etter 1900.
10. Nils Nilsson Gudmundsrud 20.11. 1889-1889
Nils levde 5 dagar.

Nils og Ågot gifte seg i 1867. Nils slo på tromme og bles lur som gjætar i unge år.
    Nils kjøpte Gudmundsrud då broren Store-Ole reiste til Amerika. Nils sette opp stugubygnad i to høgder. Folk tykte han bygde stort, dei sa han 'bygde seg ute.'
    Både Nils og Ågot var veikhelsa og vart sitjande trongt økonomisk.
    Nils var gardbrukar og lærar. Ei tid dreiv han også krambu i Gudmundsrud saman med Eirik Hallgrimson Noss.
    Nils fekk ein elddåp som lærar. Det var proste-visitas og ting i Ål same dag. Og far hans, læraren, vart pålagt å føre referat på tinget. Då Nils sveiv innom på tingstugu fyrst på dagen, fekk han høyre at prosten ville at han skulle ta faren sin plass på kyrkjegolvet for å katekisere konfirmantane. Nils strauk heim i fullt tan for å hente konfirmant-lista, og så starta messa. Utan nokon slag førebuing tok Nils overhøyringa,- han turka sveitten og let det stå til. Nils spurde og konfirmantane svara, - til hans store lette gjekk det greitt!
    Etter messa vart det Nils sin tur å svare på spørsmål frå Søren Latiner og presten, og så fekk han beskikkelse-brev som lærar i Ål. (Mehlum 1905)
    Men Nils treivst ikkje med læraryrket så han slo seg på handverk. Både smiing og snikkering. Nils laga nokre treskemaskiner av tre. Og han laga såmaskiner.
    Det vart fleire utpantingar i dei harde 1880-åra.
    I 1900 dreiv Nils Nilsson Gudmundsrud saman med Lars L. Hallsteinsgard og Ola A. Smedplassen frå Hol. Dei hadde truleg pant. Og i 1912 vart garden selt på auksjon for kr. 6300.