Hago, nordre gnr. 110 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hago, nordre gnr. 110 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Hago vart frådelt nedre Sundre i 1749. Fyrste tida vart bruket kalla både 'Sundrehagen' og 'Lillehagen'. (Truleg til skilnad frå 'store' Sundrehagen.) Etterkvart vart namnet Perhagen etter fyrste bonden. Ei tid var namnet Anders-hago og i nyare tid har bruket vore kalla nordre Hago.
    Plass. Våren 1936 kjøpte Håkon Ulshagen ei tomt (bnr. 203) av nordre Hago. Under tomtinga vart her funne eit lite tun. Ei lita stugutomt (m/kjellar), ei fjøstomt og ei åkerreine. Ingen kunne fortelja kven som budde her. (Oppl. H. Ulshagen.)
    Stølar. Heimstølar Hago-Nystølen (selt til Dokklien i 1966), langstøl på Bosset.

{5353} År: 1762

Mikkel Person Sundre Hago 1743c-1767s
Foreldre: Per Mikkelson Sundre Hago og Margit Knutsdtr. Sundre.
Gm Birgit Olsdtr. Strand Hago 1740c-
Foreldre: Ola ... Strand (?) og ... ... ... . Faddrar 1766: Sindre Gudmundsrud, Ola Embrikson Ulshagen, Anne Knutsdtr. Noss, Anniken Andersdtr. Stave, Kari Olsdtr. Øyen.
*Barn
1. Per Mikkelson Hago 18.07. 1762-
Per er konfirmert 1779 som 'Peder Sundremyren'. Utflytta eller død i 1790-åra.
2. Birgit Mikkelsdtr. Hago 20.07. 1766-
Gm Lars Knutson ... . Ingen barn i 1792. Busett på Strømsø. Ho tente hjå hr. Arbo på Strømsø i 1790. Birgit og Lars var på Strømsø også i 1792.

Mikkel overtok plassen Hago hjå mora i 1762 mot kår.
    På skiftet etter Mikkel i 1767 vart det opplyst at han hadde utført mykje utbetring og reparasjon på plassen.Takst 140 rd.
    Birgit Olsdtr. vart truleg attgift med Anders Tomasson. Og han vart attgift med Birgit Persdtr. før 1775. Sjå neste hushald.

{5354} År: 1777c

Anders Tomasson Vangen Dokk Hago 1735-1814
Foreldre: truleg Tomas Anderson Vangen Noss og Gunhild Torsdtr. Helling.
Gm Margit Persdtr. Sundrehagen Hago 26.05. 1749-1829
Foreldre: Per Mikkelson Sundrehagen og Margit Knutsdtr. Sundre.
Gm Birgit Persdtr. Sundrehagen 01.06. 1755-1821
Foreldre: Per Mikkelson Sundrehagen og Margit Knutsdtr. Sundre.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Tomas Anderson Sundreplassen Hago 25.05. 1775-1839s
G 1809 m Guri Knutsdtr. Leksvol. Sjå år 1809 og Dokklien, gnr. 110/46.
2. Mikkel Anderson Hago 05.07. 1778-
Truleg død liten.
3. Ågot Andersdtr. Hago 09.07. 1780-
Truleg død i 1790 åra.
4. Margit Andersdtr. Hago 06.01. 1782-
Truleg død i 1790 åra.
5. Margit Andersdtr. Hago Wilberg 28.09. 1783-
Gm Nils Wilberg i Land pr.gj. (jfr. sk 24. juni 1839)
6. Mikkel Anderson Hago Dokklien 14.10. 1787-1856
Barn: Ragnhild 1816- m Liv Knutsdtr. Øyno; Birgit 1818- m Turid Holgesdtr. Haugen.
    G 1819 m Anne Knutsdtr. Toreplass/Granhagen. Sjå Dokklien, gnr. 110/46.
    I 1848 heitte det om Mikkel: busett på Sundre, lever av fisking.
7. Ågot Andersdtr. Hago 24.07. 1791-
Truleg død i 1790 åra.
8. Gunhild Andersdtr. Hago 20.10. 1793-
Truleg død i 1790 åra.
9. Birgit Andersdtr. Hago Dokklien 21.06. 1795-
G 1832 m Torkjell Torkjellson Svarteberg Dokklien, gnr. 110/46.

Anders og Birgit hadde ni barn i tida 1775 til 1795. I 1801 var Anders i andre ekteskap og 'Margit' Persdtr. i fyrste ekteskap. Her er det feilskrive Margit istaden for Birgit. (Dette framgår m.a. av dåpsopplysningane 1775-95.)
    I 1792 vart Anders Tomasson kalla stefar av Birgit Persdatter si brordotter, Birgit Mikkelsdtr. på Strømsø. Sidan det er dårlegt med registrerte dødsfall i Ål dei siste 10 åra før 1775 så kjenner me ikkje namnet på fyrste kona. Men det tyder på at Anders gifte seg til Hago med enkja Birgit Olsdtr. Og sidan 'fornya' han ved å gifte seg med Birgit Persdtr.
    Anders var korporal ved Øvre Hallingdalske SkiløperKompagnie i 1773. Det vart halde takst på 'Sundrehagen' i 1777: garden var på 7 mål åker tilsådd med 1 1/2 tunne bygg. 36-40 høylass. Garden fødde 6-7 kyr, 1 hest, 20-30 småfe. Takstsum: 300 rd.
    I 1784 kjøpte Anders odelsretten til plassen LilleHagen hjå Per Mikkelson Lillehagen for 34 rd.
    I 1798 vart Anders innklaga til forlikskommisjonen for ulovleg hogst. Eirik Anderson Hove Sundre hevda at i fylgje hans skøyte på Sundre så var der ingen skogsrett til nokon husmann. Anders hevda at bruket Hagen hadde hevd på ein slik rett hjå hovudbølet. Saka vart vist til retten. Anders hevna seg med hardhendt jaging av nokre hestar som tilhøyrde Eirik. (1407) 23
    Anders greidde ikkje utgiftene, og i 1802 kom Perhagen kom på auksjon og Tomas til Dokklien. Det var litt uklart kven som skulle ha Perhagen. I 1805 reiste Anders odelssak mot Ola Torsteinson Stave på 'sine barns vegne for plassen LilleHagen'. Ola Stave ser ein ikkje meir til her. Men Mikkel Gudmundsrud sat med garden ei tid.
    Anders dikta nidvers stundom. Då Per-Nils var død, kom dette verset:
    'Han Per-Nils va ein gilde mann
    når hine sov, so vakta han.
    Det hine mista, det hadde han.' (1431)

{5355} År: 1802

Mikkel Anderson Gudmundsrud Sundrehago 26.12. 1771-1808
Foreldre: Anders Holgeson Vangen Gudmundsrud og Dordei Syversdtr. Kleiven.
Gm Guri Knutsdtr. Leksvol Sundrehago 08.08. 1762-1851
Foreldre: Knut Halvorson Leksvol og Gunhild Larsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Anders Mikkelson Sundrehago 1799-1882s
G 1826 m Unn Sevatsdtr. Holo. Sjå år 1821.
2. Gunhild Mikkelsdtr. Sundrehago Styrkestad 26.12. 1801-1880
G 1827 m Eivind Ivarson Styrkestad, gnr. 103/1.
3. Gunhild Mikkelsdtr. Sundrehago 26.12. 1806-____
Død liten eller utflytta.

Mikkel og Guri gifte seg i 1797. Mikkel fekk 1799 skøyte på garden hjå mora for 320 rd og kår. I 1801 var Mikkel soldat og husmann med jord.
    Mikkel kjøpte Lillehagen eller Perhagen på auksjon i 1802. Same året selde han Gudmundsrud til broren Helge.
    Førre eigar, Anders Tommason Dokk, kravde gardsyn i Perhagen i 1803. Husa var: ei gamal stugu, fjøs, ein forfallen låve. Elles var desse husa nyttande til ved: ei stugu, eit fjøs, ei smie, låve og to luer. På langstølen Bosset var bu og fjøs, på Nystølen var ei bu. Heile eigedomen vart taksert til 316 rd.
    Mikkel fekk skøyte 1805 på odelsretten til Perhagen hjå Tomas Anderson Dokk for 60 rd. I handelen låg også stølane Myrestølen og Bosset.
    Det var 579 rd å dele etter Mikkel i 1808. I 1816 kom Guri på skiftet etter svigermora Dordei Gudmundsrud og kravde 80 rd som ho meinte sto i garden, men kravet vart avvist. Guri vart attgift med Tomas Anderson Dokk, sjå neste hushald.

{5356} År: 1809

Guri Knutsdtr. Leksvol Sundrehago 08.08. 1762-1851
Foreldre: Knut Halvorson Leksvol og Gunhild Larsdtr. Kvinnegard.
Gm Tomas Anderson Sundreplassen Hago 25.05. 1775-1839s
Foreldre: Anders Tomasson Dokk og Birgit Persdtr. Sundrehagen.

Guri vart attgift 1809 med Tomas. Ingen barn. Tomas var lærar ei tid. Så kjøpte han Dokklien på auksjon i 1829.

{5357} År: 1821

Anders Mikkelson Sundrehago 1799-1882s
Foreldre: Mikkel Anderson Gudmundsrud på Hago og Guri Knutsdtr. Leksvol.
Gm Unn Sevatsdtr. Holo Sundrehago 19.08. 1787-1867
Foreldre: Sevat Larsson Gjeldokk Holo og 2.g Birgit Olsdtr. Sundre.
*Barn
1. Guri Andersdtr. Sundrehago Holo ??.04. 1827-1904
G 1846 m Sevat Larsson søre Holo, gnr. 50/1.
2. Gunhild Andersdtr. Sundrehago 04.05. 1833-1872.
G 1853 m Nils Sveinson Holto Hago. Sjå år 1853.
3. Lukris Andersdtr. Sundrehago 04.05. 1833-1833
Trilling.

Anders og Unn gifte seg i 1826. Anders vaks opp på legd i Strand/Breie 1816-1836. Anders fekk skøyte på garden 1821 hjå stefaren for 400 spd i 1821.
    Anders bygde den store tohøgda stugubygnaden på garden. Sjå foto. I 1848 avtala Anders bruk av Ridalssaga med Nils Knutson Gudmundsrud.
    Anders kjøpte attved øvre Hago, bnr. 18 og 23, Kubakken, bnr. 28 og Tomashago, bnr. 27. Anders Mikkelson stod i husmanns-manntalet fram til 1840 omlag. Grunnen var nok at han bygsla desse eigedomane før han kjøpte dei.
    Anders Mikkelson var flink med hendene. Han dreiv m.a. med dreiing.
   

{5358} År: 1853

Gunhild Andersdtr. SundreHago 04.05. 1833-1872.
Foreldre: Anders Mikkelson Gudmundsrud Hago og Unn Sevatsdtr. Holo.
Gm Nils Sveinson Holto SundreHago 20.05. 1827-1899
Foreldre: Svein Nilsson nordre Holto og Dordei Nilsdtr. Nubgarden.
*Barn
1. Dordei Nilsdtr. SundreHago Juvsjord 25.12. 1853-1940
G 1883 m Nils Nilsson Juvsjord, gnr. 42/1.
2. Anders Nilsson Sundrehago 29.01. 1859-1950
G 1886 m Ambjørg Nilsdtr. Ulshagen. Sjå neste hushald.
3. Svein Nilsson SundreHago 28.08. 1861-
Svein reiste til Amerika i 1899.
4. Unn Nilsdtr. SundreHago 09.04. 1865-1938
Ug. Unn budde i ei liten stugu nordanfor tunet i Juvsjord.
5. Nils Nilsson SundreHago Skrindo 02.08. 1868-1946
G 1896 m Ragnhild Torsdtr. Sundrehagen. Sjå Skrindo, gnr. 47/6.

Nils og Gunhild gifte seg i 1853. Nils fekk skøyte på garden hjå svigerfaren for 715 spd og kår i 1853. Nils kjøpte attved Hago, (bnr. 24) eit jordstykke som vart frådelt Gretegarden i 1862.

{5359} År: 1900

Anders Nilsson SundreHago 29.01. 1859-1950
Foreldre: Nils Sveinson Holto Hago og Gunhild Andersdtr. Hago.
Gm Ambjørg Nilsdtr. Ulshagen Hago 08.05. 1857-1936
Foreldre: Nils Olson Finset Ulshagen og Gunhild Steinarsdtr. Jonsgarden Rotneim.
*Barn
1. Nils Anderson Hago 07.07. 1888-1966
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Olaf Anderson Hago 16.05. 1891-1907
3. Gunhild Andersdtr. Hago 12.07. 1893-1978
Ugift. Gunhild budde hjå broren Nils og hjelpte til der. Sjå Juvsjord.
4. Anders Anderson Hago 28.04. 1896-1945
Gm Berta Olsen, Nord-Noreg. Ingen barn.
    Anders var stasjonsbetjent, flytta etterkvart til Bergen.
5. Svein Anderson Hago 24.06. 1898-1927
Ugift. Svein var sjukleg og gjekk tidleg bort.
6. Nils Anderson Hago 17.01. 1903-1976
Ug. Lærarskule-utdanna bonde i Juvsjord, gnr. 42/1.

Anders og Ambjørg gifte seg i 1886. Anders fekk skøyte på garden frå syskena i 1900 for kr. 3000.