Trolløyen gnr. 110 bnr. 7
Gardsregister € Garden € Bruksregister € Forklaring
Trolløyen gnr. 110 bnr. 7-
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett.
For english readers.
= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Sundreøyen fekk etterkvart namnet Trolløyen, grunnen til dette er ikkje kjent. Det stod storvoksen og trollsk granskog inn mot elva. I daglegtale vart det sagt på Trolløyne.
    Trolløyne var husmannsplass under nedre Sundre, fyrste kjente bygsling er frå 1753. Brukaren var sjølveigar i 1850.
    Plassen låg like ved Ål stasjon, ei sidegrein av Hallingdalselva lagar ei lita øy her. (NB. No er elveløpet attfyllt og heile området har vorte industri-felt.)
    Husmannen på Trolløyne støla saman med bonden.
    Eit gamalt stolphus på Trolløyne vart påbygd til loft av Tolleiv Brattegard kring 1910.
{5362} År: 1753
Arnulf Eilevson ... Sundreøyen 1723-1757
Foreldre: Eilev ... ...
Gm Liv Olsdtr. ... Sundreøyen 1721c-
Foreldre: Ola ... ... og ...
*Barn
1. Margit Arnulfsdtr. Sundreøyen 08.01. 1747-
Gm em Anders Pedersen Dramstad, Hurum 1731-.... . (Husmann under Cappelen på Hof i Hurum i 1801.)
2. Turid Arnulfsdtr. Sundreøyen Sundre 16.05. 1751-1824
Turid hadde tre barn med soldaten Ola Knutson Sundremyren: Kristense 1776- ; Liv 1779- ; Birgit 1782- . Sjå barnebarn.
    G 1800 m Ola Hermundson Gudbrandsgard Espelunden, gnr. 110/58.
    Ola Hermundson Trolløyen vart stevna til å rydde plassen Trolløyen i 1801.
*Barnebarn
1. Kristense Olsdtr. Sundreøyen Espelunden 03.05. 1776-1844
Barn: Ola 1796- m/Per Olson Medhus. Barn: Liv 1817 - m/Håkon Olson Dahl, Nannestad.
    G 1825 m enkjemann Ola Eivindson Mehus (Holet) til Eivindsplass (i Skurdalen), sjå Espelunden, gnr. 110/58.
    Foreldre: Ola Knutson (?Sundremyren) (ungkar) og Turid 'Arnoldsdtr'. ... .
2. Liv Olsdtr. Sundreøyen 1779-
Liv kjøpte Espelund 1811 saman med systera Kristense. Ingen spor seinare.
    Foreldre: Ola Knutson (?Sundremyren) (ungkar) og Turid 'Arnoldsdtr'. ... .
3. Birgit Olsdtr. Sundreøyen 1782-
Foreldre: Ola Knutson (ungkar) og Turid 'Arnoldsdtr'.
I 1753 bygsla Arnulf og hans 'nuhavende hustru' Trolløyen hjå Torkjell Villand mot 1 rd og 1 ort årleg landskyld. Til plassen høyrde bar og beit til dyra han kunne fødast på Trolløyen, virke til ved og husbygging. Dessutan skulle få støle saman med Torkjell.
    Fyrste kona hans Arnulf er ikkje kjent. Fadderar 1747: Ola Embrikson, Ola Endreson Vangen, Margit Sundre, Christense Sundre, Gunhild Sindresdtr. Fadderar: Birgit Sundre, Klemet Myren, Ola Fingarson, Ola O Sundre, Rønnaug Olsdtr. Sundre. (Liv sitt opphav er truleg å finne på Sundre.)
    Arnulf døydde av 'verk' i ryggen. Liv vart attgift, sjå neste hushald.
{5363} År: 1762
Liv Olsdtr. ... Sundreøyn 1721c-
Foreldre: Ola ... ... og ...
Gm Endre Hallsteinson Medhus Trolløyn 1726-1765s
Foreldre: Hallstein Olson Medhus Årset og Turid Endresdtr. Pukerud, Hol.
*Barn
1. Helge Endreson Sundreøyen 1750c-
Barn med Gunhild Olsdtr. : Margit 1776-.
    I 1759 var Helge soldat og busett på Sire, omlag 16 år gamal. I 1776 budde han i Bråtalihagen.
    Faddrar 1776: Tomas Skurdalen, Svein Haugen, Sissel Nøstedokken, Anne do. Liv Sveinunggarden.
2. Knut Endreson Trolløyn 1760c-
3. Turid Endresdtr. Trolløyn 20.05. 1762-
Liv Olsdatter vart attgift med Endre i 1761. Dei bygsla Trolløyen i 1762 for 1 rd 2 ort årleg. Med plassen fylgde vanlege rettar i skog og hamn samt støling. Etter deira levetid skulle arbeidet med bygging og rydding erstattast av eigaren.
    Endre var stevnevitne på tinget frå 1759. Endre og Liv var husmenn på Trolløyn under Sundre i 1762-manntalet.
    Endre anka ein dom vedr. odelsretten til Medhus i Hol, men det vart forlik i stadenfor: halve Medhus vart selt til Knut L. Medhus for 700 rd i 1762. Han kjøpte 3 laupsbol i Medhus på auksjon etter broren i 1764.
    Det var skifte etter Endre i 1765. Ingen ting anna enn kone og 3 barn er nemnt.
    I 1767 stevna Liv Ola Øyen for ei halv tunne rug og ei oksehud som Endre hadde sett frå seg hjå Ola.
    Det var takst over Trolløyen etter avdøde Liv Øyen våren 1801. Anders Pedersen Dramstad i Hurum stevna Eirik A. Hagen og Ola Hermundson Lien. Dei vart samde om takstfolk og deling av lausøyret etter Liv. Arvingar var Ola Hermundsons kone og A. P. Dramstad si kone. (1407) s 41
{5364} År: 1816
Ola Olson Sandeplassen Sundreøyen 08.06. 1778-1837
Foreldre: Ola Børgeson Sundre Hestehagen (Skavhølen) Sandeplassen og Ingeborg Sveinsdtr. ......
Gm Kari Torsteinsdtr. Lå Sundreøyen __.__. 1770-1840
Foreldre: Torstein Olson Lå og Mari Levorsdtr. ... .
Ola og Kari gifte seg i 1809. Ingen barn. I 1814 bygsla dei Piperslåtta ved Holgelien.
    Ola kjøpte Trolløyen og ein støl på Bosset 1816 for 1200 rb dalar hjå Torkjell Knutson Bråten.
    Ei av systrene til Kari budde i Trolløyen på sine gamle dagar. Ola var død 1837 som 'Sundreøen' 60 år gamal.
{5365} År: 1840
Aslak Nubson Sundrebråten Trolløyen 19.04. 1802-1890
Foreldre: Nub Embrikson Sundrebråten (ungkar) og Anne Sevatsdtr. Sundre.
Gm Anne Eiriksdtr. Mykingplassen Trolløyen 17.06. 1808-1880
Foreldre: Eirik Eirikson Bjella Mykingplassen og Ragnhild Sveinsdtr. Sata.
*Barn
1. Anne Aslaksdtr. Trolløyen 01.05. 1838-
2. Ragnhild Aslaksdtr. Trolløyen 23.07. 1841-
3. Kristi Aslaksdtr. Trolløyen 01.11. 1844-1845
4. Eirik Aslakson Trolløyen 29.08. 1846-1846
5. Eirik Aslakson Trolløyen 10.11. 1847-
6. Eirik Aslakson Trolløyen Nupson 10.11. 1847-1909
G 1869 m Oline Olsdtr. Larsrud .... -1916 (frå Østre Toten, opplyser Lars Øyane). Barn: Albert Oscar 1873-1971 gm Jenny ...; Alette/Lettie 1873- gm ... Oberg, Minnie 1875- gm ... Hudson, Emil 1880- , Hilda Claudine 1893-1969 gm ... Schubert. (J. Marler)
    Eirik skreiv seg 'Nupson'. Busett i Fillmore Co.
7. Hermund Aslakson Trolløyen Nupson 09.03. 1852-1914
=Henry Nupson. G 1896 m Frances F. Atchison. Barn: Henry 1897-1976; Florence 1899- ; Anna ....- . (J. Marler)
    Farmar Henry Nupson var sheriff for Fillmore County. Arbeidde seinare i land og bank-vesen i Preston Fillmore Co. Ordførar i Preston, Fillmore 1912-14.
8. Kristi Aslaksdtr. Trolløyen 23.07. 1856-1857
Døypt som Mørk.
Aslak og Anne gifte seg i 1838. Aslak budde på Myking i 1836.
    Aslag og Anne var i Hognerud i Hol frå 1850 til 1857. Til Am. i 1857. (Dottera Kristi døydde på turen over Atlanteren.) Dei farma ved Harmony, MN.
{5366} År: 1850
Ola Karlson SundreMoen Trolløyen 09.04. 1822-1859
Foreldre: enkjemann Karl Petersen Richter og Kristi Olsdtr. SundreMoen.
Gm Margit Olsdtr. MekkelBakken Sandehuset? 1831-
Foreldre: Ola Mekkelson Eidsvall MekkelBakken og Birgit Anfinnsdtr. Smedsgarden (Nes), Gol.
*Barn
1. Ola Olson Sandehuset 06.04. 1853-
Ola reiste til Am.
2. Kristi Olsdtr. Sandehuset 01.12. 1854-
Til Am. i 1861:
3. Lars Olson Sandehuset 06.12. 1856-
Til Am.
4. Birgit Olsdtr. Sandehuset 22.10. 1858-
Til Am. i 1861.
Ola og Margit gifte seg i 1856. Dei var inderstar i Sandehuset den fyrste tida.
    I 1850 kjøpte Ola Karlson Trolløyen. Ungane vart døypte 'Sandehuset' også etter 1850.
    Det var krise på Trolløyen under flaumen i juni 1861. Vatnet fløymde over heile øya, og fossa kring stuguveggane. Då kom Asle Øyno, som hadde sleppt seg ut med båt frå Strandafjorden, og greidde å kara seg innåt huset. Han batt båten i dørklinka, og fekk ut to kvinner og nokre barn. Så kom dei seg i land nede ved Oppsjø.
    Margit vart attgift 1861 med Eivind Olson Hansebråten. Sjå neste hushald.
{5367} År: 1860
Margit Olsdtr. MekkelBakken Sandehuset? 1831-
Foreldre: Ola Mekkelson Eidsvall MekkelBakken og Birgit Anfinnsdtr. Smedsgarden (Nes), Gol.
Gm Eivind Olson Hansebråten Trolløyen 20.09. 1829-
Foreldre: Ola Olson Hansebråten og Birgit Larsdtr. Helling.
Inderst Margit Olsdtr. Sandehuset vart attgift med Eivind i 1861.
    Eivind og Margit selde Trolløyen til Guro Fredriksdatter i 1861 og reiste til Amerika med fire barn frå hennar ekteskap med Ola Karlson Ulshagaplassen Trolløyen.
{5368} År: 1861
Guro Fredriksdtr. Trolløyen Johansen 29.09. 1844-
Gm .... Johansen.
Foreldre: Fredrik Karlson Richter og 2.g Sissel Olsdtr. Nerols-eie (Hol).
Guro fekk skøyte på Trolløyen i 1861.
    Faren Fredrik Richter frå Sundremyren budde i Trolløyen då han døydde i 1861.
    I 1865 sat 'Cecilie Troldøen fra Hol' på tukthuset i Kr.ania. Ho var 'enke og husmoder'. Ein kjenner ikkje til kvifor Sissel var på tukthuset. På skiftet etter Sissel var buet omlag tomt, så høyet og gjødsla på Trolløyen vart selt for å dekke gravferda m.m.
    Forpaktar på Trolløyen i 1865 var Sevat Steingrimson Noss (Sundrebråten). På skiftet etter mor til Guro vart bruket selt til Lars Olson Sandehuset.
    Guro reiste til Kr.ania, var tenestjente ved sjukehuset i Storgata i 1865, kom seinare til Am. Guro selde bruket til mora i 1867. (Lars Olson Holmen hadde kår på eigedomen.)
{5369} År: 1873
Lars Olson Sundremoen Sandehuset 18.07. 1790-1881
G 1817 m enkje Birgit Olsdtr. Langegardslåtta. G 1857 m enkje Sissel Olsdtr. Strand.
Foreldre: Ola Knutson Moen (Sundremoen) Vangen og Kari Kitilsdtr. Kitilsplass.
Lars kjøpte Trolløyen som enkjemann i 1873. Sjå meir om familien i Sandehuset, gnr. 111/7.
    Lars døydde utan livsarvingar i 1881, eiga var testamentert til Eilev Eivindson Moen.
{5370} År: 1878
Eilev Eivindson Moen kjøpte Trolløyen for 400 kr og kår i 1878, og dreiv bruket under Moen, gnr. 110/9.