Bråten gnr. 110 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bråten gnr. 110 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bråten eller Sundrebråten, i daglegtale oftast Bråta. Garden var ei slåtte under Sundrehagen eller nedre Sundre frå gamalt. Fyrst på 1800-talet vart det fast busetnad her. Slåttene Fodneset som var nemnde i 1612 kan vera i Bråten. Sjå nedanfor. Bråten hadde 6 laupsbol i landskyld.
    Bråten ligg på sørsida av elva, litt aust for Ål stasjon.
    Garden hadde flomkvern i bekken som renn over jordet.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 50 mål, utslått 14 mål, avling 8 tunner bygg og 8 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål og anna areal 10 mål som vert leigd bort, produktiv skog 150 mål, 600 mål skogmark på Veståsen.
    Våningshus bygt 1759, påbygt 1913, kårhus 1959, loft 1900, stolphus, eldhus (bygt av eit gamalt fjøs), låve, fjøs og stall 1921.
    Stølar. Heimstølen Olastølen fråselt 1869. Langstølen Steinstølen fråselt 1870. Stølen Vesle-Torkjellset vart rydda omlag 1815. Den er frådelt til fråhaldslaget. I 1912 vart frådelt to småbruk: Nygard, bnr. 108 og Nyheim, bnr. 109.
    I Bråten bygde idrettslaget ein stor hoppbakke.

{5374} År: 1757


Lensmann Torkjell Villand makeskifte til seg slåtta Sundrebråten i 1757 mot Sveinstølen og 20 rd med Sindre Sundrehagen. Sjå meir om Torkjell på Sundre, gnr. 110/15.
    Petter Holshagen fortalde korleis Torkjell bad til seg dei andre Sundre-bøndene og skjenkte dei, og så gav dei han lov til å hegne inn ein hestehage i Bråten. Torkjell bygde opp ein gard av det som hadde vore ei slåtte felles for alle Sundre-gardane. (Reinton: Villandane.)
    Korleis dette no egentleg var er ikkje godt å vite, ei slik slåtte ville nok ha hatt ein eigar. Men det er sikkert ei kjerne av sanning i soga.
    Torkjell Villand bygde stugu i Bråten i 1759. Namn og årstal er innskore i mønsåsen. Stugu er flytta og snudd, og etterkvart påbygd. Det gamle inngangspartiet er havna på Drammen museum. Det opphavleg interiøret var stort og flott og i Torkjell sin stil. Det har vorte borte etter at ny innreiing måtte lagast (av Eivind Moen) etter ei ombygging i 1897. (Oppl. H. Ulshagen)
    Truleg budde dottera, Ragnhild Torkjellsdatter med sitt tenarskap og stefaren Kristen i Bråten i 1801. (Dvs. Dei står under Eirik Anderson Sundrehagen.)

{5375} År: 1798


Eirik Anderson Nestegard på nedre Sundre held attende Sundrebråten i 1798 då han makeskifta nedre Sundre med Per Halvorson (frå Nes) mot Olsgard på Nes og 1400 rd.
    Eirik Anderson budde i Sundrehagen, gnr. 110/1 frå 1790. Eirik selde Sundrebråten til svigersonen Torkjell Knutson i 1807.

{5376} År: 1807

Åse Eiriksdtr. Sundrehagen SundreBråten 1787-1835c
Foreldre: Eirik Anderson Nestegard Sundrehagen og Astrid Larsdtr. Hove.
Gm Torkjell Knutson Juvsjord SundreBråten 22.01. 1775-1849
Foreldre: Knut Olson Juvsjord og Ågot Torkjellsdtr. Tveito.
*Barn
1. Guri Torkjellsdtr. SundreBråten 22.03. 1808-
Gm ... ... og busett nær Kr.ania i 1839.
2. Ragnhild Torkjellsdtr. SundreBråten Strand 19.04. 1812-
Gm Herman Claussen Stene, Nærøy 1807- . Barn: Nils 1841- snikkar; Anne Margrethe 1848- gm Svend Vibstad Gansmo; Ole Jørgen 1851- ;
    Ragnhild reiste 1828 til Nærøy. Dei var gardbrukerar på Stene i Nærøy.
3. Astrid Torkjellsdtr. SundreBråten Ramstad 12.12. 1820-1909
G 1845 m Johan Klausson, gardbrukar på Ramstad i Nærøy 1822-1873. Barn: Edvard 1846- gm Jonetta Hansdtr. (minst 6 barn); Johan Jørgen ....- ; Dortea Petrine 1847- ; Anne Maria 1851-1921 budde i Rana, gm Gjert Monsen frå Sogn (... barn); Ingeborg Anna 1854- ; Kristine Katrine 1858- . (977)(epost Wanda Stephens)
    Astrid hadde kår på Ramstad i Nærøy i 1900.
4. Ågot Torkjellsdtr. SundreBråten Strand 02.07. 1824-
G 1850 m Elias Jørgen Jeremiassen 1816-1907. Barn: Edvard 1853-1941 gm Anna Bergitte Iversdtr. Løvøya (3 barn); Kristine 1856- . (1596) II s 422
    Ågot og Elias var på Småvikmoen, Lauvøya. Dei var kårfolk hjå familien Peter H. Falch på Løvøya i Nærøy i 1865.

Torkjell og Åse gifte seg i 1807. Dei overtok Sundrebråten same året. Stølen Vesle-Torkjellset vart rydda av Torkjell omlag 1815.
    I 1816 selde Torkjell plassen Trolløyen og stølen Bosset til Ola Olson for 1200 rd.
    Torkjell makeskifta Bråten mot Larsgarden Strand, gnr. 123/8 i 1822.
    Torkjell og Åse reiste til Nærøy i mars 1828 med fem barn. Der bygsla dei 1830 bruket Sørhaugen på Varøya.

{5377} År: 1822

Eilev Eivindson Mehus Strand 1772-1864
Foreldre: Eivind Eivindson Kyrkjedeld Mehus og Gro Eivindsdtr. Mehus i Hol.

Eilev Eivindson Mehus på Larsgarden Strand, gnr. 123/8 hadde Bråten frå 1822 til 1831. Han og familien har truleg budd på Strand.

{5378} År: 1835


Ola Trulsson Randedokken Hove hadde Sundrebråten frå 1835 til 1838. Ola held attende Steinstølen då han selde Sundrebråten i 1840.

{5379} År: 1840


Knut Tolleivson Raunsgard (1803-1885) frå Hol kjøpte Sundrebråten i 1840.
    Han selde frå plassen Moen med Olastølen i 1841. Knut selde Bråten i 1845 til Ivar Olson. Sjå meir om Knut og familien i nordre Ulshagen, gnr. 109/1.

{5380} År: 1845

Ivar Olson Noss SundreBråten 12.04. 1807-
Foreldre: Ola Asleson Mykingplass (ungkar) og Guri Ivarsdtr. Noss.
Gm Olaug Olsdtr. Hallingstadslåtta SundreBråten 1811-
Foreldre: Ola Pålson Trintrud Hallingstadslåtta og Gro Knutsdtr. Hallingstad, Hol.
*Barn
1. Guri Ivarsdtr. Bråten Bryn 12.09. 1839-
Gm Jørgen Halvardson Bryn, Ulvik 1834- . Barn: Guro 1862- ;... ; Georg 1885- .
    Guri reiste til Voss i 1846. Jørgen var bonde og forpaktar på Bryn på Voss i 1865.
    I 1900 budde dei på ein plass under Vossevangen.
2. Gro Ivarsdtr. Bråten 04.02. 1842-
Til Voss 1846.
3. Ola Ivarson Bråten 12.06. 1845-
Ola reiste til Voss i 1846.

I 1845 selde Knut Tolleivson Bråten til Ivar Olson Noss.
    Ivar og Olaug gifte seg i 1839. Ivar hadde to barn i Nes i prestegjeld: med Ingeborg Embriksdtr. Buansida (Buøen): Embrik f. 1834; med Ragne Hansdtr. Lykken: Hans f. 1839.
    Her i Ål hadde Ivar ein son med Ambjørg Kortsdtr. Kortgarden: Eilev f. 1839-1918. (LangKort-Eilev.)
    Ivar selde garden til Botolv Botolvson Gjeldokk i 1846 og reiste til Voss med familien. Etter 4 år selde Botolv garden til Torkjell Sundre for 550 spd.
    I 1865 var Ivar 'Husmand med Jord og Maler' på ein plass under Skreddartræet på Voss. Olaug var jordmor. Dei hadde ei ku. NB. Ivar er rosemålaren 'Iver Olsen maler'. (Rosemåling i Hallingdal s 75 og 206.)

{5381} År: 1850


Torkjell Torkjellson Opheim Hove (som hadde Nigarde Sundre, gnr. 110/47) kjøpte også Bråten i 1850. Han selde frå eit jordstykke til Eilev Moen, og selde Bråten til Rasmus Barskrind i 1859.

{5382} År: 1859

Rasmus Embrikson Barskrind Bråten 14.04. 1815-1898
Foreldre: Embrik Olson Barskrind og Ingeborg Olsdtr. Lie (Gol).
Gm Borghild Eiriksdtr. Opheimsjorde Bråten 15.04. 1833-
Foreldre: Eirik Embrikson Opheimsjorde og 2.g. Birgit Sevatsdtr. Tune.
*Barn
1. Embrik Rasmusson Bråten 24.10. 1854-
Til Am. 1869 Lansing, Ohio. Busett i Luverne, Rock Co. MN i 1900.
2. Birgit Rasmusdtr. Bråten Oldre 27.09. 1856-
=Bertha Ingebretsen. G 1886 m Knut G. Oldre.
    Til Lansing, Ohio i 1869.
3. Ingeborg Rasmusdtr. Bråten Roen 05.04. 1859-1896
G 1882 m Peder A. Roen.
    Til Am. i 1869: Lansing, Ohio.
4. Eirik Rasmusson Bråten 08.07. 1861-1935
Gm Sigrid ... ... . (5 barn)
    Til Am. 1869 Lansing, Ohio.
5. Ola Rasmusson Bråten 07.01. 1864-
Til Am. 1869 Lansing, Ohio.
6. Guri Rasmusdtr. Bråten 27.06. 1866-
1869: Til Lansing, Ohio.
7. Ola Rasmusson Bråten 13.01. 1869-
Til Am. 1869 Lansing, Ohio.
   
    Barn i USA: Hans 1875- . Døypt i Blue Mounds Lutheran Church. (J. Marler)

Rasmus og Borghild gifte seg i 1853. Rasmus kjøpte Sundrebråten i 1859. Rasmus selde frå Steinstølen og Olastølen.
    Rasmus og Borghild reiste til Amerika: Lansing, Ohio i 1869, seinare til Luverne, Rock Co. MN. Rasmus var farmar ved Blue Mounds.

{5383} År: 1897

Kristian Person Jonset Bråten 12.04. 1851-1911
Foreldre: Per Kristianson Jonset og Marte Herbrandsdtr. Vestenfor Satalien.
Gm Anne Olsdtr. SørbøensGjøta Bråten 05.05. 1852-1935
Foreldre: Ola Tolleivson Ruud Gjøta og Guri Olsdtr. Sørbøen.
*Barn
1. Guri Kristiansdtr. Bråten Haugen 10.05. 1883-1949
G 1907 m Lars Knutson HusHaugen, gnr. 112/3.
2. Per Kristianson Bråten 29.09. 1884-1972
G 1914 m Ambjørg Larsdtr. Strand. Sjå neste hushald.
3. Margit Kristiansdtr. Bråten 11.01. 1886-____
Margit var heime i 1900. ???
4. Gro Kristiansdtr. Bråten Hansebråten 10.07. 1887-
G 1918 Strømsø m Per Torjusson Hansebråten, gnr. Til Am.
5. Rangdi Kristiansdtr. Bråten Sandbakken 08.02. 1889-1918
G 1917 Hønefoss m enkjemann Ola Jakopson Sandbakken. Barn: Jakop 1917-1989, sjå barnebarn.
6. Ola Kristianson Bråten 02.11. 1892-1971
G 1918 m Kaia Mellingen. Overkonduktør. Sjå jarnbanen.
7. Kristi Kristiansdtr. Bråten 24.11. 1894-1897
Lungebet.
*Barnebarn
1. Jakop Olson Sandbakken Bråten 29.10. 1917-1989
Ugift. Jakop vaks opp hjå Per og Ambjørg Bråten. Jakop var slåttekar og hjelpte til på garden.
    Foreldre: Ola Jakopson Sandbakken (Loen) og Rangdi Kristiansdtr. Bråten.
   

Kristian og Anne gifte seg i 1883. Kristian kjøpte Bråten for 3500 kr i 1897. Han var bonde og snikkar.
    Anne selde garden 1912 til sonen Per for kr. 3500 og kår. Same året vart frådelt jord til to småbruk, Nygard og Nyheim.