Smedplassen gnr. 110 bnr. 4
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Smedplassen gnr. 110 bnr. 4-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Det opphavlege namnet var Hagaplassen eller berre 'Hage-eie' sidan plassen låg under Sundrehagen. Så var smeden Embrik her ei tid, og sidan heitte det Smedplassen eller Smedsmyrplassen. Eller berre 'Plassen.' Etter Lars Piper vart bruket kalla Piperplassen ei tid. NB. Det var to andre plassar med same namnet, ein under Torpehagen og ein oppe i Vestlia.
    Då halve Sundrehagen vart pantsett av Sindre Larsson i 1742 vart Smedplassen halde utanfor panten.
    Bruket vart sjølveigarbruk 1758 då Embrik Torson makeskifta til seg Smedplassen "som forhen haver været beboet av Engebret Smed."
    I bakken ovanfor Oppsjø låg åkeren Luaåkeren. I fylgje segna om Jutulen i Selsberget så datt han ned her då han skulle til Langesendhovda for å prøve krefter med jutulen der. Jutulen slo to søkk i bakken. Åkeren her har sidan vore kalla 'Fuballadn'. (Brev nr. 517).
    Dei eldste husa ein kjenner til låg midt oppe på jordet. Etter 1900 flytta Tore Amundson tunet nedanfor ålmannvegen. Dvs. Omlag der Margit og Einar Vindegg bur. Gamlestugu vart selt som hytte og havna oppe i Holsfjella. (Oppl. H. Ulshagen.)
    Smedplassen vart nedlagt som jordbruk kring 1953. Her vart frådelt mange bustadtomter. Av bustadfelta her er m.a. Heimtun II, men det vart namnet endra til 'Plassen' i 1979.

{5342} År: 1758

Embrik Torson Helling Hagaplassen 1724-1763
Foreldre: Tor Eilevson nordre Helling og Ågot Embriksdtr. Skrindo.
Gm Gunhild Sindresdtr. Sundrehagen Hagaplassen 1721-1810
Foreldre: Sindre Larsson Sundrehagen og Kari Olsdtr. Sundre.
*Barn
1. Kari Embriksdtr. Hagaplassen 23.02. 1749-1828
Barn med Petter Fridrik von Richter, svensk løytnant i teneste ved Øvre Hallingdals Kompani: Karl 1771-1841, sjå barnebarn.
    G 1778 m Sander Holgeson Gåsterud 1752- . Sjå Oppsjøplassen.
2. Knut Embrikson Hagaplassen Smedplassen 24.10. 1751-1810
G 1782 m (Sigrid Dortea) Dorte Andersdtr.. ... . . Sjå år 1789.
3. Ågot Embriksdtr. Hagaplassen 09.03. 1755-____
Ugift. Barn: Gunhild (døydde liten) og Tor Anderson 1787-1871, sjå barnebarn.
    Ågot vart anmeldt av presten Nimb for å vera motvillig til å 'la sig undervise i sin Saligheds Sag.'
    I 1778 var ho over 20 år og ukonfirmert og dermed vart det 'tukthus-sak'. Retten la vekt på at Ågot ikkje møtte på tinget og dømde henne til 'tukthus anordning at straffes, andre ligesindede til Advarsel.' Opphaldet skulle vare 'så lenge de høie Herrer Directeurer forgotbefinder.' (1397) s 42
    Ågot var losjerande i Ruud i Liagardane i 1801. Ho fekk kornstøtte i 1816 og framover. (777)
4. Tor Embrikson Hagaplassen 29.09. 1756-1801f
Tor er ikkje med i FT 1801, ikkje arving 1817.
5. Sindre Embrikson Hagaplassen Juven 15.05. 1758-1824
G 1794 m Rønnaug Knutsdtr. Baklien. Sjå Juven, gnr. 23/3.
6. Ola Embrikson Hagaplassen Sire 21.10. 1759-1817
G 1789 m Kari Olsdtr ..... . Sjå Tjyruhjelldalen, gnr. 4/48, søre Helling, gnr. 20/3 og Sørbøensmoen, gnr. 23/10.
    Ola fekk skøyte på Smedsplassen hjå broren Knut i 1789. Pris: 32 rd og kår til mora. Knut tok atterhald om bruk av halve plassen mot 3 ort årleg avgift.
7. Ola Embrikson Hagaplassen KvernHaugen 27.09. 1761-1810
G 1799 m Birgit Olsdtr. Thon. Fest m Kari Embriksdtr. Opheim. Sjå Kvernhaugen, gnr. 22/54.
    Det var lyst til bryllaup for Ola og Kari Embriksdtr Opheim. Ola reiste til Drammen og handla bryllaupskost i mars 1810. På heimvegen kom han til Voll i Flå og døydde der.
8. Embrik Embrikson Hagaplassen 16.06. 1763-1801f
*Barnebarn
1. Karl Peterson Richter 26.12. 1771-1841
G 1794 m Birgit Bjørnsdtr. Skrindo. G 1823 m Maria Trondsdtr. Sundre.
    Foreldre: løytnant Peter Friderik von Richter og Kari Embriksdtr. Hagaplassen/Helling.
    Lensmann. Sjå Sundre gnr. 110/47 og Richterøyen, gnr. 110/41.
2. Tor Anderson Hagaplassen Storlihaugen 23.12. 1787-1871
Gm Håkine Nilsdtr. ... frå Trøgstad. Sjå Storlihaugen/Trøo, gnr. 2/7.
    Foreldre: Anders Torson Huus og Ågot Embriksdtr. Hagaplassen.

I 1748 vart Embrik stevna for overfall på Sande-Ola i SundreBråten.
    Embrik hadde desse barna før han gifte seg: Kari 1749- m/Gunhild Sindresdtr. Hognerud; Ivar 1752- m/Gro Knutsdtr. Tangen. (= hans 3. lm.)
    Embrik Torson og Sindre Sindreson Sundre makeskifte gods i Hagen mot Smedsmyrplassen i 1758. Embrik pantsette Smedsmyrplassen til Torkjell Villand same år.
    Gunhild var enkje i Smedplassen og fekk utdelt såkorn i naudsåret 1774. (632)
    Gunhild lånte 32 rd i 1780 mot pant i Smedplassen. Ho døydde som fattiglem i Torpo.

{5343} År: 1789c

Knut Embrikson Hagaplassen Smedplassen 24.10. 1751-1810
Foreldre: Embrik Torson Helling d.y. Hagaplassen og Gunhild Sindresdtr. Sundrehagen.
*Barn
1. Gunhild Knutsdtr. Hagaplassen Stave 1782-
2. Anne Knutsdtr. Hagaplassen Stave 1785-
3. Anders Knutson Hagaplassen Bråten? 1789-
4. Astrid Knutsdtr. Hagaplassen 1791-1817f
5. Embrik Knutson Hagaplassen Dortehaugen 1793-
G 1814 m Mari Tolleivsdtr. Sundre. G 1846 m Birgit Olsdtr. Kolbotnen Svartedalen. Sjå Dortehaugen, gnr. 32/29.
6. Anders Knutson Hagaplassen Stave 1796-

Knut og Dorte (Sigrid Dortea) gifte seg i 1782. Knut vart stevna 24 rd for to legemål i 1783.
    Dei budde i 'Sundreplassen' kring 1790. Same året heitte det: 'nu boende i Smedplassen.' Knut lånte 49 rd i 1790.
    Knut selde Smedsplassen til broren Ola i 1789. Pris: 32 rd og kår til mora. Men han tok atterhald om bruk av halve plassen mot 3 ort årleg avgift. I 1791 fekk Knut fekk skøyte på (den andre halvparten?) av Smedplassen hjå mora for 70 rd og kår.
    Knut og Dorte var husmenn i Stavehaugen i 1801. Truleg er her noko samanrøre med Knut Embrikson som var på Råen i 1801.
    Knut er truleg død som inderst på ein plass under Sata i 1810.
    Opphavet til Dorte er uklart. Heiter ho Sigrid Dortea Anoniasdtr. eller Jonasdtr. eller Andersdtr? Truleg død 1811 som Dorte Arnesdtr.
   

{5344} År: 1809

Ola Olson Sandeplassen Sundreøyen 08.06. 1778-1837
G 1809 m Kari Torsteinsdtr. Lå. Sjå Trolløyen, gnr. 110/7. Foreldre: Ola Børgeson Sundre Hestehagen Sandeplassen og Ingeborg Sveinsdtr. ... .

Ola Olson Sandeplassen (1778-1837) hadde Smedplassen kring 1809.
    I 1812 selde han Smedplassen til svogeren for 300 rd og flytta til Trolløyen.

{5345} År: 1812

Lars Sevatson Granhagen Smedplassen 23.10. 1774-1861
Foreldre: Sevat Olson Granhagen og Ågot Larsdtr. Veslegard (Hol).
Gm Anne Torsteinsdtr. Lå Smedplassen 29.11. 1767-1848
Foreldre: Torstein Olson nordre Lå og Mari Levorsdtr. ... .

Lars var skreddar og budde på Kvinnegarden i unge år. Han var mykje gjæv for jentene på Ruud,- Lars gjorde dei gravide både Kari og Sissel. Med Kari Olsdtr. Ruud fekk han sonen Tore som overtok Smedplassen. (Sjå neste hushald)
    Med Sissel Olsdtr. Ruud fekk han sonen Knut Buvik 1803-1885. Sjå Ruud, gnr. 95/1.
    Lars og Anne gifte seg i 1809, men fekk ingen barn.
    Lars var ute i krigen 1807-14 og var militær-musikar, han bles på fløyte ('Pipe'). Han vart difor kalla Piper-Lars, og Smedplassen vart kalla Piperplassen. Lars var ein flink forteljar og litt av ein skodespelar.
    Ein gong fekk Lars refs for disiplinbrot under vakthald på Akershus. Han stadmøtte prins Kristian August utan børse og fekk difor ei natt i kasjotten.
    "Eg vart sett fri då prinsen fann ut ko te kar e va", sa Lars.
    Sidan kunne Piper-Lars ajere som prins Kristian medan han held små forestillingar der han var "Ridder udaf Elefanten og høistkommanderende over heile Nåri!" (Hallingen 1932)
    På sine gamle dagar gjekk Lars omkring og selde knusk (som var nytta til opptenning med eldstål). Dersom han fekk litt mat der han kom, så kunne han seia i takksemd: "E ska svarve ei mjølsleiv åt deg." (Mehlum i NU)
    Smedplassen vart overført til frillesonen Tore for 100 spd i 1852. Lars gjekk kledd i vest og knebukser av skinn.

{5346} År: 1852

Tore Larsson Ruud Smedplassen 26.12. 1800-1867
Foreldre: Lars Sevatson Granhagen Smedplassen (ungkar) og Kari Olsdtr. Ruud.
Gm Boline Tolleivsdtr. Hago Smedplassen 11.02. 1807-1903
=Boline Petrine. Foreldre: Tolleiv Nilsson Brunsvoll (Nes) søre Torpo - SundreHago og Margit Halvorsdtr. Opheimsjorde.
*Barn
1. Margit Toresdtr. Smedplassen 05.03. 1835-1866
G 1858 m Ola Arneson Moslåtta 1823-1875. Barn: Arne 1860-; Tore 1863- , sjå barnebarn.
    Margit og Ola var inderstar hjå bror hennar, og budde i Smedsplassen. Ola Arneson gjekk på dagarbeid.
2. Kari Toresdtr. Smedplassen 17.07. 1842-1930
Barn med Amund Olson Perplass Dekko: Tore 1862-1922; Anne 1866-. Sjå neste hushald.
3. Anne Torsdtr. Smedplassen 01.06. 1845-1845
4. Lars Torson Smedplassen 01.06. 1845-1845
Lars vart berre 9 veker.
5. Ragnhild Toresdtr. Smedplassen 13.10. 1896-1908
Ragnhild kjøpte Smedplassen for kr. 1000 i 1907. Ho døydde neste år.
*Barnebarn
1. Arne Olson Smedplassen 16.05. 1860-1955
G 1882 m Borghild Larsdtr. Skrattegard 1860-1886. Barn: Borghild ....-1886; Mina Arnesen 1889- ; Louis Arnesen 1890- ; Olaf 1885-1969 gm Klara Burås (2 barn); Mimmie 1882-1965 gm Christ Larson, g 1926 m Ole Lien, Shevlin, MN.
    G 1888 m Birgit Embriksdtr. Lien, Ål 1872-1942. Barn: Emma ....- gm ... Larsson; Alfred ....- ; Anton ....- ; Oscar ....- ; Alma 1897-1981 gm Peter G. Traaseth; Olga 1906-1992 gm Carl Skogen. (1433) nr 175, (J. Marler)
    Foreldre: Ola Arneson Moslåtta Smedsplassen og Margit Toresdtr. Smedsplassen.
    Arne reiste til Am. i 1881. Fyrst til Northwood, ND, siste åra Shevlin, MN. Medlem i Hallinglaget. Sjå Hallingen nr 175 s 28 + (1286) Busett Lake Park, Minn. Han skreiv seg Arne Olson.
2. Tore Olson Smedplassen 13.08. 1863-
Tore reiste til Am. 1879 : Lake Park, MN. Tore kan ha ein son. (epost Arlan & Phyllis Johnson)
    Foreldre: Ola Arneson Moslåtta Smedsplassen og Margit Toresdtr. Smedsplassen.

Tore og Boline gifte seg i 1834. Dei hadde SundreBråten frå 1834 til 1842, sidan var dei på ein plass under Sando. Tore kjøpte Smedsplassen hjå far sin i 1852.
    Tore vart kalla Piper-Tore.
    I 1865 budde tre huslydar under same tak i Smedsplassen, Tore og Boline; Ola Arnson og Margit; Kari Toresdtr og sonen, tilsamen 8 personar.

{5347} År: 1875

Kari Toresdtr. SmedPlassen 17.07. 1842-1930
Foreldre: Tore Larsson Ruud Sundrebråten Smedsplassen og Boline Tolleivsdtr. Hago.
*Barn
1. Tore Amundson SmedPlassen Hago 30.09. 1862-1922
Barn: Karen Marie 1892- m Ingebjørg Olsdtr. Haugerud. (hans 2. lm og hennar 2. lm )
    G 1895 m Astrid Persdtr. Varaberg. Sjå neste hushald.
    Foreldre: Amund Olson Perplass Dekko (ungkar) og Kari Toresdtr. Smedsplass.
2. Anne Amundsdtr. SmedPlassen 23.02. 1866-
Foreldre: Amund Olson Perplass Dekko m/Kari Toresdtr. Smedsplass.
    I 1900 var Anne ugift tenestejente. Ikkje funnen død i Ål.
3. Lars Olson SmedPlassen Sorteberglien 21.05. 1879-1963
G 1898 m Petra Johansdtr. Hager-eie, Toten. Sjå Kulutunga, gnr. 115/16a og Lars-stølen, gnr. 110/3.
    Foreldre: Ola Bjørnson GunhildgardGjerden (ungkar) og Kari Torsdtr. SmedPlassen.

Kari kjøpte Smedplassen hjå mora i 1875 for 100 spd og kår. Kari hadde minst to barn med Amund Olson Perplass Dekko: Tore og Anne.
    I 1900 var Kari ugift tenestejente. Ho dreiv då jordbruk og kvinneleg husarbeid.
    Kari selde bruket 1906 til Tomas Larsson Huus for kr. 475 og kår. Tomas selde vidare til systera hennar Kari, Ragnhild Toresdatter i 1907 for kr. 1000.
    Etterkvart vart det sonen Tore som brukte Smedplassen. Kari er ikkje funnen død i Ål.